Indremisjonsvenen nr 3 - 2021

Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 03 - 2021

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

1


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Rytmar

Leiar av Johannes Olsen UNG-leiar

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Marit H. Ådnanes Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Bankgiro: 8220.02.80454 Opningstider Indremisjonskontoret: Måndag – torsdag: 09.00 – 15.00 Fredag: Stengt Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no www.facebook.com/Indremisjonssamskipnaden

IMS-styret Ole Bernar Innvær, formann Linda Aase, nestleiar Oddvar Martin Torget Tordis Thuestad John Helge Heie Ragnhild Nesse Kjetil Harestad Vara: Ole Håland, 1. vara Rune Stokken, 2. vara Henriette Bjørnevik, 3. vara

Helgatun Fjellpensjonat A/S 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Bankgiro: 8220.02.80497 Dagleg leiar: Jorunn F. Johannessen Heimeside: www.helgatun.no

Brandøy Misjonsog konferansesenter A/S 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Dagleg leiar: Andreas C. Våge Heimeside: www.brandoy.no

Framnes KVGS

Frå Familieleiren på Brandøy i sommar

IMS og økonomien… Kvart år er økonomien vår ei utfording og eit spenningsmoment, og i desse koronatider har det vore ekstra spennande. Det meste Pr. 31.07.2021 viser rekneskapet Pr. viser eit Pr. 31.07.2021 31.07.2021 viser rekneskapet rekneskapet eit eit av aktivitet rundt på bedehusa har vore nede, og driftsunderskot på driftsunderskot på driftsunderskot på med det har det vore dårleg med inntekter. Lite inn 184Året 443.før Året 534kr 529. varfør detvardet eit eit kr 184 443. vardet eit i kollektar på bedehusa, gjev mindre inntekter inn til IMS. Vi er glade for at samfunnet opnar meir og driftsoverskot på kr kr 77på 699. driftsoverskot kr 7 699. driftsoverskot på 699. meir opp att i desse dagar, og håpar dei fleste be3 500 000 500 000 dehus vil leggja opp til gode rutinar slik at dei kjem33 500 000 3 000 000 000 000 i gong med aktivitet att. Dette er viktig for arbeidet33 000 000 2 500 000 22 500 000 500 000 lokalt, og for oss i IMS. 2 000 000 22 000 000 000 000

1 500 000 Vi er svært glade for at gåveinntektene frå gåve- 11 500 000 500 000 aksjonane våre vår, sommar, haust og jul har gjeve 11 000 000 1 000 000 000 000 500 000 gode inntekter, meir enn det som har vore vanleg 500 000500 000 dei siste åra. Så håpar vi mange tek god i mot 0 00 haustgåvegiroen som nett er sendt ut.

Takk til deg som står med oss i arbeidet gjennom bønn, oppmuntringar og gåver.

med Gi di gåve

Ynskjer du å bli fast gjevar?

02696

mmer: 1

Vipps-nu

Kontakt kontoret, tlf 53 41 07 04, eller finn skjema på www.indremisjonen.no

2

3 078 645 2 525 772

Framside-foto:

Utfordringa for mange er at me tenker det er lurt å bruka tid saman med Gud, og kanskje me har ein tanke om korleis me skal gjere det òg, men så får me det ikkje heilt til. Kvardagen vert for travel. Då vil eg oppmoda oss alle til å setje oss ned å skriva opp dei rytmane me tenkjer at me har, slik at me kan verta meir bevisste på dei, og få dei til å bli viktigare i livet vårt. Og kanskje er det nokre av rytmane me vil endre litt på, eller nokre nye me ynskjer å få på plass. Eg trur at me gjennom dette kan gripe meir av Guds nåde og kjærleik, og få eit liv nærare vår Herre.

2 513 525 785 772 2 864 028

Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 Dagleg leiar: Silje Fyllingen www.sunnbok.no

ImF-UNG har på ulike leiarsamlingar gjennom dette året hatt ein del fokus på rytmar. Dette har hjelpt meg til eit liv nærare Gud. Før likte eg ikkje så godt liturgi og faste ting i livet. Då var det kjekkare med eigne levande ord, og spontan etterfølging av Jesus. Men no har eg funne kvile i både tidebønner og andre faste møtepunkt med Gud i løpet av dagen. Så tenkjer eg at Gud kan møte oss på mange ulike måtar, men det å setja av tid til både bibel og bønn i løpet av dagen trur eg alle kan ha glede av.

2 864 028 2 341 328

SunnBok

Eg trur at vårt liv med Gud òg vert påverka av denne tendensen i samfunnet. Me lar andre moglegheiter og krefter få plassen som Gud kunne hatt. Derfor trur eg me treng rytmar i livet med Gud. Ikkje som eit band som held oss fast til ei lovisk tru, eller ein religiøsitet som gjer oss sjølvrettferdige eller hovmodige. Men meir som ei nådig støtte som held oppe vår skrøpelege kropp når livet er vanskeleg å få til. Då kan Gud få gode anledningar til å tala sanning inn i våre liv, og til å hjelpa oss gjennom prøvingar og kampar.

979328 256 21341

5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

Me har alle rytmar i livet, som hjelper oss til å leva eit enklare liv. Me kan vera takksame for at me slepp å planlegga kva tid me skal pussa tennene eller eta frukost kvar dag. Noko går berre av seg sjølv. Men i dagens samfunn, er det mindre og mindre som er i rytme. Me er meir og meir fleksible i arbeidstid, relasjonar og andre ting. Og me har uendeleg mange moglegheiter me må velja mellom når det gjeld alt frå utdanning og fritid til kva emoji me skal ha på meldinga, eller pålegg på skiva. Tenk så fint det hadde vore om me slapp å ta nokre av desse vala.


l a k s m, så

Ko

! å j s de få Andakt av Norvald Ådnanes Bremnes

«Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» Joh. 14, 29 Desse orda har eg lese mange, mange gonger, og høyrt talar over forteljinga dei er henta frå i Joh. 4. For ei tid sidan oppdaga eg dei på ein ny måte. Ei merkeleg hending. Jesus og læresveinane var på veg frå Judea til Galilea. Dei stoppa ved Jakobsbrønnen ved byen Sykar i Samaria. Jesus var åleine ved brønnen, dei andre var i byen for å kjøpa mat. Ei kvinne kom og henta vatn midt på dagen, mest sannsynleg for ikkje å treffa andre. Jesus starta ein samtale, bad om vatn. Kan hende det var for denne samtalen Jesus måtte dra gjennom Samaria. Eg trur det.

