Page 1

NR. 4 MARS 2013

FM

Mest lest i fylket

fylkesmagasinet.no

– Å vere psykisk sjuk kan opplevast surrealistisk, men vi må våge å snakke høgt om det. Martin Fjellanger Side 6-13

Fossen Bryggeripub side 24-27

Huset ved fjorden side 28-29

Ein fjording i Hollywood side side 42-45


MED VÅR I SIKTE

NORLI FØRDE N TING T

REMA 1000 R

Gyngehesten | Leikebutikken Yes | Norli Førde | Bunnpris | Rema 1000 | Førde Multimedia Torg | Telekiosken | Gullsmed & Urmakar H. Brændmo & J. Pettersen Nille | Audhild Viken | Jernia Førde | Mozart | Kid | Sybutikken | Ting | Olefine - Naustdal Dampbakeri | Spisekroken | Bik Bok | Carlings | Non Stop Sko | Cubus Dressmann | Sport1 Førde | Yrkesklær AS - Jobb og Fritid | Lindex | Bokuben | Non Stop Sko | Smia Dame | Smia Herre | Skoringen | Centrum Salong | Vivikes Parfymelle | Link Bingo | Førde Glassmagasin | Erdal Sport | Våpenloftet

Opningstider:10–20 (10-16) Matvarebutikkane har eigne opningstider Følg oss på

ORRTT GÅÅVEKO

2

Vårt elektroniske gåvekort kan nyttast i våre butikkar!

Reklamebyrået Inform Media

NILLE


I denne utgåva kan du lese om:

FM FYLKESMAGASINET

Reportasje: Psykisk helse | Frydenbø: Betre lokale skal styrke unik Volvo-status | Berre digg Trening med Ingeborg | Fossen Bryggeripub – god mat og ditto øl | Interiør med Bjørg Njøsen Ny sak | Ein betre kvardag for barna våre | Trygg ferdsel i vinterfjellet! | Ein fjording i Hollywood Rett på med Andrine | Har du målt radonnivået i huset ditt? | Dønn ærleg med Rasmus Mo | X-ord Juss | Prøvekøyrt: Audi A6 allroad quattro | E-prat med Anne Svanaug Straume FRAMSIDEFOTO: Joachim Vie

Fylkesmagasinet kjem ut til alle husstandane i Sogn og Fjordane Grunnlagt 2001

Kampen om skulane

Øyrane 3, boks 353, 6802 Førde

Tlf. 95 93 99 99

Det er ikkje så lenge sidan kampen om lokalsjukehusa rasa illsint rundt øyra våre, men no er det stille og fredleg på den fronten.

REDAKTØR

ROY SUNDE roy@fylkesmagasinet.no Tlf. dir. 95 93 99 90

– Vi er opptekne av å finne dei gode, positive tinga som skjer i vårt fantastiske fylke. Vi klarer ikkje å fange opp alt, så har du tips om saker som du meiner vi burde skrive om – ta kontakt med meg!

MARKNADSANSVARLEG

MAI-KRISTIN TIDEMANSEN mai.kristin@inform-media.no Tlf. dir. 95 93 99 97

Ønskjer du å nå alle husstandane i heile fylket med din bodskap – ta kontakt med meg!

Det betyr ikkje at det blir for stille her i fylket framover. Lokalisering av ei eventuell bru over Nordfjorden skapar knallhard debatt, men vegstriden i Nordfjord bleiknar nok når kampen om dei vidaregåande skulane toppar seg. Per i dag har vi 13 vidaregåande skular her i fylket. Kor mange vi står att med om ei stund er ikkje godt å seie. Det hardaste kuttalternativet fjernar sju skular. Alle regionar vert råka, og ingen har ein skule å gje. For kvar ein som forsvinn vil etterlate eit djupt sår i lokalmiljøet sitt. Ein vidaregåande skule forvaltar ein verdifulle ressurs: Ungdom! Alderen frå 16 til 19 år er ei kritisk tid, der mange tek vala som formar framtida si. Kva skal eg bli, og kvar skal eg bli det? Det er klart ein fordel for bygda, kommunen, tettstaden eller byen å ha ungdommane sine på heimebane lenger. Jo fleire positive år og erfaringar ein får på heimebane, jo større er sjansen for at ein eventuelt flyttar heim etter å ha teke utdanning eller sanka erfaringar ute i verden. Å misse tre årskull av ungdommar, både eigne og andre som kjem til skulen, svir sjølvsagt. Og det er ikkje berre snakk om å behalde ungdommane sine i bygda, med alle fordelane det bringer med seg. Ein vidaregåande skule er ein viktig kompetansearbeidsplass, arena for små og store hendingar i lokalmiljøet og rekrutteringsarena for lokalpolitikken. I tillegg til mykje anna. Å miste 50-100 arbeidsplassar svir for dei fleste.

Ansvarleg utgjevar og grafisk formgjeving Inform Media Trykk Schibsted Trykk Flesland AS Distribusjon Posten Opplag 42.500

Politikk handlar om val og prioriteringar. I dette tilfelle går talet på elevar ned, og det same gjer pengepotten til utdanning. Då er ikkje vegen lang til harde val. Og det er eit val ein ikkje treng misunne politikarane. Dette er ein strid ingen eigentleg vinn. Lat oss berre håpe at ikkje for mange taper for mykje.

Redaktør: Roy Sunde

April - Fylkeskappleik og Smørbukk-kappleik på Skei - Barnefestival i Florø - Kulturfestival for utviklingshemma i Førde - Kjeringi Open i Leikanger - Sesongopning Gulatinget - UKM med jubileums-presentasjon i Førde - Korseminar: Folketonar frå Sfj på Sandane

Meir informasjon og heile jubileumsprogrammet på www.sfj250.no og i jubileumavisa.

Ungdommar i Sogn og Fjordane: Ta sjansen! - Skriv du dikt og noveller? - Driv du med film/video? - Har du eller gruppa di ein demo? I Fylkesjubileet har du sjansen!

Sogn og Fjordane 250 år

3


VOLVO V60

FRYDENBØ EDITION KAMPANJETILBOD

• DIESELVARMAR M/TIDSUR • VOLVO ON CALL • Skinninteriør • Aktive Xenonlys • Bluetooth Handsfree • Ryggesensor • Regnsensor • Cruise control • Alarm • El.vindauge og fjernbetjent sentrallås • Radio/CD/USB/Bluetooth Streaming • DAB + • El. oppvarma baksete • 2 sona klimaanlegg • City Safety • Vinterhjul på alufelg

VOLVO V60 D2 KR

LEASING/PRIVATLEIGE VOLVO V60 FRYDENBØ EDITION

RETTL. PRIS KR 400.000,-

Forskot kr 39 900,–.

Tillegg for Automat kr 19.900,Tillegg for Summum kr 10.000,Tillegg for R-Design kr 23.000,-

3 år/45 000 km.

LEIGE KR

2 990 ,-

369 900, -*

PR. MND

Alle prisar inkl. mva.

VOLVO V60

LAST NED NORSK VOLVO APP

* Pris levert forhandlar i Sogn og Fjordane. Gj.sn. forbruk 4,5 – 10,3 l/100 km. CO2-utslipp 119 – 237 g/km. Alle Volvo sine dieselmodellar har partikkelfilter som standard. Atterhald om trykkfeil. Avbilda bil kan ha ekstrautstyr. Treff Volvo på facebook.com/volvocarsno og volvocars.no. For meir info skann QR-koden til venstre eller send SMS ”VOLVO” til 2330.

VOLVO V70

FRYDENBØ EDITION KAMPANJETILBOD

• DIESELVARMAR M/TIDSUR • VOLVO ON CALL • Skinninteriør • Aktive Xenonlys • Bluetooth Handsfree • Ryggesensor • Regnsensor • Cruise control • Alarm• El.vindauge og fjernbetjent sentrallås • Radio/CD/USB/Bluetooth Streaming • DAB + • El. oppvarma baksete • 2 sona klimaanlegg • City Safety • Vinterhjul på alufelg

VOLVO V70 D2 LEASING/PRIVATLEIGE VOLVO V70 FRYDENBØ EDITION Forskot kr 39 900,–.

3 597 ,-

Alle prisar inkl. mva.

399 900, -*

RETTL. PRIS KR 432.900,Tillegg for Automat kr 19.900,Tillegg for Summum kr 12.000,Tillegg for R-Design kr 22.000,-

3 år/45 000 km.

LEIGE KR

KR

PR.MND

VOLVO V70 LAST NED NORSK VOLVO APP

* Pris levert forhandlar i Sogn og Fjordane. Gj.sn. forbruk 4,5 – 10,3 l/100 km. CO2-utslepp 119 – 237 g/km. Alle Volvo sine dieselmodellar har partikkelfilter som standard. Atterhald om trykkfeil. Avbilda bil kan ha ekstrautstyr. Treff Volvo på facebook.com/volvocarsno og volvocars.no. For meir info skann QR-koden til venstre eller send SMS ”VOLVO” til 2330.

www.frydenbo.no


NYHEIT: NO LANSERER VI

volvo seleKt VOLVO SELEKT Volvo Selekt er nyare, handplukka bruktbilar og inkluderer følgjande: ■ ■ ■ ■ ■ ■

Høgt utstyrsnivå Klimapakke Nordic Sommar- og vinterhjul Garantert Volvo-historikk Gratis dekkhotell i eitt år Gratis forsikring i Volvia i eitt år (føreset 50% bonus) ■ Gratis service i eitt år ■ Betalt registreringsavgift

EIT UTVAL AV VÅRE VOLVO SELEKT BRUKTBILAR SANDANE: 2011 - Volvo V50 D2 115 HK, Momentum med skinn, 35.000 km 2011 - Volvo V50 D2 115 HK, R-Design, 58.000 km 2008 - Volvo XC70 D5 185 HK, Summum, automat, 81.000 km 2010 - Volvo V70 2,4D 175 HK, Summum, 49.000 km 2010 - Volvo V50 DRIVe Momentum, 39.000 km

kr 256 800,kr 259 800,kr 435 000,kr 345 000,kr 218.900.-

FØRDE: 2013 - Volvo S60 D2 Mom.++ Sort Safir met. HP7” Navi, dieselv., 19.000 km 2011 - Volvo V50 115 HK Momentum++ skinn, 30.200 km 2012 - Volvo V60 Momentum+ Raud, Hengerfeste, 33.200 km 2010 - Volvo V50 Momentum+ skinn, Bluetooth, 49.331 km 2010 - Volvo V70 DRIVe Dieselvarmar m/timer, 49.958 km

kr 299 900,kr 256 900,kr 339 900,kr 218 900,kr 269 900,-

SOGNDAL: 2011 - Volvo V50 1.6 D2 Momentum, dieselvarmar, xenon ++, 48.054 km

kr 244 900,-

ANDRE BRUKTBILAR SANDANE: 2008 - Audi A-4 2.0 TDI 140 HK S-Line, quattro, Avant, 65.000 km 2008 - Audi A-6 2.0 TDI 140 HK S-Line, automat, 95.000 km 2009 - Isuzu D-Max 3.0 TDI Trooper, automat, 49.000 km 2009 - Opel Astra 1.7 TDI 110 HK Stv, 50.000 km 2010 - Toyota Auris 1.4 D4D SOL, 62.000 km

kr 285 000,kr 275 000,kr 229 000,kr 169 000,kr 179 000,-

FØRDE: 2012 - Subaru XV 2,0D Premium 109hk PREMIUM!, 18.303 km 2010 - Nissan X-Trail 2,0 dCI 150hk SE, panorama soltak, 37.126 km 2004 - Mercedes-Benz E-Klasse E220 CDI T+ AvantGarde ++, 207.200 km 2004 - Skoda Superb 2,5 TDI Elegance 163 HK!, 121.003 km

kr 369 900,kr 349 800,kr 179 000,kr 138 900,-

SOGNDAL: 2004 - Toyota Corolla Sol stasjonsvogn, 97 hk, 111.000 km 2007 - VW Passat 2,0 TDI Highline, 4Motion, skinn ++, 143.000 km 2008 - Volvo V50 1,6 D Summum, xenon, skinn ++, 113.000 km

kr 109 000,kr 209 000,kr 169 000,-

SELEKTgaranti Gjennom Volvo Forsikring tilbyr vi Selektgaranti som gjev ekstra tryggheit for deg som kjøper Volvo Selekt bruktbil. Selektgarantien omfattar mellom anna: ■ Fabrikkgaranti inntil 100.000 km / 5 år ■ Fri leigebil ved uhelll så lenge bilen er til reparasjon i samband med skade ■ Fabrikkny bil ved totalskade dersom bilen er yngre enn 3 år ■ Er bilen eldre enn enn 3 år og blir totalskadd, gjev vi 25% ekstra erstatning ■ Maskinskadedekning. Gjeld for bilar som er inntil 10 år gamle eller køyrt inntil 250.000 km ■ 1 års gratis veghjelp

FLEIRE BRUKTBILAR på www.frydenboBILSENTER.no SANDANE: 57 86 84 00

FØRDE 57 83 72 00

SOGNDAL 57 67 34 00 www.frydenbo.no


Psykisk helse har lenge vore eit tabubelagt tema. Martin Fjellanger er ein av dei som ønskjer å snakke høgt der andre teier med mål om meir openheit. I følgje Rådet for psykisk helse vil det føre til eit opnare og rausare samfunn prega av gode haldningar, aksept og toleranse ovanfor psykisk sjuke på lik linje med fysisk sjukdom.

6


Den vanskelige openheita devis folkesky. Det hendte han åt middag om natta på ein døgnopen bensinstasjon. I desse periodane ville han helst ikkje sjå folk. – Eg vart veldig….rar... litt tungsindig, spent og kanskje litt nevrotisk, summerer Martin om starten på ei vanskeleg tid, og ler unnskyldande.

TEKST: Kristine Slettehaug FOTO: Joachim Vie

Det er så mykje eg vil finne ut av. Eg har så mange spørsmål, men ingen kan gje meg svara eg treng. Eg veit ikkje lenger kven eg er. Kven er eg? Kor skal eg?

Det er vanskeleg å sette ord på, men eg skal prøve. Det er å leve i ein tåketilstand. Eit mørkt, tåkete slør kjem over meg. Trongen til å vere åleine blir enorm. Eg tømmast for energi. Kjensla av å vere utmatta er konstant. Same kor mykje kvile eg får, blir eg aldri utkvilt. Kroppen blir stiv som ein stokk og det stikk i magen. Det som elles er i fargar, blir dystert, trist og grått. Tåkesløret gjer alt så uklårt. Eg har det vondt og famlar i blinde. Tilstanden er nesten litt surrealistisk. – Slik, no er det sagt. Slik er det på sitt verste, seier han, og verkar nesten overraska over kor ufarleg det var å seie det høgt. – Eg er kanskje ein overfølsam person. Nærtakande og ekstremt var. I blant tenker eg at eg har hatt desse greiene i meg heile tida. At eg er litt utsatt. Martin skildrar ærleg korleis det er å vere på botnen. Korleis det er å vere psykisk sjuk. Målet er openheit rundt psykisk helse, ikkje å syte. Syting er av det verste han veit. Han fortel historia si for å bryte eit tabu, og vil snakke høgt der mange teier. – Så er det alle dei som skal spørje om korleis det går. Eg veit det blir gjort i beste meining når folk seier til meg: «Du må snakke om det, du må komme deg ut, ta deg saman og tenke positivt» Men tenk deg at du ligg over toalettskåla og spyr. Hadde du likt det om nokon kom bort og spurte om du ville snakke om det? Du har meir enn nok med å spy og få i deg væske. Eg vil heller ikkje snakke om det akkurat der og då. Eg treng berre ro. Eg har meir enn nok med å berre eksistere.

Kven er eg? Han er usikker på kvifor det har blitt slik i periodar. Kanskje det er genetisk? Eller kan hende starta det for 9 år sidan, då han var student i Sogndal. – Eg takla veldig dårlig å «finne ut» at eg var homofil. Det passa ikkje med den eg ville vere, og med bakgrunnen min frå Jehovas Vitner. Ein kan kalle det ei lita identitetskrise. – Alle spørsmåla gjekk til hovudet på meg. Kven var eg? Kven ville eg vere? Eg ville helst vere åleine med dette. Om natta las eg mykje. Funderte. På dagen sov eg. Mønsteret Martin kom inn i gjorde han perio-

Ute av funksjon. Martin hamna i ein depresjon. Etter kvart fungerte han ikkje som student lenger. Ny kunnskap ville ikkje sette seg. – Det semesteret strauk eg på alle eksamenane mine. Eg fungerte ikkje. Han haldt maska. Ingen skulle få sjå kva han sleit med. – Eg var redd for at om eg delte dette med nokon, så ville dei seie det vidare. Eg såg ikkje sjølv at eg var sjuk då, eg trudde berre eg var veldig rar. Når eg ser tilbake var eg nok kanskje det. I alle fall på veg til å bli det. Grensene er flytande, for psykisk sjukdom er ikkje svart/kvitt. Har ein brekt ein fot, så har ein brekt ein fot. Kor tid ein er psykisk sjuk og ikkje er vanskeleg å definere. Til slutt orka ikkje Martin møte på skulen lenger. Han flytta heim til Førde for å få ei pause med alibiet at han skulle «jobbe litt». – Prosessen med å komme ut av skapet var tung, men eg oppdaga at storparten av vennane mine tok meg for den eg var og ikkje brydde seg særlig om legning. Det var godt og eg lærte kva det vil seie å ha ekte vennar. Eg trudde at eg var på rett kjøl, men ei sterk tilbakevendande kjensle av tristheit kom oppå det heile. Og iblant fekk eg panikkanfall. Eg kjenner meg slapp. Noko trykker meg ned, men eg veit ikkje kva. Sakte men sikkert kjem tåka. Eg står midt i den. Eit slør dett over meg. Alt rundt meg er uklårt og skummelt, nesten truande.

Ny start. Trening hjelpte Martin i tida då han kom ut av skapet, men ei krevjande kyssesjuke gjorde at han låg strak ut i fleire månader. Med kroppen i fysisk dårleg forfatning kjende han seg som eit lett bytte for den stadig tilbakevendande kjensla av tristheit, som berre blei sterkare. – Eg hadde ikkje sjanse til å stå på eksamenane eg prøvde ta opp att. Eg var heilt fjern, flirer Martin, og klarar å sjå galgenhumor i det heile. Hausten 2006 prøvde Martin seg på ein ny start. Han flytta til Bergen, og synst det var ei stor lette med nye folk og nye omgjevnader.

– Og betre jaktmarknad, legg han til og smiler lurt. – Ei spennande og kjekk tid med mange nye kjenningar og vener. Det var friande å få ein ny start. Men den dårlege kjensla, som eg ikkje klarte sette ord på då, hadde hengt seg fast i meg. Kroppen føltes tung og stiv, tristkjensla kom oftare og eg hadde store problem med å konsentrere meg med skulearbeidet. Dei tunge tankane dukkar stadig opp. Det er ei hengemyr. Eg sparkar og sparkar for å komme opp att, men di meir eg sparkar, dess lenger ned søkk eg. Eg forstår ikkje kva som er gale med meg.

