ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 04 - 2021
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
1
Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Eg har då sagt deg
Indremisjonssamskipnaden
Marit H. Ådnanes Dagleg leiar
Det slår meg at eg så ofte treng å bli minna om Guds kraft i det eg står i. Eg tenkjer utifrå menneskelege ressursar og begrensningar. Eg kan gi opp både meg sjølv, andre og ulike situasjonar fordi eg ikkje reknar med Guds kraft. Dei siste dagane har eg fått fleire påminningar om dette.
Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Marit H. Ådnanes Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Bankgiro: 8220.02.80454 Opningstider Indremisjonskontoret: Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00 Fredag: Stengt Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden
Gud visste at Josva, leiaren etter Moses, trong mykje støtte og Guds kraft. Han stod framfor store utfordringar og oppgåver som ny leiar. I fire vers i Josva 1 gjentar Gud sine lovnader til Josva for tredje gong: «Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet!» Det nærmar seg juletid. Lenge før Jesus vart fødd lova Gud å senda eit barn. Herreveldet skulle bli lagt på hans skulder. Han skulle få namnet Underfull rådgjevar, Veldig Gud, Evig far, Fredsfyrste. Jesubarnet kom; Immanuel - som tyder «Gud med oss»! Gud held alltid det han lova. Han har også lova å gå med oss kvar dag gjennom det me står i.
IMS-styret Ole Bernar Innvær, formann Linda Aase, nestleiar Oddvar Martin Torget Tordis Thuestad John Helge Heie Ragnhild Nesse Kjetil Harestad Vara: Ole Håland, 1. vara Rune Stokken, 2. vara Henriette Bjørnevik, 3. vara
Dei siste laurdagane har me i ungdomslaget heime arbeidd med Den Heilage Ande. For nokre er dette ukjent, og til dels skremmande tema. For andre trøyst, oppmuntring og kraft. Det er til dømes spennande å følgja læresveinen Peter på hans vandring saman med Jesus. Han var villig til å sleppa garna og følgja Jesus. Iver, begeistring og impulsitivitet kjennemerkar Peter. Han tar munnen full og lovar truskap til Jesus (Matt. 26,33). Så kjem det store sviket der Peter bannar på at han ikkje kjenner Jesus. Heldigvis møter me ein oppreist Peter seinare (Apg. 2). Fylt av Den Heilage Ande på pinsedagen talar han frimodig på torget til ei stor folkemengde. Kva hadde skjedd? Peter var forandra og hadde fått styrke, men det var ikkje fordi han tok seg saman. Det var fordi han var fylt av Den Heilage Ande. Då blir det umoglege mogleg. Gud verkar! Han har ikkje gitt oss ei Ånd som gjer motlaus. Me fekk Anden som gir kraft, kjærleik og visdom (2. Tim. 1,7).
Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Bankgiro: 8220.02.80497 Dagleg leiar: Jorunn F. Johannessen Heimeside: www.helgatun.no
Eg treng stadig å bli minna om at alt er mogleg gjennom Guds kraft. «Eg har då sagt deg…». Kanskje står du i uforståelege ting, krevande situasjonar og relasjonar? Gud er der, han ser, han forstår, og han ynskjer å gi deg si kraft. I ei anna oversetjing står det: «Har jeg ikke sagt det slik til deg: Vær sterk! Vær modig! Ikke vær puslete, ikke mist motet. Gud, din Gud, er med deg i hvert skritt du tar».
Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Dagleg leiar: Andreas C. Våge Heimeside: www.brandoy.no
Gledeleg jul! Eg ynskjer deg eit frimodig og modig nytt år – saman med Herren. Hans makt og styrke er veldig!
Framnes KVGS
Den mest spennande tida på året når det gjeld økonomien i IMS
5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no
Takk til alle som har stått med og gitt gode gåver gjennom året. Takk til deg som ber for både tilsette, økonomien og arbeidet i IMS.
696
mer: 102
m Vipps-nu
2
Ynskjer du å bli fast gjevar?
Kontakt kontoret, tlf 53 41 07 04, eller du finn skjema på www.indremisjonen.no
4 395 864
3. klassingar frå Framnes på tur i Vesterålen. Foto: Sverre Lindøy med Gi di gåve
3 909 487 4 025 014
Framside-foto:
4 025 014810 3 309
Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no
4 395 864487 3 909
SunnBok
5 000 000 4 500 000 5 000 000 4 000 000 4 500 000 3 500 000 4 000 000 3 000 000 3 500 000 2 500 000 3 000 000 2 000 000 2 500 000 1 500 000 2 000 000 1 000 000 1 500 000 500 000 1 000 000 0 500 000 0
3 309 810
Vi er komen til midten av november, og det går raskt mot årsslutt og status for IMS sitt rekneskap for 2021. Ved utgangen av oktober har vi «som vanleg» eit underskot, men det er utover i november og desember vi anar konturen av korleis det økonomiske resultatet vil bli. Det er på denne tida det meste av lags- og foreiningsgåver kjem inn, og det er alltid spennande kva julegåva som kjem frå abonnentane som har IndremisjonsVenen.
Pr. 31.10.2021 viser rekneskapet eit Pr.driftsunderskot 31.10.2021 viser pårekneskapet eit driftsunderskot på kr 599.677,-. Året før var det eit kr 599.677,-. Året før var det eit underskot på kr 456.564,-. underskot på kr 456.564,-.
Gud vil eg oppe! halde d Andakt av Ranveig Bjelland lærar, Framnes
Legg din veg i Herrens hand! Set di lit til han, så grip han inn. Salme 37,5 Å ferdast på vegane i Norge kan opplevast ulikt. Nokre stader er det nylagt asfalt, to felt og du kan sette cruisekontrollen på 90. Andre stader er vegen svingete, humpete og smal. Sånn er det med livsvegen vår og. I bibelverset over blir me oppfordra til å legge vår veg i Herrens hand. Det blir gjerne rart å sjå for seg ein veg i ei hand, men eg likar å tenke så konkret om dette bildet. For når det blir bratt rundt oss på alle kantar og me er redde for å køyre utfor vegen, så kan me ikkje dette så langt når me har lagt vår veg i Herrens hand! Han har lova å halde oss oppe. Dette løftet gjev han oss om att og om at i Bibelen.
I Jes. 41,10 kan me lese: «Frykt ikkje, for eg er med deg, ver ikkje redd, for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand.» David vitnar og om dette i mange av salmane sine. Salme 54,6: «Men sjå, Gud er min hjelpar, det er Herren som held meg oppe.» Salme 63,9: «Mi sjel heng fast ved deg, du held meg oppe med di høgre hand.» David fekk erfare at løftene stemte. Likevel var det ikkje alltid han klarte å kjenne at han var i Guds hand. Han skreiv også mange klagesalmar der han lurte på kor Gud var blitt av.