Men så når denne kvinna skunda seg til byen for å fortelja kva som har skjedd, var det med desse orda: «Kom, så skal de få sjå ein mann som har sagt meg alt det eg har gjort! Kan han vera Messias?» Det var dette som fekk meg til å tenkja. Jesus hadde fortalt om levande vatn som sløkkjer all tørst, ei kjelde som bryt fram og gjev evig liv – mykje fint. Men det første ho fortalde til naboane sine var om han som hadde avslørt henne. Ho hadde hatt fem menn, han ho levde med no var ikkje hennar – Jesus visste kven ho var. Og det var ikkje akkurat ein skryte-CV. Men dette gav henne frimod, og det utløyste vekking der i Sykar.

Eg trur dette er viktig. Det er alltid frigjerande når Jesus får ta seg av det som ikkje toler dagslys. Kong David vitnar om dette i Salme 32 og 51. Berre les og sjå forvandlinga i livet hans. Folk spurde seg på Jesu tid: «Kven er han, som jamvel tilgjev synder?» Jo, det er han som seier til oss i dag: «Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera, eg vil gje dykk kvile!» (Matt.11,28) Ikkje stuss, la Han, Jesus Kristus, få lov til det!

BØNE SPALTA

Mannsweekend 12.-14. november på Brandøy Det er lenge sidan det har vore mannsweekend på Brandøy. Det må vi gjere noko med! Les meir på indremisjonen.no eller sikt på den kvite boksen nedanfor med mobilkameraet ditt.

BE FOR: • alle som arbeider på Brandøy, Helgatun, SunnBok, Framnes, IMS og Helgatunlia • ungdomane våre på Bildøy og Framnes • leiarane og deltakarane i alle våre lag, kor, foreiningar og forsamlingar • Haustmøtehelga i denne spesielle pandemitida BE OM: • åndeleg innsikt, visdom, nytt mot og krefter til leiarar i lag, kor, foreiningar og forsamlingar etter lang tid utan møteverksemd • at leiarar og ungdomar får eit Jesusmøte på Pit Stop • at barn, unge og vaksne kan få reisa på leir/weekend denne hausten TAKK FOR: • alle som fekk høyra om Jesus på sommarleirane våre • alle pengegåvene som er kome inn til Helgatun, Brandøy og IMS det siste halve året • at me fekk gjennomført Utsendingsmøte i juni • at «Herren har kunngjort for meg, menneske, kva godt er. Og kva krev Herren av meg? Berre at eg gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med min Gud» Mika 6:8 3


Utsendingsmøte 19. juni

Også i år gjekk sommarens storsamling på Framnes ut på grunn av koronasituasjonen. Me er likevel glade for at me fekk gjennomført Utsendingsmøte laurdagen som planlagt.

Før sjølve årsmøtedelen tok til, heldt Kåre Johan Hamre andakt med utgangspunkt i Gal. 6,2: «Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov». Utanom ordinære årsmøtesaker og orienteringar frå avdelingane, var det oppe ei formell sak om kausjon byggelån Helgatunlia, ei lita sak om lovendring, ImF-prosess og samtale omkring arbeidet. Val Nytt styre vart valt slik: Ole Bernar Innvær (leiar), Oddvar Martin Torget (attval), Kjetil Harestad (ny), Ragnhild Nesse (ny), Tordis Thuestad, Linda Aase og John Helge Heie. Dei tre sistnemnde stod frå før. Varamenn: Ole Håland, Rune Stokken og Henriette Bjørnevik. Valnemnd: Vidar S. Eik, Olava Gilje Nord, Tove Iren Notland, Harald Heie og Kristoffer Tjelle. Dei tre sistnemnde vart valde for to år, medan Vidar S. Eik og Olava Gilje Nord sit eitt år til. Lovar Lovendring var oppe som sak også i fjor. Det vart no gjort små endringar for å få alle detaljar til å stemma. I tillegg har revisor bedt oss gjera formulering i lovane for å tydeleggjera skattemessig status.

prinsipp. Her var det mange gode ting som kom fram. Om me likevel skal prøva oss på ei oppsummering, og prinsipp som gjekk igjen, vert det omlag slik: arbeidet vårt må bygga på Guds Ord, me må satsa på barne- og ungdomsarbeid, det lokale arbeidet er viktig, og diakonalt arbeid må løftast opp. IMS gruppa tar desse tilbakemeldingane med vidare i arbeidet. Samtale omkring arbeidet Fleire nytta sjansen til å dela det dei hadde på hjartet. Leiartrening vart løfta fram som eit satsingsområde. Og IMS må framleis satsa på leir, og barne- og ungdomsarbeid. Ei anna røyst sa at tida er inne for å be konkret om at Gud må leia vidare i forhold til Helgatun, og kva ein vil at midlane som kjem inn skal brukast til.

Tru i heimen som tema vart også nemnd av fleire. Me er forplikta til å oppdra borna i kristen tru. Så kan me lett koma til kort. Her vart det delt konkrete tips med kvarandre. Når me skal bygga forsamlingar, må me starta med kristne heimar. Økonomien til IMS var også tema. Takk til leiing og IMS-styre for det gode arbeidet som vert gjort. Me må ha omsorg for økonomien. Me må be for IMS si leiing og styret. Det vart også mot slutten av utsendingsmøtet bedt konkret for menneske som var sjuke og elles trong forbøn.

Møtedirigentar Bernt Arild Gjøvåg og Liv Ingunn Heie Medhaug

ImF-prosess – viktige prinsipp me vil ta med oss inn i framtida Andreas Evensen frå ImF-ung, orienterte om organiseringsprosessen som ImF og alle kretsane er med i. Andreas er den som leier arbeidet på landsplan, medan Johannes Olsen leier IMS si gruppe. Nett no arbeider me med kva gode prinsipp me skal ta med oss frå fortida inn i framtida. Det var samtale rundt borda, og kvar gruppe fekk presentera sine 3

4 4

Arbeidet til IMS er fantastisk. Det er viktig å få fleire med, og spesielt hjelpa dei unge til ei levande og trygg tru. Me må be om at Gud utrustar evangelistar.