Fulltidsjobb med å eksistere. Løysninga vart å gå på fest. Så ofte som mogeleg. – Ei dårleg løysning, eg veit. Men der og då var det ein effektiv måte å sleppe unna dei tunge tankane på. Når eg drakk alkohol klarte eg å gløyme alt det vanskelege og vere meg sjølv. Flaut, men sant. Skikkelig klisjé, seier han og himlar med auga. – Skulen gjekk fortsatt dårleg. Å jobbe kunne eg berre gløyme. Eg hadde meir enn nok jobb med å kave meg vekk frå alt det triste. Den psykiske tilstanden forplanta seg i tillegg fysisk. Nakke, bryst og rygg var forknytt. Eg slappa aldri av, og etterkvart byrja det gjere vondt i kropp og ledd. «Kva er gale med meg?», spurte eg om att og om att. Alt er heilt fint. Når folk spurte korleis det gjekk med han, svarte han stort sett at det gikk fint. – Det var lettast å legge lokk over korleis det sto til. I ettertid ser eg tusenvis av løysningar. Eg skulle gått til psykolog, og eg skulle prata med folk. Sagt det går ikkje så bra. Eg har mange vonde tankar, og på skulen går det inn det eine øyret og rett ut det andre. Når du står midt i det ser du ikkje utvegar. Tenk, eg strauk på fem av seks eksamenar. Det var så flaut! Eg skamma meg så veldig. Ingen måtte vite. Det siste eg trengte var å få bekrefta at eg var mislukka. Det enklaste er å svare at alt er heilt fint. Det er vanskeleg be venner forstå, når ein ikkje gjer det sjølv ein gong, seier Martin oppgitt. Når folk spør: Kva er planen vidare Martin? Prøver eg ofte å prate det vekk, skifte tema eller ramse opp ei innøvd frase. Sannheita er igjen: Eg har meir enn nok med meg sjølv, her og no.

Kroppen sa stopp. Han fortsette å hangle fram og tilbake mellom gode og dårlige periodar. Framleis frykta han at om han fortalte nokon korleis det

<<

Martin Fjellanger skjønte ikkje kva som var gale då ei tung tåke la seg over han og alt rundt han. No vil han ha meir openheit rundt psykisk helse.

7


Så sa kroppen stopp. Eg var utslitt, ville berre sove og ting blei så vondt igjen. Martin Fjellanger

sto til ville dei ikkje forstå og be han skjerpe seg. Det visste han at han ikkje kom til å klare. Men til slutt vart han tvinga til det. – Då eg byrja få problem med Lånekassen sa eg til meg sjølv at no, no må du ta deg saman. Dette går ikkje lenger, vi må få skuta på rett kjøl. I eitt halvår prøvde eg intenst, og til ei viss tid klarte eg ta meg saman. Eg hadde alkoholfrie periodar, fekk deltidsjobbar, oppsøkte psykolog og byrja endelig å få gode karakterar igjen. Eg fekk tilbake både sjølvtillitt og meistringskjensle, var glad og ting såg lysare ut. Så sa kroppen stopp. Eg var utslitt, ville berre sove og ting blei så vondt igjen. Dette var rundt jul. Sjølv om det var mykje eg hadde lyst til å vere med på var behov for søvn og aleinetid større. Eg heldt senga. Det gjekk månader før eg følte meg nokon lunde oppegåande igjen. Eg fekk ny lege i Bergen som sa eg hadde bipolare tendensar. Han foreslo fleire medisinar eg kunne prøve meg fram med. I tida framover følte eg berre at eg famla blinde. Så ligg eg der i senga, tom for energi. Eg vil ikkje snakke med nokon, for ingen vil forstå. Det eg kjenner er så fjernt frå normalen, at eg veit ikkje ein gong kva ord eg skal bruke for å forklare. Det verkar i kroppen, alt er forknytt. Kva gjer eg no? Kva gjer eg?

å betre situasjonen. Det å sette grenser og å seie nei har vore viktig lærdom for meg. Det vil nok komme fleire smellar, men no veit eg at eg klarar reise meg igjen. At det går over. For Martin er det viktig å få fram at alt ikkje har vore svart i tida han pratar om. Han har opplevd fleire gode stunder som forelskelse og fine vennskap, og er eigentleg ein svært ressurssterk person. Han er politisk aktiv med fleire verv, har bl.a fått publisert ein kronikk i BT, ein dyktig hobbyfotograf, aktiv i kulturlivet i Bergen og veldig sosial. – Og det er kanskje slik folk har sett meg. For det er jo den sida ein viser fram. Mange oppfattar meg nok som ekstremt blid. Og eg er jo det, smiler Martin. Og så kjem han til poenget. Kvifor han ønskjer å fortelje historia si og vel å blottlegge alt han tidlegare skamma seg over, kvifor han deler sine innarste tankar: – Hadde eg berre kunne snakka om dette før! Hadde berre ikkje psykisk sjukdom vore så tabu. Eg visste jo ikkje kva som feila meg. Ingen hadde snakka høgt om dette. Det vart så viktig at ingen skulle få vite kor svak og mislukka eg var. No veit eg at eg ikkje var svak, eg var sjuk. Og eg veit at det finst ei løysning.

Snakk om det. Han ønskjer bryte tabuet og ufarHadde eg berre kunne fortalt. I dag får Martin

<<

hjelp av spesialist ved Fana Psykoterapiklinikk. Dei har gått vekk frå at han lir av bipolar liding, og jobbar med å utreie. Alkohol drikk han knapt, og snart er han i mål med utdanning i Samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen. Det går opp og ned, men mykje går betre. – Eg har lært mykje om problema mine og kva eg må jobbe med. Og har lært å hjelpe meg sjølv. Det er det viktigaste. Ein kan gjere mykje sjølv for

leggjere å snakke om psykisk helse. Dei tøffe erfaringane han har fått vil han bruke til noko positivt. Ingen skal synest synd i han, han vil berre ha openheit. – Openheit er rette vegen å gå. Det er med på å normalisere det å vere psykisk sjuk og spreie kunnskap. Alt eg trengte då eg vart sjuk var trygge, gode folk rundt meg som kunne akseptere meg for den eg var. Som eg kunne snakke med utan at dei dømde meg. Men eg skamma meg slik,

U BYGGTUNET

DIN PARTNER INNEN BYGG OG ANLEGG Byggjevarer Transport Bemanning Utleige Utdanning Dokumentasjon

Utføring Rådgjeving Regulering Prosjektering Byggjesøknad Skadesanering

HMS KS FDV

TVERRFAGLIG MILJØ - TOTALKONSEPT FOR KUNDEN - I ET TUN Forhandler for Hordaland/Sogn og Fjordane: Forhandler i

30 år

8

19

25

Byggtunet, Hardangervegen 538, 5709 Voss • 45 90 27 72 • 56 51 00 20 • 90 55 20 86 • post@byggtunet.no

eg visste ikkje at det eg opplevde var normalt. Difor fortalte eg aldri. Martin har nett byrja lette på sløret. Det er enno vanskeleg å vere ærleg når folk spør korleis det går. – Eg pyntar framleis litt på sannheita for å ikkje å misse ansikt. Ein vil jo helst fortelje folk at ein fiksar ting og seie at det går bra. Men i staden for seier eg no at eg har hatt det litt tungt og at eg jobbar med det. Eg ønskjer ikkje all verdas råd og spark i ræva, eg vil berre kunne snakke opent om det. At psykisk helse snakkast om slik ein snakkar om alt anna. Når eg fortel at eg slit, seier du at du ikkje veit kva du skal seie. Men du treng ikkje seie noko som helst, komme med løysningar eller fortelje meg kva eg skal gjere. Du er ikkje forplikta til å redde meg ut av dette. Berre ver medmenneske og aksepter at eg har dårlege periodar. Det er alt eg treng.

Men? Før vi rundar av spør eg Martin, utspekulert, korleis han har det. Som ei prøve på openheita han har snakka så varmt om. – Eg ser lyst på det. Eg har det fint, seier han. Han kvepp litt, overraska over å igjen gå på autopilot og gitt meg svaret eg ville ha. Det enklaste. Han ler forfjamsa. Spør om vi kan vi ta det på nytt? – Men? – Eg har vore mykje for meg sjølv i det siste. Det har vore tøft. Men eg snakkar sant når eg seier at det går betre. Spør meg igjen om nokre månader. Då veit eg at eg har det heilt fint. Eg lovar. Han ler høgt. – Eg er open for ei oppfølgingssak, spøkar han. Og vi trur han. Trur han når han seier at det skal gå bra til slutt.


Vi legg utstyrslista høgt!

Utstyrsliste, i tillegg til Sport&Style: • R-Line eksteriørpakke med 19” Mallory felgar • Skinninteriør Vienna sportssete • Adative bi-xenonlys med LED køyrelys • Media-IN med iPod tilkopling • Tilhengarfeste • Paerkeringsassistent • Cruise control • Elektrisk innfellbare utvendige speglar • Ambientpakke (belyste make-up speglar, belyste døropningshendlar framme og ekstra kupélys • Radio RCD510 • Telefonførebudd • Parkeringsvarmar • Metallic lakk

Pris inkl vinterhjul, 509.000,-*

PRIVATLEIGE: Volkswagen Tiguan Exclusive R 2,0 140 hk TDI 4MOTION DSG Eingongsleige: kr 65.000,3 år / 45 000 km

Månadsleige Alle prisar inkl. mva.

3.727,-

Volkswagen Tiguan Exclusive R 2,0 140 hk TDI 4MOTION DSG Volkswagen Tiguan er blitt ein favoritt i Norge. Fordi den kombinerer ekstremt gode køyreeigenskapar og ny teknologi med moderne design. *) Rettl. pris levert forhandlar Sogn og Fjordane. Årsavgift kjem i tillegg. Drivstofforbruk variert køyring 0,71 l/mil. CO2-utslepp 186 g/ km. Avbilda modell kan ha utstyr utover standard.

Tohjulstrekk gjev trekk i prisen.

Utstyrsliste: Trend&Fun + Komfortpakke:

Spar meir enn 90.000 på ein Volkswagen Tiguan.

• Nytt tidlaust, moderne design • Ny, drivstoffvennleg motor. 2.0 110 hk TDI • BlueMotion Technology med start/stopp funksjon • Dreiemoment 280 Nm • 6 stegs manuell girkasse • DAB digitalt radiomottak, sportsratt i skinn og stor køyrecomputer • 16” lettmetallfelgar • Cruise control • Adaptive tåkelys framme • Climatronic, 2-soners klimaanlegg • Elektrisk innklappbare utvendige speglar • Regnsensor • Automatisk avblendbart innvendig spegel

Pris inkl vinterhjul, 334.000,-* PRIVATLEIGE: Volkswagen Tiguan Trend&Fun 2,0 110 hk TDI

Tiguan med framhjulstrekk Den nye Volkswagen Tiguan har fått ei solid ansiktsløfting med ny front og nye baklykter som følgjer den nye designlinja til Volkswagen. Nye Tiguan 2WD kjem i utstyrsvarianten Trend&Fun med høgare utstyrsnivå enn tidlegare. Den nye 2.0 110 hk TDI BMT motoren er særs drivstoffvennleg og har eit lågt CO2-utslepp. Så dersom du ønskjer denne bilen sine fantastiske kvaliteter og greier deg med framhjulstrekk, sparar du i tillegg meir enn nitti tusen kroner. Velkommen til Volkswagen for ein god handel..

Eingongsleige: kr 43.750,3 år / 45 000 km

Månadsleige Alle prisar inkl. mva.

2.709,-

*) Rettl. pris levert forhandlar Sogn og Fjordane. Årsavgift kjem i tillegg. Drivstofforbruk variert køyring Tiguan 2WD: 0,53 l/mil. CO2-utslepp 139 g/km. Avbilda modell kan ha utstyr utover standard. Atterhald om trykkfeil

9


Fasaden var viktigast Då «Tobias» utvikla tvangstankar og depresjonar i starten av tjueåra, vart det ei ekstra byrde å måtte halde det skjult. TEKST: Kristine Slettehaug

– Eg måtte jo ikkje halde det skjult. Ingen tvang meg. Men eg visste kva folk tenkte om psykisk sjuke. Slike fordommar ville eg unngå. Difor var det berre foreldra mine, kjærasten og to vener som visste kva eg sleit med.

Som lyn frå klår himmel. «Tobias» hadde ingen openbare grunnar til å utvikle tvangstankar eller gå inn i ein depresjon. Dei krevjande tankane kom som lyn frå klar himmel. –Plutseleg var tankane mine veldig slitsame. Dei plaga meg og gav ei dårleg kjensle i kroppen. Eg kunne henge meg heilt opp i ein tanke som i utgangspunktet var normal. Problemet var at den gjekk om att og om att i hovudet mitt og var veldig påtrengande. Det skremde meg, og eg skjønte ikkje kva som skjedde. Det er litt som om når du ikkje klarar få ein song ut av hovudet. Den blir spelt om att og om att og om att. Når du prøvar motstå blir du berre endå meir bevisst på at du har denne tanken i hovudet.

Vanskeleg å snakke om. Tobias synst det er pinleg og vanskeleg å snakke om kva tankar han kunne henge seg opp i. Det var ikkje dei vanlegaste tvangstankane, som typisk går ut på at ein til dømes er redd ein ikkje har slått av ei kokeplate, har låst døra eller blitt urein i kontakt med andre menneske. Nettopp det gjorde sjukdommen ekstra vanskeleg. – Eg følte eg var den einaste i heile verda som sleit med dette problemet. Ingen kom til å forstå. I frykt for at ho skulle forlate meg, turte eg ikkje fortelje kjærasten om tankane mine. I ein alder av treogtjue sat eg og hulka til far min medan eg prøvde forklare han problemet mitt. Han råda meg til å oppsøke fastlegen min for å få hjelp. Han understreka at eg var heilt normal, og at dette kunne fiksast. Det gav meg mot til å fortelje kjærasten kva eg sleit med.

Kjærasten forstod. Kjærasten hadde merka at «Tobias» sleit med noko, og at ikkje alt var som normalt. Ho var først og fremst letta over at han opna seg for ho. – Eg var så glad for at ho ikkje avfeia meg som ein «psycho» Eg frykta ho skulle synest eg var rar om eg fortalte ho kva som føregjekk inne i hovudet mitt. Heldigvis klarte ho sjå forbi sjukdommen og sjå meg.

10

Skjulte det. Legen til «Tobias» forklarte at han hadde tvangstankar og understreka at dette var normalt. – Å snakke med ein lege og få høyre at diagnosen var vanleg var ei stor lette.

Foto: Malene Terøy

Dei slitsame tankane gjorde til at «Tobias» gjekk inn og ut av depresjonar. Tankane gav han ei uro i kroppen som gjorde han deprimert. – Eg hadde gode periodar og eg hadde dårlege. At folk ikkje visste gjorde det ekstra slitsamt. Eg klarte gå på jobb, men det var som å ha to jobbar på dei verste dagane. Eg skulle ta meg av arbeidsoppgåvene mine, samstundes som eg skulle ta meg av det som føregjekk oppe i hovudet. No når eg ser tilbake synst eg det er rart at ingen merka at eg var sjuk. Til tider var eg veldig distré.

og aktivitetar eg ikkje orka møte opp på. Også kjærasten sakna å vere open rundt sjukdommen. – Ho synst det var surrealistisk å sitte og le og prate tull med venninnene og late som alt var bra heime, når det var alt anna enn det. Ofte valde ho vere heime med meg når eg ikkje hadde det bra, og då sa ho at ho skulle ønske ho kunne sei det som det var: Nei, i kveld kjem eg ikkje. Eg må vere heime og pleie den sjuke kjærasten min. Han har vondt i psyken.

Laug til vennane. Det sosiale vart ei utfordring for

Skulle berre visst. I dag er Tobias tilnærma frisk.

«Tobias» og kjærasten. – Når eg var sjuk og langt nede unngjekk eg sosial omgang. Det vart for slitsamt å vere til stades samtidig som eg skulle ta meg av tankane mine. Det vart mange kvite løgner. Hadde ikkje psykisk sjukdom vore så tabu, kunne eg berre sagt det som det var. «I dag har eg det ikkje så bra psykisk, så eg orkar ikkje vere med på kino». Men frykta for å bli dømt og sett rart på stoppa meg. Fasade var viktigast. Det vart ei ekstra byrde å alltid måtte lyge og sno seg unna arrangement

– Svært få veit kva eg gjekk gjennom i starten av tjueåra. Ein dag håpar eg å kunne fortelje folk at eg har vore psykisk sjuk. Men enno er eg ikkje komfortabel med det. Psykisk helse er ikkje noko ein snakkar så mykje om. I alle fall ikkje si eiga. Eg huskar spesielt ein som kom bort til meg på fest, ein eg trur sleit litt sjølv, og sa: Du har alt du. Ein bra jobb, fin bil, ei lekker dame ved di side og er alltid i godt humør. Eg skulle ønske eg var deg. Då lo eg innvendig og tenkte: Du skulle berre visst, du skulle berre visst!


Movano m. Mesterpakke

285 500,eks. mva

Vivaro m. Mesterpakke

248 500,eks. mva

Combo Varebil

156 500,eks. mva

OPEL NYTTEKJĂ&#x2DC;RETĂ&#x2DC;Y

DINE ANSATTE MED FĂ&#x2020;RREST SYKEMELDINGER. Klar for arbeid.

Opel Movano Mesterpakke

Opel Vivaro Mesterpakke

Opel Combo varebil

Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021;  Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021;

Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021;

Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021;

Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021; Â&#x2021;

.OLPDDQOHJJ (63 5DGLR&'P 03DX[RJ%OXHWRRWK (OEHWMYLQGXHUIRUDQ .RPIRUWIÂ UHUVHWHPYHLVMXVW 'REEHOWSDVVDVMHUVHWH m. innfelbart og dreibart bord 8WWUHNNEDUK\OOHLGDVKERUGHW /\GGHPSHQGHSDQHOLVNLOOHYHJJ 6ROEULOOHKROGHU 9XWWDNLODVWHURP +HOGHNNHQGHKMXONDSVOHU

.OLPDDQOHJJ (63 5DGLR&' 6HQWUDOOnV (OEHWMYLQGXHU 6N\YHG UPHGYLQGXK \UHVLGH 2SSYDUPHWI UHUVHWH 2SSYDUPHWEDNUXWHPYLVNHUH 7LOKHQJHUIHVWH

.OLPDDQOHJJ (63 5DGLR&'VSLOOHU + \GHOHQJGHMXVWDYUDWW 6HQWUDOOnVRJHOEHWMYLQGXHU (OEHWMRJRSSYXWYVSHLO 8WHWHPSPnOHU 6N\YHG UPHGYLQGXK \UHVLGH 2SSYDUPHGHIRUVHWHU -XVWHUEDUWI UHUVHWH m. korsryggstøtte og armlene Â&#x2021; /\GGHPSHWVNLOOHYHJJ

www.opel.no Co2-utslipp 126-195 g/km. Forbruk 4,8-7,4l/100km. Gjelder utslipp- og forbrukblandet kjøring. Euro 5. Frakt Oslo og lev. omkost. er inkl. Avbildede biler kan ha ekstrautstyr. Importør Opel Norge AS.

11


Snakk om det! <<

Rådet for psykisk helse trur frykta for korleis omverda vil møte psykisk sjuke sine tankar og kjensler stoppar dei frå å snakke ope om kva dei opplever. Auka kunnskap rundt tema kan bidra til aksept og toleranse og mindre tabu. TEKST: Kristine Slettehaug

Tove Gundersen er generalsekretær i Rådet for psykisk helse som er ein humanitær organisasjon som arbeider for å fremme psykiatrisk forsking og auka kunnskap om psykisk helse. Ho trur mange av fordommane rundt det å vere psykisk sjuk heng att frå fortida: – Frå tidlegare tider med asyltradisjon, der psykisk sjuke og utviklingshemma vart plassert på store sjukehus, gjerne langt vekke frå ”vanlege” folk, har det etablert seg fordommar mot menneske som er annleis. Sjølv om det er større openheit om temaet no, eksisterer det framleis ein stor

forskjell på haldninga til psykisk og fysisk sjukdom. Ho oppmodar til meir openheit. – Mange har lite erfaring med å snakke om det som er vanskeleg. Vi i Rådet for psykisk helse trur at nettopp det å snakke om vanskelege tema hjelper. Ver ærleg og våg å dele! Det å dele kan hjelpe i seg sjølv, samtidig hjelper det omgjevnadane til å forstå og gi riktig hjelp.

