HelgatunHelsing 2019 - 1

Page 1

Kontaktorgan

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 35. årg 01 - 2010

Nr. 1 - 2019

Helgatun femner vidt: * Pensjonat * Kurs * Turar * Leirar * Weekendar * Familiesamlingar * Eldretreff


«Av nåde alt eg får»

«Eg blir så glad når eg ser deg!» Så var den første vinteren på Helgatun over for mitt vedkommande. Eg var litt spent på korleis den ville bli i forhold til snø, kulde og arbeidsoppgåver. Snø og kulde vart det ikkje så mykje av, men arbeidsoppgåvene har vore mange og varierte. Travelt men kjekt. Takka vere gode og flinke arbeidskollegaer har det vore ei sann gleda å få lov til å ha arbeidsplassen min på Helgatun. Positive og takksame gjester i alle aldrar er med og gjev styrke og energi i arbeidet. Frå 1. mai tok eg over som dagleg leiar etter Sylvi. Dette er ei ny utfordring, men med god støtte frå styret, Sylvi, Aksel Ingvard og mange andre, ser eg lyst på framtida for Helgatun. Kombinasjonen leirstad og pensjonat trur eg må vera ein ideell måte å driva indremisjon. Superhelga 24.-26. mai vart nettopp det som navnet tilseier, ei super helg med 70 deltakarar i alle aldrar, og med Jesus i sentrum. No er sommarsesongen starta. Fleire busslaster med turistar har allereie vore på Helgatun og mange står for tur. Me skal og ha feiring av konfirmasjon og gullbryllup. I august blir det Helgatuntreff og Sunnhordlandstreff. Slik det ser ut med bestillingar framover, kan det bli ein travel sommarsesong . Me vil takka for all forbønn. Takk og til alle som kjem innom oss på Helgatun. Me blir veldig glade for å sjå Dykk alle. Helsar med Matt.11,28 Kom til meg alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile.

Men eitt er naudsynt Kva er den store skilnaden mellom kristendom og andre religionar? Jo, det er nettopp dette eine og einaste naudsynte som me les om i Lukas 10, 38-42. «Ho (Marta) hadde ei syster som heitte Maria. Ho sette seg ved Jesu føter og høyrde på orda hans.» Det er dette som gjer kristendom til kristendom, totalt ulik nokon annan bodskap. «Men eitt er naudsynt. Maria har valt den gode delen, som ikkje skal takast ifrå henne.» Det kan nesten verka som om Jesus er hard imot Marta når han seier «Marta, Marta, du gjer deg strev og uro med mange ting.» Kvifor? «Vend øyra hit og kom til meg! Høyr så skal dykkar sjel leva.» (Esaias 55,3) og «Sanneleg, sanneleg seier eg dykk, den som høyrer Ordet mitt og trur Han som har sendt meg, har evig liv. Han kjem ikkje til doms, men er gått over frå døden til livet.» (Joh.5,24). Det er frelsa vår det gjeld, og det er eine og åleine ved å høyra Guds ord, bodskapen om Jesus, at eg og du kan verta frelste. Mariaplassen, «ved Jesu føter, ei stille stund, når orda kjem frå Hans eigen munn. Kvar finst vel fagrare stad på jord, kvar høyrest visare sanningsord?» Denne staden er ikkje berre den fagraste og viktigaste staden for deg og meg, men også for Jesus.Det er eg og du som betyr så mykje for Han, og det er dette Guds ord handlar om, i ein sum, eit kjærleiksbrev ifrå Gud til deg og meg. I forteljinga om den barmhjertige samaritanen får me vita kva det vil

God sommar! Varme helsingar frå staben på Helgatun v/Jorunn Fylkesnes Johannessen