Det er godt at Bibelen viser oss eit ærleg bilde av korleis det er å vere menneske. Det er ikkje alle dagar det er like lett å stole på løftene. Men heldigvis er det ikkje oss og våre kjensler det kjem an på. Det er ikkje mitt tak i Guds hand som er det avgjerande, men Hans tak i mi. Og det taket vil Han aldri sleppe. Guds hand er stødig og stabil, uavhengig av korleis vegen vår vert eller kva kjenslene våre fortel oss. Jesus seier det sjølv: Ingen kan rive oss ut av Guds hand. (Johannes 10, 27-29) For eit løfte å kvile på! Både på tofelts motorveg og på smale vestlandsvegar.
BØNE SPALTA
BE FOR: • alle som har sagt ja til styreverv i IMS-samanheng • økonomi, leiing og tilsette i IMS, SunnBok, Brandøy, Framnes, Helgatun og Helgatunlia • arbeidet i bygdene våre Denne gongen ber me spesielt for arbeidet i Ullensvang kommune • ImF-prosessen, der IMS saman med dei andre kretsane ynskjer å få til ein best tenleg organisasjon og struktur, for å nå lengst med misjonsoppdraget vårt
Indremisjonssamskipnaden inviterer til
Forsamlingskonferanse Norheimsund Bedehus Laurdag 19. mars kl. 1100 - 1700
Andreas Evensen, Marit Hårklau Ådnanes, Johannes Olsen og lokale bidragsytarar Frist for påmelding torsdag 17. mars Pris kr. 400,- ved påmelding før 4. mars Pris kr. 600,- ved påmelding frå 5. mars
Påmelding: indremisjonen.no
Indremisjonssamskipnaden inviterer til
KRAFT-konferanse Leirvik Bedehus 19. februar kl. 1100-1800
IMS-tilsette og lokale bidragsytarar Påmelding innan torsdag 17. februar Pris kr. 400 ved påmelding innan 4. februar Pris kr. 600,- ved påmelding frå 5. februar Påmelding:
indremisjonen.no
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
BE OM: • at konfirmantleiarane må leva eit liv i Anden og bli sterke i Herren, i hans veldige kraft • at dei 11 flotte konfirmantane våre får eit møte med Jesus • at vi kan gje kvarandre mot i hjarta og elska kvarandre slik Jesus elskar oss • friheit for alle som sit i fengsel fordi dei trur på Jesus TAKK FOR: • at vi kan samlast igjen i små og store grupper og på leir • at Brandøy og Helgatun har fått hatt sine arrangement med Jesus og fellesskap på programmet • at Herren seier: «Frykt ikkje, for eg er med deg, ver ikkje redd, for eg er din Gud! Eg gjer deg sterk og hjelper deg og held deg oppe med mi rettferds høgre hand»
3
Kvinnedager på Brandøy
Gunvor Martinsen kosar seg med strikk på kaien
- med kvilefokus, 13.-15. september I nydelig haustver samla 32 kvinner, pluss-minus 50 år, seg til Kvinnedagar på Brandøy. Dei fleste for å få påfyll – nokre for å gje! Samspelet fungerte godt. «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera. Hjå meg skal de få kvila dykk ut!» Vi høyrde orda mange gonger. Og Han var der også, Han som fyrst sa desse orda! Sølvi Heimestøl, Irene Lervåg, Ester Færaas Knutsen, Kari Bolette Lundal, Marit Andresen Røen og Anny Håvik Storvik! Vi kan nemne dei i fleng, våre kreative og varme formidlarar av den kvile som berre ei tru på Jesus kan gje. Anny sa det utan ord, men i staden med blomar og lys, arrangert av kunstnarhender! Ein pust av Himmel fekk vi også, bringa til oss frå Bømlo i form av song. Tusen takk «Himmelpust» – Ragnhild Nesse, Hanne Synnøve Tislavoll og Marta B. Havn! Omslutta av mykje omsorg og førsteklasses mat frå Daria sine hender, opplevde vi gode kviledagar, midt i veka! Velkomen til nye Kvinnedagar om eitt år! Marit Lindekleiv Familiedugnadshelg på Brandøy Endeleg er det tid for familiedugnadshelg igjen! Helga 11.-13. februar 2022 samlast vi for dugnadsøkter, samlingar om Guds ord, god mat, og fellesskap. Vi satsar på ein del utearbeid med skogsarbeid som hovudfokus. Men vi har mange andre oppgåver som ventar også, for store og små. Påmelding på www.indremisjonssamskipnaden.no/leirar.
Sølvi Heimestøl (t.v.), Ester Færaas Knutsen og Irene Lervåg
Damehelg på Helgatun 17. -19. september Det gjekk så fort. Helga som hadde vore avmerka på kalenderen så lenge, var plutseleg forbi. Kva skjedde? Jaudå - eg var der. Det var også godt og vel 60 andre damer. Eg har ikkje rekna på det, men gjennomsnittsalderen minst 60, skal tru? Eg drog han opp! Dei kom frå nord og sør – frå Lavik ved Sognefjorden til Rennesøy og Tysvær i Rogaland. Bibeltimar: Ei uhøgtideleg Elna Tvedt Bauge har med seg maleriet sitt av ryggsekken, på ryggen til eit menneske, der lerretet ikkje har plass til hovudet. Sekken er saken. Liva våre, sekken me ber på, og det som med åra hamnar oppi der. Ulikt, godt og vondt. Eit av poenga er å putta evangeliet om
Jesus i barna sine sekker. Då er Han i botn av alt og den siste som ramlar ut! Også songen går til hjarta. Den syngjande blomsterbutikkdama frå Arna, Anita Rørbakken, er hyrt inn som syngjande evangelist for helga. Kjente songar, nye, hennar eigne tekstar og melodiar, norsk og engelsk formidla med ei gudgjeven stemme, som ho sjølv akkompagnerer på piano! Umogeleg å halda tårene vekke! Haldis Totland Reigstad: 21 bøker har ho gitt ut – den mestseljande, nolevande lyrikaren som også har fått Kongens fortenestmedalje for lyrikken sin. Kven kan vel beskriva livet og evangeliet med alle sine fasetter som henne.
I selskap med søstrene Gina og Janet, og ei veninne, sit latteren laust
4
Høyrest dette alvorleg ut? Du skulle berre høyrt damene! Praten og latteren! Og når søstrene Janet Sævik Solsvik og Gina Sævik Franzen i lag med ei veninne slår seg laus med sine musikalske påfunn. Då ligg me flate over bordet og ler! Mett og trøytt dreg eg heim med full tank. Takk for denne gongen! Takk til komiteen! Takk til husets folk! Takk Gud! “Jeg vil gi deg O Herre min lovsang! Bare du Herre eier min sang!” Astrid Heidal Tre hovudaktørar på damehelga: Lyrikar Haldis Totland Reigstad, songevangelist Anita Rørbakken og bibeltimehaldar Elna Tvedt Bauge.