Enklare å skulde på influensa. – Kvifor er det lettare å sei at ein har influensa enn å sei at ein har psykiske problem? – I dagens samfunn med mange forventningar og krav kan det vere vanskeleg å innrømme at vi ikkje klarer leve opp til forventingane som blir stilte til ei kvar tid. Det er faktisk slik at det er meir akseptert og enklare å skulde på influensa, for det er noko alle har kjennskap til og kunnskap om. Gundersen meiner at ein må tilføre kunnskap om psykisk helse på alle samfunnsarenaer. – Vi må sikre at dei som har psykiske problem blir inkluderte i skule og arbeidsliv. Openheit medfører forståing og ivaretaking, og vi må ha eit

samfunn som gjer det trygt og meiningsfullt å vere open. Ein føresetnad er at ein blir møtt med gode haldningar og respekt. Viss ikkje er det naturleg å trekke seg tilbake med det ein slit med og lukke tankar og kjensler inne.

Ser meir openheit. I det siste har Rådet for psykisk helse sett at det er blitt meir openheit rundt psykisk sjukdom enn tidlegare. – Dette kan skuldast til dels meir kunnskap og forsking rundt tema, og at politikken vier større merksemd til det. Utdanningsprogram blir tatt i bruk, vi har fått fleire hjelpetelefonar og sjølvhjelpsgrupper, og sterkare innflytelse frå pasientar og pårørande bidreg til meir openheit. Vi har i tillegg ei enorm auke i bruk av sosiale medier som er med på å spreie informasjon. Arbeidslivet må inkludere. Gundersen håpar og trur at auka openheit vil føre til eit meir ope og rausare samfunn prega av gode haldningar, aksept og toleranse ovanfor psykisk sjuke på lik linje med fysisk sjukdom. – Det er dessverre slik at enkelte framleis opp-

NISSAN JUKE NÅ FRA KR 203.900

12

www.autoforum.sf.no


DIN BUBIL-VERKSTAD I FØRDE s Service og reparasjonar s Periodisk køyretykontroll (EU-kontr.) s Hjulstillingskontroll med 4-hjulsmåling s Fabrikkoppdateringar og garantiarbeid på chassis s Service/fylling på AC-anlegg s Ettermontering av cruise control og ryggekamera

VISSTE DU AT s 2 av 3 bubilar er bygd på Fiat Ducato? s Autoservice er Norges eldste Fiat-forhandlar, etablert i 1966, og Iveco-forhandlar frå 1974?

Kusslid, 6819 Førde – Tlf. 57 83 38 80 www.as-autoservice.no FM express

lever utestenging frå arbeidslivet etter openheit rundt tidlegare psykisk sjukdom. Her har arbeidslivet eit samfunnsansvar. Mange bedrifter har forplikta seg til avtalar om inkluderande arbeidsliv, men samfunnet har framleis ein veg å gå. Ved å blant anna tilby kompetansehevande tiltak hos arbeidsgjevar set Rådet for psykisk helse fokus på psykisk helse og arbeidsliv.

Mest lest i fylket

Start i barnehagen. Førebygging og å starte tidleg meiner Gundersen kan vere ei løysning for å skape meir openheit. – Psykisk helse bør inn i formålsparagrafen for barnehagane. Det er viktig å tidleg lære born eit språk for kjensler og ha fokus på vennskap og relasjonar. Det er lettare å bygge born enn å reparere vaksne! Vi må også auke tilgangen på helsesøstrer og psykologar i skulen og få inn psykisk helse på timeplanen. Slik kan born og unge tidleg få kunnskap om psykisk helse. I arbeidslivet må det inn som ein naturleg del av HMS-arbeidet, og vi må auke fokus på eldre si psykiske helse, rådar ho.

FM Følg oss på

13


Farsund & Naustheller leverer drivstoff til folk i fylket Rask levering av farga og blank Diesel. Gode prisar og profesjonell levering!

VÅRTILBOD

KAMPANJE

7.95rd0e kr 1 va levert Fø +m

GULF SUPER TRACTOR OIL 10W-30 Super Tractor Universal oljer for bruk i motor, gearkasser, differensialer, hydraulikk og «våte bremser» i landbruks og anleggsmaskiner.

No ÷30% Kr 839,- m/mva pr. 20 L Veratank

RIMULA R4L 15W-40 Motorolje av ypparste kvalitet til større dieselmotorar som båt, traktorar, lastebilar, anleggsmaskiner o.l. I tillegg til Shell sine oljeprodukt, sel vi no også Gulf sine oljeprodukt for marine, anlegg og industri.

No ÷30% Kr 930,35,- m/mva pr. 20 L

CARIX AVFETTING MICRO Vassbasert for dei fleste typar reingjering som, bilvask, fjøsvask, o.l. Utblandast med vatn.

No ÷20% Kr 779,- m/mva pr. 25 L kanne Tilboda varar t.o.m 31.03.2013

TT VI ER OPPTA o os ss får AV HMS. H tablad og du HMS-Da blad på Teknisk Data . våre produkt

Florø

Øyrane

Øyrane 6, 6800 FØRDE Tlf. 578 21 688 - www.farsundnaustheller.no

14

Vi forhandlar også Kemetyl/Carix sine Antifreez- og kjølevæsker. Samt tankar, pumper og utstyr til entreprenørar, bønder, industri mm.


Frank Kirkebø er godt nøgd med nye, lyse lokale, og håpar dei skal bidra til å halde oppe den unike posisjonen Volvo har fått lokalt.

Betre lokale skal styrke unik Volvo-status TEKST: Roy Sunde FOTO: Joachim Vie

– Vi har snakka om ombygginga lenge. Volvo og Frydenbø stiller krav til forhandlarane i høve lokala. Vi hadde planar om å bygge om alt i 2008, men grunna finanskrisa meinte Volvo vi burde vente, seier Frank Kirkebø, dagleg leiar i Frydenbø Førde. Og godt var det. – Vi hadde lastebilverkstad i bygget, som no er flytta. Hadde vi byrja å bygge

om tidlegare hadde vi ikkje fått eit så bra og egna lokale. Då hadde vi måtte bygge ut meir klattvis. Takka vere at vi utsette det enda vi med eit framtidsretta kanonanlegg, smiler han. Prislappen endar på rundt 20 millionar kroner, inkludert moms.

Opnar tidlig i april. Utvending ser det flott ut, og inne openbarar ein enorm utstillingshall seg, i full takhøgde langs heile bygget. Lyst og triveleg – og eit fortrinn for salsapparatet. – Vi håpar jo at dette skal gje utslag på bilsalet. Før måtte mykje av bilane stå ute, no står dei inne under tak, og vi kan presentere både nye og brukte bilar på beste vis. Det er klart det er betre, både for seljar og kundane, seier han. – Vi ligg litt etter fjoråret så langt, men det skuldast ein periode med leveranseproblem.

Enno står ein del arbeid att innvending, og sjefen sjølv, Frank Kirkebø, er ein av dei som enno ikkje har fått nytt kontor, men han gler seg på vegne av alle andre. – Det blir ei heilt anna verd dette, både i høve det å selje bilar, og for dei tilsette som får jobbe i nye lyse, moderne lokale, smiler han og slepp ut seljaren. – Veka etter påske er alt klart: Då har vi offisiell opning, og slår på stortromma med gode tilbod, reklamerer han.

Unik posisjon etter 21 år med opptur. I 1991 låg Sunnfjord Auto med brekt rygg. I 92 kjøpte Bjørn Sæbøe, Steinar Dvergsdal og Frank Kirkebø bygget og vart Volvo-forhandlar. I 2010 kjøpte Frydenbø Sunnfjord Auto. Kirkebø vart dagleg leiar i Frydenbø Førde, og eig bygget saman med Steinar Dvergsdal.

<<

Frydenbø Førde har levd i tronge og kummarlege lokale, men salet har gått i veret likevel. Med modernisering og utviding av lokala står dei i stil med marknadsposisjonen dei har fått siste åra.

15


<<

– I dag er det 17 tilsette i Frydenbø Førde, den gang var det omtrent det same, men omsetnaden var ein heilt annan. Dei hadde ikkje klart å omstille seg. I 90-92 var bilmarknaden heilt i botn, i kjølvatnet av den økonomiske depresjonen på slutten av 80-talet og bankkrisa. Første året selde vi 40 bilar, fortel Kirkebø og set det i perspektiv. – I fjor selde Frydenbø Førde 418 nye og brukte bilar! På 22 år har Volvo-forhandlaren klatra frå marknadsdel på 2 prosent lokalt, til å bli landets beste Volvo-distrikt. I fjor vart det registrert 2119 bilar i Sogn og Fjordane. Av desse var 376 Volvoar, selde av Frydenbøforhandlarane i Førde, Sogndal og Sandane. For andre år på rad klatra

Volvo forbi Toyota og Volkswagen og vart største merket i Sogn og Fjordane. – Og største enkeltmerket i Førde-regionen, seier Kirkebø. – Volvo har ein unik posisjon lokalt, som blir lagt merke til i systemet. Målet er klart å halde posisjonen vår. Det er klart det blir ei utfordring å halde ein marknadsdel på rundt 20 prosent, som vi har hatt siste åra. Men det er eit håp og eit mål! – Hadde du sett for deg at de skulle gå frå 2, til 20 prosent marknadsdel for Volvo? – Vi såg ikkje for oss at Volvo skulle bli marknadsleiar i Førde då, smiler han. – Sogn og Fjordane er eit unikt fylke, og det er der Volvo er marknadsleiar for andre år på rad.

Det er klart det blir ei utfordring å halde ein marknadsdel på rundt 20 prosent, som vi har hatt siste åra. Men det er eit håp og eit mål! Frank Kirkebø

Og at Volvo legg merke til Sogn og Fjordane er det liten tvil om. Ser du på den nye reklamekampanjen for nye Volvo V40 Cross Country vil du kjenne att fylket vårt. – Dei var og tok bilete både på Jølster, i Gloppen og i Vågsvåg. Mesteparten av bileta til kampanjen er teke her på Nord-Vestlandet, smiler Kirkebø.

Lys framtid. Kirkebø seier det ser lyst ut for bilbransjen framover også. – Totalt har bilsalet lokalt hatt ein liten oppgang frå same periode i fjor, og dei fleste importørane trur på omtrent same volum som i fjor. Vi ligg nesten på nivå med i fjor så langt, men det har vore trøbbel med leveransane ein periode. Elles ser det veldig bra ut. Vi ser lyst på framtida. Bil må folk ha, det kjem stadig nye modellar og framskritt, og meir miljøvennlege bilar. For bilbransjen er den største utfordringa faktisk å få tak i bilmekanikarar. Og ikkje fordi det ikkje blir utdanna mekanikarar, men fordi dei ender i oljeindustrien. – Kjem du ut av yrkesskulen i dag med mekanisk bakgrunn er du særs ettertrakta i oljen, og vi andre klarar ikkje å konkurrere på løn. Skulle ein det ha gjort måtte prisane på teneste auka monnaleg, og det tvilar eg på marknaden tåler, seier han og fortel at ein god teknikar er eit konkurransefortrinn dei satsar på. – I løpet av året innfører vi personleg serviceteknikar. Kunden får sin eigen mekanikar, som han har direkte dialog med, bestiller time av og blir følgt opp av. Det er eit konsept vi har stor tru på, seier han.

Dansani Special Collection//

STIL OG STYRKE kr

16.545,-

Nå kr

12.409,-

VÅRKAMPANJE

-25%

kr

23.030,pris uten høyskap

MARS - APRIL

Spar kr 4.136,-

Nå kr

17.273,Spar kr 5.757,-

100 CM HVIT MATT / 101 CM KANTATE / SPEILSKAP

NÅ KUN! Komfort-pakke

VELG PRAKTISK TILBEHØR

+ kr 1.110,-

Supplere Dansani Special Collection med praktisk tilbehør. Du kan velge mellom en Komfort-pakke eller en Luksus-pakke.

Luksus-pakke + kr 3.210,100 CM CEDAR GREY / 101 CM KANTATE / SPEIL

16

KOMFORT-PAKKE. Du får romdelere i heltre eik og gummimatter. LUKSUS-PAKKE. Du får i tillegg til Komfort-pakken LED-belysning og stikkontakt.

TLF. 57 72 55 90 - VAKTTLF. 992 13 790 BESØKSADR. FLOVEGEN 4, 6800 FØRDE www.comfort.no - firmapost@dale-ror.no


FM express

Mest lest i fylket

- endeleg heime

FM Følg oss også på

Byggjeplanar? Vi tilpassar bustaden til ditt behov Hos VestlandsHus kan du velje mellom 43 hustypar – frå dei ultra moderne til dei praktfulle. Finn du ikkje noko for din smak, så skreddarsyr vi bustaden til dine ønske. Bestill GRATIS huskatalog på vår nettside www.vestlandshus.no eller ta direkte kontakt med næraste forhandlar for meir informasjon.

Gratis utlån av radonmålar I samband med at det er gitt pålegg om radonmåling av utleigebustader, lånar Huseiernes Landsforbund ut elektroniske radonmålarar til sine medlemmar gratis. Bestilling på e-post: sognogfjordane@huseierne.no eller ved tekstmelding til 954 95 555. Husk å opplyse namn og medlemsnummer.

Be st ill ka ta log

Din lokale forhandlar:

VESTBYGG GRYTØYRA Telefon 57 73 72 60 / post@vestbyggas.no

Målar kan etter avtale hentast på følgjande stader: • Sandane: HL sitt kontor i Grandevegen 5 (2. etg.), tlf. 954 95 555

VESTLANDSHUS FLORØ Telefon 57 75 21 70 / vestlandshus@flora.online.no

• Sogndal: IF skadeforsikring v/Sæle assuranse, Parkvegen 13, tlf. 57 65 29 60

VESTLANDSHUS MÅLØY

• Førde: IF skadeforsikring v/Fjord Forsikring, Hafstadvegen 29 (3. etg), tlf. 908 98 805

VESTLANDSHUS STRYN

Målar vil bli lånt ut med ei lånetid på ei veke. «Fyrste mann til mølla» vil gjelde med venteliste.

Telefon 95 72 22 52 / roger@solvberg.as Telefon 57 87 62 00 / endre@solvberg.as

BTHUS AS FØRDE Telefon 91 66 17 00 / rk@bthus.no

VESTLANDSHUS SOGN,KAUPANGER, Medlemsskap i HL kostar kr. 460,- per år. Informasjon om HL finn du på www.huseierne.no

Telefon 57 67 33 88 / post@vestlandshus-sogn.no

17


Førdianar i førarsetet <<

Frydenbø Bilsenter i Åsane tilsette nyleg førdianaren Kristian Valaker som dagleg leiar. TEKST: Roy Sunde

Med det vendte Kristian tilbake til bransjen han trivast best i. – Eg byrja karrieren som bilmekanikar hos Sunnfjord Auto i Førde. Så byrja eg med sal, og seinare vart eg dagleg leiar hos Førde Bil Partner AS. Etter kvart enda eg som distriktssjef i BP Fuels & Lubricants AS i Bergen, men det var alltid eit mål å vende tilbake til bransjen eg kjenner best, seier Kristian. – Frydenbø Bilsenter AS var

kunde av meg i BP Fuels & Lubricants AS, så eg vart kjent med den fantastiske kulturen og entusiasmen deira. Når sjansen baud seg til å vere med å drive ein av dei største Volvo-forhandlarane i Norge var valet lett. Og målsetnaden klar. – Å ha dei mest nøgde kundane og ditto eigarar. Elles lev eg etter Kardemommelova: Man skal ikkje plage andre, man skal vere snill og grei. Og for øvrig kan ein gjere som ein vil.

Bergens-adresse, men Førde-sjel. Kristian har sterke røter i sal. Så det er ikkje rart han vart «bilseljar»: Familiebedrifta Valaker AS starta som musikkforetning i 1972. I 75 utvida dei til radio og fjernsyn, og vart fylket sin største

radio- og TV-butikk, som i 40 år prege handelen i Førde. – Kvifor flyttar ein førdianar med så sterke røter og identitet til Bergen? – Eg vil alltid vere førdianar og eg elskar byen min! Men eg er gift med ei frå Bergen, som ville vi skulle prøve å bu i byen. Eg er entusiastisk av natur, ein pådrivar, og såg høve til å utvide søket mitt etter utdanning og nye erfaringar, slår han fast og legg til. – Det skadar ikkje at eg elskar å vere på sjøen med familien, og er bitt av toppturbasillen. Bergen er fint for begge. Eg nyt late dagar på sjøen med Charlotte og våre to barn, samtidig som eg kan trene målretta mot motbakkeløp i 2013, avsluttar han.

NIOXIN - eit produkt som hjelper mot håravfall og tynt hår.

Vi hjelper med å finne det rette produktet for akkurat deg.

PAKKE MED 3 PRODUKT 259,-

18

KLIPP FARGE BRUD STUDENT RABATT DROP IN EXTENSIONS MAKE-UP Besøk vår facebookside Fresh Frisørsalong

Hafstadvegen 34 | 6800 Førde Timebestilling 47 70 73 80


VURDERAR DU SYNSOPERASJON? Ønskjer du å sleppe briller eller linser i kvardagen, men er usikker på om du er ein ideell kandidat til slik behandling? Synsklinikken på Sandane har brei erfaring innan synskirurgi. Ei forundersøking vil gje deg ei grundig undersøking av auga dine, og på bakgrunn av den kan vi rettleie deg vidare. Vår laserkirurg er den fremste på sitt felt i Norden, med flotte resultat. Ta kontakt i dag for ein prat om syn - vi har kort ventetid på forundersøking.

Vi opererer nærsynte, langsynte, skeive hornhinner, alderslangsyn og grå stær. Vi har kort ventetid på grå stær-behandling!

Tilknytta kirurgar: dr.Thilesen, dr.Plesner, dr. Meberg

Pb. 122 | 6781 STRYN | Tlf.: 578 72 000 Telefaks: 578 72 017 | jon@lars-kveen.no www.kveenmotor.no

Sogn og Fjordane Synskirurgi, Sørstrandsvegen 9, 6823 Sandane Tlf.57 86 74 00 • www.synskirurgen.no

Veggplater

Baderomspanel

Slipp kreativiteten løs!

pr. kvm, priser fra

Velg dine farger og mønster.

118,-

Kombiner forskjellig design å få et lekkert baderom.

Parkettgulv

Laminatgulv

Vi hjelper deg!

Hvit Eik 3-stavs, 14 mm pr. kvm

Eik Elegance, pr. kvm

258,-

98,-

Neumann Bygg AS

Flovegen 5

Tlf. 57 82 85 00

foerde@neumann.no

Åpningstider: mandag - fredag kl. 07.30 - 16.30

19


Foto: Trond Sagen

Bil-, båt- og fritidsmessa

Berre Digg Etter eit års pause er Båtmessa i Florø tilbake, i betre og større format. Messa omfattar det meste som har med motor å gjere. TEKST: Roy Sunde

– Vi har køyrt båtmessa i ein del år, og det har vore suksess. Men etter kvart innhenta finanskrisa båtbransjen, så i fjor måtte vi avlyse messa på grunn av for lite påmelding, seier Stein Kjetil Holvik, som var ein av arrangørane av båtmessa.

Breiare og betre. Folk sakna båtmessa i fjor.