2

Helgatun-helsing - Nr. 01 - 2019

Andakt av Aksel Ingvard Johannessen

seia å elska nesten vår som oss sjølv. I forteljinga som kjem etterpå, om Marta og Maria, får me vita kva det vil seia å elska Herren din Gud av heile ditt hjarta, og av heile di sjel, og av all di kraft, og av alt ditt vit, er det sagt, og du vert ikkje heit av det du ikkje veit. Og kva er vel viktigare for eit menneske, gjennom heile livet, enn å vita om at det er høgt elska, og at det har ein Far i himmelen som seier: «Fordi du er dyrebar i mine augo, fordi du er akta høgt og eg elskar deg.» (Esaias 43,4). Sett meg så jeg ser deg, Jesus, sett meg opp til deg, så at dine kjære øyne festes kan på meg. Sett meg så jeg ser deg, Jesus, still deg foran meg, så at mine trette øyne hvile kan på deg. Sett meg så jeg ser deg, Jesus, på ditt kors opphengt, blodig, såret, tornekronet, spyttet på, hudflengt. Sett meg så jeg ser deg, Jesus, døende for meg, for at jeg rettferdig, salig skal tilhøre deg. Sett meg så jeg ser deg, Jesus, i ditt Guddomsord, tal til meg og la meg høre Du i Ordet bor. Sett meg så jeg ser deg, Jesus, nå i denne stund, ånd på meg og la meg se deg som min frelsesgrunn. Sett meg så jeg ser deg, Jesus, som mitt liv, min skatt, sett meg så jeg ser deg, Jesus, i dødsmørkets natt. (Sangboken nr. 51)


Drift - Økonomi - Gåver

Etter eit stritt år i 2018, har det gått stadig bedre i 2019. Per 30.04. viser rekneskapen eit overskot på kr 81.409 mot eit underskot på kr -227.818 på same tid i fjor.

HELSING

Kontaktorgan for Helgatun 5713 Vossestrand Tlf. 56 51 98 98 Heimesider: www.helgatun.no E-post: helgatun@helgatun.no Eigar: Indremisjonssamskipnaden 5400 Stord Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Voss Prenteverk A/S

Gåvebarometer

Budsjett 2019

Innkome pr. 30.04.19

På same tid i fjor.

Medan fjoråret var prega av utfordringar frå januar til desember med lekkasjer, ting som måtte reparerast/ erstattast eller grupper som måtte melde avbud, så har det så langt i 2019 gått greit. Det er to taklekkasjer som gjenstår å reparerast. Dei har ein ikkje fått utbetra på grunn av vinter og snø, men det skal ordnast i løpet av kort tid. Frå mars vart all booking elektronisk. Dette var ei utfordring me var spente på, men det har gått svært bra. Systemet er arbeidsbesparande.

192.687,-

89.712,-

Bankgiro 8220.02.80497

Du kan gi ei gåve med

Vipps-nummer:

515497

Helgatun Fjellpensjonat - Omdanning til AS Omdanning av Helgatun til aksjeselskap har det vore jobba med det siste halvåret. No skal alt vera klart, og Helgatun Fjellpensjonat AS er ein realitet frå 1. mai 2019. Gjestene våre vil ikkje merka så mykje til det, men for leiinga spesielt, vil det bli ryddigare driftsmessig.

Jorunn og Aksel Ingvard tok over som styrarpar frå 1. mai, og er no i full sving med alle oppgåvene på Helgatun. Dette trives dei godt med. Sommarsesongen blir spanande, og så langt ser det veldig bra ut. Det er mange bestillingar frå Kina-grupper, men og ein del frå Aust-Europa og frå andre land i Europa og USA. Kåre Johan Hamre vil avløysa Jorunn og Aksel Ingvard i sommarsesongen.

Takk for meg Eg fylte 70 år 25. desember i fjor, og 30. april var dagen då eg avslutta mi teneste på Helgatun, og blei pensjonist.

Hausten 2016 sa Helge Røyksund og eg, ja, til å ta ei økt på Helgatun då det ikkje lukkast å få ny dagleg leiar til staden.