«Kallet er her til teneste»
IMS si haustmøtehelg 24.-26. september Tema for haustmøtet var i år «fri». Då er det kanskje eit paradoks å la «kallet» stå som overskrift? Men vi lar det bli ståande, som ei påminning til oss alle, frå Liv Stokken - ein trufast medvandrar for mange- sitt vitnemål! Og kanskje var det nettopp «kallet» haustmøtet handla om? Erik Furnes fekk gjennom si varme formidling, vist oss på nytt kor viktig det er at vi er medvitne dei gåvene vi har fått, berre av nåde, nådegåver! Og særleg på ansvaret for å formidle med frimot, å formidle trøst, formaning og oppmuntring, slik at ikkje den som trong nettopp dette, misser det! Dette er eit kall til alle som trur på Jesus! Ei lyttande forsamling fylte nesten alle stolane på Leirvik bedehus denne ettermiddagen. Songen frå gruppa «Himmelpust» frå Bømlo, gjekk nok rett til hjarta på dei fleste av oss. Og bodskapen gjekk som hand i hanske:
«Jag längtar efter varmen i Din röst. Ett ord förändrar allt, så lär mig lyssna till Dig som ger mig frid och mod och tröst!» Takk til tre gode damer for det de ga oss – det varma! Møteleiar og dagleg leiar Marit Hårklau Ådnanes, ønska oss etter kvart velkomne til pizza og ein god drøs. Godt å kunne treffast utan å ha metermålet med! «Timingen» var heilt perfekt- på timen etter gjenopninga! Møteleiar Johannes Olsen kunne sjå utover ein relativt fullsett sal også på kveldsmøtet. Og sanneleg - han hadde også nokre tankar om kallet. Om å «bli fullt utrusta til all god gjerning»! 2. Tim. 3,17. Sveinung Andersen og gruppa «Sela» frå Auklandshamn, kvitterte med ei rungande bekrefting på at det er Gud som handlar gjennom oss: «Se, jeg gjør noe nytt!» Herleg og befriande å lytte til! Fint å møte den same Sveinung som
kveldens gjest, politiadvokaten og familiefaren som delte raust og usminka frå jobb og familieliv. Eit friskt vitnemål om korleis kristenlivet kan sjå ut i ein vanleg kvardag! Politiadvokaten måtte leve med at han ikkje kunne frikjenne den skuldige. «Men det hadde vore fint å få gje dei nåden i tillegg - trass i straffa!» Truleg steig det der og då nokre takk opp til Gud for nåden, og for fire herlege formidlarar i Sela si avslutningshelsing: «Men frikjent skal jeg få se ditt ansikt!». Det var det det handla om: vi er frikjent og fri til å tena! Marit Lindekleiv Kjekt å stoppa igjen for pizza og drøs mellom møta
Klar for kveldsmøte - Songgruppa Sela Ryfylke Livsgnist presenterte:
HAUGESPOR
Stord Kulturhus var fylt opp med maks antal tillate personar fredag 24. september. Gode tilbakemeldingar vitnar om at Haugespor, Jubileumsspelet om Hans Nilsen Hauge, svarte til forventningane. Me lærte og vart riven med. Me fekk innsyn i kvardagsliv, åndsliv, næringsliv, fattigdom, rikdom, konfliktar og omsorg. Fire skodespelarar og ein musikar spela 30 roller i løpet av halvannan time.
5
7-stjerna - samarbeidet mellom bedehusa i Sveio I januar 1995 byrja eit samarbeid mellom bedehusa i ytre Sveio: Vikse, Mølstre, Eltravåg, Bua og Tjernagel. Sidan har det komme med fleire bedehus, og i dag er dei fleste bedehuskrinsar i Sveio med. Føremålet er å samlast om Guds Ord, og i staden for å sitja fire-fem personar på kvart bedehus, kan vi samlast til ei større eining. Dette til glede og oppmuntring både for talar og tilhøyrar. Vi samlast ein onsdag kvar månad etter oppsett plan. Opplegget er to bibeltimar med kveldsmat mellom. Frammøte på bibeltimane er mellom 30 og 50 til vanleg, men vi har også vore fleire.
Årsplan vert sett opp i starten av året, og går frå august til mai/juni påfølgjande år. På planleggingsmøta kjem minst to representantar for kvart bedehus/misjon, og vi set opp dato og emne for bibeltimane, kva bedehus som skal arrangera, og kven vi ynskjer skal forkynna. Vi nyttar forkynnarar frå ulike misjonar. Den daglege drifta tek styret for 7-stjerna seg av. Dei er også ansvarlege for at det blir ført rekneskap og for å fordela innsamla midlar slik årsmøte vedtek.
Styret er pr. i dag slik: Styreleiar Johnny Halvor Stueland
Vi avslutta dette året med Julebordsmiddag for heile familien på Solgry Misjonssenter 10. november, og med bibeltime på Auklandshamn bedehus 17. november, der Aud Vihovde Hoftun deltok med tema «I sjelesorg hos Jesus». Etter julehelga startar vi opp att 26. januar med bibeltime på Tjernagel bedehus.
Mølstre bedehus
Auklandshamn bedehus
Nestleiar Knut Mækeland Bråtveit bedehus
Styremedlemmer: Sigrid M.M. Hovda Førde bedehus
Judith Misje Bua bedehus
Inger Skumsnes
Solgry Misjonssenter
Alv Gunnar Aasbu Varamedlem Alvhild Emberland Vikse bedehuskrins
Varamedlem Helga Mundal Sveio bedehuskrins
Av Alv Gunnar Aasbu
Jakt- og friluftsleir på Helgatun Kva er det som bring saman, unge som eldre, menn til fjellheimen på tur eller jakt? Det er sikkert ulike svar på det, men spenninga, luktene, lyden av rypesteggen eller den flotte hjorten i kikkerten er nokre av svara. 25 menn var samla til leir 24. – 26. september på Helgatun, alle sjølvsagt med godt og lunt humør. Nokre valgte å kome torsdagen med to dagar jakt som mål. Fredag kveld samlast alle og fekk informasjon og kart over jaktområde. Skal ein skyte hjort eller rype? Det er store og vakre fjellområdet rundt Helgatun. Fargane på hausten lagar mange gode motiv, og det vart det mange av frå mobil, eller kamera.
Det er gode fiskemoglegheiter i området, og leirdeltakarane fiska mellom anna på Vikafjellet. Du får sjølvsagt også rike opplevingar utan våpen eller fiskestang. På leiren får du oppleve salting, røyking av fisk eller kjøtt, der kyndige menneske informerer rikeleg om prosessen. Dette er tradisjonar som strekker seg langt tilbake i tid. Rammene for leiren er ein avslappande god tone, der alle idèar eller forslag er velkomne. Her finn du den gode djupe samtalen, der ein deler ulike livserfaringar. Samtalen finn stad overalt, ute eller inne.
Dette er ein leir der Guds omsorg blir varmt formidla og du kjenner deg inkludert. Kokken tryllar saman kulinariske rettar som smeltar i ganen. Du får smake fjellaure, eller kva med fårikål? Det er også tid for avslapping og kanskje løyse eit verdsproblem eller to. Dette konseptet starta i september 2020, fullt belegg den gong, noko færre ved dette høvet. Denne leiren er komen for å bli, og neste år er det ein tradisjon. Husk og meld deg på, du vil ikkje angre. Av Asle Teigen
Helgatunhelg
Første helga i november var det duka for Helgatunhelg med basar. Marit Andresen Røen var med som talar, og formidla levande både laurdag og søndag. Takk til alle som støtta Helgatunbasaren og kom på møte søndagen! Eit flott resultat på ca. kr. 130.000,- som skal brukast til barne- og ungdomsarbeidet på Helgatun.