20

– Folk tok kontakt og ønskte at messa vart teken opp igjen. Men då måtte vi fornye konseptet. I den samanheng kom eg i kontakt med Rein Design (Tidligare Inform Media) som har arrangerer fleire bilmesser i Førde. Dei driv eventselskapet Rein Moro. Saman har vi skapt ei

breiare messe. I år blir stort sett alt som kan startast og køyrast representert på Bil-, båt- og fritidsmessa Berre Digg i Florø, 25.-26. mai, seier Holvik. – Vi ønskjer eit breitt spekter av produkt og opplevingar knytt til det folk tenkjer på når det gjeld ferie og fritid også. Hovudvekta ligg på motor, men det blir langt breiare enn båt og bil: Alt frå bubil, MC, firehjulingar, traktorar og meir til. Sykkel også for den del, og gjerne leverandørar av vogntog også, smiler Ole Jonny Klopstad i Rein Moro. – Kanskje blir det eit kveldsarrangement på kaia også.

båtane, og vil i tillegg også ha ein del båtar på land. – Arealet på messeområdet blir på mange tusen kvadratmeter. Vi tek i bruk stort sett heile kaia der og lagar eit miljø der folk kan gå rundt og kose seg. Vi håpar på eit yrande liv, både på messa og i Florø by, og at folk kjem til maritime Flora på ei tid det er særdeles flott på kysten. Våren er ei flott tid på kysten så her er det berre å hive seg rundt, seier Ole Jonny. – Forventingane er store: Vi ønskjer å skape fylkets største messe. Vi håpar og trur på rundt 4000 besøkande, seier Holvik og Klopstad.

Ny arena. Båtmessa har vore arrangert på Florevika Gjestebygge, men i år er messa flytta til kaia der skyssbåttrafikken går. – Og gjestebrygga er fristilt for tilreisande som kjem til messa i eigen båt, seier Holvik. – Det har vore veldig god påmelding. Vi trudde vi skulle klare oss med den brygga som ligg der, men den vart for liten. Vi må utvide den med cirka 60 meter for å få plass til alle påmelde

Ein smak av kysten. Men det er ikkje berre kjekke ting med motor dei har å by på. – Vi har fått med oss Sveen-familien som sel laks, og Hjortefarmen – begge med tilhald på Svanøy, til å komme til Florø for å selje mat på messa. Slik får dei som kjem på messa ein smak av kysten, seier førdianaren Holvik som bur i Florø, og florøværingen Klopstad som bur i Førde.


GLK. Karaktersterk som få.

Det gode vertskapet

PÅSKETAPAS I RESTAURANT LAXEN Påskeaftan har vi tapas til forrett, bacalao samt lammelår og entrecote til hovedrett, og ein stor deilig dessertbuffet.

Nye GLK 4MATIC frå kr 605.000,AMG Sportspakke - veil. kr 39.550,- Teknikkpakke - veil. kr 35.800,-

No kun

19.900,-

• AMG stylingpakke • Delskinnseter • 19” AMG alu.felgar • Girskifthendler • Sportsunderstell på rattet • Aluminium takrails • Svart taktrekk

No kun

Alt dette, inkl aperitif og inngang til 80-tallsfesten med bl.a. Turbostipend: kr 475 pr pers. Bestilling – 57 83 40 31

19.900,-

• Parktronic • Tilhengarfeste • ILS bi-xenon

Pris inkludert levering Førde. Forbruk blanda køyring: 0,55-0,86 l/mil. CO2-utslepp: 143-199 g/km. Bildet kan avvike frå tilbod.

Velkommen! www.rica.no/sunnfjord Rica-Sunnfjord-Hotel-Spa

Bilhuset Førde, Øyrane 6, 6800 Førde, Tlf. 57 72 41 00, www.bilhusetforde.no

DITEC-KAMPANJE 4900,*

kr (ord. kr 5500,-)

Gratis leigebil medan bilen er til behandling. Du får også ein gratis bilvask som kan nyttast etter DITEC-behandlinga. Kampanjen varer ut april.

Antirustbehandling

Visste du at nye bilar ikkje er behandla for norske forhold? Tectyl er den beste sikring mot slitasje på understellet og er noko alle bilar treng.

Hos oss får du gratis understellskontroll

*) Gjeld personbil

www.inform-media.no

DITEC lakkbehandling

Polering er noko ein bør gjere minst to gonger i året for vedlikehald av bilens lakk. Tar du derimot ei Ditec-behandling slepp du å polere fleire gonger i året. Ditec beskyttar mot steinsprut, vegsalt, kulde og sol. Og den beheld lakkens glans. Du kan lese meir på www.ditec.no

Utvendig vask

kr

Innvendig vask

kr

Polering

kr

250,1050,1400,-

Vi utfører: Utvendig vask, innvendig vask/rens, polering, frontruteskift, solfilm, Ditec lakkbehandling og Tectyl understellsbehandling. Alle prisar gjeld personbilar.

BILPLEIEHALLEN Halbrendsøyra 6 • 6800 Førde • Tlf. 99 30 22 20

Følg oss på Facebook

www.bilpleiehallen.no

21


TRENING

Min lidenskap for sunn og god mat, samt trening kan du lese meir om på Facebooksida mi: Fit4Fitness.

med Ingeborg Sol Fure

Løft deg sunn! Styrketrening er i vinden om dagen og vektromma på treningssentra er fulle. Ikkje av brølande, sveitte testosteronbomber, men av jenter med hestehalar og rosa treningstoppar. Kroppsidealet er ikkje lengre ei tynn og bleik Kate Moss, men heller sterke og sunne jenter som fitnessmodellen Andreia Brazier og norgesmeister i bodyfitness, Kristine Weber. Eg byrja å trene styrke for ca eit år sidan. Eg hadde fram til då omtrent berre trena gruppetimar og gått fjellturar for å halde meg i form. Eg hadde lyst å prøve noko nytt, så eg drista meg ned i styrkerommet på Spenst. Eg må erkjenne at eg var litt utilpass og visste ikkje heilt kva eg dreiv med: Eg løfta litt her og litt der. Det virka som gutane der nede var glade for kvinneleg selskap dei kunne tøffe seg for, og det tok ikkje lang tid før eg fekk råd om både belastning og løfteteknikk. Eg kjende meg med eitt som ei 12 år gamal jente som var med storebror på trening. Eg var gira på å lære og eg likte det! Den barnslege iveren over å kunne løfte tunge vekter gjekk raskt over i konkurranse om å ta fleire reps eller løfte tyngre enn eg gjorde sist. Dette gav resultat! Når dette er sagt er eg sjøverklært tilbakeståande, for eg driver ofte ting eg liker til det ekstreme. Så det kom ikkje som noko overrasking på mannen min då eg bestemte meg for å stille i bodyfitnesskonkurranse med ti veker å komme i form på. Du kan lese om korleis dette gjekk på bloggen min: fit4fitness.blogg.no.

22

KVIFOR STYRKETRENING? Det som trigga meg var at eg raskt auka i muskelmasse og styrke samtidig som eg såg at feittprosenten min tikka nedover. Eg skjøna at eg lettare kunne forme kroppen min som eg ønska ved å trene styrke kontra kondisjonstrening. Men eg skjøna óg at eg måtte trene tungt. Du klarer nemlig ikkje å bygge musklar om du ikkje tek skikkelig i! Den siste repetisjonen skal være så tung at du må gjennom ein indre kamp før du tek den. «Klarar eg det? Klarar eg det ikkje?! Eg er så sliten…! Eg er ikkje SÅ sliten! Kom igjen, gjer det! Eg KLARAR det!! KOM AN!!!» Du kvinner deg opp, trekker pusten djupt og så kjem «Eye of the tiger» dundrande i øyra dine akkurat tidsnok til å gje deg puffen du treng. Som ved eit mirakel pressar du deg opp den siste knebøyrepetisjonen. Det kjennast ut som brystet skal eksplodere i rein lykkerus, du klarte det!! Adrenalinet brusar om kapp med mjølkesyra i låra dine, og beina kjennast ut som dei er fylt med gele. Det er den kjensla og den repetisjonen som er avgjerande for framgangen. Det er også dette som gjer at du kjem til å elske å trene styrke. Fordi du alltid kan setje deg mål som er mogleg å gjennomføre

og kan klappe deg sjølv på skuldra etter kvar økt. Men eg håpar ingen ser på meg når eg tek den siste repetisjonen, for det er ikkje eit ansiktsuttrykk som er eigna for profilbilete på Facebook, for å seie det mildt. MUSKLAR VEG MEIR ENN FEITT! Både ja og nei. Eitt kilo feitt og eitt kilo musklar veg naturleg nok det same. Men eitt kilo musklar tek mindre plass i kroppen din enn eitt kilo feitt. Du ser difor mindre ut om du aukar muskelmassen din og reduserer feittprosenten. Eg har same vekta som før, men med meir musklar og mindre feitt. Det er ei myte at jenter vert store av å trene tungt. Jenter har ikkje same testosteron-nivå som menn, og byggjer derfor musklar på ein annan måte. For å bli «stor» må du trene blytungt i årevis med både kalorioverskot og inntak av preparat som det snakkast lågmælt om, som ikkje seljast lovleg over disk. Kvinner har naturleg høgare feittprosent enn menn og ser derfor mjuke og feminine ut sjølv om kroppen er stram og muskuløs. FØREBYGGING AV SJUKDOMAR. Ikkje berre ser du betre ut med ein stram kropp kontra ein slapp. Styrketrening har òg ei rekke helsemessige fordeler som er verd å merkje seg. Trener du tungt nok kan du førebygge beinskjørhet fordi styrketrening òg aukar beinmassen. Sterkare musklar gjev også meir stabile ledd og mindre risiko for skader om du skulle være uheldig å skli på glattisen. Smerter i musklar og ledd avtek når du vert sterkare. Eg var lenge plaga med ei vond skulder, noko som har vore fråverande det siste året. Styrketrening har òg vist seg å ha ein positiv effekt på ei rekke livsstilssjukdomar, blant anna type 2 diabetes. Menneske med hjarteproblem er anbefalt å trene tung styrketrening med få repetisjonar. Når ein vert sterkare vert ein òg meir uthalden og dei dagligdagse oppgåvene går lettare. Forutan dette kan mange, inkludert meg sjølv, melde om betre søvnkvalitet, betre mental helse og fråvær av ryggsmerter. TREN ENKELT! Styrketrening passar for alle uansett form og alder. Det fine med å være fersking i styrkesalen er at du kjem til å ha stor framgang den første tida. Når musklane får stimulans og motstand dei ikkje er vant til veks dei fortare enn dei som har trena lenge. Dette inneber som sagt at du må trene tungt nok. Det er sjølvsagt individuelt kva «tungt» vil seie, og det er ikkje så lett å vite kva ein skal stole på av velmeinande tips frå vener og treningspartnarar. Mitt råd til dei som vil byrje å trene styrke er difor: få deg ein rettleiingstime på senteret der

du trenar. Det er som regel gratis. Dei vil setje opp eit treningsprogram med enkle øvingar som passer deg. Hald deg til dette programmet, men auk gjerne belastning i form av litt tyngre vekter eller fleire repetisjonar kvar veke. Etter 6-8 veker kan du be om ny time der du kan få justert programmet og få nye øvingar. Det mest fornuftige er å starte med eit heilkroppsprogram som du trener 3 gongar i veka. Eg svergjer til frivekter med stang og manualar og trener stort sett berre store muskelgrupper. Mine favorittar er øvingar som markløft, strak markløft, benkpress, chins, dips, djupe knebøy og roing. Dette er øvingar som er enkle om ein lærer seg teknikken


Foto: Kristin A. Oldeide, Studio Glimt.

Jenter har ikkje same testosteron-nivå som menn, og byggjer derfor musklar på ein annan måte.

grundig. Bruk difor dei første øktene på å terpe på teknikk før du legg på vekter og tar i det du maktar! Hugs at din største konkurrent ikkje er dama som tar knebøy ved sidan av deg. Utfordringa di sit mellom øyrene dine, det er deg sjølv du skal presse. Får ikkje kroppen nok motstand vil den ikkje svare deg ved å vekse. Du er nøydd til å bite tenna saman og ta den siste repetisjonen som du i utgangspunktet ikkje trur du klarar. Kom igjen! Last ned Eye of the Tiger og løft som eit beist!

23


24

Else Marie Skår ønskjer velkommen inn på Fossen Bryggeripub.


Fossen Bryggeripub – god mat og ditto øl I skuggen av Dalsfjordbrua har Gulating Bryggeri og Fossen Bryggeripub slått rot. Målet er å servere deg eigenproduserte brygg, anna kvalitetsbrygg, og særs god mat.

Folk prøver ulike sortar og blir stadig meir oppteken av å smake nytt, spør og grev, og følgjer med på Facebook-sida vår om kva vi har tilgang på, seier han og fortel om ein meny som skiftar ofte. – Kvar fredag får vi inn i nye og spennande øltypar. No har vi fem faste eigenprodusert øl, og lager nye heile tida. Eg eksperimenterer mykje, og har masse godt oppi av gode råvarer. Då blir det bra, seier han med glimt i auga, og meiner at verre er det ikkje. – Eg likar å lage øl med ein god del bitterleik, av den sitrusaktige sorten. Den typen smakar har skapt ein ølrevolusjon siste åra. Folk blir stadig meir opptekne av kunst, kultur og opplevingar. På øl har folk tilnærma seg på same viset som med vin når det gjeld smak og mangfald, seier han og gjev den hemmelege ingrediensen: – Mykje kjærleik, og eksperimentering, seier han og tappar eit av sine øl til prøvesmaking. – Dette er Apekatten! – Vi prøver å ha kule namn på ølet, seier Else Marie og smiler av spørsmålet om ein blir apekatt av det også.

TEKST OG FOTO: Roy Sunde

Tilreisande. – Vi har mykje besøk av dei lokale,

Rolf Ivar med eit glas «Apekatt».

– Folk har støtta utruleg godt opp om oss, i større grad enn vi trudde. Mange snakkar om Dale før og etter Fossen, seier Else Marie.

Danningsreise. – Som ølbryggar er eg glad for at folk drikk meir enn berre pils. Cardinalen Pub & Bar i Stavanger har Norges største ølutval, med rundt 400 typar. Vi har 100, og det er bra i vesle Dale. Vi har samla glas i årevis, frå alle moglege land, som vi tok med inn i drifta. 75 av øltypane kan serverast i glas frå bryggeriet som har laga ølet. På Cardinal er 50 prosent av salet pils. Hos oss utgjer pils berre 25-30 prosent.

men også folk frå kommunane rundt oss. Dale i seg sjølv er nok for lite, men det er mange som gjerne køyrer 45 minutt for å komme hit i helgene. Vi gler oss til brua kjem, og det gjer dei i Askvoll også. Den blir ein viktig faktor for oss, og for HAFS-regionen. I små bygder er det viktig at vi vitjar kvarandre og nyttar oss av tilboda som finst, seier ho. – Men vi kjem nok til å sakne arbeidarane som har sitt virke på Dalsfjordbrua. Dei er gode kundar, seier Rolf Ivar, nett i det seks-sju av dei omtale arbeidarane kjem innom. 40 minutt seinare går dei nøgde heim igjen. – I sommar var det ein god del båtturistar her. Vi har dessverre ikkje ei skikkeleg gjestebrygge, det skulle vi hatt, seier Else Marie og fortel om kreative måtar å nå ut på. – Vi har laga ein pakke for Førde-folk. Første fredagen kvar månad går det buss tur-retur Førde-Dale. I tillegg til transport får du ølsmaking, foredrag og middag. Det er berre å sette seg på bussen, så ordnar vi resten. Du er fri til å nyte gode smaksopplevingar, smiler ho.

<<

I eit gammalt næringslokale mellom ferjekaia og Enoro (tidlegare Elis) sine lokale i Dale finn du Fossen Bryggeripub og Gulating Bryggeri. Frå gateplan går du ned ei trapp, og finn deg sjølv i eit moderne, triveleg lokale, med ein peis som hjarte i ei blanding av småbord, langbord og ståbord. Og ein bardisk med eit imponerande tal ølsortar. Bak står ekteparet Rolf Ivar og Else Marie Skår. –Vi ville til Fjaler og byrja å planlegge dette for eit par år sidan. Vi likar ikkje å ha nokon over oss, så vi tenkte vi måtte starte noko sjølv. Begge er glade i å gå ut og kose seg med god mat og drikke, og Dale mangla eit slikt tilbod. Vi dreiv ein Peppes-restaurant i Larvik i ti år, så vi hadde erfaringa. I tillegg vaks Rolf Ivar si interesse for ølbrygging, seier Else Marie Skår. – Når han går inn i noko gjer han det med hud og hår, så vi hoppa i det! Og Dale vart ein bryggeripub rikare. – Vi satsar på eigenprodusert øl, godt øl frå andre leverandørar, vestlandstapas og kvalitetsmat av lokale råvarer. Eg ønska å satse på ordentleg god husmannskost: Frå raspeballar på torsdagar, til fersk torsk rett frå havet og vilt. Du får ikkje kjedeleg pommes frites eller junkmat her. Vi fokuserer på kvalitet, oppleving og nye smakar. All innreiing og utsmykking er laga lokalt, eller av lokale krefter, seier ho. – Vi ønskjer å gje folk noko unikt på ølfronten òg. Vi har pils som Carlsberg, fordi dei unge vil ha det, men prøver å «oppdra» dei, smiler Rolf Ivar og seier dei har blitt godt teken i mot. – Eg fekk ein kommentar i starten om at viss Fossen skal gå bra, då må alle her bli alkisar, ler Rolf Ivar. – Men drifta har gått mykje betre enn vi trudde.

25


Hjartet i Gulating Bryggeri.

<<

26

Glad i øl – med sjel. Rolf Ivar er glad i øl. Men ikkje så glad i det masseproduserte. – Dei store merka kontrollerer butikkhyllene med marknadsmakt. Det er hardt for mikrobryggeria å komme inn på butikkmarknaden, sjølv om politikarane ofte er velvillig innstilt til lokalprodusert kvalitetsøl. På Vinmonopolet går det greitt, men det er langt verre å komme i butikkhyllene. Sjølv Den Nøgne Ø slit der, seier han og synest det er trist, for folk er eventyrlystne og har lyst til å prøve nye sortar, om dei får høve. – Ser ein på utvalet i butikkhyllene skulle ein tru folk berre ønskjer pils frå større bryggeri. Det stemmer jo ikkje. 70-80 prosent av salet vårt er pale ale. Folk kjem ikkje hit og drikk Pale Ale for å vere greie, men fordi dei vil ha nye opplevingar og ulike smakar. Og der ligg Gulating sitt fokus. – Vi har 14 typar amerikansk pale ale her. Det

er unikt, eg trur ikkje det er mange pubar her til lands med fleire. Øl skal gje ei smaksoppleving, ein skal ikkje tenke på det som berre ein rusgjevar. Pils har utruleg stor del av marknaden. Vi sel ein del pils her, men mange vel spennande sortar med mykje smak og humle. Norsk pils er ok, amerikansk er kjedeleg. – Eg mislikar at Hansa og Ringsnes kontrollerer hyllene i butikkane. Difor boikottar vi dei her på Fossen Bryggeripub, gliser han. – Dale er lite, men her er Gulating større enn Hansa. Slike kilevinkar har eg lyst å dele ut for eksempel i Førde. Då byrjar det å bety noko, seier han og fortel at mikroøl er lite i høve potensialet. – I Norge er marknadsdelen ein prosent! I USA er den til samanlikning 10 prosent.

Vekst og flaskeøl. Som for så mange andre byrja ølbrygginga som hobby.