Kjekt med tid til god drøs i pausen

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021


d e m r a s Ba r o t a l l u r g bil o

g Marit n Hamre o Kåre Joha re for Kjør la k r Røen e nd. Dei Andresen Norheimsu i r sa a -b å på Voss. igjøn S sitt team var også IM me også Så hadde mi -t eit IMS ea land. rd o h n n u S

Også i år vart det Kjør igjønå-basar dagen etter utsendingsmøtet. To IMS-team var innom sju bygder; Halsnøy, Husnes, Norheimsund, Fitjar, Horneland, Voss og Moster. Nokre av bygdene var dei same som i fjor, medan Husnes, Voss og Moster var nye av året.

Dei lokale komiteane hadde førebudd alt godt. Dei stod klar med eit team, hadde baka boller, laga løype og kjøpt inn gevinstbøtter til lykkehjul. Postane gjekk i ei lita løype med start utanfor bedehuset. Her kunne dei ta lodd til hovudlotteriet, prøva seg på ballkast og quiz der dei skulle finna barnesongar. Det var lykkehjul der kvart snurr gav ein liten gevinst, og var dei

Fitjar

ekstra heldige kunne dei vinna bøtte med spennande innhald. Kaffi, saft og boller vart også servert på koronavenleg vis. Friske, kristne barnesongar tona ut over området frå høgtalaranlegget som var rigga opp. Dei fleste køyrte igjennom løypa med bil, men nokre tok også løypa til fots. Frå Voss vert det endåtil meldt om at

Kjekt å vinna stor gevinst i lykkehjul, Husnes

Halsnøy

eldste deltakar på over 90 år gjennomførte med glans – med rullator! Litt sommarregn eit par av plassane øydela ikkje humøret og stemninga. Tusen takk til alle som støtta arbeidet i IMS på denne måten, både med dugnadsinnsats og ved å ta lodd. Brutto kom det inn om lag kr 110.000,- til IMS denne dagen.

Gevinstliste Kjør igjønå-basar 2021

1 Robotstøvsugar: Fam. Helge Mæland 2 Motorsag: Anne Elisabeth Trevland 3 Saueskinn: Fam. Gjøvåg 4 Opphald Helgatun: Fam. Kvilhaugsvik 5 4 dagsbillettar Mikkelparken: Fam. Olaug Fagerheim 6 Sakseide Gartneri, gåvekort: Ole Bernar Innvær 7 Kniv: Birgit Pedersen 8 Leir Brandøy: Kjell Trygve Kinn 9 Leir Brandøy: Kariann Slettemark 10 Haugespor, to billettar: Liv Norheim 11 Lerum produkt: Birgit og Olav K Hjelmeland 12 Lerum produkt: Fam. Silje Kathrine Alvsvåg 13 Oriflame-produkt: Filip og Albert Stokka 14 Trekopp med sitjeunderlag: Anlaug Røen Hauge 15 Fotball, str. 5: Ole Bernar Innvær 16 Fotball, str. 4: Olav Helleve 17 Mesterens Mester, spel: Tor Tveitane 18 Dreid skål: Anders Sætre 19 Hudpleieprodukt Amoraz: Hanne Kristin Thuestad 20 Laks, Eidesvik havfiske: Fam. Fredrik Gravdal 21 Laks, Eidesvik havfiske: Leif Magne Fylkesnes 22 Barnefiskestang: Solveig og Jostein Sønstabø 23 Fruktkorg: Erna og Gudmund Harkestad 24 Ladder Golf: Kirsten Stokken 25 Dreid tørkerullhaldar: Per Kristian Andresen 26 Dart-sett: Familien Manangi

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

5


Ny felles barne- og ungdomsarbeidar Frå 1. august starta Julie Haaberg i ei 50 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Øystese og Norheimsund. Julie er 25 år og kjem frå Åsane. Ho er lærarutdanna og avslutta i vår fjernstudie i kristendom. Ho er gift med Jakob, som tidlegare var ungdomssekretær i IMS. Saman har dei to barn; Silas på tre år og Caleb på snart eitt år. Viktig satsingsområde Eg har lenge hatt draum om å arbeida i misjonen, seier Julie. Sjølv om eg no er ferdigutdanna lærar, er det noko som trekker mot å få lov å dela Jesus til andre. Barn og unge er i ein ekstremt viktig alder i livet.

Julie Haaberg er ny felles barneog ungdomsarbeidar i Øystese og Norheimsund

Eg gler meg veldig til å få lov til å vera med å fortelja om Jesus.

Arbeidsoppgåver Hovudvekta av Julie sine oppgåver vil vera på Origo, ungdomsklubben. Det handlar om å bli kjent med ungdommane; sjå kva dei passar til og driva leiartrening, seier Julie. Ein del av planen er dessutan å starta bibelgrupper. Ungdomsarrangementet Link vil også vera eit av ansvarsområda til Julie. Målet er å samla ungdommane i bygda og Framnes. NØUK, ungdomskoret, vil Julie vera innom, og spesielt delaktig i korturen dei har på hausten. Så skal ho koordinera barnearbeidet i Øystese og Norheimsund. Julie har også starta Minitreff, for barn under skulealder.

Vart kristen og utfordra på oppgåver Eg har ikkje vore kristen heile livet, fortel Julie. I konfirmasjonsundervisninga høyrte eg om ein Gud som elskar oss slik me er. Ei venninne tok meg dessutan med til Raknestunet, og etterkvart, i løpet av konfirmasjonstida tok eg eit val for Jesus. Det skjedde ei forandring i livet mitt etter at eg vart ein kristen. Eg fekk andre verdiar og prioriterte annleis. Solveig Hosøy, som då var ungdomskonsulent i Nordhordland Indremisjon, har vore min mentor og store læremeister. Ho gav meg ulike oppgåver og utfordra meg også på å halda andaktar. Solveig fekk meg med til Lyngdal Bibelcamp. Ho har sett meg og kva eg har vore god på. Det har vore viktig for mi reise. Kva gler du deg spesielt til? Eg gler meg veldig til å få lov til å vera med å fortelja om Jesus, seier Julie. Så gler eg meg også til å bli kjent med dei unge. Er relasjonen god er det også lettare å nå inn med bodskapen. Vidar Sangolt har vore viktig etter at me flytta til Øystese. Han har inkludert oss, og utfordra på oppgåver. Eg håpar dette skal bli bra, og ynskjer at Gud må leia meg på vegen, avsluttar Julie.