Håkon Litlabø i terrenget 6
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
ImF lederkonferanse Straume, 5.-7. november I underkant av 400 menneske deltok i år på ImF sin lederkonferanse. Visjonen for konferansen er å styrkja lokalt leiarskap og bevisstgjera kor viktig det er å engasjera seg. Ein kunne melda seg på 12 ulike nettverk som gjekk over to dagar, samt eit seminar per dag. Fleire frå IMS-samanheng var på konferanse. Me har spurt to av dei følgjande spørsmål: Kva tar du med deg vidare frå konferansen?
Per Torgeir Nilsen, Søfteland Dette er tredje gangen jeg er med på lederkonferansen i Straume Forum. Det er årets høydepunkt. Mange aktuelle emner tas opp i nettverk og seminarer. I år var jeg i nettverket: ”Forsamlingsbygging”, og på seminar om ”Hvordan snakke med andre om troen” og om ”Våre forfulgte søsken i andre land”. God inspirerende ledelse av alt sammen. Spesielt takknemlig for dyp og god forkynnelse i fellesmøter morgen og kveld. Konferansen anbefales sterkt. En god lovsangsgruppe fra Bryne deltok med mye bra lovsang. Lovsang er bra, men jeg tillater meg å komme med et hjertesukk: Noen sanger fra Sangboken med bare pianofølge ville også vært godt, og en god måte å føre også denne arven videre på.
Bjarne Notland, Mosterhamn I år er første gong eg er med på lederkonferansen, men det blir nok ikkje siste. Veldig inspirerande både på nettverk om forsamlingsbygging og på seminar om våre forfulgte søsken og “Kirke utenfor kristenbobla”. Dette siste seminaret med Kristian Landro gjorde sterkt inntrykk på meg, og har arbeida i meg sidan. På kvelden delte han ein link til ein video som viser litt av det same: https://vimeo.com/256315051. (Eller bruk QR-koden.) Kanskje må vi tenke nytt om korleis misjonsoppdraget kan utførast?
Endeleg fysisk møte i ImF sin organisasjonsprosess
IMS sitt team samla på Straume 7.-8. november, saman med dei andre kretsteama. F.v. Bjarne Notland, Liv Ingunn Heie Medhaug, Ole Bernar Innvær, Marit Hårklau Ådnanes, Per Torgeir Nilsen og Johannes Olsen. Tore Skeie og Tove Iren Notland var forhindra frå å vera med.
Eitt år etter at organisasjonsprosessen starta, fekk me endeleg samla teama i dei ulike kretsane til eit felles døgn. Gjennom året har me jobba med kva organisasjonen har vore, og er no, og kva me vil ta med vidare. Me har fått innspel frå kretsårsmøta og frå lokale forsamlingar. Teamet har jobba for å få med mest mogleg, og klara å prioritere det me vil ha med vidare. I denne fysiske samlinga fekk me delt status og hjelpt kvarandre til å sjå det store biletet. Vi jobba og med ulike modellar for korleis organisasjonen kan sjå ut i framtida. Her var det mykje spanande og utfordrande å tenka på, og me er takksame for at det ennå er to år igjen før me skal gje ei tilbakemelding på kva me tenker er lurt.
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
7
LIK OSS
PÅ
Lise Marie
Barne- og fam.arbeidar
Leirar framover Brandøy:
Helgatun:
Juniorhelg
Skileir
4-9 år med følgje 18.-20. mars Pris: 650,-/1150,-
Tweensweekend 5.-7. klasse 25.-27. mars Pris: 750,-
Påskefestival 8. klasse+ 8.-12. april Pris: 1300,-
Sommarleir 5.-7. klasse 24.-26. juni Pris: 750,-
Sommarminileir 2.-4. klasse 27.-29. juni Pris: 750,-
Familieleir
ALLE 1.-5. juli Pris: maks 6000,-* *3-7 år = 950,8-12 år = 1050,13-16 år = 1250,Vaksen = 1750,-
8. klasse+ 4.-6. februar Pris: 850,-* *heiskort kjem i tillegg
Superhelg
0-9 år med fylgje 6.-8. mai Pris: 650,-/1150,-
Pit Stop Leirvik 2021 Endeleg fekk me arrangera Pit Stop Leirvik igjen som normalt. I haustferien, frå torsdag kveld til søndag formiddag, hadde me møter, bibeltimar, seminar og mykje kjekt sosialt. Me var heldige som, i år igjen, fekk besøk av et veldig godt team frå Bildøy som leia lovsong, hadde seminar og talte på kveldsmøta. Hilde Kristin Teigland hadde bibeltimar og fleire lokale krefter stilte opp med seminar og hjelp til med mat og anna praktisk. Gode samtalar i forbønsrom og elles på Pit Stop sit igjen som noko av det største. Takk Jesus for at du fortsatt er å finna og at du til den dag i dag rører ved oss.
Minileir
(OBS! Ny dato) 2.-4. klasse 27.-29. juni Pris: 750,-
Det vert ikkje skikkelig Pit Stop utan kafé i kjellaren på Leirvik bedehus
Tweensweekend (OBS! Ny dato) 5.-7. klasse 27.-29. juni Pris: 750,-
Meir info finn du på nettsida vår under fana ”Arrangement” og deretter “Leirar”. Her kan du melde deg på leir og lese meir om kva ein leir inneheld.
www.indremisjonen.no post@indremisjonen.no tlf 53 41 07 04
Indremisjonssamskipnaden
www.indremisjonen.no 88
Bildøyteamet var med heile Pit Stop. Her ser du eit glimt frå første kveldsmøte
Mitt bibelv ers!
Johannes
Ungdomsarbe
JuniorVing i Norheimsund
idar
ommentar
Ung-leiar IMS
Eirik
Uk NG-leiars
Johannes
Menn men av h esket lever ikke a vert ord s v om komm brød alene, er fra Gu ds munn Matteus . 4,4 Ruth Solv eig Berge sen Gravd al, 8 år
Tilretteleg gin
g
Eg lengtar ette r der han får se fleire møtepunkt med Jesus, tte oss fri frå sy oss. La oss le gge til rette fo nd, og vise sin kjærleik til r det gjennom bibellesing og tid til bønn, personlege sa mtaler. Mvh Johannes Olsen, UNG-le iar, IMS
I Norheimsund bedehus er det JuniorVing annakvar måndag, og ca. 20 barn i alderen 1.-4. klasse møter trufast opp.