Øl skal gje ei smaksoppleving, ein skal ikkje tenke på det som berre ein rusgjevar. Rolf Ivar

– Der har eg dels lik bakgrunn som mange andre som driv mikrobryggeri i dag. Eg byrja på heimebane, som hobby, så vaks interessa gradvis. Som siviløkonom har eg nok meir forretningserfaring enn mange av dei andre, og går fram på litt anna vis. Eg har brukt langt tid på å planlegge forretningsmodell, marknadsføring etc. Dei andre er opptekne av å brygge godt øl. Det er eg og, men også av å lage ei bedrift og eit produkt som verkeleg kan vekse og bli stort. For målet er vekst, på fleire arenaer. – Det byrja med at kona ville ha pub og eg tenkte bryggeri. Målet er eit produksjonsbryggeri som sel øl til butikkar, Vinmonopolet og skjenkestadar, seier han og fortel kvifor dei byrje med bryggeripub. – Her treng vi berre skjenkeløyve. Skal du selje i butikk må du ha løyve frå Helsedirektoratet, og eigne lokale, seier han og deler ein draum. – Eg har lyst å overta Dale Skofabrikk. Dei har eit lite utsal som kunne vore nytta til ølutsal. Eg har tru på den måten som Den Nøgne Ø driv på: Å vekse, utan brenne av krutet. Tek ein steg for steg tener ein mindre, men brukar mindre også. Eg byrjar lokalt og bygger meg gradvis opp. Ein har døme på etablering av mykje større bryggeri frå start, som Lervig i Stavanger, men dei taper pengar. Når ein bryggar små batchar med øl er ein friare til å eksperimentere. Eg bryggar så lite at eg kan hive om det er mislykka. Lagar du 10.000 liter og ølet ikkje er spennande, har du eit problem. For du skal jo selje det også. Eg kan brygge ofte og leike meg, avsluttar han.


Fossen på Fossen For ein som likar øl er det ei lukke at det finst stader som Fossen Bryggeripub. Ein ting er at dei har godt øl og god mat. Ein annan ting er at namnet er så usedvanleg vakkert. Eg skal ikkje legge skjul på at eg set pris på eit glas øl, og eg set stor pris på at det veks opp mikrobryggeri i Sogn og Fjordane. Det flotte er at dei har kvar sitt særpreg alle saman. Det byrja i Flåm, med Ægir. Så kom Kinn i Florø, Balder i Leikanger og Gulating i Fjaler. Ein passeleg sur fredag ettermiddag tok vi turen til Dale for å teste ut både øl og mat på den omtalte bryggeripub’en med det usedvanleg vakre namnet.Tre og ein halv time seinare reiste vi heim, mette og nøgde. Spesielt godt likte eg pale aleølet Apekatten. Eit friskt og smaksrikt øl som eg hadde sett stor pris på om det kunne blitt selt i ein butikk nær meg.

Menyen på Fossen Bryggeripub er også spennande: Eller kva seier du til sprøsteikt and med krema bær, brassert lammeskank, steikt torsk eller ei korg med spekemat? Berre for å nemne litt av menyen denne dagen.Underteikna og redaktøren sine val fall på høvesvis and og biff, flankert av ei pale ale-øl og Cola Light. Sidan vi praktiserte «Sidan eg køyrer fram, må du køyre tilbake»regelen, vart det redaktøren som måtte ta til takke med Cola Light. Kokken Pedro skal ha all ære for å servere to innbydande og velsmakande rettar. Til dessert klinka redaktøren innpå ei heimelaga, fylt og varm sjokoladekake, medan eg tok ein pale ale til. Begge var nøgde med vala sine. No har eg smakt på Apekatten, og sidan dei har 100 øltypar å tilby, har eg framleis 99 gode grunnar for å avlegge Fossen Bryggeripub nye besøk. Tore Fossen

FLISER Fylkes største utval av fliser

Mange nyheiter i butikken!

cool grey gloss cm 60 x 60 / 24” x 24” white cm 11 x 90 - 22,5 x 90/ 43/8” x 24” - 9” x 36” mosaico architecture C cm 30 x 30 / 12” x 12”

27


INTERIØR

Bjørg Njøsen frå Utvik har ein av Norges mest populære interiørbloggar og lesarar frå heile verda. I anna kvart nummer av Fylkesmagasinet vil ho inspirere og tipse deg om det som rører seg på interiørfronten. Les bloggen til Bjørg her: husetvedfjorden.blogspot.no

med Bjørg Njøsen

Huset ved Fjorden:

Er du klar for fargar? Den store trenden for 2013 er fargar. No står alle dei herlege fargane og trippar og vil inn i heimane våre igjen. I nokre år har mange heimar i Norge vore prega av kvitt og lyst interiør. Misforstå meg rett. Dette kan vere skikkeleg lekkert, men det er på tide med noko nytt. Fargar? Ja, takk! Skal du vere skikkeleg trendy, så går du laus på veggane dine med målekosten. Ikkje berre ein fondvegg, men alle veggane i rommet. Men er du som meg, og ikkje heilt klar for dette endå; så finns det mange måtar å fargelegge heimen din på. At trenden har vore kvitt så lenge er eigentleg ein fordel. For med ein kvit base kan du verkeleg leike deg med fargane. Kvitt går jo til alt.

Det er enkelt å tilføre fargar i eit rom med kvit base. Fargeklattar i form av tekstiler, pynt og småmøbler friskar veldig opp og kan forandre rommet totalt. Fargar er på full fart inn i butikkane denne våren. Så det skal ikkje bli vanskeleg å fargelegge heimen din. Vi har også berre kvite og lyse veggar i huset vårt. For ikkje så mange år sidan var møblar og pynt kvitt hos oss også. Men hos meg meldte det seg eit akutt behov for fargar. Eg begynte i det små med pastellfargeklattar her og der. Og eg var hekta. No finn du pastellar i alle variantar hos oss. Spesielt duse blå- grøn og –gultonar går igjen. Denne våren satsar eg også på nokre innslag av

Å få dei til å fungere i lag utan at det blir «rotete» kan vere ei utfordring. Men for ei lukke det er når det fungerer! VÅRKAMPANJE 1.- 27. MARS

korall, oransje og knallgult for å friske opp det duse. Det er utruleg spennande å prøve seg fram med fargar. Å få dei til å fungere i lag utan at det blir «rotete» kan vere ei utfordring. Men for ei lukke det er når det fungerer! Eg elskar gjenbruk. Den metoden eg brukar oftast for å få fargar inn i huset vårt er å måle møblar og pynteting som vi allereie har, eller som eg kjøper brukt. Ein kjedeleg kommode, krakk eller stol kan bli fantastisk fin med ein ny farge. Det er nesten som å trylle. Og det er ikkje så mykje arbeid som mange trur. Ein god vask, lett pussing, ein vask igjen og eit par strøk med måling og du er ferdig. Grunning brukar eg berre på større møblar, og det har fungert fint hittil. Brukar du vassbasert måling, som no er av veldig god kvalitet, kan du fint sitte i stova og måle. Den luktar lite og tørkar raskt. Eg set meg ofte framfor TV’en om kveldane med tildekt golv og målar i veg. Eg blir så fornøgd når eg ser forandringa: frå kjedeleg til flott. Og eg har eit nytt møbel og fargeklatt, omtrent gratis. Trendfargane i år er mange. Korall, indigo, lilla, gult og smaragdgrøn er nokre. Grunnen til at dei er så varierte trur eg er fordi det er trendy å ha sin personlege stil. Din eigen fargemiks etter din smak. Våg å leike deg med fargar. Husk at det blir aldri feil, så lenge du likar det! God Påske

KVALITETSMØBLAR UTE OG INNE Fylkets beste utval i puter, gardin- og møbelstoff av høg kvalitet

pris

på utvalde utstillingsmøblar og tekstil

Artwood

28

-10% på alt frå

IN-OUT ® by

Sika· Design www .englesson.com

Hafstadvegen 48, 6800 Førde


1

2

3

4

1: Eg har måla ein skjenk i favorittfargen min turkis. Dermed fekk eg eit blikkfang i stova som får meg til å smile. 2: På barneromma til jentene mine har eg utfolda meg med søte pasteller. 3: Friske fargeklatter i form av puter og krakk lyser opp i sofakroken. 4: På kjøkenet har eg forskjellige stoler måla i kvar sin farge. Den gule stolen saman med påskeliljene gjer meg påskestemning.

29


Vi får deg

påskeklar 2

1

3

5

4

7 6

9 8

Modell: Sandra C. Hove Hatlestad Kle og utstyr frå Din Sport

1. Tilbords: Sitrus spray kr 179,- 2. Kremmerhuset: Reingjeringsboks kr 169,3. Narvesen: Påskegodt 4. Marcel: Smykke kr 299,-. 5. Glitter: Solbriller kr 79,90. Brilleetui kr 79,90,6. The Body Shop: Firming & toning gel-cream massager kr 379,- SpaFit toning massage oil kr 289,7. CityBag: Samsonite New S’cure 102 ltr. kr 1899,- 8. Økonomisko: Sko kr 299,-. 9. Arkja: D.W.R Raincoat kr 1499,-

Største kjøpesenteret mellom Bergen og Ålesund • Over 50 butikkar • 550 gratis parkeringsplassar • 4 restaurantar/kaféar • Leikeland Opningstider: Kvardagar: 10-20 (21) Laurdag: 10-16 (20)

Nokre butikkar har andre opningstider.


inform-media.no

Trendy i vårsolen Hos Brilleland finner du et bredt utvalg

erke Nytt m e! i Førd

solbriller fra 199,- opptil 1999,Største kjøpesenteret mellom Bergen og Ålesund Retroflørt

Blått – det nye sorte SKO • dna • EuroSko • Økonomisko

Lek med farger

Big & bold

MAT, DRIKKE OG KIOSK • Spar • Napoleon Conditori • Deli Vita • Narvesen • Peppes Pizza • Vinmonopolet • Bambus OPTIKK, UR OG GULL • Bjørklund • Mestergull • Brilleland

Solbriller med styrke fra 799,-

Handelshuset Nord2. etg. Tlf 57 82 15 37

Handelshuset, Førde – tlf. 57 72 04 00

Ta vare på huda di i påska

Clarins solpleie for ansiktet - ein komplett serie for alle hudtypar.

Vår kunnskap, ditt velvære.

KROPP OG HELSE • Nikita • Apotek1 • The Body Shop • Sunkost • Trendy frisør • Cosmetique Parfymeri & Spa • Ranels Parfymeri • VITA HUS OG HEIM • Bellis Blomster • Nille • Norli Handelshuset • Kremmerhuset • Princess • Tilbords KLE • Bare Barn • KappAhl • VIC • Marcel • Marcel Sister • Marcel Home • More Woman • b-young • Blend • Arkja Dameklær • Hennes & Mauritz • Jack Jones • Vero Moda • Match SPORT OG FRITID • Ringo • Din sport SPESIALBUTIKKAR • Glitter • Zoo-senteret • Førde Lydsenter • Bagorama • Citybag • CMYK accessories SERVICE • Sparebanken Vest • Posten

Handelshuset Sør, 1 et. • Telefon: 57 82 02 79

www.hhforde.no

...vi har det! HANDELSHUSET


Riksvegfem:

Kommunikasjonskraftpakke 12. april opnar det nye Kommunikasjonshuset Riksvegfem dørene til gratiskonsert med Daniel Norgren, for å feire fylket sin største og ferskaste kommunikasjonsaktør. TEKST: Roy Sunde FOTO: Joachim Vie

Idéen om eit felles namn på huset er unnfanga av Mediebruket og Inform Media. – Inform Media starta sommaren 2001 med ein visjon om å bli ein stor aktør på kommunikasjon. Dei som har starta si eiga bedrift veit at ting ofte tek lenger tid enn ein trur, men etterkvart nærmar vi oss der vi ønskjer å vere. Vi har heile tida vore sterke på design, trykte medium, og ulike reklametenster. Men har ikkje hatt sterk fokus på web, så vi kontakta Mediebruket. Dei er leiande på feltet her i fylket, og no er vi samlokalisert i Kommunikasjonshuset Riksvegfem. Samla tilbyr vi heile spekteret av tenester innan kommunikasjon, seier Ole Jonny Klopstad, som i lag med Tore Fossen grunnla selskapet Inform Media.

Riksvegfem. Mediebruket og Inform Media er separate selskap med ulike eigarar, som både kan samarbeide, eller konkurrere om anbod. Tanken er å skape eit større miljø, som styrkar partane. – To frittståande selskap, samla i eit hus som utgjer eit sterkt kommunikasjonsmiljø, seier Klopstad. – Fellesskapen kallar vi Riksvegfem: Ein paraplyorganisasjon som vil bli ein viktig samarbeidspartnar for næringslivet i fylket. Rv5 er ein viktig akse for næringslivet her i fylket, og det ønskjer bedriftene her på huset også å vere, seier han, og trekkjer parallellar til mediebransjen i Bergen: – TV2, NRK, BT, BA, Vizrt og Universitetet i Bergen flytter saman i MediaCity Bergen, og ønskjer også å ha med seg gründerar, samt småog mellomstore bedrifter innan media. Slik tenkjer vi også: Så om det er nokre der ute som brenn

Denne gang på nett Joachim og Nomi har vore på «topptur»!

32

Nysgjerrig på korleis det gjekk? Sjå fylkesmagasinet.no

for kommunikasjon eller design så er det berre å komme innom for ein prat, seier han. – Vi har eit langsiktig perspektiv, og høve til å utvide lokala om vi treng meir areal. Når ein samlar mindre einingar i eit større fellesskap får ein utvikling og kompetanseheving.

Vekst. Reklamebyrået Inform Media nyttar også høve til å redefinere seg sjølv. – Vi har i prosessen fram til nye lokale sett på vår eiga rolle, og kva vi ønskjer å vere. Difor har vi bestemt oss for å bytte namn frå Inform Media til Reklamebyrået Rein Design for å sette fokus på vår styrke: Design. Vi har også eit stadig sterkare fokus på event. Selskapet Rein Moro skal levere morosame opplevingar: messer, ulike event, kurs og konferanse, blåturar, små og store konsertar og alt anna som kan bidra til trivsel og moro. Rein Design skal også levere journalistiske filmprodukt, dokumentarisk film og reklamefilm. Fylkesmagasinet er òg under Riksvegfem-paraplyen. Samla skal Riksvegfem vere spydspissen på kommunikasjon og design her i fylket. Mediebruket starta i 2009, og har fem tilsette. Selskapet har spesialisert seg på å skreddarsy nettsider og digitale kommunikasjonsløysingar for små og store verksemder. Dei største kundane er i Oslo og Bergen. – Vi opplever ein stor auke i etterspurnaden etter tenestene våre, og kjem truleg til tilsetje eit par ekstra medarbeidarar i løpet av året, seier dagleg leiar Arild Nybø. Mediebruket har satsa på å vere blant dei fremste i landet på publiseringssystemet WordPress, som har vakse til å bli verdas desidert mest utbreidde system for handtering av nettstader. Mediebruket er dessutan eit av få byrå som tilbyr seg å ta hand om heile nettstaden for dei som ønskjer det, det vil seie både programmering og produksjon og oppdatering av innhaldet på nettsidene.

16 personar i Riksvegfem. Rein Design, Rein Moro, Mediebruket og Fylkesmagasinet har til saman 16 tilsette under paraplyen Riksvegfem. – Og alle jobbar med ulike former for kommunikasjon, seier Klopstad og skryt av huseigaren. – Vi byrja i 2001 med to små kontor på 25 kvadratmeter og to tilsette. Storegården ved Anders Storegjerde har heile tida vore ein god samarbeidspartner som har gitt oss rom for å vekse. Han ser at huset har eit potensiale, og har investert mange kroner i topp moderne og flotte lokale. Når du i tillegg har Jølstra som næraste nabo er det lett å bli inspirert og kreativ, smiler han. Gratis konsert. Den offisielle opninga av Kommunikasjonshuset Riksvegfem blir 12. april. – Då feirar vi oss sjølve, og viser oss fram med stoltheit for inviterte gjester. Seinare på kvelden blir det gratiskonsert på Rica Sunnfjord Hotel i Førde, med den svenske bluesartisten Daniel Nordgren. Der kan den som har lyst å komme og oppleve flott musikk og god stemning. Og konserten er gratis, avsluttar Klopstad.


Spesialist pĂĽ gamle klokker, veggur, lommeur og armbandsur.

under same tak

Har klokka di høg personleg verdi, kanskje eit uerstatteleg arvestykke? Treng den ettersyn, reparasjon eller restaurering? Urmakarverkstad i Førde med ekspertise og lang erfaring pü reparasjonar av alle typar ur. Henting og levering etter avtale om ønskjeleg. Gratis fast prisoverslag. 5 ürs garanti pü overhaling av veggur.

Roger Pettersen A/S Offentl. godkjend urmaker

6810 Førde Tlf. 907 32 380 Initiativtakarane til Kommunikasjonshuset Riksvegfem: Frü venstre Arild Nybø, Tore Fossen Ole Jonny Klopstad og Terje Sørbø. Første- og sistemann starta Mediebruket, medan dei to i midten er grunnleggjarane av Inform Media som no skiftar namn til Reklamebyrüet Rein Design.

)5$07,'$6Â&#x2018;.2120,6<67(0

Â&#x2021; )UDPWLGVUHWWD og HIIHNWLYW opplegg for rekneskapsrapportering Â&#x2021; Â&#x2018;NRQRPLVW\ULQJ Â&#x2021; Â&#x2018;NRQRPLVNUnGJMHYLQJ 7OIÂ&#x2021;ZZZUUQR Ta konta kt for tilbo d pĂĽ reknesk apssystem og vĂĽ controlle r r.

SELGE BOLIG SELV?

Oppgjør ved privat salg av bolig - kr. 8.500,-

EIENDOMSMEGLING Trygg omsetning av din eiendom.

Se www.fjordadvokat.no for informasjon om privat salg av bolig.

Ole Rune Torbjørn Døskeland Sognefest Kolüs

Pb. 645, 6804 Førde | Tlf. 57 72 01 00 post@fjordadvokat.no | www.fjordadvokat.no Advokat Ole Rune Døskeland og Torbjørn Kolüs

Alle bilmerke - opptil 7,5 tonn

- reparasjon - vedlikehald - service - EU-kontroll - hjulstillings-kontroll - aircondition-service Vi er med i verdas største og mest kunnskapsrike verkstadkjede. Hos oss für alle bilmerke profesjonell hjelp til hyggeleg pris.

33 â&#x20AC;&#x201C; MED KVALITET OG SERVICE SOM VAREMERKE â&#x20AC;&#x201C;


34


Ein betre kvardag for barna våre TEKST OG FOTO: Roy Sunde

Det er september og eit nytt skuleår. Ein gut står i skuleporten. Terje har budd i Lærdal nokre månadar. Kva tenkjer han? Han er redd med god grunn. Han har fått prylt verdien sin inn med harde slag og ord frå far sin, som og prøvde å drukne han. Første skuleår opplevde han lukka ein god skulekvardag er, elles har skuletida vore vond og prega av mobbing. På ein internatskule kledde elevane han naken og mobba han jamt. Ein stein gav Terje arr for livet på overleppa. Men det er i Lærdal det brest. Etter to veker får Terje med brev heim. Læraren skriv at Terje er evneveik: Ute av stand til å lære bokstavar eller tall. – Han slo det fast utan undersøking eller ein rapport å støtte seg på. Det følgde meg ut skuletida. 20 år gamal kunne eg verken lese eller

skrive, seier Terje Forsberg. Orda er polert av tid, men har ein snert i seg. Du gløymer ikkje tiår av smerte om tida hoppar 50 år. Barndommen hans er ein 20 år lang akselerasjon mot noko forferdeleg.

Fylkesmannen vil ha sjumilssteg. Fylkesmannen har i kontakten med kommunane sett at samhandlinga mellom tenestene er for dårleg. Fylkesmannen i Troms byrja Sjumilsstegprosjektet i 2008. Erfaringane var gode, og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjorde Sjumilssteget til embetsprosjekt i 2012-2014. – For å hjelpe kommunane med å bli flinkare til å sjå heilskap og jobbe på tvers av tenester, men også for å jobbe med dette internt. Målet er saumlause tenester frå embetet til kommunar og frå kommunar til barn/familiar. Betre planlegging og koordinering av offentleg og frivillige organisasjonars innsats skal sikre barn og unges utviklings-, lærings- og omsorgsbehov, seier Line Pedersen Døsen, rådgjevar hos Fylkesmannen Sogn og Fjordane. – Sjumilssteget er eit verktøy for å kartlegge kommunale tenester til barn og unge, basert på artiklar frå FN’s barnekonvensjon. Ein finn kor skoen trykker, blir medvitne på oppvekstvilkåra for barn og set dei på dagsorden. Fokus er å sjå

<<

Mange barn fell mellom sprekkane i systemet. Kvar instans ser ein liten del utan å summere. Å sjå barnet som slit meir heilskapleg er målet for prosjektet Sjumilssteg.