700.000,-

Gåveinntektene har auka, og det gjer at me no har fått nye møblar i resepsjonen og i peisestova. Dei gamle var for lengst klare for utskifting, og at det er blitt fornying, er noko gjestene som har vore her før, legg godt merke til.

Eg vart tilsett som dagleg leiar frå november det året. Aldri hadde eg tenkt at eg skulle hamna i Myrkdalen. Eg trudde eg hadde avslutta min yrkeskarriere, men slik blei det ikkje. Guds planar samsvarer ikkje alltid med våre. Godt å vera trygg på at Han har kontroll. Det vart starten på ein spanande og utfordrande periode. Mykje var det å ta tak i, men me samarbeidde godt,

så ting fungerte veldig greit. Helge gav seg då han vart 70 år i april 2018. Tida på Helgatun har vore flott, men og krevjande. Dagane vart ofte lange. Det har vore mange bekymringar og tøffe tak, men dette har eg lagt det bak meg. I dag er følelsen som fyller meg, TAKK. Takk til Helge for utruleg godt samarbeid, takk til alle tilsette, takk til Helgatunstyret med Kåre Stautland i spissen, takk til IMS-styret og kontoret. Ikkje minst takk til Ingebrigt og til familien min som har støtta meg heile tida. Så må eg ikkje minst takka min Herre og Frelsar for han gav meg oppgåva på Helgatun. Eg kjenner meg rikt velsigna for tida eg har hatt her, og vil alltid føla at eg kjem heim når eg er tilbake på Helgatun. Må Gud fortsatt rikeleg velsigna denne flotte misjonsstasjonen i Myrkdalen.

Sylvi Røssland Sørfonn

Velkommen

Det er med stor glede me ønskjer Helgatun sitt nye, flotte styrarpar, Jorunn Fylkesnes Johannessen og Aksel Ingvard Johannessen velkommen. Dei har sagt ja til oppgåva, med Jorunn som dagleg leiar.

Velkommen Jorunn og Aksel Ingvard og lukka til med oppgåva de har fått. Me er mange som vil vera med å støtta dykk og omslutta både dykk og Helgatun med forbøn.

Mange kjenner Aksel Ingvard, i og med at han har reist ein del som forkynnar i IMS, men kanskje ikkje så mange kjenner Jorunn. Uansett, dei blir de kjende med. Begge to har ressursar og erfaring som gjer at dei vil fylla oppgåvene på Helgatun på ein svært god måte.

Helgatun-helsing - Nr. 01 - 2019

3


Helgatunlia borettslag er under planlegging i Myrkdalen. I februar 2019 ble reguleringsplan for bygging av inntil 74 fritidsboliger godkjent i Voss kommune. Fritidsboligene er planlagt på en av de mest attraktive tomteområdene i Myrkdalen med en unik beliggenhet og nærhet til alpin- og langrennsmuligheter i vintersesongen og gode turmuligheter og nærhet til fjord om sommeren. Myrkdalen har utviklet seg til å bli Vestlandets mest attraktive vinter-destinasjon og fritidsboliger i området er attraktive og har en høy kvadratmeterpris. Området er også godt besøkt av gjester fra utlandet gjennom sommerhalvåret. Lokalt initiativ Arbeidet med Helgatunlia startet som et initiativ fra 3 personer som ønsket utvikling av Helgatun Fjellpensjonat. Stedet har vært drevet som en plass for kristen leir-, pensjonat og konferansevirksomhet i over 45 år og det er mange barn-, unge og familier som har fått et godt tilbud om fellesskap og opplevelser på dette stedet. Dette ser vi igjen i vennskap mellom mennesker og alle de som taler vel om Helgatun. Men viktigst av alt er at Helgatun har vært en plass hvor evangeliet har blitt forkynt gjennom ord og handlinger og på den måten bidratt til livsforvandlende møter med Jesus Kristus. Dette ønsker vi at Helgatun også skal være i fremtiden, og da må Helgatun rigges for det. 45 år intensiv leirdrift setter sine spor i bygningsmassen, så den senere tid har behovet for mer omfattende vedlikehold og fornyelse blitt mer og mer påkrevd. Vi erfarer også at forventningene i 2019 til standard, er annerledes enn da Helgatun ble bygget for over 45 år siden. Helgatun har en bygningsmasse som må utvikles videre

