Page 1

PORTRETT / Sigrun Thormodsæter 10 KVINNHERINGEN FREDAG 10. OKTOBER 2014

Eit liv i teneste for Gud og misjonen PÅ JOBB: Sigrun Thormodsæter har vore husmor ved Brandøy Ungdomsheim i 44 år. Her utanfor arbeidsplassen i august i år under Active-ten leiren, ein ungdomsleir der også fleire frå Kvinnherad var deltakarar. (Foto: Brandøy Ungdomsheim/Indremisjonen).

SNART HEIM ETTER 44 ÅR: Til nyttår tek Sigrun Thormodsæter med seg flyttelasset frå Bjoa til den idylliske barndomsheimen hennar på Landa på Halsnøy. Då takkar ho nemleg for seg på Brandøy Ungdomsheim etter 44 år som husmor/styrar der.

Ho har erfart at mange folk der ute har stor omsut for staden. – Eg er veldig glad i Brandøy. Det er ein heilt eigen fred over staden, ein kan liksom kjenna at den er i hjartet til mange. Hennar eiga rolle i arbeidet på leiren prøver ho å tona ned som best ho kan. – Eg tenkjer ofte på salmen i songboka som blir innleia med «Gjør det lille du kan, der hvor Gud har deg satt. Stå ei ledig, mens dagene flyr!». Eg har prøvd å bidra med det vetle eg kan gjera, som i mitt tilfelle er praktisk arbeid.

Lina Sandell-salmen «Gjør det lille du kan» har blitt ein livsvisdom for Sigrun Thormodsæter. Skjønt, det er ikkje lite det halsnøykvinna har gjort for Brandøy leir.

Komande jul fyller Sigrun Thormodsæter frå Landa på Halsnøy 67 år. Då skal ho pensjonera seg, etter ein lang karriere som husmor/styrar på Brandøy Ungdomsheim på Bjoa. I heile 44 år har ho jobba på leiren tilhøyrande indremisjonen. – Brandøy er ein fantastisk stad. Indremisjonen fekk den i gåve av ei kvinne som hadde stor omsut for arbeidet den gjer. Indremisjonen hadde opphavleg planar om å spørja kvinna om å få kjøpa eit lite jordstykke av henne, men ho valde å gje bort heile stykket på til saman 170 mål, fortel Sigrun. Ho legg til at soga seier at om indremisjonen var lukkeleg for gåva, var gjevaren endå lukkelegare. I LAG MED EI VENNINNE Brandøy Ungdomsheim stod klar til opning i 1966. Fire år seinare tilsette den ei som skulle bli trufast verande dei neste 44 åra. – I 1970 hadde eg nettopp fullført bibelskulen. Eg var usikker på kva retning eg skulle ta vidare. Foreldra mine tok då ein telefon til no avdøde Bjarne Eide, for å spørja om han visste om ein jobb. Og han hadde faktisk trong for nokre jenter til å jobba på Brandøy, fortel Sigrun. Saman med ei venninne sette ho seg på bussen til Bjoa, utan å ana kor lenge ho

skulle koma til å bli. Sigrun fekk seg jobb som husmor på leiren, med ansvar for måltida, vasking, rydding, rekningsbetaling og elles alt som høyrer med til eit storhushald. – Etter fire og eit halvt år takka venninna mi for seg. Men eg likte meg så godt at eg valde å bli. Leiren består mellom anna av eit hovudhus med heile 85 soveplassar. I tillegg er der tre hytter, ein gymsal på 230 kvadratmeter og store uteområde. Utanom Sigrun er det ein til tilsett på Brandøy leir, ei kokke. – Brandøy er først og fremst ein leirplass for indremisjonen, så det bur mykje barn og unge her i løpet av året. I tillegg arrangerer vi konfirmasjonar, bryllaup og andre ting. Einskilde helger er booka fleire år i førevegen, fortel Sigrun. – EIN EIGEN FRED Sjølv bur ho i eit bustadhus på leirområdet, og meiner ho knapt kunne hatt ein meir meiningsfylt jobb. – Eg har trivst kjempegodt i alle desse åra, og treft mange kjekke folk. Særleg kjekt er det med barna som kjem på leir når dei er små, og så kjem dei igjen som vaksne med eigne barn. Ein ser frukta av kor viktig Brandøy er, når folk seier dei er kristne i dag på grunn av at dei var på leir på Brandøy som barn, smiler husmora.

HEIM TIL HALSNØY Bidraget har likevel ikkje vore mindre enn at Sigrun Thormodsæter i 2010 blei tildelt Kongen sin fortenestemedalje i sølv. Det nemner ho ikkje for Kvinnheringen, men eit søk på internett avslører henne likevel. – Virket mitt på Brandøy har vore meir enn ein jobb. Det har vore eit livsprosjekt, forklarer ho. Men snart er det altså klart for å leggja bort dette livsprosjektet, og ta fatt på eit nytt.Til nyttår tar Sigrun med seg flyttelasset frå Brandøy til barndomsheimen på Halsnøy, der ho ser fram til eit vonleg fredfullt pensjonisttilvære. Ho har ikkje eigen familie, men mor hennar bur på aldersheim og er ofte heime på besøk når Sigrun er på Halsnøy. I tillegg har Brandøy-husmora to brør med familiar som ho set pris på å få besøk av. – Eg kjenner meg veldig privilegert som har fått vera på Brandøy i alle desse åra, men eg er innstilt på at det er slutt no. Det blir nok litt rart ikkje å skulle stå opp til jobb om dagane, men eg har høyrt at pensjonistar ofte er svært travle folk likevel, så eg trur nok ikkje eg skal gå ledig, sluttar ho. Elisabeth Berg Hass elisabeth@kvinnheringen.no


vekeslutt . . .

KVINNHERINGEN FREDAG 10. OKTOBER 2014 11

Intervju med Sigrun på Brandøy. (Kvinnheringen)  

Fredag 10. oktober hadde Kvinnheringen dette flotte intervjuet med Sigrun Thormodsæter.

Intervju med Sigrun på Brandøy. (Kvinnheringen)  

Fredag 10. oktober hadde Kvinnheringen dette flotte intervjuet med Sigrun Thormodsæter.

Advertisement