35


Målet er at dei aukar evna si til å sikre at barn deltek i samfunnsutviklinga, og at barn og unge som treng hjelp får tilboda dei treng av kommunen. Line Pedersen Døsen

<<

heile barnet og familien, ikkje berre ein faktor, seier Døsen og utdjupar. – Barn flest klarar seg godt med omsorga dei får heime. Men mange barn har behov ut over det. I dag får ikkje dei gode nok tilbod frå enkelttenester, eller samordna nok tenester. Rapportar viser at ein har utfordringar med å ivareta barn og unge i Norge. Kommunalt ansvar omhandlar heile barndommen, men barnehagar, skular og helsetenesta i kommunane melder i liten grad frå om barn som har det vanskeleg til barnevernet. Ein ser ikkje heilskap og samordnar seg ikkje. Ofte kjem hjelp så seint at enkle tiltak ikkje lenger er nok. Samordna tenester sikrar barns rettar og behov. Gode oppvekstvilkår, førebygging og god helse hos barn er av dei viktigaste ansvarsområda i samfunnet. 25 av 26 kommunar analyserte tenestene sine. Funna deira skal komme til nytte. – Vi håpar Sjumilsstegkonferansen førre veke gav kommunane idear og fagleg påfyll, til å ta tak i områda dei ønskjer å betre. Målet er at dei aukar evna si til å sikre at barn deltek i samfunnsutviklinga, og at barn og unge som treng hjelp får tilboda dei treng av kommunen. Fylkesmannen følg meg og deler ut prosjektmidlar til kommunar med gode prosjekt.

Studentane skal lære samarbeid. Høgskulen i Sogn og Fjordane haustar alt erfaringane av prosjektet. – Vi har årleg eit todagars kurs for studentar frå profesjonsutdanningane på avdeling for lærarutdanning og idrett og avdeling for samfunnsfag: Framtidas sosionomar, barnevernspedagogar, vernepleiarar og lærarar. Eit mål er at studentane presenterer utdanningane sine for kvarandre, får kunnskap om profesjonar sine faglege ståstad, samt faglege og etiske utfordringar profesjonane møter. I sin framtidige arbeidskvardag skal dei jobbe på tvers av faggrupper mot eit felles mål. Då treng dei kunnskap om kvarandre og om korleis ein kan samarbeide. Tverrfagleg samarbeid er eit nødvendig verktøy for å gje barn og unge i utsette livssituasjonar hjelpa dei treng for trygg og god oppvekst. I år presenterte vi Sjumilsteget for dei, seier Berit Marie Njøs, høgskulelektor på barnevernspedagogutdanninga.

– Ein katt ingen eigde. Odd Fredriksen, koordina-

36

tor for Sjumilssteget i Lenvik kommune delte erfaringane med å bruke Sjumilssteget som modell for tverrfagleg samarbeid i sin kommune.

Line Pedersen Døsen

Berit Marie Njøs

– Vi inviterte forfattar Terje Forsberg til å dele erfaringane frå ein hard oppvekst. Han veit kva som skjer når ingen ser barnet, og kva som er viktig for å sjå barn og unge i ein utsett livssituasjon, seier Njøs. Difor er Terje tilbake i Sogn for å snakke til studentar. – Når eg skreiv historia mi 50 år etter kjente eg gufset frå skulen på Tønjum. Eg måtte gå ein tur for å roe meg. Læraren drap noko i meg den dagen, seier Terje og fortel at læraren ikkje bar skulda åleine. – Alle svikta i oppveksten min. Eg var ein katt ingen eigde, og vaks opp i ein heim med ein valdeleg, alkoholisert far. Eg vart mobba i skulen, hadde ingen vener og vi flytta mykje. Ingen stad vi kom tok ein einaste vaksen ansvar. Ei tid budde vi i ein fjøs og haldt på å fryse i hel. Foreldre og samfunn svikta meg totalt! Eit svik 150 kommande vernepleiarar, sosionomar, barnevernspedagogar og lærarar sit i Fossbygget i Sogndal for å lære av. Normalt ville halvparten kika ut vindauget der sola har fått tak, andre drømt om helga. Men merksemda er totalt på den høgreiste karen med fast, mildt

blikk, røseleg kropp og ei buldrande basstemme. Han gjev reine ord for pengane. – Eg skryt ikkje av ein lærar som gjer ein god jobb. Dei får betalt for det, og det forventar vi. Men eg kvir meg ikkje på å seie frå til lærarar som gjer ein dårlig jobb. Etter foredraget kjøper 150 studentar 100 bøker av Terje. Imponerande prestasjon i ei forsamling som nett har fått lommeboka rista av Veka, men ikkje rart. Det er ei sterk historie.

Stadig fleire fell mellom sprekkane. Og ser ein på statistikkar er det ingen grunn til å kvile på laurbær. – Det har aldri vore fleire forsømte barn! 30 prosent av elevane i ungdomsskulen les og skriv dårlig. Mange blir analfabetar og mange slit med mobbing. Likevel er ofte opplegga mot mobbing i skulane papir rektor gøymer seg bak og hevdar dei gjer noko. 100 personar tek livet av seg årleg grunna mobbing! 90.000 er uføretrygda av det. Skuleverket har gjort mange framskritt, men ikkje på desse felta. Då eg vaks opp var alkohol problem. No slit mange unge med narkotika òg. Barn av narkomane har det ofte verre enn nokon. Nar-


FM fylkesmagasinet.no

Mest lese i fylket

Vil du nå kundar i heile Sogn og Fjordane? Då skal du annonsere i Fylkesmagasinet som blir lese av 16.489 nordfjoringar, 22.579 sogningar og 26.692 sunnfjordingar.

Eller kort oppsummert; kvar utgåve av FM blir lese av heile

66.470

*

personar i Sogn og Fjordane Ring Mai-Kristin Tidemansen, tlf. 959 39 997 eller Ole Jonny Klopstad, tlf. 959 39 998 for å tinge annonseplass.

Følg oss på Facebook

www.fylkesmagasinet.no • post@fylkesmagasinet.no • tlf. 959 39 999

*) TNS Gallup si lesarundersøking, okt. 2012

37


Terje Forsberg trivast med å reise rundt og halde foredrag for studentar.

<<

38

komane har ikkje g empati for nokon. Det at 12åringar der ute sel kroppen sin for å skaffe narkotika er eit sterkt signal til barnevernet om at dei har ein veg å gå! Terje rår dei som skal hjelpe til å søke råd på andre sida. – Dei som utdannar og dei som jobbar med barn og unge i felten må engasjere oss som har opplevd slikt! Den som ikkje har kjent det på kroppen veit ikkje korleis det er å vere utsett for omsorgssvikt, mishandla, mobba eller å slite med rus. Skal du snakke med nokon som ikkje skjønner språket ditt trengs tolk. Framandspråklege får det, men ikkje barnevernsbarn, mobbeoffer og andre systemet ikkje ser. Gje dei «morsmåltolk» som snakkar deira språk, og skjønar kvifor dei bannar, agerer ut og er sinte. Barnevernet kan lære av oss som har vore der. Plasser barnevern-, lærarar- og sosionomstudentar i psykiatriske avdelingar, fengsel og barnevernsinstitusjonar i minst eit år av utdanninga for å møte folk på heimebane. Studentar har ofte livet på skinner. Då slit du med å sette deg inn i livet til dei som ikkje har det.

Ein lang opptur. Historia til Terje ender ikkje forferdeleg. Etter 20 år med nedtur byrjar ei spire å gro. Ein dag, på veg for å stele sprit, får han ei religiøs oppvaking. Og byrjar pusle livet i hop. – Eg byrja med å lære å lese, med hjelp frå ei eldre dame. Første bok, bibelen, las eg i løpet av eit år. 3.566.480 ord og eg huskar det meste, smiler han. – Så ABC for førarprøva, som eg og huskar det

meste av enno, smiler han og fortel at han gifta seg, vart malarmeister med eige firma og fekk born. Eit godt liv, sjølv om skulegang mangla. I 1995 vart han diagnostisert med løysemiddelskade. Nevrologen sa han burde trene hjernen. Terje byrja på Artiumskolen. Men sa til skulen at han ikkje kom til å få eksamen. – Eg skjønte jo at eg ikkje hadde evne til å det! Etter 9 beståtte eksamenar og 4 i norsk skriftlig var skulespøkelset dødt. Som 50 åring vart han raudruss, tok Ex. fac og Ex.phil, og gjekk til kamp mot staten i 2003. Han fekk erstatning for tapt barndom og byrja å skrive historia si. – Før eg var 50 skreiv eg som ein andreklassing midt på treet. 57 år gamal skreiv eg sjølvbiografien «Aldri for sent å bli et lykkelig barn», underbygd av kva rådmenn og oppvekstsjefar i bygdene eg budde i sa om meg. I Lærdal skreiv rådmannen at læraren var vel ansett. Dei rekna med eg fekk undervisninga eg skulle og at læraren handsama meg rett. Boka er trykt i åtte opplag, oversett til dansk, pensum på høgskulen i Bergen og vann pris for beste vaksenbok i Østfold. Fire år etter kom «Mannen som ble et lykkelig barn». – Å bli forfattar, utgitt på eit offentlig forlag, var stort for ein tidligare analfabet. Det tok blod, smerte og tårer. Men eg tok livet. Og vart invitert til å halde foredrag på universitet, skular, fengsel, høgskular, Blå Korsheimar og bedehus landet rundt, seier han. Ein skulle tru Terje aldri ville sjå verken Lærdal igjen. Men, han tilgav. – Eg hata Lærdal ei tid, men tok bygda tilbake!

Siste 15 åra har eg vore på Lærdalsmarknaden. Eg er der i år også om nokon vil møte meg, smiler han og hastar vidare for å rekke flyet og neste oppdrag i Halden fengsel. Du får kjøpt bøkene via dei fleste bokhandlarar. Eller du kan sende Terje ein epost på Terjeforsberg@sarpsborg.net

Fakta FN sin barnevernskonvensjon vart vedteken av FN si generalforsamling 20.11.89 og er ratifisert av så nesten alle land i verda. Det inneber at nasjonale styresmakter må følgje artiklane. Konvensjonen er førande for kommunal verksemd, og utforma utan omsyn til korleis land eller lokale styresmakter organiser sine tenester. Det inneber ei plikt til å tilpasse lovgivning og praksis i samsvar med konvensjonen. Sjumilssteget omhandlar utvalte artiklar i barnekonvensjonen: 1. Medverknad. (artikkel 12) 2. God omsorg. (artikkel 18) 3. Særskild vern og støtte. (artikkel 20) 4. Vern mot overgrep. (artikkel 34 og 36) 5. Fullverdig liv. (artikkel 23) 6. God helse. (artikkel 24) 7. God utdanning. (artikkel 28 og 29)


Ferieplanlegging? Vi har Hobby-vogner klare for levering!

Premium 650 UKFe 250 cm breidde

e Tillegg Ald ,kr 19.340

Premium 560 CFe 250 cm breidde

kr 259.000,-

kr 229.800,-

Premium 610 UL Alde 250 cm breidde

De Luxe 650 KMFe Alde m/køysengar. 250 cm breidde

kr 263.600,-

kr 244.400,Alle vognene blir leverte med: • 12 volt m/batteri og ladar • Nye «Slim Tower» kjøleskap • 230v Golvvarme • 230v Ultraheat Garantiar på vogner levert av autoriserte Hobby-forhandlarar: • 2 års garanti på teknisk • 5 års lekkasjegaranti

Premium 560 WLU Alde 250 cm breidde.

kr 259.000,-

Kjempetilbod på utstillingsvogner! DeLuxe 540 KMFe 230 cm breidde

kr 179.000,De Luxe 545 KMF 250 cm breidde.

Før:

199.800,-

City vatn og ktro14 liter ele boiler

kr 189.000,Excellent 560 CFe 250 cm breidde

kr 189.000,-

Før:

209.700,-

Før:

207.700,-

Excellent 560 KMFe 250 cm breidde

kr 189.000,Excellent 560 UKF 250 cm breidde

iing med UKF innre yer og 2 etasjekø g i staden dobbelsen engar lts ke for en

kr 189.000,Prestige 640 FMU 250 cm breidde

Før:

206.500,-

Før:

204.600,-

ition Nordic Ed med ALDE

kr 219.000,-

Før:

245.900,-

Alle prisar levert Førde inkl. frakt, 11 kg gassflaske og lev. omk! Atterhald om mellomsalg.

39 BMW - Mitsubishi – Bruktbilar • Hobby campingvogner og bubilar • Dethleffs bubilar og campingvogner • Fendt campingvogner • Sunlight bubilar


Trygg ferdsel i vinterfjellet! Det skjer ikkje med meg. Slik tenkjer vi menneskje om alle former for uhell og farlige hendingar. Men, det skjer med nokon. Snart er høgsesongen for ski her, påska. Det er også høgsesong for ras! TEKST: Roy Sunde

Boka «Skikompis» viser korleis du kan ferdast tryggare i vinterfjellet. Lær deg å forstå terreng, snø og vêr, slik at du unngår farlege situasjonar. Den gir rettleiing i effektiv kameratredning, om uhellet er ute. Boka handlar om å vere minst to personar på tur. Ferdselsråd,

køyremønster og redning heng direkte saman med terrenget og kor mange som går i lag. Den fortel korleis du skal forstå og nytte skredvarsel. Boka er praktisk og har eit vell av kunnskap og gode råd.

Utanfor oppkøyrte løyper. Ei bok for alle som likar seg utanfor oppkøyrde løyper, driv fjellskiløping, går toppturar eller køyrer offpiste. Kunsten er å finne den tryggaste linja – med den beste snøen! – Boka inneheld blant anna mange gode råd til kjappe testar du kan ta, for å finne ut meir om forholda når du er ute i terrenget, fortel forfattar Christer Lundberg Nes, som meiner det har vore ein spennande og lærerik prosess å skrive boka. Nes kjem frå Volda og er tilsett i Friluftsrådet for Ålesund og omland, med ansvar for skredkurs og opplæring i trygg ferdsel i vinterfjellet. Han er godkjend Tindevegleder UIAGM/IVBV/IFMGA mountain guide, og har brei erfaring frå organisert redning gjennom Norges Røde Kors Hjelpekorps og har hatt godkjend lavinehund i Norske redningshunder. Nes har mange års erfaring som fjellførar i firmaet «SunAlp mountain guides». – Det har handla om å setje ord på det eg gjer ute i terrenget, anten eg er på jobb som fjellførar eller privatperson, seier han.

Alle kan ferdast trygt. – Med Chris-

levande legende i fjellsportmiljøet, grunnla Norges Høgfjellskole i 1967, og er heidra både nasjonalt og internasjonalt for naturvenleg og sikker fjellferdsel. «SKIKOMPIS. Snøskred og trygg ferdsel» kjem ut i samarbeid med Friluftsrådet for Ålesund og omland, og er gitt ut av Selja Forlag.

S

Ri på ka ng b d 57 ile e 83 n? 72 50

ters bok kan alle som ferdes utenfor preparerte og merkede løyper og nedfarter få kyndige råd ut fra sine forutsetninger for våkne vegvalg i snødekket lende. Med denne boken har Christer gitt sitt vesentlige bidrag til fri utfoldelse med Våkne Vegvalg i fri natur. Fare er ikke farlig for den som farer várlig, skriv Nils Faarlund i føreordet til boka. Faarlund er ei

Tlf.: 57 83 72 50 e-post: post@bilskadesenteret-as.no www.bilskadesenteret-as.no

Alt innan tradisjonelle glasmeistertenester • Vi leverer og monterer ulike typar solskjerming til både privathus og foretningsbygg. • Vi leverer alt av dører og vinduer, tilpassa kunden sine ønskjer. • Alle typar gitterportar til vindu-og butikkinngangar.

40

• Vi tek på oss små og store oppdrag med glas- og monteringsarbeid, i alt frå privathus til store forretnings- og industribygg.

• Hjulstilling og bremser Rep. og kontroll av hjulstilling.

• Lakkering Vi lakkerar store og små kjøretøy.

• Klimaanlegg GLASMEISTER

Service, rens og påfyll av AC.

• Skadereparasjon Vi reparerar store og små bilar, med store og små skadar.

• Takst Vi takserar skadar kvar dag, forsikring eller privat.

• Bilglas Reparasjon og skift. Bilskadesenteret våren 2013

Halbrendsøyra 7 • 6800 Førde • Tlf. 57 83 08 50 • www.holvikglas.no

SS BILGLA

Opningstider: Mandag - fredag 0730 - 1600


Dekk-dagar Det er snart tid for å tenke dekkskift. Torsdag 4. april har vi langope til kl 19.00. Laurdag 6. april har vi utvida opningstida til kl 14.00. Opningstidene gjeld ved våre avdelingar i Førde, Stryn og Sogndal.

Hjulskift kr 400,(Gjeld personbil og varebil inntil 3,5T)

NB! HUGS Å BESTILL TIME. Ring oss på tlf. 24 03 18 00 (Førde), 57 87 26 00 (Stryn) eller 57 67 57 00 (Sogndal). Du kan også gå inn på www.berge.no og bestill direkte.

Prøvekøyring av nye og brukte bilar Berge & Co har mange spennande modellar frå Audi, Volkswagen og Skoda. I tillegg har alle avdelingane eit stort utval av bruktbilar i alle prisklassar. Vi vil få invitere deg til prøvekøyring, og i perioden tysdag 2. april til laurdag 6. april vil alle som prøvar bil hos oss bli med i trekninga om fire nye dekk til ein verdi av inntil 7.000 kroner!

Prøvekøyr ein bil, ny eller brukt, i perioden 2. til 6. april og bli med i trekninga om 4 nye dekk til ein verdi av inntil kr

7.000,-

41


Det er ikkje berre glamour i filmbransjen. I blant er det berre hardt arbeid. Men Nils Ole trivast med det.

42


Ein fjording i Hollywood Nils Ole Refvik flytta til USA 19 år gammal, med ein draum om å jobbe med film. TEKST: Roy Sunde

Los Angeles er nest største byen i USA og heim for 3,8 millionar. Med forstadar er talet 17.8 millionar. Mange kjem dit for å lukkast i Hollywood. Ein av dei er Nils Ole. – I 2007 fekk eg høve til yrkesfiske i Alaska med slektningar og reiste over, smiler han. No er han 25 år og lever draumen, men ein draum prega av hard jobbing og lange dagar. Det er mindre viktig enn karrieren han tek stadige steg mot: Filmfotograf. I dag er han 2. kameraassistent. – Det er ikkje enkelt å komme inn i bransjen, men eg satsar her. Lykkast eg i LA kan eg nå toppen. Det trur eg på, seier han og at skilnaden på heime og LA er fallhøgda. – Her er det ikkje noko tryggleiksnett. Har ein ikkje familie som kan hjelpe økonomisk rår eg at ein prøvar seg i Norge først.

AC2: Nils Ole med ein slate.

Utdanning. Mange vil byrje på toppen. Nils Ole ikkje å konsentrere meg. Fokus var film og bilete. Læraren kalla meg den neste Spielberg, smiler han. – Det er eg jo ikkje, men eg er komen lenger enn eg trudde. Eg trudde ikkje at eg 10 år seinare skulle jobbe på prosjekt med verdsstjerner i Hollywood, seier han.