4

for å kunne møte dagens og fremtidens krav og i den anledning så lokale ildsjeler muligheter i å få mer verdi ut av tomten som Helgatun eier. Helgatun har en stor tomt med en svært ettertraktet beliggenhet med nærhet til både alpin- og langrennsløyper. Hvorfor ikke utvikle denne og tilføre sårt trengt kapital til Helgatun? Etter at den lokale gruppen avsluttet sitt arbeid nedsatte styret i Indremisjonssamskipnaden et styre med representanter fra ulike deler av kretsen, og dette styret jobber nå intensivt med å realisere planene til initiativtakerne.

av de mest attraktive plasseringene i Myrkdalen. De har sett på miksen av leiligheter som er i prosjektet og mener at vi kan nå ulike kundegrupper med dette. Styret har også åpnet for interessentliste og har pt. ca. 32 på listen over interessenter, dette er et resultat av en relativ liten markedseksponering. Av disse 32 har vi forventninger om å tegne kontrakter med 8-15 stk. Interessentene har vært involvert i prosjektet og har fått uttale seg om behov og ønsker for en fritidsbolig. Dette har vært viktige innspill i prosessen med å utvikle tegninger og leilighetene.

Styret Utbyggingen av Helgatunlia borettslag er organisert med et styre bestående av personer med ulik erfaring og kompetanse. Februar 2019 ble det ansatt daglig leder, Odd Inge Austevoll, som har erfaring med prosjektledelse av større byggeprosjekter som Framnes Arena og internatbygg ved Framnes kristne VGS. Styrets arbeid ledes av Nils Tveite som er en lokal bonde fra Myrkdalen og utvikler av hyttefelt på Tveite (Myrkdalen). Øvrige styremedlemmer er John Morten Espevik, Andreas C. Våge, Marianne H. Aarbø og Per Ivar Kjærgård. Styret har som målsetting å starte byggingen sommer/ høst 2019.

God kvalitet og særmerket uttrykk Styret vurderte 4 ulike arkitektfirma til å tegne leilighetsbyggene. Etter vurdering av de ulike tilbudene ble ABO arkitekter valgt. ABO er et arkitektfirma med erfaring fra tilsvarende prosjekt og kunnskap om Myrkdalen. Samarbeidet med dem har resultert i et sett med tegninger som vil gi Helgatunlia et spennende arkitektonisk uttrykk, består av leiligheter med god arealutnyttelse, smarte løsninger og attraktive uteområder for familier. Det er også i tegningene lagt opp til varierte størrelser av leiligheter som styret mener vil kunne møte ulike behov hos kjøperne.

Markedsvurderinger Myrkdalen er et attraktivt rekreasjonsområde og det har blitt solgt mange ulike typer fritidsboliger de siste 15 årene. Kaland og Partners har stått for mye av salget de seneste årene og har solgt over 150 boliger for Myrkdalen Fjellandsby. De har vært konsultert og er valgt som megler for prosjektet. Signaler fra dem er at de vurderer leilighetene i dette området til å ha en

Helgatun-helsing - Nr. 01 - 2019

Arbeid fremover Fritidsboliger i Myrkdalen har de senere år vært svært attraktive i markedet. Det har vært en prisutvikling på eiendommer der stadig økende kvadratmeterpris har vært trenden. De langsiktige planene for området er en planlagt vekst med flere tusen enheter. Utbyggingstakten henger sammen med utvikling av alpinanlegget og nye heiser er under planlegging.