God elevtilstrøyming til Framnes 14.-15. august var det oppstart på Framnes. Rekordmange elevar starta i år, der omlag 245 elevar bur på internat, og omlag 25 bur heime. Den som føl med på facebook, kan sjå at elevane har hatt ein innhaldsrik oppstart med kjekke turar for å bli kjent. Nokre har vore i nærområdet på overnattingstur, andre i Øygarden, på Helgatun og på Austevoll. Me gler oss over alle elevar som finn vegen til den fine skulen vår. Ta gjerne elevar og personale med i bøn! Friluftstur til Kvamskogen for klasse 1c

Ein skule for fellesskap, framtid og vekst

>>>

Klasse 3c på den sagnomsuste oppstartsturen til Møkster på Austevoll >>>

66 6

Meistring Omsorg Tryggleik

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021


Brandøyhelga 2021

Kjetil Ohm, Iselin Eidhammer Tveit, og Lill-Inger Velde (t.h.) heldt konsert laurdag kveld. Arne Tveit ved keyboard.

Det er like spanande i forkant av Brandøyhelga kvar gong, men så har det blitt (minst) like kjekt kvart år! Det er velsigna godt å få møta så mange gode Brandøyvener, flott å få merka støtta, og på den måten få ein god start på eit nytt semester. Det har etter kvart blitt tradisjon å ha Brandøyhelg over laurdag og søndag. IMS-styret har hatt møte på Brandøy på dagtid laurdag, blant anna ei samling saman med Brandøystyret. Det er veldig kjekt og nyttig å få ha eit felles møtepunkt med styra! Laurdag ettermiddag byrja sjølve Brandøyhelga med seminar. Bedehus-entusiast Svein Helge Bergfjord Torsteinsbø bidrog med engasjerande innføring i emnet «Samfunnet, kirken og Guds folk». Vidare var middagsbordet dekka med ein nydeleg middags- og dessertbuffé. Vi let oss stadig vekk imponera over kokken vår Daria, og set stor pris på å ha ho med på laget! Til sist denne kvelden fekk vi servert ein flott konsert! Gruppa er namnlaus, men som konferansier Jan-Ove Fagerheim poengterte: Dei kunne godt heitt Balsam. Det gjorde veldig godt å få lytta til eit nydeleg framført variert repertoar med Jesus i fokus. Dyktige songarar og musikarar frå Skjold-, Vats- og Vik-området bidrog med song og musikk, og formidla ærleg om livet med Jesus mellom songane.

Også i år overnatta fleire frå laurdag til søndag, og endå fleire kom på dagstur på søndagen. Vi var om lag 120 personar på søndagen. Dette er noko mindre enn det tradisjonelt har vore på Brandøydagen, men på mange måtar nokså passeleg med tanke på at det er eit litt uvanleg år i år også. På Brandøydagen hadde borna mange tapte leirar frå koronatida å ta igjen på speed-leiren! Johannes Olsen og Lise Marie Th. Litlabø leia borna gjennom alt som skjer på ein leir. Samtidig var dei litt eldre samla til storsamling i aktivitetshallen. Svein Bjarne Aase heldt tale over temaet «under ein open himmel», og minna oss om kor grenselaus stor Gud er. Hen er interessert i heile meg, også min svakhet. Mange av dei same som hadde konsert på laurdagen var med som forsongarar og musikarar på søndagsmøta også, samt endå fleire. Vi set stor pris på at mange av dei same frå Skjold-, Vats-, og Vik-området er med og bidreg musikalsk på Brandøyhelga år etter år, ein flott gjeng å få ha med! Helga vart avrunda med familiemøte, med andakt av Marit Andresen Røen. Ho viste fram ei nistepakke frå scenen, og minna oss på kor viktig det er å få i seg mat. Og den aller viktigaste maten, finn vi i Guds Ord. Vi håpar det kan bli ståande som det beste rådet vi kan ta med oss inn i eit nytt semester: At vi tar til oss det levande Ordet frå Bibelen, og gjerne samlast på barnelag, møte, leirar og der vi elles kan bli betre kjent med Jesus! Annbjørg og Andreas God avstand og god drøs ved borda laurdag.

Det vart servert nydeleg middags- og dessertbuffè laurdag.

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

7


LIK OSS

Lise Marie

Barne- og fam.arbeidar

Leirar framover Brandøy:

Helgatun:

Hausttreff

Juleverkstadleir

10. klasse+ 5.-7. november Pris: 1050,-

4-9 år med fylgje 26.-28. november Pris: 700,-/1200,-

Miniadventshelg Førjulshelg 2.-4. klasse 19.-21. november Pris: 800,-

5.-7. klasse 3.-5. desember Pris: 800,-

Ten-helg

Ungdomshelg

8.-10. klasse 26.-28. november Pris: 850,-

8. klasse+ 3.-5. desember Pris: 850,-

Adventshelg 5.-7. klasse 3.-5. desember Pris: 800,-

Meir info finn du på nettsida vår under fana ”Arrangement” og deretter “Leirar”. Her kan du melde deg på leir og lese meir om kva ein leir inneheld. www.indremisjonen.no post@indremisjonen.no tlf 53 41 07 04

Indremisjonssamskipnaden

www.indremisjonen.no 88

Familieleir på Brandøy Det var stas å vera saman på familieleir. For ein fin gjeng, unge og vaksne saman. 75 deltakarar og leiarar boltra seg saman onsdag – søndag 7.-11. juli. Dagane var fylte med mange aktivitetar, gode bibelsamlingar og samtalar, fantastisk mat og fint fellesskap. Takk alle saman! Så vart me veldig glade i leirsongen «Alt på hodet»: Kom, kom og hør om Jesus Han som vant for oss Han som vendte sorg til glede Den minste ble den største Alt ble nytt ved Ham Jesus snudde alt på hodet


Mitt bibelv ers! nes

Johan

Histori når Jesus en om metter 5 000. Mark 6, 30 Me likar den fordi -44 gutten de lte og Jesus vels igna.