Så nær, men akk så fjern. – To år før eg var ferdig på skulen sende eg melding til Ray Kay og andre suksessrike nordmenn i LA via Facebook. Til stor overrasking svarte Ray Kay. Vi heldt kontakt og i 2010 reiste eg for å møte han der. Det kunne ha skåre seg! Eg inviterte på lunsj, og takka verdas verste trafikk kom eg 30 minutt for seint. Utruleg nok venta han. Eg har aldri vore meir nervøs. Han likte porteføljen min, men som han sa: I LA handlar det om kven du kjenner! I fjor hoppa Nils Ole i det og flytta til LA for å etablere seg som frilansar. – Eg jobbar mest i reklame, musikkvideoar og motefotoshoots, seier han og fortel at kjennskapen til Ray Kay gav jobbar. – Ein som produksjonsassistent for ein reklamefilm med Britney Spears. Eg klargjorde rommet hennar, og brått sto ho der. Eg vart nervøs, men ein må vere proff. Du snakkar ikkje med talentet utan å bli snakka til, smiler han, men eg jobba på eit prosjekt med Don Cheadle. Han er så stor at eg spurte om å få ta bilete med han. Seinare jobba eg på ein Blackberry-reklame. Vi filma Alicia Keys i dokumentarstil i fire dagar. Utruleg strengt med livvakter og PR-folk som vakta ho. Eg tok ikkje bilete med ho, ler han.

– Det er alltid artig å høyre kva stjerne som er på settet, men det viktigaste er at eg likar det eg driv med. Eg blir satt ut i ti minutt om det er folk som har vore involvert i favorittfilmar. Så er dei «vanlege». Ei oppgåve som AC2 er å halde slaten, som hjelp redigerar med å identifisere scener og synkronisere bilete og lyd. Du kjem i blant så nær som 30 cm frå fjeset til stjerna, og eg har jobba på prosjekt med Rob Low, Rascall Flatts, Enrique Iglesias, Nicole Scherzinger, Jaime Pressly , Josh Gad, Efren Ramirez, Jared Evan, Alesha Dixon, Dylan Walsh, Jerry Ferrara, Dr Dre, Pharrell og Seth Macfarlane, seier han. – Ein blir «vant» til stjerner, men LA er spesielt. Eg er takksam for å vere her. Kvar dag føler eg at eg kan nå lengre, berre ein jobbar hardt og set seg mål.

Midt i blinken. Meir i smørauget enn Nils Ole bur kjem du ikkje. Eit 12 etasjers bygg midt i Hollywood. – Oscar-showet var 30 meter frå bygget eg bur i, så vennegjengen samla seg her til Oscar-fest. Eg trefte Oskar-vert Seth MacFarlane veka før, det gjorde det ekstra gøy. Neste år er målet billettar til showet, smiler han. Nils Ole er omkransa av sjåverdigheiter på alle kantar, og turistar. – Eg vurderer å flytte, men her bur eg nær motorvegen, kjem raskt på jobb og kan sove lenge. Nabolaget er relativt dyrt, så eg bur med ein ven og betaler 5700 kroner i månaden. Ein kunne budd billegare. AC2-lønna er 1200-3200 kroner dagen. To dagar arbeid dekkar leiga, så priorite-

<<

har bygd stein på stein med ein fireårig bachelor i film på Fairfield University i Connecticut, nord for New York. – Eg fokuserte på film og vart kjent med dei beste filmelevane. Vi lagde kortfilmar og webseriar. Sjekk «Splinter Cell Extinction» på Youtube, der vi brukte legendariske Al Cerullo, Vietnamveteran og filmbransjens mest kjente helikopterpilot, i ei båtjakt. Eg var filmfotograf i helikopteret, med tre båtar i forfølging. Etter 45 minutt i verdas beste berg og dalbane spydde eg nesten. Det var intenst, ler han og rår andre med filmbransjen i sikte til å ta utdanning. – College gav kunnskap og erfaring, og ein forstår amerikansk kultur betre ved å bu her over tid. Eksamen gjev og eit års arbeidsløyve. At valet landa på film var ikkje tilfeldig. Nils Ole byrja tidleg å leike med levande bilete. – Mor sitt fotoapparat brukte eg ofte. Då eg var 11 år kjøpte vi filmkamera, som resten av familien fekk lite glede av, ler han. – Eg vart fascinert! Det førte til fleire kortfilmar som ikkje var bra! Eg tvang vener til å spele i dei, ler han. Peter Førde ville bli skodespeler og var ofte med. No er han skodespelar i New York. Eg såg mykje film og prøvde å kopiere scener eg likte, utan å vite korleis proffane gjorde det. Digitale media hadde enorm framgang, så eg gjekk raskt frå redigering på VHS til PC. På ungdomsskulen var eg «filmfyren», som mange ville hjelp av til filmprosjekt. Han fortel at film gav noko skulen ikkje kunne gje. – Eg har hatt problem med skulefag. Eg klarte

43


I blant må ein berre: Nils Ole og Rob Lowe

<<

44

rer å bu i og oppleve Hollywood nært, smiler han. Ein tenker på filmbransjen som glamour. Bak kamera er arbeid og lange dagar. – Normalt er eg oppe i fem-seks tida og heime tidlegast ni på kvelden. På reklamefilmar blir dagane sjeldan over 16 timar, men på musikkvideoar kan det fort bli 20 timar i strekk. Som oftast er stemninga god likevel. På ein reklamefilm kalla hovudtalentet meg svensk. Eg ropte «she thinks im swedish!» til filmfotografen. Crewet lo godt. Ein blir gode vener når ein jobbar slik, seier han og fortel at yrket ikkje er snarvegen til rikdom. – Første musikkvideo med Ray Kay var Alesha Dixons «Drummer Boy». Eg var nervøs, sov to timar natta før og jobba 24 timer i strekk for 600 kroner. Men produsenten såg eg jobba hardt og fiksa fleire jobbar. Slik er bransjen. Du må sjå kva jobbar du tener lite på, men som fører deg høgare i næringskjeda. Arbeidsmoral er viktig. Og det skjer mykje på settet. Å vere uoppmerksam kostar jobbar. Hardt arbeid og god vilje får deg med i nye prosjekt. Når eg ikkje har betalt arbeid filmar eg musikkvideoar. Eg laga nett ein for Indio Downey, son til Robert Downey jr. – Korleis er økonomien når det er langt mellom oppdrag? Blir du stressa? – Året etter skulen fekk eg hjelp av familien min. No jobbar eg nok til å dekke eigen økonomi.

Det er tre-fire månadar med lite jobb kvart år, så eg sparer etter gode månadar. Eg går for eksempel på kino om morgon. Då er det halve pris på framsyningane i høve til kveld. – Kva er det kulaste du har opplevd i karrieren så langt? – Helikopterturen med Al Cerullo er vanskeleg å slå, smiler han. – På ei anna innspeling vart settet omringa av 20 politibilar. Ut storma væpna politifolk med skotsikre vestar. Vi filma ei scene med væpna folk, utan løyve. Det vart det oppstyr av, ler han.

Den før omtalte flaksen. – Kva er oppskrifta på å få jobb i Hollywood? –Ta utdanning her. Er du i byen kan du ta møte, kontakte folk og jobbe gratis i starten. Ta sjansane du får, jobb som livet ditt avheng av det, ha rett innstilling og trua på deg sjølv. Det kjem harde tider. Då må du nettverke og møte nye folk. Ver audmjuk, smil og lær av bransjefolk. Nordmenn her er glad for å møte landsmenn og mange av dei har kontaktar her. I det nordiske nettverket fekk eg kontakt med Allan Hyde, kjent frå «True Blood». Eg jobba gratis på ein kortfilmen for han, og fekk nye kontaktar. Og det trengs. Til tider har det sett mørkt ut. – Eg mista håp i sommar. Så møtte eg filmfotograf Tom Banks, som auka tal jobbar i haust. Viss

Mange er ekstremt kroppsfikserte, og mange røyker marihuana. Nils Ole Refvik

ikkje hadde Norge vore like om hjørnet. Store filmar kjem iblant. For å overleve må du ha kontaktar med jobb heile tida. Mor brukar å seie: «Du skal nå lengre enn nokon trudde». Det hjelp når humøret er tungt, seier han og fortel at han ønskjer å jobbe mest i USA. – Men eg har god kontakt med filmfotograf Phedon Papamichael ASC, som filmar 2. verdskrigfilmen til George Clooney i Tyskland frå mars. Vi har snakka om høve for at eg kan jobbe der i mai/juni, og kanskje til ei storinnspeling med han i Hellas. Men ein treng ikkje alltid langt for glamour. – Eg har gode minne frå innspeling med Madcon i Bremanger, der eg fekk køyre Ferrari 430 ei veke, ler han.

Must. – Kva må ein oppleve når ein vitjar LA? – Ta inn på hotell eit par dagar i Santa Monica, så på Sunset Boulevard i West Hollywood. Om du berre skal ha eitt hotell, velg eit i West Hollywood. Santa Monica Pier er heitaste turistplassen grunna stranda, og piren som er med i mange legendariske filmar. Det ligg mykje gode restaurantar der og staden har good vibe. Walk of Fame er eit must: Alle store filmpremierar skjer der, så her kan du sjå idolet ditt, stjernene på gangvegen, Madame Tussaud og Chinese Theater. Hollywood Bowl er den ultimate staden for store orkester, som John Williams. Ein fin stad å henge med vener, gå på date eller drikke vin, med spesiell atmosfære. Staple Center/Nokia Theater er staden for basketball, ishockey og konsertar med store artistar. Rodeo Drive staden for å bruke pengar, med alle shoppingmerka. Universal Studios eit must, med attraksjonar som gjev Hollywoodmagi. Studio Tour er ei spesiell oppleving. Og du må leige bil og cruise på eiga hand. – Kva set du mest pris på med å bu I LA? – Sol heile tida! Kilometervis med strender, palmetre over alt og tropisk stemning. 30 minutt unna er det flotte fjell å gå tur i. Verst er trafik-


Modul Glassrekkverk â&#x20AC;&#x201C; Hurtig, trygt og varig

â&#x20AC;˘ ZiFront ZA-Serie modulrekkverk er utvikla med tanke pĂĽ moderne og varig design. â&#x20AC;˘ Ă&#x2026; velje ZiFront rekkverk er ei god investering for framtida om du skal bygge nytt, renovere eller selje. â&#x20AC;˘ ZiFront rekkverk er laga i vedlikehaldsfrie materialar som syrefast stĂĽl, aluminium og glas. Du slepp ĂĽ skrape og male. â&#x20AC;˘ Godkjent og sertifisert rekkverk. Utvikla ihht. TEK10, NS3232,NS-EN1991-1-1 og NS3510 â&#x20AC;˘ Rask leveringstid. Best pĂĽ kvalitet og pris.Norsk produsert. â&#x20AC;˘ Stor stolpe avstand, inntil 2,5 m mellom stolpane.

Flatene 1, 6800 Førde â&#x20AC;˘ Tlf. 57 82 03 00 â&#x20AC;˘ mail@glassgrov.no

SK IKO M P IS

Snø skred o g tr ygg ferdsel

www.inform-media.no

S KI KO MP I S v i se r d e g kor l e i s d u k a n fe r d a st t r yg g a r e i v i nt e r fj e l l e t , a nt e n d u d r i v m e d fj e l l sk i l øp i ng , offp i st e e l l e r t op p t ur a r. P r a k t i ske t i p s t i l kor l e i s d u k a n for st ü t e r r e ng e t , snøe n og v ê r e t , sa m t k a m e r a t r e d ni ng . Bok a e r g od t i l l ust r e r t .

Nils Ole pĂĽ filmoppdrag heime hos Ray Kay. Utsikta over Los Angels er det vel ikkje mykje ĂĽ seie pĂĽ. Kr

ken, seier han og fortel skilnadane pĂĽ heime og borte. â&#x20AC;&#x201C; Alt er større! LA er sĂŚrs multikulturelt: Du finn alle nasjonar her. Mange er ekstremt kroppsfikserte, og mange røyker marihuana. Narko er lett tilgjengeleg. LA var kjent for mykje kriminalitet og gjengar. Det har betra seg, men ein treng ikkje vere i feil strøk etter mørkets frambrot. â&#x20AC;&#x201C; Eg ligg unna strøk som Downtown nattetid! Men det er ikkje som pĂĽ film. Politihelikopter jaktar ofte desperadoar, men dei sprenger ikkje biler i gatene, ler han.

14 mĂĽnadar sidan sist. â&#x20AC;&#x201C; Er det einsamt ĂĽ jakte drømmen mange tusen kilometer heimafrĂĽ? â&#x20AC;&#x201C; Til tider! DĂĽ prøver eg ĂĽ henge med venner, eller treffe folk som kan hjelpe meg vidare. Det er 15 mĂĽnadar sidan eg var heime, og det bli 17 før eg har sjanse til ĂĽ ta ferie, sĂĽ saknet etter familie, venner, norsk mat og norske damer er sterkt. Eg kan slite med humøret nĂĽr eg ser bilete pĂĽ Facebook av festar og ting familie og vener driv med. Men dei støttar og muntrar meg opp, og det skjer mykje spennande i LA no. Norske Top Modell filmar i LA i vĂĽr og eg er hyra. DĂĽ fĂĽr eg jobbe med nordmenn og møte vakre norske jenter. Eg gler meg, smiler han. â&#x20AC;&#x201C; Er det aktuelt ĂĽ flytte heim pĂĽ sikt? â&#x20AC;&#x201C; Berre om lukka tek slutt. Eg har for mange venner og kontaktar som er for varme til ĂĽ reise frĂĽ. Eg mĂĽ sjĂĽ kor langt eg kan nĂĽ, seier han og deler tiĂĽrsmĂĽlet. â&#x20AC;&#x201C; Filmfotograf pĂĽ den neste ÂŤblockbusterenÂť, medlem i ASC (American Society Cinematographer) og jobbar for eit stort studio som Universal, Warner Brothers eller Paramount Pictures, lovar han med eit smil og vender ut i nok ein solfylt LAdag. Om du vil følgje Nils hans i LA kan du følgje han pĂĽ Instagram ved ĂĽ søke pĂĽ brukarnamn pĂĽ nilsavenue

378,-

w w w.f r ilu f t s r ad .n o/ f r if aao

tlf. 57 83 22 20 | selja@selja.no | www.selja.no

Flytte langt? Flytte heim? Flytte ut? Vi tar jobben. Uansett kvar du skal til eller frĂĽ.

â&#x20AC;˘ â&#x20AC;˘ â&#x20AC;˘ â&#x20AC;˘ â&#x20AC;˘

Flytting Lagring Pakking Forsikring Utleige av vare- og lastebilar

Over heile landet â&#x20AC;&#x201C; eller ut av landet.

+@3= Ă 0TY\NKXO ,SV_^VOSQO UJMCZSCJMBSUJMEFJĂ&#x161;FTUFGĂ?SFN½M  TUBTKPOFSUQ½GZMHKBOEFTUBEBS p'-03° p'°3%& p-&*,"/(&3 p.Â?-°:

p4"/%"/& p40(/%"p453:/

:\S]^SVLYN YQ \O]O\`K]TYX

^VP$ ! !  " YQ aaaK`S]XY

45


RETT PÅ

The bad cop

Andrine Bruland Eg har opptil fleire gongar fått høyre den «festlege» historia om då eg var liten, og vist nok i frustrasjon over ei skjennepreike skal ha ropt: «Eg gledar meg sånn til eg blir vaksen og får mine eigne ungar å kjefte på!». Og du og du, der har det gått troll i ord gitt… Min no fem år gamle son sat ved middagsbordet ein dag, og spurte om han kunne få byte barnehage, fordi den eine vaksne var så sint og kjefta heile tida. Dette huskar eg frå mi eiga tid i barnehagen også, alle som jobba der hadde ei sånn varm og god utstråling, unntatt ei, som ingen likte, fordi ho var så sur. Eg spurte sonen min kva ho kjefta for, og då kunne han fortelje at det var fordi dei brukte utestemme inne og ikkje hørte på beskjedane hennar. Eg forsøkte optimistisk å få han til å sjå saka frå begge sider, og at kanskje dersom dei byrja å høyre på beskjedane, så slapp ho å kjefte og kunne heller vere blid. Men så kunne eg ikkje dy meg, og måtte spørje til slutt – kven kjeftar mest av meg og ho då? «Du», kom det kontant. Så, eg kjeftar altså meir enn ho sure i barnehagen som gjer til at han får lyst å byte barnehage. Og det var vel heller ikkje tilfeldig at eg følte for å for-

svare denne tilsette litt. På same måte, etter å ha vore «på lag» med brørne mine i mange år, føler eg eit større og større behov for å forsvare den litt masete mor vår. Eg har nemleg sjølv hamna i rolla som the bad cop. Og eg ser no at når far, stefar, storesøster, bestemor eller den andre tilsette i barnehagen tek rolla som the good cop, så er verda heilt avhengig av at vi trer inn og fyller ut biletet! Hadde ikkje vi masa, ordna og passa på hadde det ikkje vore orden på noko som helst skal eg berre seie deg. Om ein skulle kjøpe pølse kvar einaste gong ein er innom ein bensinstasjon, aldri ha fisk til middag og sitte inne og sjå på film heile dagen, så ville både økonomi og helse gått rett vest. Difor, når gutungen har vore på vift med nokon, og fått pølse og brus og sett masse film, så må eg steppe inn og lage fiskegrateng og skru av iPaden, uansett kor lyst eg også har til å vere «snill». Dersom ein alltid sa ja, let ungane springe der dei ville, klatre på det dei ville, forsyne seg så mange gongar dei ville, så lærer dei aldri rett og gale. Og utviklar seg til å bli mindre likandes personar. Difor må eg gå konstant og mase «tørk av deg på hendene», «sei takk», «gå ned derifrå». Forsking viser ganske tydeleg at grensesetting og varme er opp-

Og du og du, der har det gått troll i ord gitt…

skrifta på eit trygt og lukkeleg born, men det første er ein like viktig del! Det vert ikkje brød med berre vatn eller berre mel liksom. Og kven set grenser dersom ikkje mamma gjer det? Eg forsøker å skvise inn det eg kan av klemmar og lovord mellom masinga, og det er sjølvsagt mange måtar å gje beskjed på. Men du verden så mykje det er å gå og minne på, uansett. Eg vil sjølvsagt ikkje at andre skal byrje å kjefte på barnet mitt framfor å være snill (med mindre barnet gjer noko gale mot dei, sjølvsagt). Men litt hjelp til å følgje sunne og greie retningslinjer hadde kanskje vore greitt? Og ikkje minst, at ein slapp kritikk for å være sur og masete, når ein må sei for syttande gong at hue med øyreklaffar skal være på i minusgrader, og at det berre er for å skåne guten for nok ein øyrebetennelse. Til slutt må eg berre seie for tryggleiks skuld at eg ikkje har hatt nokon bestemte «good cops» i tankane. Det er snakk om ein dråpe herifrå og ein dråpe derifrå. Og eg trur dette er eit fenomen eg ikkje er aleine om å kjenne på. Eg syns jo det er trist når poden skal synge familieversjonen av klappeland, og mannen i huset høyrer heime i «tøyseland», medan eg høyrer heime i «kjefteland». Eg skulle gjerne høyre heime i kuleland! Men eg har eit brennande håp om at når eg etter tjue-og-noko år innser at the bad cop har vel så mykje kjærleik og gode intensjonar for barnet som the good one, så vil kanskje gutane mine også innsjå det ein vakker dag? Og viss ikkje, så GLEDAR eg meg i alle fall til eg får EIGNE barneborn å skjemme vekk!!