Me startar med ein song og andakt. Etterpå deler me opp i aktivitetar. Nokre bygger lego, andre har formingsaktivitetar, andre lagar mat på kjøkkenet, og for dei eldste er det ei fotogruppe. Til slutt samlast alle og smakar på den gode maten som matgruppa har laga. Måndag 1. nov. hadde me besøk av Lise Marie Litlabø frå IMS som hadde andakt om den lamme mannen som vart firt ned gjennom eit hol i taket. Det er bestandig kjekt å ha besøk av Lise Marie! For Norheimsund JuniorVing Jostein Moldsvor
Hausttreff 2021 Årets hausttreff gjekk av stabelen 5.-7. november på Brandøy. Me vart ein fin gjeng frå 10.klasse og oppover også dette året. Me fekk oppleve mykje godt saman, både sosialt og åndeleg. Det blei ein flott leir! Det var utruleg flott å sjå korleis ungdommane inkluderte kvarandre og stunda me fekk saman i delestunda er nok noko av det som sit sterkast igjen.
S ø frå IM e Litlab e mannen ri a M e m Lis den lam fortel om
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
9
Forsamlingsutvikling; Futu
Futurum ImF Stord har vore med i Futurum i to og eit halvt år. Ingvild Løklingholm, forsamlingsleiar, deler her omkring deira reise med Futurum, og korleis dette nettverket for forsamlingsutvikling har hjelpt å setja retning. Kvifor vart de med i Futurum? Det har også vore vurdert tidlegare. Då var ikkje forsamling og leiing klar. No når det er tilsette er det lettare, fordi det er fleire som kan driva prosessen. Gud vil me skal lukkast. Og no er me der at me ynskjer ei endring. Det er godt å koma avsides som gruppe. I kvardagen kan det lett bli brannslukking. Her får me tid saman og tid med Gud. Me får ro og dei gode samtalane om arbeidet, seier Ingvild. Korleis fungerer dette i praksis? Me har to samlingar i året på Bryne. Så har me også kontakt med vegleiar eit par gonger i semesteret. Før kvar samling sender leiarane i Futurum ut spørsmål og forslag til moglege tema. Dei ynskjer å høyra kva som treff av tema. Deretter sender dei ei lita spørjeundersøking til dei andre gruppemedlemmene for å høyra om leiarane si oppfatning stemmer. Sjølve samlingane vekslar mellom undervisning og teamarbeid. Kvart team er ansvarleg for sine mål og si framdrift. Undervegs presenterer me arbeidet for kvarandre, til lærdom og inspirasjon. Kva har de arbeidd med? Og kva opplever de at Gud har vist dykk undervegs? I vår første samling for to og eit halvt år sidan, drøymde me saman, utan å tenkja på menneskeleg avgrensing. Me vart utfordra på å løfta blikket. Kva ynskjer me som forsamling å vera? Under sist samling, såg me at me hadde nådd om lag halvparten av våre draumemål. Det vart veldig motiverande. Eit av måla var at det skulle vera lettare å vera open i forsamlinga; dela tru og liv med kvarandre. Me opplever no større openheit, både i bibelgrupper og i forsamlinga.
Me opplever også eit større engasjement i bønearbeidet, og har fleire treffpunkt i bøn. I 2022 drøymde me også om å starta Alpha-kurs. Me har ikkje hatt ressursar til det, men i sommar kom det to personar til oss frå annan samanheng som kjente hjarta for Alpha-kurs og ungdommar. Hilde Kristin Teigland, ungdomsarbeidaren vår, er no med i dette arbeidet, og deltakarane møtes på nøytral stad. Me drøymde også om bibelgrupper for ungdom, og fleire har opna heimane sine for ungdommar. Me opplever at Gud viser oss nye steg på kvar Futurum-samling. Kven er med i Futurum-gruppa? Me har hatt ei kjerne på fem personar. Så har me brukt dei siste to-tre plassane inn mot ulike folk i forsamlinga, alt etter tema. Det er alltid tre frå styret som er med, pluss forsamlingsleiar og ungdomsarbeidar. Gruppa er sett saman av ulike personlegdomar, alder og tenesteområde. Det er lov å vera ueinig, og det er stor takhøgde for at alle skal få seia si ærlege meining. Nyttig å setja retning Me set oss ei prioriteringsliste på kvar samling. Så blir me også pusha. Det har vore kjempenyttig å setja retning gjennom arbeidet i Futurum. Kvart fellesskap har ulike ting dei arbeider med. Samtidig opplever me gjerne at det ei forsamling deler, også treff oss. Det er mykje tid i bøn og lovsong. Det er noko av det sterkaste; å oppleva at Gud gir ord til vår forsamling, seier Ingvild.
Leiarmøte ImF Stord
10
Ingvild Løklingholm
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
Fleire i vårt område nyttar ulike verktøy fo Naturleg menighetsutviling (NaMu). Både Gilje sitt arbeid vert presentert i neste nu samt ImF Stord, som nyttar Futurum.
Kva er Futurum? Futurum er ein leia prosess som skal hjelpa lokale bedehusforsamlingar til å bevega seg frå der dei er i dag, til der Gud ynskjer at dei skal vera i framtida. Bedehuskirken (Bryne) er vertskap, med ImF som støtte. Futurum er bygd opp som eit læringsnettverk: - kvar lokal forsamling har eit team beståande av 4-8 personar, hovudsakleg dei same frå gong til gong. Teamet må ha mynde til å ta avgjersler i si forsamling. - det er seks fysiske samlingar over tre år. - Kvart team får ein vegleiar som følger opp teamet mellom samlingane. Kva kan Futurum bidra med? - Nettverket gjer at ein blir ein del av noko som hjelper, oppmuntrar og ansvarleggjer, slik at flest mogleg av våre gode intensjonar kan bli verkeleggjort. - Ein kjem nær andre bedehus som er på same reise.
