Fylkesmagasinet 7 upt 2014

Page 62

Våt Moro. Foto Cecilie Eikås Nygård.

<<

62

trur vil overraske publikum positivt: The Bots, Vintage Trouble og Hedvig Mollestad Trio. Eg trur Ylvis og Karpe Diem blir dei breie «publikumsvinnarane». – Tre gode grunnar til å vitje festivalen? – Ein line-up det luktar svidd av, og ei festivaloppleving utanom det vanlege: 4500 på campen og 20.000 innom. Og ein trygg og god festival, med lite køar, gode fasilitetar, hyggelege frivillige og eit festivalpublikum i modus for å ha det supert ei heil festivalhelg – Kor mykje publikum ventar de? – Det ser ut til at vi blir utselt, altså over 20.000 selte billettar. Billettsalet ligg føre tala frå i fjor. Vi har ikkje auka kapasiteten, men satsar på å jobbe med kvaliteten og opplevinga av festivalen. – Korleis er det å arrangere ein så stor festival på Eid? – Inspirerande, men og mykje arbeid og ansvar. Vi ynskjer at alle som kjem hit skal ha det bra. Arbeidet med tryggleiken er viktigare no enn for nokre år sidan. Mykje folk på ein liten plass fører til ein del utfordringar, men det løyser vi, smiler Naustdal. – Krava til oss aukar for kvart år. Publikum har hatt flotte opplevingar på Malakoff før og forventar det same i 2014. Og det skal dei få. Ein må alltid bli betre. Det vi ikkje var nøgde med i 2013 forventar vi og publikum skal vere fiksa året etter. Vi er sjølv vår strengaste dommar, vert aldri heilt nøgd og ynskjer alltid å lage ein betre festival enn året før. Folk kan stole på kva Malakoff skal handle om: Musikk! Mange kjem for totalopplevinga og det sosiale, men musikken skal alltid stå i fokus. Årets artistliste viser at vi tek rocken på alvor, og at Malakoff skal vere ein tydeleg rockefestival også i framtida, avsluttar han.

Utkant 2014 – Utvida med ein dag ekstra Utkant viser at alt kan skje, når ein har eldsjeler på laget. Sidan Utkant vart fødd i 2007 har den vokse både i omfang og popularitet. 23.-26. juli lagar dei sin største festival til no. – Og i år er festivalen utvida med ein dag. Vi byrjar alt på onsdagen, og byr på det største programmet i Utkant si historie, seier Linn Dyveke Wilberg, styremedlem i Utkant, og trekk fram dei største trekkplastera og nokre anbefalingar. – Vi byrjar med Kari Bremnes på onsdag. Torsdag står CC Cowboys på utescena, og fredag er Sivert Høyem det store trekkplasteret. Laurdag toppar Lars Vaular og Ida Marie plakaten. Av andre artistar vi er nøgde med å ha fått nemner eg Erlend Ropstad, Jonas Alaska, Aurora Aksnes, Violet Road og Stein Torleif Bjella. – Kva gler du deg mest til? – Erlend Ropstad, som har gitt ut to knallsterke album dei siste åra, som eg har høyrt mykje på. Dei svenske jentene i Tiger Bell trur eg blir ei heftig og intens konsertoppleving. Eg ser veldig fram til avsluttingskonserten laurdag, med Ida Marie, med fullt atrium og glade festivaldeltakarar. – Tre gode grunnar til å vitje Utkant 2014?

– I ei helg på Utkant er ein fråkopla resten av verda. Nyt musikk, stemning og atmosfære og gløym alt anna. Vi har eit knallsterkt program med musikk frå alle sjangrar, både store headlinerne og dei nye artistane du kjem til å høre masse til dei neste åra. Og ikkje minst: Ei scene ut mot havet, sola i horisonten og kongen bak deg, kan du bli heime, spør ho og fortel at dei ventar å bli utseld i år også. – Alt ligg til rette for at vi går mot nok eit fantastisk Utkant-år! – Kor mykje galskap er det å arrangere ein slik festival på Skjerjehamn? – Det er jo absurd å arrangere festival på ein bitte liten holme i Ytre Gulen. Det krev vanvittig planlegging for å få folk inn og ut, men etter å ha arrangert festivalen i mange år har vi fått rutinar på korleis vi løyser dette, skaffar frivillige og ser til trygg og god avvikling. Utkant har blitt så stort at styret jobbar med planlegging året rundt. Og vi er så heldige at vi har ein super gjeng frivillige, som stiller opp år etter år og hjelper oss med å gjere Utkant til årets happening.

Full Fres! Kvar sommar sidan 2005 har garden Skau i den vesle bygda Fresvik i Vik kommune vore vertskap for Fres Festivalen. 24. -27. juli mangedoblar den folketalet i den vesle bygda. – Vi ventar på nokre godbitar til, men er stolte av programmet til no, med rockeacts som Thulsa Doom og Rumble In Rhodos, samt elektronika-


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.