Trenden er at folk ønsker nærhet til alpinanlegget. Helgatunlia har der en fordel at de vil ha Helgatuntrekket på siden av seg og være plassert ”midt i bakken”. Det er planlagt en trinnvis utbygging av prosjektet og i trinn 1 er planen å bygge ut 42 leiligheter i nederste delen av feltet (se situasjonsplan), nærmest Helgatun. Alle leiligheter får parkering i kjeller og stor skibod. I byggetrinn 2 vil det bli bygd ut 32 leiligheter. Nye muligheter for Helgatun Vi har på mange måter fått misjonsmarken inn på tunet i Myrkdalen, og hva gjør vi med det? Det er en ganske annerledes opplevelse å være i Myrkdalen i dag enn for 45 år siden. Mange tusen mennesker søker fjellet gjennom året og med bakgrunn i det kan vi si at Helgatun har fått nye muligheter til å være en misjonsstasjon i sitt eget nærmiljø. Noen bruker begrepet fjellmenighet om det som kan vokse frem. Uansett hvilket begrep så kan Helgatun bli en sentral møteplass for barn og unge som er i Myrkdalen der evangeliet om Jesus kan forkynnes for nye generasjoner. Enten det er på en ungdomsklubb, søndagsskole eller det er på møte for familier. Muligheten er der og det er hva vi som indremisjonsbevegelse ønsker å gjøre ut av disse som blir viktig.

Å forvalte talentene Styret for Helgatunlia borettslag har hatt et sterkt fokus på hvordan Helgatun kan sikre fremtidige inntekter gjennom å tilby ulike tjenester til borettslaget og her har det åpnet seg flere muligheter. Mange ønsker å leie leilighet i Myrkdalen, Helgatun får nå muligheten til å formidle utleie av leilighetene i borettslaget til de andelseierne som ønsker det. Helgatun skal også stå for sentrale tjenester til borettslaget, vi kommer til å utvikle et eget vannverk som skal levere vann til leilighetene og samtidig sikre god kvalitet på vannet til Fjellpensjonatet. Styret håper at gjennom å utvikle disse tjenestene så skal Helgatun sikre seg verdifulle fremtidige inntekter som kan bidra til nye inntektskilder for Helgatun. Noe for deg? Dersom du syntes at det høres aktuelt for deg eller noen du kjenner med en leilighet i Helgatunlia, så håper vi at du tar kontakt med oss eller at du forteller andre om mulighetene. Takk for oppmerksomheten. Per Ivar Kjærgård

www.helgatunlia.no Styret består av: Nils Tveite, Marianne Heggholmen Aarbø, John Morten Espevik, Andreas C Våge og Per Ivar Kjærgård. Daglig leder: Odd Inge Austevoll Milepæl og fremdriftsplan: Reguleringsplan godkjent februar 2019, takk til Øystein Måkestad (Voss Byggsenter) Vår 2019: Arbeid med valg av arkitekt, utskilling av tomt, utarbeidelse av rammeløyvesøknad.  Fremdriftsplan videre:  2019: Grunnarbeid 2020: (fra mai) Byggestart leiligheter 2021: (vinter) Ferdigstilling trinn 1, 42 leiligheter 2022: (vinter) Ferdigstilling trinn 2, 32 leiligheter

www.helgatunlia.no

Helgatun-helsing - Nr. 01 - 2019

5


Planlagde aktivitetar i 2019 Helgatuntreffet og Sunnhordlandstreffet Tenk at me også i år har fått «spøta» saman opplegg for desse to treffa! Viktige samlinger både for den enkelte som er med, og for Helgatun! 18. -23. august er det Helgatuntreff. Sundag og mandag er me på Helgatun. Ein mjuk start med bli kjent-kveld, turorientering, bibeltime v/ Solveig Norheim og rusleturer i frisk fjelluft. Mandag kveld kjem Svein Bjarne Aase opp med flott turbuss. Han har med seg talaren Klaus Muff og songarane Jette Marie og Bjarne Steinsund. Tirsdag køyrer me til Gol og tek inn på Oset Høyfjellshotell. Onsdag har me dagstur til Danebu Kongsgård. Torsdag besøker me Oset Fjellkyrkje, ei ny stavkyrkje frå 1979. Etter lunsj tek me oss ein busstur ned i Gol sentrum! Fredag tek me på heimveg, men svingar innom Helgatun til ein god avslutningsmiddag!