FUTURUM
urum og NaMu
or forsamlingsutvikling. Denne gongen ynskjer me å presentera Futurum og Halsnøy Indremisjon og Gilje Indremisjon er i prosess der dei nyttar NaMu. ummer, medan me får innblikk i arbeidet til Halsnøy i dette nummeret,
NaMu i Halsnøy Indremisjon Eit ynskje om å bli meir bevisst Det heile begynte med at me ikkje var bevisste nok i det arbeidet me gjorde i styret, fortel leiar Kjartan Mehammer. Kva ynskte me å oppnå; korleis og når, var spørsmål me ville utfordra. Me inviterte til medlemsmøte for å samtala om arbeidet, og utfordra der også på draumen vår – visjonen for arbeidet. Etter å ha arbeidd fram ny visjon og retning for arbeidet søkte me hensiktsmessige verktøy som kunne hjelpa oss. Me snuste både på Futurum, Agenda1 og NaMu, som alle er gode verktøy. Me landa på NaMu, og prosessen har heile tida vore forankra i styret og gjennom god informasjon i medlemsmøte. Fokus på inspirerande gudsteneste Første profilen tok me september 2017. Det var sjølvsagt knyta spenning til undersøkinga. Kva av dei åtte kvalitetsteikna skulle me arbeida vidare med? Resultata viste at me var sterkast på livsnære grupper, og svakast på nådegåvebasert teneste. Profil 2, som vart gjort januar 2020, viste engasjert trusliv som sterkast, og inspirerande gudsteneste som svakast. Generelt vert profilen analysert, saman med gode vegleiarar frå IMS, for å sikra at me forstår den rett. Me arbeider med kvalitetsteiknet me er svakast på, som er det som mest hindrar vekst, og set mål og tiltak for ein to-års periode fram til neste profil. No arbeider me med inspirerande gudsteneste. Me har blant anna stilt spørsmål til alle medlemmer utifrå kvardagen i vårt bedehus; når me nye, kvifor går du på møte, kva inspirerer deg, kva
ynskjer du å bidra med osb.? Det er tydeleg at lovsong var sakna i våre møter. Me har difor gjennomført tiltak inn mot dette; gjennomført lovsongsseminar og oppfordra til å gå inn i tenesta. Me har også arbeidd med trus-språk og fleire har tatt trus-språktesten. Det har gitt oss verdifull kunnskap om kor ulike me alle er, og med ulike behov. I forrige profil arbeidde me med nådegåvebasert teneste. Me hadde nådegåveseminar og gjennomførte nådegåvetest. Me hadde også samtalar med alle medlemmene med fokus på teneste og livsglede. God utvikling og meir naturleg å snakka med kvarandre Når det gjeld erfaringar og frukter av å vera i slik prosess, er me nok meir i bevegelse enn tidlegare. Og me blir meir bevisstgjort i arbeidet me står i. Resultata frå undersøking nr 1 til 2, viser god utvikling, og særs god respons på nådegåvebasert teneste, det me jobba mest med. Men det er også gledeleg at alle kvalitetsteikna har hatt ei auke, fortel Kjartan. No er me meir opne med kvarandre om kva gåver me har, og det er naturleg å snakka med kvarandre om dette. Me har fått på plass lovsongsteam som tener i forsamlinga, til stor glede for alle. Inkludera alle! Det føl ofte ein del framandord med slike prosessar, seier Kjartan. Det er viktig at ein naturleg kan stå i prosessen på ein forståeleg måte kor alle kjenner seg igjen, utan å bli overkøyrt av framandord.
NaMu Naturlig Menighetsutvikling (NaMu): - Visjon: «flere sunnere menigheter» - NaMu Noreg har over 20 års erfaring, og er tverrkyrkjeleg. - arbeidet bygger på forsamlingsundersøkingar i over 75.000 forsamlingar i 70 land. Prinsippa er universelle, uansett storleik og kyrkjesamfunn. - prinsippa i NaMu bygger på Bibelen, på vitenskapeleg kunnskap og på vekstmekanismane me finn igjen i Guds skaparverk. - Ein har kome fram til åtte kvalitetsteikn for sunne og voksande forsamlingar: utrustende lederskap, hensiktsmessige strukturer, inspirerande gudsteneste, nådegavebasert teneste, varme relasjoner, livsnære grupper, engasjert trusliv og behovsorientert evangelisering. - Det lokale fellesskapet tar ein profil (undersøking) der medlemmene svarar på ulike påstandar. Slik får ein fram styrker og svake teikn i forsamlinga. Lokal forsamling er drivkrafta i arbeidet. Med på vegen har dei ein vegleiar. - Etter om lag to år, tar ein ny profil, om ein ynskjer det. Planlegg tredje profil Me planlegg ny profil igjen våren 2022. Me har satt saman ei eiga NaMu-gruppe, beståande av nokre frå styret og nokre utanføre styret. Denne gruppa arbeider konkret med mål og tiltak, og rapporterer til styret i forsamlinga. Gruppa får då «ro og fred» til å arbeida med kvalitet og ha fokus på kor sunn forsamlinga vår er. Dette gir gode samtalar.
Frå NaMu-møte i oktober. F.v. Kjartan Mehammer, Johannes Olsen, Sveinung Nesheim, Wenche Sjo Koløy, Jostein Svalland
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
11 11
Glimt frå hausten Det er verdifullt og kjekt å samlast igjen, både til fellesskap og om Guds Ord. Her er glimt frå noko av det kjekke som har funne stad.
Elevar klar for møte på Framnes
Styremøte på Framnes 23. oktober
Samlingsfest på Bømlo i september
Kaffikos på Huglo etter møteslutt
Allesamansamling i Norheimsund
Det var fullt hus på Fitjar då kvinneforeininga laga til basar 26. oktober
Takk til alle som står på, både lokalt og for IMS.
12
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
e i r o t s i h s u r t i M I Bygstad, ei lita bygd i Sunnfjord, vaks Liv Stokken opp. Ho er eldst av fem søsken. I andre enden av huset budde farsfamilien, og blant dei ei truande bestemor som bad for alt og alle. Liv fortel at ei nabojente lærte henne å lesa, skriva og rekna året før ho starta på skulen. I tillegg byrja ho på skulen eit halvt år før ho skulle. Lærerinnene var gilde, truande folk. Ei av dei tok barna med på barneforeining, og dei vart også sendte på leir. Tolv år gammal var eg på leir til Dale i Sunnfjord, fortel Liv. Her møtte eg kallet i ein bibeltime. Leirsjefen talte om Maria, Marta og Lasarus. «Meisteren er her og spør etter deg»,- det var kallsordet. Men eg skjønte ikkje korleis eg gav meg over til Gud. Så kom eg på leir på bedehuset heime i påska. Då var eg 13 år. Etter at leiren var slutt, kom nokre leiarar etter oss, og spurte om me ville bøya kne og ta imot Jesus. Då var me ein heil gjeng som gjekk, og det har halde til i dag for dei fleste av oss, fortel Liv. Ei stor bør vart teken av meg. Det ville eg også at andre skulle få oppleva. Songbok og lommelykt under dyna Eg fekk lov heime å reisa på leir. Likevel ville dei ikkje ha noko av at eg vart kristen, og at eg skulle vitna om Jesus. Eg låg med songbok og lommelykt under dyna for å få åndeleg føde. Teieplikta kom tidleg inn i livet mitt, fortel Liv. Eg song ut songboka mange gonger under dyna. Dei gamle på bedehuset skjønte nok korleis eg hadde det, og var veldig omsorgsfulle. Her blir det vekking Etter framhaldsskule, reiste eg til Førde, der eg gjekk på Solvang Folkehøgskule. Her fekk eg be til Gud med mange. Det var stor glede når nokon gav seg over til Gud. Det var ei stille vekking. Vinteren 1955 vart det Sundsgate i Bergen, Vestlandske sin bibelskule. Hausten 1955 tok eg ut som yngres- og ungdomsarbeidar. Eg og ei anna reiste saman, og me hadde distrikt frå Romsdalen til Kristiansand. Eg reiste i fem år, unnateke eit halvt år då eg gjekk på handelsskule i Oslo. Eg har veldig mange opplevingar frå vekkingtida, fortel Liv. Guds ånd sa det til meg før eg kom inn i eit lokale; her blir det vekking. Eg har ei spesiell oppleving frå ein fjord. Me kom med båt frå Bergen, til kaien der det var
butikk. Butikkeigar såg oss og sa ironisk til familien sin: «Jammen var det mykje å senda!» Første kvelden i bedehuslokalet sa eg: «Her blir det vekking». Det var kun to hus i bygda som ikkje vart berørt. Sonen og svigerdotter til butikkeigar gav seg også over til Gud.