Ungdomsarbe

idar

Barneleirane i sommar Det var supert å endeleg kome skikkeleg i gong med barneleirane på Brandøy og Helgatun. Me var ein god gjeng på alle leirane som fekk kost oss, leika og bada. Men best av alt; me fekk høyra om Jesus, og lære og kjenne, elske og tene han. Det var òg kjekt å ha med fleire nye unge leiarar, som fekk bidra med både møteleiing, andakt, leik og moro. Dei fekk òg lære litt om korleis dei kan følgje Jesus gjennom leiarsamlingar, samtalar og oppgåver. Me gler oss til leirsesongen i haust, og vonar at me treff mange av dykk igjen!

ommentar

Ung-leiar IMS

Eirik

Uk NG-leiars

Johannes

Amalie (1 1 år) og S ynniva ( 8 år) Taranger Litlabø

ENDELEG!

Endeleg kan m e Det kan vera lit begynna å samlast igjen. t laget med ein vanskeleg å få full fres i gong, men ka nskj gjennom ein tr eg star t kan ve e det ksa fram nye gode ting i laget dykkar. Mvh Johannes Olsen, UNG-le iar, IMS

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

9


Konfirmasjonsgudsteneste i ConTeenNew Laurdag 28. august stod ni flotte ungdommar klar til å konfirmerast i IMS. I år, som i fjor, så vart konfirmasjonen flytta frå april til august, men konfirmasjonen var sjølvsagt like fin. Sjølv med restriksjonar så var situasjonen litt betre i år og me hadde plass til fleire i salen. Så blei også gudstenesta streama på nett for dei som ikkje fekk koma inn på Leirvik bedehus. Om du var til stades så beklagar me at du måtte stå litt lenge i kø før du kom inn, men elles fekk me ei flott feiring. Det me får mest tilbakemeldingar på er at det er så kjekt at konfirmantane bidreg så mykje i gudstenesta, og det er nok dette me som leiarar også syns er noko av det flottaste.

Ikkje berre på gudstenesta, me er jo så heldige at me får sjå dei heile skuleåret. Der opplever me at noko skjer, Gud gjer ei endring – både hjå ungdommane og oss vaksne. Vårt største ynskje for konfirmantane er at dei skal få sjå Jesus og fylgja Han, på sitt eige vis og slik Gud kallar den enkelte. Ungdommane våre var på ei reise når dei blei med på ConTeenNew, no fortset dei på same reise - berre litt lenger på vegen. Vær gjerne med å be om at Gud må få fullføra den Konfirmantane våre. gjerning Han har starta i F.v. bak: Aron Alexander S. Hoem, Samuel Fyllingen og årets konfirmantar.

Kristoffer Hatlevik. F.v.midten: Lea Synneva Andersland, Jenny Helen Bjørnevik Vyzantios og Sofie Hystad. F.v. foran: Marius Ø. Valvatne, Eline Stokken og Amalie Gjøvåg

ConTeenNew på misjonstur til sørlandet Konfirmantene i IMS har alltid reist på misjonstur, og dei har alltid reist utanlands. Dette året blei utanlands-tur både vanskeleg og kostbart, då må ein tenkje nytt og kor er vel betre å reisa midt i sumarferien enn til det blide sørland?

Misjonsturen til ConTeenNew er ein 7-dagars tur der målet er å visa og erfara misjon. Sjølv om det var midt i fellesferien så fekk me sjå ein heil del, du ser nokre av dei i bileta her. Noko av det flottaste

Shalam driv eit fantastisk arbeid for menneske som har det vanskeleg i Kristiansand. Me fekk treffe nokre av dei og nokre av dei som arbeider for å gje dei nokre tilbod som gjer dagane litt lettare.

10 10

var nok at alle me møtte gav oss ei oppmoding om å bruka tid i Bibelen og å gjera godt mot vår neste. For ein fantastisk tur!

Shelter Kristiansand er eit bu- og integreringstilbod til både nordmenn og innvandrarar. Her fekk me høyre frå, og møtt, nokre som har fått hjelp av Shelter.

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

På Q42 i Kristian Servicekontakten mat i deira matu


Plussord Ny andaktsbok av Egil Svartdahl i salg på SunnBok og på nettbutikken www.sunnbok.no

Kjekt å vera leirleiar

Hver morgen gjennom hele året kan du lese korte, inspirerende andakter som bare tar ett minutt. Forfatterens mål er å gi hele Norge det vi mener er verdens beste start på dagen – en liten tanke rundt et Bibelord, en kort bønn og velsignelsen. I tillegg til andakter som tidligere har blitt formidlet via sosiale kanaler som Instagram og Facebook, har Egil skrevet nye andakter for hver uke til denne boken. Ta deg tid, morgen eller kveld, og nyt de livsnære og Jesusforankrede ordene i Plussord.