Damehelg 20. – 22. september ”For hjå deg er livsens kjelda.” Salme 36, 10 Helgatun er pynta til fest, og du kan slappa av i ein heilt ny godstol i peisestova, gå på tur, eller gjera ingen ting. Det er di frihelg. Mest av alt skal du få nyta overfloda i Guds hus og drikka av gledesbekken, for hjå Gud er livsens kjelda. Talar: Jorunn Eikemo Song: Olaug Skjerve Gravdal, Grete Fjellheim Måkestad og Hildebjørg Djupvik. Har du klede som du ikkje brukar? Eit bomkjøp som berre heng der i skapet – fint brukt? Ta det med på damehelg! Ditt bomkjøp kan verta andre sitt nye favorittplagg! Me lagar «gjenbrukskrok» der du kan levera og kjøpa klede. Inntekta går til nye stolar i møtesalen. Velkomen!

Helgatundag 2. november blir det Helgatundag. Dette er første gong me prøver, men håper det skal bli ein tradisjon. Då blir det basar, bruktmarknad, sal av god mat og mykje, mykje meir. Set av datoen! Meir info kjem etter kvart.

Meir info og påmelding: helgatun@helgatun.no eller tlf 56 51 98 98

25. - 29. august er det Sunnhordlandstreff. Her skal me bu på Helgatun heile tida! Turen, med Svein Bjarne Aase som sjåfør og Solveig Norheim som reiseleiar, startar på Bremnes. Her plukker me opp deltakarar langs heile ruta frå Bremnes, Stord, Fitjar, Sandvikvåg og Halhjem. Deltakarar frå Skånevik, Kvinnherad, Tysnes og Fusa kan også kobla seg på langs ruta! I år vert Arne Lindekleiv med som talar. Marit Lindekleiv og Kjellaug Holtermann vil gle oss med mykje song og musikk. Blåtur vert det også eine dagen! På begge desse treffa legg me vekt på god tid til bibeltimar, songstunder, kveldssamlingar, godt fellesskap og god tid til god mat! Rusleturar i frisk fjelluft er og viktig! Det er enno ledige plassar på treffa! Kanskje nett eit slikt treff er noko for deg? Solveig

m Pustero Velkommen til Helgatun, 6.-8. september

- I EIN TRAVEL KVARDAG -

Denne helga er meint å verkeleg gi deg PUSTEROM i ein travel kvardag. Du kan bruka dagane slik du vil, og som det passar deg best. Kanskje du berre vil slappa av med ei god bok, eller sitja med eit håndarbeid? Det er opp til deg. Fjellet er praktfullt i september, og du kan ta fjellturar, eller ein tur til Voss eller Vik, om du heller ønskjer det.

Leiarar: Sylvi og Ingebrigt S. Sørfonn, Jorunn og Aksel Ingvard Johannessen Det som me kan lova, er godt fellesskap, god mat, andaktar ved Ingebrigt og Aksel Ingvard og song og musikk av Jorunn og Aksel Ingvard. Veldig kjekt om du blir med.


Takk Igjen vil me retta ei varm takk til alle Helgatun sine trufaste forbedarar og gjevarar. Takk for gåver, helsingar, oppmuntrande telefonar og tilbakemeldingar. Det betyr uendeleg mykje meir enn de kanskje trur. Det er så godt å kjenna at me har eit misjonsfolk i ryggen, og at me står saman i oppgåvene på Helgatun. I 2018 opplevde me ein nedgang i gåveinntekter, i høve til året før. Mindre gåveinntekter er jo noko som alltid merkast. I år har det kome ei rekke fine gåver til Helgatun, og det er me veldig takksame for. På grunn av gaveinntektene, får me høve til å subsidiera leirar for born og unge. I tillegg er det framleis mykje å ta tak i når det gjeld vedlikehald. Tusen takk til dykk alle. Må Herren velsigna dykk rikt igjen.