kepleiarutdanning. Etter fem år kom første guten Lars Johan. Så vart Leiv kalla til Stavanger til å arbeida på institusjon for folk som trengte å bli fri alkohol. Prest, sjukepleiar, psykolog, psykiater og sosionom arbeidde med oss. Ved sida av hus og heim, arbeidde eg gratis, fortel Liv. Ole Andreas, vår andre gut, kom også til etterkvart. I sju av dei ni åra me var i Stavanger, budde me på institusjonen. På institusjonen var det to rom som ikkje var innreia. Me fekk laga dei om til gjesterom og konerom. Ei kone sa: «Det er 20 år sidan eg har snakka med mannen min i edru tilstand». Det var givande å stå i dette arbeidet, men me vart også veldig slitne. Kallet til teneste I 1977 kom me til Stord. Her fekk eg vera med å bygga opp intensivsjukepleien på sjukehuset, fortel Liv. Eg har fått brukt meg på så mange plassar. Kallet til teneste, har vore der djupt i meg heile tida. Ofte vart eg henta av kollegaer, som bad meg samtala og be Fadervår med dei sjuke. Eg ynskte ikkje å vera påtrengande. Men folk kjente meg og spurte.
Kvite små hus vekker takksemd Liv traff mannen Leiv på bibelskulen. Eg hugsar ei påske eg skulle få fri. Alt var avtalt, og billettar fiksa. Så vart det så mykje vekking. Eg hugsar eg låg med hovudet under puta og grein. Det skulle gå eit halvt år før eg fekk sjå Leiv igjen etter at me hadde ringforlova oss. Han tok diakonutdanning i Oslo. Men eg såg ikkje så negativt på det likevel, fortel Liv. Eg hadde kallet. Når eg ser på kvite små hus i dag, kjenner eg på stor takksemd over alle som tok imot oss i heimane. Dei hadde store barneflokkar og gjerne dårleg råd. Likevel tok dei varmt imot oss.
Lærte av læstadianarane For tida bur Liv og Leiv i Dåfjorden. Mange er dei som har vore innom heimen deira. Stort sett er det rundt 20 personar innom her kvar veke, og det går ikkje ei veke utan at me har middagsgjester, fortel Liv. I Hammerfest møtte me læstadianarar i kyrkja. Dei møtte oss venleg, og dei helsa oss med Guds fred i det dei la høgre armen på venstre skuldra vår. Det har me fortsatt med frå me var nygifte. Me kunne ikkje legga oss å sova utan at me hadde gjort opp ting. Det låg tilgiving i dette; å seia godnatt og Guds fred. Det lever i oss kvar dag, og har bore oss igjennom.
Konerom Då Liv og Leiv hadde vore saman i sju og eit halvt år, kunne dei gifta seg. Liv var då 25 år, og Leiv 27. Leiv fekk stilling som menighetsdiakon i Hammerfest. Her vart dei begge engasjerte både i kyrkje og bedehus. I Hammerfest tok Liv sju-
Salme 32,8 har vore ordet mitt, seier Liv. Eg fekk det i unge år, og det har vore ei berande bru gjennom heile livet. Kallet til teneste er viktig for Liv. Det er der som eit grunnlag gjennom alt. Ofte tar ho telefonar, fordi Gud leier henne. Eg blir ikkje permittert i Guds rike, avsluttar Liv.
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
13 13
Helsing frå Kristne Vidaregåande Skule Hausten er over oss. Tåka ligg nokså langt nede og utsyn til Kvamsøy og Folgefonna får ein berre ta i fantasien. Heldigvis har me hatt ein strålande sommar som kom og gjekk med ei fin skuleavslutning i juni og Elevstemne helga etter, der dei yngste og eldste kulla kom hit kvar sine dagar. Me hadde òg ei fin og god oppstartshelg i august. Påfølgjande veke var det «bli-kjent-turar» både hit og dit. Sætervika, Helgatun, Skogtun på Sotra – Kvamskogen og ikkje minst villsaujakt på Austevoll. Ein skikkeleg pang-start på skuleåret dette. Aldri har så mange takka ja til skuleplass her, og aldri har me hatt så mange på internatet. Alle fekk ei seng og eit rom i personalbustader og innleigd husvære. No ventar me på bustadbrakker som er tinga. Det er behov for fleire enkeltrom, og fleire internat treng oppgraderingar. Med mange elevar, er det også ein del arbeid. Nye elevar treng ei «hand å halde i» når foreldra ikkje er i nærleiken. Heimlengt, innetider, reglar osv, er ikkje like greitt for alle. Godt då å ha trygge vaksne rundt seg.
14 14
Tro&medier held seminar for dei ulike trinna med overordna tema «Det gode liv», gjennom året. Dette er eit samarbeidsprosjekt som me har planlagt i lengre tid, og det kjem under faget livsmeistring. Samarbeidet byrja i fjor. Me har stor tru på at ein slik plattform i livet vil gjere noko for kvar enkelt vidare. Grunna pandemien, har me ikkje hatt mykje besøk utanfrå i haust. Marit Ådnanes og Johannes Olsen fekk vera her nokre dagar når det var høve. Bibelgrupper er pausa litt. Heldigvis er mange elevar andeleg vakne og har bøne- og bibelfellesskap sjølv. Elevane i vg3 var til Vesterålen tidlegare i haust, ei flott veke. Det gjer godt å kome litt utanfor både Kvam og Framnes for å vere saman i andre settingar, og ikkje minst er det lærerikt! Etter å ha vore skåna frå korona-utbrot gjennom 1,5 år, blei me i kjølvatnet etter at Noreg opna opp, råka. Fleire elevar har vore sjuke, og har vore i isolasjon/karantene både her og heime. Me har heile tida eit tett og godt samarbeid med kommunehelsetenesta i Kvam. Foreldredagen
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
30. oktober måtte me utsetja, ikkje avlysa. Open Helg blir digital i januar. Mykje har me lært av pandemien – både på godt og vondt. Nye og kanskje betre måtar å gjere ting på! Haustvindar, heildagsprøvar, regn og lekser – ja, mange oppdagar no at Framnes er ein skule, ikkje kun ein leirstad. Men så er det også mykje kjekt å sjå fram til med mykje lys og mykje varme. Det manglar ikkje på kos heller. Fellesrom og eigne rom vert pynta – nokon må gjerne få til «hjelp» i form av internatmerknader til å rydde og ordne. Ikkje alle ser likt på tinga! Ver gjerne med i bøn for oss, både elevar og tilsette – at Guds ord og ande får slå rot enno meir! «Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes. Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen til fånyttes», Salme 127,1. Helsing oss på Framnes november 2021
Klasse 1C på Kvamskogen
Reiseruta desember, januar og februar Marit H. Ådnanes, Ressursgruppetreff Hardanger Johannes Olsen, Vågen bedehusforsamling 3.-5. des.