Me gler oss over å ha eit normalt leirliv igjen. Mange frivillige leiarar, unge og vaksne, hjelper til for at dette skal gå. I sommar var fire ungdommar med som leiarar på Familieleiren på Brandøy. Det var Emma Selle og Martine Meling frå Bremnes, og Markus Håheim og Gudmund Andresen frå Voss. Markus og Gudmund har vore leirleiarar på Helgatun tidlegare, men det var første gong dei var på Brandøy. Emma har vore på leir på Brandøy før, men for både henne og Martine var dette første gong som leirleiarar. Lærer å ha meir fokus på andre Korleis opplevde de dette? Under leiren lærte me meir om Det var kjekt, seier både Martine korleis me skal handtera barn, og Emma omtrent i kor. Ja, eg seier Emma. Ja, og så tenkte me synest det var veldig kjekt å vera på korleis alle kan ha det bra sammed, seier Gudmund på ekte «vostidig, seier Gudmund. Kanskje dei samaul». Det var kjekt å møta folk mindre barna er ueinige, og då må og vera på ny plass. Det var ein me læra korleis me skal handtera veldig gøy leir. Markus synest også ulike situasjonar. Me lærer sjølv det var kjekt med ein litt lengre når me lærer opp andre. Me tar leir. med nye erfaringar til neste gong. Barna var ikkje så sjenerte. Det Det er viktig å sjå korleis andre har gjorde at me kom nær barna med det og prioritera dei, seier Markus. ein gong, seier Emma. Og kveldane Me får mindre fokus på oss sjølve, i gymsalen der alle var med var og meir på andre ved å vera leiarar. kjekke, synest alle fire. Også dagtid Ein plass der me kan dela tru var det mange aktivitetar. Så var Som leirleiarar får me også høyra det greit å ha litt fritid som leiar meir om Gud og Jesus, Bibelen og også, der blant anna dei som leirsånt, seier Gudmund. Det hjelper leiarar fekk tid til å bli kjent med å vera ein plass der det er andre kvarandre. som deler tru, og har same alder, På spørsmål om det var noko som poengterer Markus. Mm, seier var utfordrande, vert det ein liten Martine. tenkepause. Å lesa for heile gjengen var litt utfordrande, seier så Blir gjerne med igjen Markus, men det gjekk veldig fint. Alle fire blir gjerne med som Ja, einig i den, seier Emma. leiarar igjen. Markus og Gudmund håpar dei kan vera leirleiarar både Kva oppgåver hadde de? på Helgatun og Brandøy. Så har Me hadde leik med barna kvar også dei fire fått god kontakt med kveld, seier Emma. Det skjedde kvarandre. Kanskje reiser me på mykje, skyt Markus inn. Me fulgte ungdomsleir saman, eller kanskje med på at alle barna hadde det Pit stop, seier dei. bra, og var saman med dei. Så var det også bibelsamlingar for oss ungdommar kvar føremiddag, der me var med som deltakarar.

nsand driv Filadelfia noko dei kallar n. Me fekk vera med å pakka og levera ut utdeling, noko dei gjer kvar veke.

Martine Meling (t.v.), Emma Selle, Gudmund Andresen og Markus Haaheim samtalar med dagleg leiar i IMS om korleis det var å vera leirleiar på familieleir i sommar.

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

11 11


HOVEDTALERE Andreas Evensen Karl Johan Kjøde Gunnar Ferstad Aud Karin K Ringvoll Christian Lilleheim

- Bønn - Lovsang - Huskirker - Barneledere - Forkynnelse - Ungdomsledere - Forsamlingsbygging - Flerkulturelt arbeid - Kirke i en digital tid - Familie/generasjoner - Mentor/medvandring - Mennesker som kommer til tro

NETTVERK

INFO OG PÅMELDING Leder-konferanse.no 12


e i r o t s i h s u r t i M

«Gud har lært meg at Han har lagt ferdig gode gjerningar og at eg kan stola på at Han har ein plan for meg». Fitjarbuen viser veg inn på garasjeloftet og midt mellom lydmiksar, forsterkarar og instrument står kaffikoppen klar. Her har Anders Sætre fått sitt eige rom på eigedommen der vi blir invitert inn i livet hans ei kort stund. Ein trygg start Anders er oppvaksen på Fitjar. I ein kristen heim, med trygge og tydelege foreldre, fekk han starta som ein liten pjokk på Fitjar bedehus. «Eg var mykje på bedehuset som liten, men eg hugsar spesielt godt guteklubben eg gjekk på», seier Anders mens smilet breier seg i andletet. Kva han laga huskar han ikkje, men to ting peikar seg spesielt ut. «Eg hugsar ikkje mykje frå andaktane, men eg sit igjen med eit godt minne av vaksne som såg meg og som skapte ein tryggleik rundt seg. Så er eg glad i smågodt så utloddingane hugsar eg også spesielt godt». Mens me ler litt av det siste strekkjer handa seg ned i godteskåla på bordet. Frå Fitjar og ut i verda Når tida kom til vidaregåande utdanning vart kursen lagt mot Framnes og idrett, men berre to veker før skulestart så øydelegg Anders foten. «Det er klart at å gå på idrettslinje med ein fot ein ikkje kan bruka var ikkje heilt etter planen. Etter eit semester bestemde eg meg for å bruka våren til å berre arbeide til neste skuleår». PPT ville ha det annleis og på våren gjekk vegen til Leirvik og musikklinja. Det blei eit travelt semester der han tok heile første året på musikk på eit halvår. Etter eit noko turbulent år starta Anders på nytt på Tryggheim og tok tre år med allmenn der. På Tryggheim begynte ei opprørsperiode og ein dragning mot forskjellige miljø som ikkje alle var like positive. «Eg hugsar ein gong eg gjekk inn på ein bar og kjente på ei dårleg stemning. Då spurde eg Gud, og meg sjølv: Kva er det eg driv med?». Utan å ha vane for det ringer Anders bror sin og opplever eit synleg bilde på Guds nåde. Broren dømde ikkje, men tok imot han med opne armar og berre tok seg av han.

- Eg har alltid opplevd at Gud har leia meg på ein måte som gjer at eg ikkje føler meg fordømt. Det er ofte dei gongene eg har vore langt nede, og ikkje hatt noko å stilla opp med sjølv, at Gud har leia meg inn i store ting.

mange bekreftelsar frå Gud om at Han er ekte og til å stola på. Noko av det som rører mest ved meg er når ei venninne som Anders, og fleire andre, har bedd for, ber ei frelsesbøn leia av Anders. Etter at sosionomstudiene i Stavanger er fullført flyttar Anders til Fitjar igjen. Der byggjer han seg hus, og der bur han no saman med dei tre borna sine og kona, Karen Marie, som han fekk be frelsesbøn med. Opp- og nedturar Anders har hatt sin del med oppog nedturar på sine 34 år på jorda. Det siste året har Anders slitt med sjukdom og opplevd å bli satt heilt ut av spel. No er han i jobb igjen, men den varar berre til jul. «Spesielt det siste året har eg opplevd ein Gud som tek imot meg med all mitt sinne og frustrasjon. Eg skulle gjerne sett at Gud synte meg litt tidlegare kva Han hadde i tankane for meg, men eg veit at Han har kontroll».