Slik ser det ut på “landets finaste sovesal” med sengeplass til 24 personar.

Det er nokre gåver me ønskjer å nemna spesielt: Ny sovesal/«Loftet»: Helgatun har for lite overnattingskapasitet, og det var det nokre eldsjeler som tok tak i. Det har resultert i «landets finaste sovesal» med plass til 24 personar. Den har me fått som gåve frå tre Bømlo-bedrifter: Sag og Bygg AS, Trapperingen B. Innvær AS og Nordtun Trål AS. Gilje bedehus har hatt basar, og Helgatun fekk overført kr 27.305,-. Karen Gjerde frå Moster har vore ein trufast Helgatunven. Ho døydde i april, og i samband med gravferda ønskte familien ei gåve til Helgatun i staden for blomar. Det kom inn kr 23.500,-.

Leirar Minileir (2.-4. klasse)...................... 25. - 27. juni sommaren 2019 Tweensweekend (5.-7. klasse).......... 25. - 27. Juni

Oppgradering Helgatun Denne våren har det skjedd etterlengta fornying på Helgatun. Både resepsjon og peisestove har fått nye møblar. Det er gaver som er gitt, mellom anna av deltakarane på ”Damehelg”. Fornyinga er blitt svært godt motteken, både av stamgjester og tilsette.

Astrid Heidal feirte 70-års dagen sin her. Ho hadde leigd heile Helgatun, og det vart ei flott festhelg. Astrid ønskte ikkje gåver til seg sjølv, men om nokon ville gi noko, så sette ho pris på at dei gav ei gåve til Helgatun. Det resulterte i gåver på kr 27.252,-. Hagavik Indremisjonsforening: I mai fekk Helgatun ei flott gåve på kr 400.000,- etter sal av Hagavik bedehus.

Hjarteleg takk for desse flotte gåvene.


B

Frå kalenderen 2019..

Returadresse: Helgatun Helsing, 5713 Vossestrand

Juni: 25. – 27. 28. – 30.

Flotte folk i finstasen

Minileir 2. – 4. klasse Tweens-weekend 5. – 7. klasse Privat arrangement

I mars hadde Hordaland Bygdekvinnelag årsmøtet sitt på Helgatun. Det var mange flotte bunadskledde kvinner den laurdagskvelden.

Juli: Hotellverksemd August:

9. – 11. 18. – 23. 25. – 29. 29. – 1.9.

Privat arrangement Helgatuntreff Sunnhordlandstreff NMS-senior

Sept.:

6. – 8. 10. – 12. 13. – 15. 20. – 22. 27. – 29.

Pusterom St Georgs Gilde Bergen Frikirke Damehelg Israelsmisjonen/Normisjon

Okt: 4. – 6. 18. – 20. 25. – 27.

Samnanger Misjonsforening Indre Sjømannsmisjon Norheimsund/Øystese Ungdomskor

Nov:

Helgatundag

2.

n elga9tu H å p er 201 ehelg

Dam0.-22. septemb 2

emo runn Eik o J : r la e og Ta g, Grettmed u la O r s ve uppe Sanggbr jørg frå Vos e d Hil Tema: ns kjelde se eg er liv d jå h r Fo

Helgatuntreff med bu

sstur

Solveig Norheim, Jet

te Marie og Bjarne Ste

Sunnhordlandstre ing: Påmeld 8 51 98 9 6 5 . f l t n no Helgatu lgatun. e h @ n helgatu

Solveig Norheim, Ma

18.-23. august 2019

insund, Klaus Muff, Sve

in Bjarne Aase

ff på Helgatun 25.-29. august 2019

rit og Arne Lindekleiv , Kjellaug Holtermann,

Svein Bjarne Aase

Påmelding til Helgatu n tlf. 56 51 helgatun@helgatun.no 98 98


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.