DES - Veke 49
9. des.
DES - Veke 50
13. des.
DES - Veke 52
Marit Andresen Røen, Førjulshelg Helgatun Kåre Johan Hamre, Ungdomshelg Helgatun Eirik Stensland, Adventshelg Brandøy Marit H. Ådnanes, Vågen Bedehusforsamling
28. des.
5.-9. jan.
Kåre Johan Hamre, Granvin Marit H. Ådnanes, Husnes IM 11. des.
Marit Andresen Røen, Lothe og Alvsaker IM 12. des.
Svein Bjarne Aase, Gilje IM
Kåre Johan Hamre, Granvin 15. des.
Lise Marie Th. Litlabø, Småbarnstreff Rosendal 19. des.
Marit H. Ådnanes, Eikelandsosen Kåre Johan Hamre, Os IM Johannes Olsen, Horneland IM
31. jan.
7. feb.
27. jan.
Marit Andresen Røen, Huglo 30. jan.
Olav Eikemo, Håvik IM Aksel Ingvard Johannessen, Husnes IM Kåre Johan Hamre, Samnanger misjonsforsamling Johannes Olsen, Moster IM Ove-Kjell Sakseid, Os IM Kåre Johan Hamre, Granvin 4. feb.
Lise Marie Th. Litlabø, Horneland 6. feb.
Ingebrigt S. Sørfonn, Sagvåg IM Arne Lindekleiv, Laurhammer IM Marit H. Ådnanes, Horneland IM
Kåre Johan Hamre, Granvin 9. feb.
Klaus Muff, Sveio Soknehus 10.-13. feb.
Kåre Johan Hamre, Uskedalen bedehusforsamling 11.-13. feb.
Roald Evensen, Jondal IM 14. feb.
Kåre Johan Hamre, Granvin
29. des.
Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes, Vågen bedehusforsamling
JAN - Veke 7
16. feb.
Johannes Olsen, Huglo IM
8. jan.
11.-16. jan.
Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes, Samnanger misjonsforsamling 14.-16. jan.
Lise Marie Th. Litlabø, Damehelg Brandøy
JAN - Veke 8
Arne Lindekleiv, Horneland IM
Kåre Johan Hamre, Granvin
JAN - Veke 2
Marit Andresen Røen, Tysnes
Marit Andresen Røen, Halsnøy IM
10. jan.
Marit Andresen Røen, Tysnes Olav og Jorunn Eikemo, Bua (7-stjerna) 17. feb.
Kåre Johan Hamre, Granvin 18. feb.
Lise Marie Th. Litlabø, Gilje IM 19. feb.
IMS-tilsette, KRAFT-konferanse 20. feb.
Eirik Stensland, Håvik IM Svein Bjarne Aase, Bømlo IM Marit Andresen Røen, Horneland Solveig Norheim, Skånevik IM 24. feb.
Lise Marie Th. Litlabø, Huglo IM 25.-27. feb.
Kåre Johan Hamre, Brandøytreff Roald Evensen, Tysnes støtteforening 27. feb.
Marit Andresen Røen, Moster IM Ingebrigt S. Sørfonn, Os IM
15. jan.
Marit H. Ådnanes, Tysnes 16. jan.
Marit H. Ådnanes, Moster IM Kåre Johan Hamre, Nainkyrkja ImF Voss 17. jan.
JAN - Veke 3
JAN - Veke 4
2. des.
26. jan.
JAN - Veke 5
Marit H. Ådnanes, Nainkyrkja ImF-Voss
JAN - Veke 6
1. des.
JAN - Veke 1
DES - Veke 48
Reiseruta er under utarbeiding. Tillegg vil koma, og endringar kan skje.
Kåre Johan Hamre, Granvin 19.-21. jan.
Toralf Steinsland, Osterneset IM 20. jan.
Kåre Johan Hamre, Granvin 21.-22. jan.
Marit Andresen Røen, Omvikedalen IM 23. jan.
Olav Eikemo, Norheimsund IM Ola Malvin Lomheim, Moster IM Marit Andresen Røen, Skånevik IM
Det var i Betlehem i Judea Jesus vart fødd, medan Herodes var konge. Då kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som nett er fødd? Vi såg stjerna hans då ho synte seg i dagsranda, og no er vi komne og vil hylla han.» Matt 2, 1-2
! d ti g ø h le ju d o g a n ig ls e v Med ynskje om ei Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021
15 15
Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser
Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD
minst 6 cm avstand
Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje
B SKILEIR 2021 4.-6. februar på Helgatun
SKILEIR
Returadr på en linje
Portomerke settes inn i 1:1 str
Velkommen til Vinterferieopphald på Helgatun 25. febr. til 6. mars
Helgatun
Ynskjer du ei eller fleire overnattingar, ta kontakt på tlf. 56 51 98 98 eller send ein mail til helgatun@helgatun.no
4. - 6. februar 2022 Kr. 850,-
(heiskort og reis kjem i tillegg)
Sjå indremiSjonen.no og klikk deg inn på leir for påmelding
Familiedugnadshelg på Brandøy 11.-13. februar 2022
Endeleg er det tid for familiedugnadshelg igjen! Denne helga samlast vi for dugnadsøkter, samlingar om Guds ord, god mat, og fellesskap. Vi satsar på ein del utearbeid med skogsarbeid som hovudfokus. Men vi har mange andre oppgåver som ventar også, for store og små.
Brandøytreff
-leir tilrettelagt for vaksne med utviklingshemming-
Påmelding: indremisjonen.no
25.-27. februar 2022
Leirar for familie og barn med følgje
Påmelding: www.indremisjonen.no
Damehelg Brandøy
Juniorhelg på Brandøy 4-9 år med følge 18.-20. mars 2022
14.-16. januar 2022
Superhelg på Helgatun 0-9 år med følge 06.-08. mai 2022
Annonser, bilder, red. stoff o.l.
Familieleir på Brandøy 01.-05. juli 2022 For meir info og påmelding sjå: indremisjonen.no
tema: kvilepuls
Vårtreff på Brandøy 25.-28. april 2022
Velkommen til påske på
HELGATUN
–for oss over 60
FAMILIELEIR
Velkomen til vårdagar på Brandøy! Naturen her er ei perle av Guds store skaparverk med fjord, fjell og skogkledde lier. Her kan du finna ro og kvile for kropp og sjel. Det blir samlingar om Guds ord, forbøn og vitnemål.
Talarar og foredragshaldarar: Marit Elisebet og Jan Ove Totland, Jorunn og Olav Eikemo, Marit og Arne Lindekleiv, Inger Johanne Stangeland m.fl.
16
Song og musikk: KM-karane frå Etne
(Kombileir)
08. – 12. APRIL 2022
PÅSKEOPPHALD 13. – 18. APRIL 2022
Påmelding: Indremisjonskontoret Tlf. 53 41 07 04 www.indremisjonen.no
Påmelding: Helgatun tlf. 56 51 98 98 helgatun@helgatun.no
Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2021