Trusstyrkande og dyrebare erfaringar Anders har alltid hatt ein tillit til Gud, sjølv når ting har vore vanskeleg. På sitt første av to år på Bildøy Bibelskule spelar Anders volleyball og foten sviktar igjen. På krykker blir Anders motvillig med til Salem i Bergen der nokre av venene skal på møte. Det Anders ikkje veit er at på bønemøte i forkant har Gud allereie gitt beskjed om at Anders kjem med øydelagt fot. «Det kom ein bort til meg og spurde om han kunne be for meg. Eg syns det både var litt sært og litt spanande så eg sa: Ja, du får vel berre be då». Der tok Gud smertene vekk og foten vart god. Anders har fått

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

Det er heilt tydeleg at livet som ligg bak har forma den Anders eg møter på garasjeloftet. Her finns den same tryggleiken og varmen som eg ser for meg at Anders møtte på guteklubben. Anders er ikkje berre flink til å være god mot andre, han er skapt til det. Sjølv ville han gjerne ha gåve som forkynnar, men kanskje av feil grunnar. Han skulle ikkje stå på talarstolen, Gud ville det annleis. Anders har ei evne til å møte menneske der dei er i livet, i ekte og ærlege relasjonar. På tomannshand kjem alltid samtalen innom tru. «Me er skapt forskjellig til å utfylle kvarandre med dei nådegåvene me har fått. Inga gåve er større, eller mindre, enn andre. Me må våga å vera ekte og leva ut den nådegåva Gud har gitt oss».

13 13


Helsing frå Ein fin sommar er på hell, og hausten står for døra. 22.-24. juni hadde me Minileir og Tweensweekend. Det var kjempekjekt å få ha leir igjen, og deltakarar og leiarar storkoste seg. Når det gjeld sommarturistar er det langt igjen til normalen, men nokre veker i juli var svært bra, med nesten fulle hus. Me har og hatt kafeen open i 3 veker, noko som overnattingsgjestene våre set stor pris på. Siste helga i juli, hadde Ethnos 360 bibelhelg med fullt hus. Flotte samlingar for heile familien. Ellers har me hatt 2 klassar frå Framnes, Sunnhordalandstreff med Solveig Norheim, Svein Bjarne Aase, Klaus Muff, Bjarne og Jette Marie Steinsund som leiarar. Eit populært og flott arrangement dette året og. Same dag som Sunnhordalandstreffet reiste heim, fekk me besøk av eit skulekorps frå Bergen. Kjekt med nye bekjentskap som vil nytta Helgatun til samlingar. Dei var godt fornøgde med øvingshelga,og ville gjerne koma igjen. 2.-5. september hadde NMS si årlege samling med fullt hus.

I tillegg til desse arrangementa har me arbeidarar i samband med utbygginga i Helgatunlia. 1. byggetrinn stod ferdig 1. juni, og Helgatun har allereie fått nytta nokre av leilighetane til overnatting for våre gjester. Tida framover ser lys ut for Helgatun. Det er stor interesse for å nytta leirstaden/pensjonatet vårt av ulike lag og organisasjonar. Eigne arrangement framover er Pusterom, Damehelg, Jaktleir og Helgatundag /helg. 23.-27. desember er det juleopphald. Me vil oppmoda dei som er interessert i å koma på juleopphaldet til å ta kontakt med oss, slik at me får oversikt så tidleg som mogleg. Helgatundagen har me tenkt å utvida til Helgatunhelg 6.-7. november med basar på laurdagen og overnatting for dei som ynskjer, og ei møtesamling sundag føremiddag. Marit Andresen Røen har lova å vera med. Til slutt vil me gje uttrykk for takksemd over utvidinga av leiarteamet med Ingebjørg og John Morten Espevik. Me ser fram til å få litt meir fritid, og å kunne dele på ansvaret for drifta. Takk til alle som hugsar på oss. Helsing Jorunn og Aksel Ingvard på Helgatun

Vil du gi ei g til Helga åve tun? Vipps-nu mmer: 5 15497 Kontonr. : 8220.0 2.80497 14 14

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021


Reiseruta oktober og november 1. nov.

Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes, Øystese 1. okt.

Lise Marie Th. Litlabø, Laurhammer Between 1.-3. okt.

Kåre Johan Hamre, Tørvikbygd Aksel Ingvard Johannessen, Jondal 3. okt. Ola Malvin Lomheim, Os Arne Lindekleiv, Laurhammer Lise Marie Th. Litlabø, Halsnøy Eirik Stensland, Håvik Ingebrigt S. Sørfonn, Horneland Reidar Brevik, Gilje 4. okt.

NOVEMBER - Veke 44

OKTOBER - Veke 39

29. sept. - 3. okt.

Lise Marie Th. Litlabø, Tørvikbygd Yngres

3. nov.

Lise Marie Th. Litlabø, Småbarnstreff Rosendal Klaus Muff, Sveio Eirik Stensland, ConTeenNew 4. nov.

Kåre Johan Hamre, Granvin 5.-7. nov.

Eirik Stensland, Hausttreff Brandøy Tilsette, ImF leiarkonferanse 6.-7. nov.

Marit A. Røen, Helgatunhelg

Eirik Stensland, ConTeenNew

8. nov.

6.-10. okt.

9. nov.

7. okt.

Kåre Johan Hamre, Granvin Marit A. Røen, Bømlo kv.for. Marit H. Ådnanes, Huglo 8. okt.

Marit A. Røen, Bømlo kv.for. Eirik Stensland, UKS Leirvik 9. okt.

Marit A. Røen, Basar Bømlo kv.for.

NOVEMBER - Veke 45

Kåre Johan Hamre, Granvin

Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes, Fitjar

13.-15. okt.

Kåre Johan Hamre, Omvikedalen 14.-17. okt.

Johannes Olsen, PitStop Leirvik Eirik Stensland, PitStop Leirvik

Marit H. Ådnanes, Ressursgruppetreff I Sunnhordland 10. nov.

Kåre Johan Hamre, Neset Marit A. Røen, Øvrebygda 11. nov.

Marit A. Røen, Huglo Kåre Johan Hamre, Stranda 12.-14. nov.

Kåre Johan Hamre, Laurhammer Eirik Stensland, Mannsweekend Brandøy 13. nov.

Silje K. Fyllingen, Osterneset -sal bøker 14. nov.

Svein Bjarne Aase, Halsnøy Håkon C. Hartvedt, Sagvåg Marit A. Røen, Øvrebygda 15. nov.

