Page 31

22

svein kvitingen

svein kvitingen

foto: ukjent

Køyr 29 km til Sota frå Rv.15 ved Dønfoss. Bomveg frå Bråtå til Sota. Svein Kvitingen (1856–1939) var ein namngjeten fjellkar frå Skjåk. Han utmerka seg som jeger, børsemakar og kjentmann. Svein Kvitingen vaks opp på garden Kvitingen i Nordberg. Han las alt han kom over. Særleg interessert var han i optikk og våpen. Kvitingen hadde god teknisk innsikt og konstruerte kikkertar, gevær og var ein dyktig urmakar. Statsminister Johan Ludwig Mowinckel jakta rein i Skjåk saman med Svein Kvitingen fyrst på 1900-talet. Den erfaringa han fekk gjennom jakta her, gjorde at Mowinckel fekk gjennomført forbod mot bruk av finkalibra gevær under reinsjakta 1901–1906. Det hindra flokkskyting og desimering av villreinen. Svein Kvitingen deltok som kjentmann for høgfjellskommisjonen og grenseoppgang av statens høgfjell. Kvitingen var også turistførar og patentførar for DNT. Han førde i mange år på ruta Sota–Nørstedalsseter i Breheimen. Svein Kvitingen bygde fleire hytter og buer i fjellet. Mest kjent er Sveinbu ved Lortjønn i Reinheimen. Han etablerte Sota turisthytte og dreiv denne i mange år. Han budde på Sota dei siste åra av sitt liv. GPS kulturminne 32 V 431983 6853602 Avstand frå Bismo 39 km Tidsbruk med bil 1 time 29

På Kulturminnetur i Skjåk  

Omtaler 39 kulturminneturer i Skjåk.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you