Kåre Johan Hamre, Granvin

Lise Marie Th. Litlabø, Basar Skånevik 16.-17. okt.

Kåre Johan Hamre, Varaldsøy 17. okt.

Marit H. Ådnanes, Laurhammer Ola Malvin Lomheim, Horneland Reidar Brevik, Øvrebygda Marit H. Ådnanes, Gilje 18. okt.

Lise Marie Th. Litlabø, Halsnøy Ving 19. okt.

Lise Marie Th. Litlabø, Auklandshamn Yngres

NOVEMBER - Veke 46

16. okt.

17.-19. nov.

Kåre Johan Hamre, Omvikedalen 19. nov.

Kåre Johan Hamre, Fosse 19.-21. nov.

Johannes Olsen, Miniadventshelg Brandøy Torgeir Skrunes, ImF Stord 20. nov.

Marit H. Ådnanes, Førjulsmesse Tysnes Lise Marie Th. Litlabø, Bedehusdag Håvik Kåre Johan Hamre, Lothe- og Alvsaker 20.-21. nov.

Eirik Stensland, ConTeenNew - misjonsløpstur 21. nov.

20.-22. okt.

Lise Marie Th. Litlabø, Halsnøy Eirik Stensland, Kyrkjetunet Ølen Marit H. Ådnanes, Skånevik

21. okt.

23. nov.

20. okt.

Marit A. Røen, Neset Kåre Johan Hamre, Osterneset IM, markering 100 år Johannes O./Marit HÅ, ImF-prosess Roald Evensen, Uskedalen 22. okt.

Lise Marie Th. Litlabø, Leirvik Fredagsklubb 22.-23. okt.

Marit H. Ådnanes, IMS styremøte 23. okt.

Marit A. Røen, Lothe- og Alvsaker 24. okt.

Reidar Brevik, Håvik Marit A. Røen, Meling Ingebrigt S. Sørfonn, Sagvåg Kåre Johan Hamre, Samnanger Eirik Stensland, Husnes

NOVEMBER - Veke 47

Marit H. Ådnanes, Ressursgruppetreff II Sunnhordland

21.-24. okt.

25. okt.

Kåre Johan Hamre, Granvin Marit H. Ådnanes, Styremøte, Tysnes støtteforening 26. okt.

Lise Marie Th. Litlabø, Valen TiTo/Hobbyklubb Marit H. Ådnanes, Basar Fitjar 28. okt.

Lise Marie Th. Litlabø, Sagvåg TorsdagsOpe 28.-31. okt.

Kåre Johan Hamre, Odda 31. okt.

Johannes Olsen, Bømlo Håkon C. Hartvedt, Horneland

NOV - Veke 48

OKTOBER - Veke 40

6. okt.

Johannes Olsen, Moster Marit A. Røen, Gilje

OKTOBER - Veke 41

Lise Marie Th. Litlabø, Bømlo MiniMax

Johannes O/Marit HÅ, ImF-prosess

Lise Marie Th. Litlabø, Bømlo MiniMax

10. okt.

OKTOBER - Veke 42

2. nov.

7.-8. nov.

5. okt.

OKTOBER - Veke 43

Kåre Johan Hamre, Granvin Lise Marie Th. Litlabø, Norheimsund Jr. Ving Marit A. Røen, Tørvikbygd

24. nov.

Marit A. Røen, Tørvikbygd Kåre Johan Hamre, Halsnøy 25.-28. nov.

Kåre Johan Hamre, Guddalsdalen 26.-28 nov.

Johannes Olsen, Juleverkstadleir Helgatun Marit A. Røen, Juleverkstadleir Helgatun Eirik Stensland, Ten-helg Brandøy 27. nov.

Lise Marie Th. Litlabø, Julemesse Svortland 28. nov.

Svein Bjarne Aase, ImF Stord Lise Marie Th. Litlabø, Hiskjo Ingebrigt. S. Sørfonn, Laurhammer Arne Lindekleiv, Horneland Lise Marie Th. Litlabø, Gilje og Hiskjo 29. nov.

Lise Marie Th. Litlabø, Halsnøy Ving 30. nov.

Marit H. Ådnanes, IMS-styremøte

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

15 15 15


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B

Returadr på en linje

STO PIT p

Le

P

r mer

ok fo

facebo

info

faceb

oo

/Pit k.com

Stop

ik Leirv

Søk op

op Pit St

på irvik

Portomerke Sjå side 12 settes inn i 1:1 str

FRI

HOVEDTALERE

Andreas Evensen Karl Johan Kjøde Gunnar Ferstad Aud Karin K Ringvoll Christian Lilleheim

BER S OKTO HU . 7 E 1 D 4 E 1 KB I V R I LE

D A M E H E L G 1 1 . 1 3 .

B R A N D Ø Y 2

F E B R U A R

0 2 2

- Bønn - Lovsang - Huskirker - Barneledere - Forkynnelse - Ungdomsledere - Forsamlingsbygging - Flerkulturelt arbeid - Kirke i en digital tid - Familie/generasjoner - Mentor/medvandring - Mennesker som kommer til tro

NETTVERK

Helgatunhelg

2021 6.-7. november med -

- Marit Andresen Røen blir r kl. 12.00 og middag kl. 19.00 Laurdag: Basa INFO OG PÅMELDING Leder-konferans e.no Søndag: Møte kl. 11.00

ning

st og handarbeid - Åresal og hovudtrek Mat – Overnatting - Sal av heimebak atun, så skal vi prøva hjelpa til med Ta kontakt om du treng skyss til Helg

Annonser, bilder, red. stoff o.l.

T E M A : K V I L E P U L S V E L K O M M E N

A PÅ TYSNES

FØRJULSMESS

NOVEMBER LAURDAG 20. Ådnanes Marit Hårklau kne med takk! tar vert motte Varer og gevins

tt med Har du få ? deg dettmeplanlagt. so r le leirane side 9 elle No går al astisk! Sjå oversikt nt fa er r Det fo no n. jone indremis i haust over leirar

JULEMESSER ONEN FOR INDREMISJ JULEMESSA PÅ

BREMNES

NOVEMBER LAURDAG 27. fo. der for meir in er og på nettsi Følg med i avis

16 16

LIK OSS

Indremisjonsvenen - Nr. 03 - 2021

det