Billån? Billån ? 46

Kontakt os Kontakt oss s på tlf 57 82 9 7 00 eller ssf.no ssf.no tlf.. 57 97

Pr Prøv øv lånekalkulatoren lånekalkulatoren v vår år på sssf.no sf.no


inform-media.no

1 pose appelsiner Strålande sol frå blå himmel

l e s v tri t e l l e på fj

Ei koseleg hytte Godt selskap Store mengder Kvikk Lunsj Nysmurte ski Mange gode måltid Mobilt breiband frå Enivest

tid for hyttekos

Med trådlaust modem frå Enivest får du med deg internett-tilgang på fjellet – og samtidig heile familien. Med tilgang til nettaviser, sosiale media og mail, finst det ingen unnskyldning for å ikkje reise på hytta. Gjer hytteturen optimal i påska, og skaff deg mobilt breiband no. Ved bestilling før 15. april gir vi deg eit trådlaust 3G-modem med på kjøpet. • • • • • •

Etablering kr 0 (elles kr 699,- med trådlaust modem) Leverast til mobilt breiband enkel og standard Kan nyttast på alle nettbrett og PC’ar Opptil 5 brukarar kan kople seg opp samstundes Ta det med deg over alt (i sekken, i bilen, på hytta) Pris frå kr 49,- per månad

For optimal hyttekos. Din lokale breibandsleverandør dør i Sogn og Fjordane. 57 00 91 00 // Enivest.no

47


Har du målt radonnivået i huset ditt? Radon

I 2013 må den som driv med utleige av bustad ha målt radonnivået i bustaden. Er nivåa for høge lyt ein også gjere tiltak. I 2011 blei det obligatorisk med radonsperre i nye hus. No må også eldre bygg sikrast betre mot radon. Strålevernforskrifta pålegg alle med utleiebustad, også dei som leiger ut ein hybel i eigen bustad, å måle radonnivået og eventuelt gjere tiltak innan 1. januar 2014. – Forskrifta er alt trådd i kraft, men grenseverdiane for utleigebustader trer først i kraft i 2014. Dette inneber at utleigar i løpet av 2013 må kunne dokumentere at utleigebustaden er under grenseverdiane. Dersom det blir aktuelt å gjere tiltak for å redusere radonførekomstar vil dette krevje noko tid, difor er det viktig å få gjennomført måling så tidleg som mogleg, slår Jan Erik Mardal, Distriktsleiar i Huseiernes Landsforbund avdeling Sogn og Fjordane fast. – Det er viktig å gjennomføre og dokumentere måling. Forskrifta krev og reduserande tiltak om radonnivået overstig 100 Bq/m3 (tiltaksgrense). Og radonnivået skal uansett ikkje overstige 200 Bq/m3, seier Mardal.

Enkelt og kjapt, eller billig og litt lenger. Den enk-

Radon er ein luktfri og usynlig gass, som lett blir frigjort til luft og kan årsake lungekreft. Gassen oppstår når naturlige radioaktive stoff i grunnen brytast ned. Uran blir eksempelvis til radium og radon. Radon målast i becquerel /Bq.

laste og rimelegaste måten å måle radon på er ved hjelp av sporfilmar som skal plasserast i aktuelle rom i ein periode på to månader, helst i vinterhalvåret. Sporfilmane blir sendt til laboratorium for analyse, og rapporten deira utgjer dokumentasjon på målinga. – Det finst og ei rekkje ulike digitale målarar i marknaden. HL Avdeling Sogn og Fjordane lånar medlemmane våre radonmålarar gratis via kontora på Sandane, Førde og Sogndal. Målarane gjev raskt resultat, med 80 – 90 % sikkerheit. Vi tilrår å måle over ei veke. Det er også høve for dei som ikkje driv utleige å få målt radon i sitt hus, avsluttar Mardal.

Utleiar skal undersøke radonnivået i utleiebustad og sette i verk tiltak om naudsynt. Mistenker du at bustaden du leiger har for høge radonkonsentrasjonar, bør du be utleigar om å foreta ei måling. Neglisjerer utleigar dette, bør du gjere det sjølv. Grenseverdiar over tillete nivå er ein mangel, som vil kunne gje leigebuar krav på retting av feil eller heving av leigeavtale. Radon førekjem først og fremst i kjellar og 1-3 etasjar over bakken. Omtrent halvparten av landets kommunar har kartlagt radonsituasjonen. Det er store geografiske variasjonar over radonkonsentrasjon, sjølv på korte avstandar. Sjølv nabobustadar kan ha svært ulik radonkonsentrasjon. For detaljinformasjon kan du kontakte kommunen. Kommunehelsetenesta pliktar å ha oversikt over problemomfang med radon. Statens Stråleverninstitutt har og informative og internettsider. Her finn ein kart over kjente førekomstar av radon.

Kontaktperson: Ivar A. Sunde | Tlf. 90 19 62 72

klinikk førde hud • laser • varicer

Fritid i verdas vakraste ramme

NYTT: Privatpraktiserande spesialist i ortopedi Dr med Jan Roar Orlin. Spes. generell kirurgi og ortopedisk kirurgi med særleg vekt på smerter i rygg, armar og bein. Kort ventetid for konsultasjon.

1

Privatpraktiserande kvinneleg gynekolog Dr Gudny Sando, spesialist i gynekologi og obstetrikk.

Plastikk-kirurgi

2

Dr med. Håvard Seland. Spesialist i plastisk kirurgi Dr med. Hans Vintertun. Spesialist i plastisk kirurgi Dei tek konsultasjonar og opererer på Klinikk Førde. (Jobbar til vanleg på Haukeland sjukehus og Aleris Bergen.)

4 5

3

Varicer/åreknutekirurgi

Permanent hårreduksjon med diodelaser (laser klasse 4), Merk! Diodelaser er vitskapleg dokumentert som beste hårfjerningslaser!

Andre behandlingstilbod: I dei to hyttefelta, Holtane og Hegrenesåsen, har vi 100 hyttetomter i flott turterreng for sal. Fritida di er verdifull - Med eit allsidig aktivitetstilbod rundt deg kan du oppleve mykje på kort tid. Kontakt oss i dag for visning i feltet

Jølster - midt i Sogn og Fjordane

48

Vi tilbyr moderne hytter med røter i gamal tradisjon. Kom og prøvebu demohytta vår Sjå meir på www.jolsterbygg.no

• AWT Cellulittbehandling • Medisinske kremprogam • Rødt og blått lys • Aknebehandling • Kjemiske peel • CO2 laser (rynker, arr, vorter, hudfibrom, etc) • Yag-laser (teleangiektasier) • FRxCO2 laser (hud-oppstramming) • IPL • Tannbleiking • Småkirurgi • Restylane • Botox.

Restylane / N.A.S.H.A (non animal stabilized hyaluronic acid). Berre utvalde klinikkar med medisinsk ansvarleg lege og autoriserte behandlarar får behandle med Restylane. Klinikk Førde er åleine om Restylanebehandlingar i Sogn og Fjordane. Sjå etter ID-kort!

OPNINGSTIDER: Tirsdag, onsdag og fredag kl 10-16 og elles etter avtale. Pasientar kan henvende seg direkte for konsultasjon, eller dei kan tilvisast frå lege.

Klinikk Førde AS

Sjå www.hyttedraumen.no

Medisinsk ansv.: lege/karkirurg Jens Ola Evjensvold Førdetunet, 2. etasje, Hafstadvn 25, 6800 Førde • Tlf. 57 72 04 40 / 976 79 662

for meir informasjon og for å laste ned prospekt til tomtene

klin-fo@online.no • www.klinikkforde.no

www.inform-media.no

Utredning med ultralyd. Behandling med ILVO (innvendig laseroperasjon). Skleroterapi. Dr Jens Ola Evjensvold. Spesialist i generell kirurgi og karkirurgi.


12.04.13 GRATISKONSERT

I samband med opning av

Kommunikasjonshuset Riksvegfem skal fantastiske Daniel Norgren halde gratiskonsert. Stad: Rica Sunnfjord Hotel & Spa Dato: 12. april 2013

MED FANTASTISKE

DANIEL NORGREN

I FØRDE

RT GRATISKONSE

KOMMUNIKASJONSHUSET

Riksvegfem Meir informasjon på Facebok: Fylkesmagasinet

49


DØNN ÆRLEG

Eg ynskjer å snakka om kva som er mogleg og kva som vert gjort mogleg i dette fantastiske fylket med så mange flotte folk, i flotte byar og bygder. Eg ynskjer å snakka om suksessen der du bur og om å unna kvarandre suksess. Det handlar om å ta tak i sine eigne ferdigheiter i eigen identitet.

med Rasmus Mo

I nået Eg har fått utlevert to øyrer og ein munn. Lærer eg å lytta før eg talar, gir det meg stort sett gevinst. Det er faktisk slik at ein lærer meir når ein lyttar enn når ein talar (……det kan du sei Moen som lever av å prate….) Lytte 80% og tale 20%. Sjølvkjensla mi har godt av å leggja andre sine ord og erfaringar på minne, venta litt, tenkja litt, evaluera litt og so prate. Tenk kor mange konfliktar me kunne ha unnvere eller fjerna dersom me hadde tenkt oss litt meir om før me lagde lyd. Eg tenkjer at mange av dei politiske debattane vert so meiningslause eller uforståelege av di det vert forventa at motdebattanten skal ha løysinga umiddelbart. Mine 54 år har eit minne om debat-

tane til Kåre (Willoch) og Gro (Harlem Bruntland). Stadig høyrer ein om kor fantastiske dei var å debattera. Personleg tenkjer eg at det var å samanlikna med mori og faren sin krangel på badet. Ikkje so mykje å bygga vidare på. Det å ta vare på augneblinken er det som gjev meg dei verkeleg gode stundene. Å treffa vener og kjente, utveksla nokre verbale blomar og ta vare på relasjonen; det er livskvalitet det. Men det krev at du gjev deg litt tid. Tek vare på stunda og individet framfor deg. Kva snakkar me eigentleg om når me treffer ein annan person? Introduksjonen handlar oftast om været. Og det er ikkje bra. Eg er innbyggjar i Sogn og Fjordane og startar dei fleste dagar med NRK Sogn og Fjordane. Radioen slår seg på kl. 06:25 og den står på til eg forlet heimen 90 minutt seinare. På den tida har eg fått «70» vêrmeldingar. Du eg treff og meg sjølv står stort sett innanfor ein m2. Det er like kaldt/varmt for meg som deg, det regnar like mykje på meg

Kva snakkar me eigentleg om når me treffer ein annan person? Introduksjonen handlar oftast om været. Og det er ikkje bra. BDO er ikkje berre Petter Northug BDO Region Nord Vest har kontor frå Bergen i sør til Ulsteinvik og Ålesund i nord. Regionen har meir enn 80 medarbeidarar. • I Sogn og Fjordane har BDO kontor i Førde, Florø, Sandane og Årdal. • Vi tilbyr eit breidt tenestetilbod innan våre fire uavhengige forretningsområder; revisjon, rådgjeving, skatt og avgift, samt foretaksservice (rekneskap og lønn). • BDO er eit moderne kompetansehus.

50

FØRDE: Hafstadvegen 38, 6800 Førde • Tlf: 91 65 54 00 FLORØ: Strandgata 38/40, 6900 Florø • Tlf: 91 65 54 03 / 57 75 02 55 SANDANE: Nordstrandvegen 13, 6823 Sandane • Tlf: 57 86 85 90 ÅRDAL: Torget 2, 6885 Årdalstangen • Tlf: 95 02 81 50 www.bdo.no

som på deg, det bles like mykje……..eg treng ikkje vår tid til å bli minna på det. Me må fylla desse minuttane med noko som betyr noko. Gi kvarandre verbale blomar; Det du seier gjer meg glad, det du står for gjer meg stolt, Me må fylla desse minuttane med noko som betyr noko. Gi kvarandre verbale blomar; Det du seier gjer meg glad, det du står for gjer meg stolt, slik du kler deg gjer deg flott. Kva skjer då? Både du og eg veks. Alle veks på å få gode attendemeldingar. Personleg er eg nesten avhengig av godord av og til …… helst heile tida. Eg strålar då. Det å få eit klapp på skuldra, ein god klem eller ærleg augnekontakt gjer dei fleste godt. Men så er det slik at det er litt skummelt og. Kva er det Rasmus driv med no då? No er det fjerde gongen han gir ho ein klem på ei veke. Her er det noko som er iferd med å skje. Dersom eg gir ein gut ein god kjake, vert det undra på om eg har skifta skap. Men, det treng ikkje å vera noko anna enn at det gjer so himla godt. For meg er det viktigare å gi vener noko godt enn perifere personar noko å prata om. Rasmus er ein ukueleg optimist. «Det har eg aldri prøvd før, så det greier eg heilt sikkert» (fritt etter Pippi Langstrømpe). Eg har faktisk valt å smila og vera glad, ta vekk bekymringane og bruka det eg er god på til positiv feilretting. Om eg trur på det eg gjer, vert eg glad. Om du trur på det eg gjer, vert eg begeistra. Å vera begeistra gjer ein høve til å verta stolt. Stoltheit er for meg identitetsbyggande. Det skal eg sei noko om neste gong. Ver stolt.

Foto: Christian Hatt

Det er ikkje så mykje som er heilt sikkert her i livet. Ikkje alt kan setjast i eit planverk der alle sannheiter er lagt på førehand. Skal me velja ein veg, må me og tore å møte utfordringar me møter undervegs. Det gir oss faktisk lærdom. Stoppa opp og lytta. Mitt liv har ein formel, 80/20.


Idé og layout: Reaktor / Knowit. Produksjon: Frank Modahl Grafisk Foto: Vidar Langeland / Bergensavisen

BRYGGEN, BOLLER OG FESTIVALBRUS

visitBergen.com

GRENSELØSE OPPLEVELSER. ÉN BY. Kultur. Shopping. Kunst. BarnasBergen.no. Fiske. Fjordsafari. Fjellturer. Fotball. Fiskekaker. Ro. Impulser. Rå energi. Glade mennesker. 27.04 01.05 16.05 22.05 22.05 – 23.05 22.05 – 01.06 22.05 – 05.06 24.05 – 15.06 25.05 26.05 31.05 – 02.06 01.06 01.06 05.06 – 07.06 07.06 – 30.09 08.06 08.06 09.06 12.06 – 15.06 14.06 – 23.06 16.06 – 24.08

Bergen City Marathon Konsert med Melody Gardot Jubileumskonsert med Kurt Nilsen Konsert med Bon Jovi Opera: «Marco Polo» Nattjazz 2013 Festspillene i Bergen Teaterforestilling på DNS: «Måken» Ulriken opp – motbakkeløp 4-fjell og 7-fjellsturen Bjørgvin Marknad – viking- og middelalderfestival Sykkelrittet Bergen – Voss Dragebåtfestival, Vågen Eggstockfestivalen – musikkfestival for nye band Lunchkonserter på Troldhaugen Torgdagen i Bergen Gullfjellet Opp – motbakkeløp Konsert med The St. Olaf Choir Bergenfest – musikkfestival Bergen Horse Show Grieg in Bergen – konsertserie

17.06 22.06 23.06 – 25.08 23.06 – 18.08 27.06 – 30.06 05.07 – 07.07 19.07 26.07 01.08 – 04.08 01.08 – 11.08 02.08 – 10.08 03.08 – 06.08 10.08 10.08 – 15.09 23.08 – 24.08 31.08 31.08 – 01.09 06.09 – 08.09 07.09 – 08.09 12.09 – 15.09 Medio sept

Konsert med Burt Bacharach Beth Hart & Joe Bonamassa Kveldskonsert på Troldhaugen, søndager Oseana Kammer Scene – konsertserie Osøren Blues & Jazzfestival, Os – www.osoren.no Utvandringsfestival på Sletta, Radøy Konsert med Muse Konsert med Rihanna Fjordsteam 2013 – veteranfartøyfestival Kaptein Knurr og Mareminemysteriet, familieforestilling Bergen Spillfestival Havsportveka, Austrheim Konsert med Neil Young & Crazy Horse Kystsogevekene – kystkulturfestival Periferifestivalen, Glesvær Konsert med Kaizers Orchestra Knarvikmila – mosjonsløp Bergen Matfestival – Bønder i by’n Bergenhusdagene Raptus, Bergen Tegneseriefestival Phonofestivalen – musikkfestival

20.09 – 22.09 20.09 – 29.09 27.09 – 28.09 28.09 – 29.09 03.10 04.10 – 06.10 17.10 – 26.10 23.10 – 30.10 25.10 – 02.11 31.10 – 14.12 07.11 – 09.11 11.11 – 15.11 16.11 – 17.11 22.11 – 03.12 30.11 Desember

Opera: «Alt om min familie» Forskningsdagene Stoltzekleiven Opp – motbakkeløp Modelljernbanemesse Konsert med Gitarkameratene Interiør & Boligmessen Meteor – scenekunstfestival BIFF – Bergen Internasjonale Film Festival Ekko – festival for elektronisk musikk og lydkunst Show med Anne Kat Hærland: «Jakten på ærligheten» WT Litteraturfestival Teaterfestival: Mini – Midi – Maxi Bergen Brukskunstmarked Holbergdagene – barokkmusikkfestival Bergens Tidendes Lysfest Besøk Verdens største Pepperkakeby

Se hele listen på visit Bergen.com

Følg oss på

Bestill rom og opplevelser på

Facebook Twitter Bergen Reiselivslag – visitBergen.com

visit Bergen.com


Produsert av Fride H. Haugen / fride.haugen@gmail.com

Namn: Adresse:

52

Postnr./Stad E-post:

76 Kryssordet kan også lastast ned frå fylkesmagasinet.no

Løysinga sender du innan 4. april til: Inform Media, Boks 353, 6802 Førde. Merk konvolutten «Fylkeskryss nr. 76». Vi trekkjer tre vinnarar med korrekt løysing som kvar får fem FLAX-lodd.


Farsundfeltet

Einebustad i 5-rekkje med gode solforhold

«HOT STUFF» Fylkeskulturprisvinnaren Bremanger Musikklag feirer seg sjølv med to konsertar i Nordfjord siste helga i april. – «Hot Stuff» er ei framføring av låtar frå 70-talet. Korps, band og vokalistar tek publikum med på ei musikalsk reise tilbake til dette fargerike tiåret. Konserten har vore framført i Sunnfjord og Sogn fleire gonger med stor suksess, og no er det Nordfjord sin tur, lovar Otto Igland, leiar i Musikklaget. Han lovar publikum god og lett gjenkjenneleg musikk, alt frå

rolege balladar til heftig rock. – Vi kan nemne melodiar som Imagine, En spennende dag for Josefine, Proud Mary, Stayin’ Alive, og mange, mange fleire.

Finnkode: 3461 8875

Spik Adel: Norvall Klungresæter, Jarle Grotle, Einar Nesbakk, Helge Førde, Roger Igland.

Energieffektive einebustader med carport i klassisk stil.

Dirigent: Trond Madsen. Musikalsk leiing: Trond Strand. Vokalistane: Grete Berntzen, Monica Liset Hauge, Hilde Hauge, Elisabeth Solbakken, Trond Strand og Norvall Klungresæter. Nordfjordhallen, Måløy laurdag 27. april. Operahuset, Nordfjordeid søndag 28. april.

Bustadene er i nær tilknytning til vakkert turterreng, berre 10 minutt frå Førde sentrum. Pris 2.995.000,Kontakt seljar Bente Grønsberg Aase på telefon 404 44 704 Dvergsdal & Sunde Bygg AS | Sunde, 6800 Førde Tlf: 57 72 65 00 | dvergsdalogsunde.no

PÅ TOPP MARS 2013

God bok til Påske? NYHEIT Journal 64 Årets Påsk ekrim i Pocket

NYHEIT

Lei av gamle bøker på mammu tsal? Narvesen Handelshus et har alltid dei be ste nye pocketbøke ne!

BESTSELJAR Englemaker sken Påskekrim frå Lackeberg

Kom å sjå p å vår Topp 15 for Pocket!

Aften Død, Morgen Rø d Ny frå Ragd e

BESTSELJAR Bare for de g Likte du Fi fthy Shades ? Då elskar du denne!

Løysing

75

VINNARAR AV KRYSSORD NR. 75: Sveinung Bentås, Lærdal Laila Johannesen, Årdalstangen Liv Tunsberg, Flåm

Kryssordforfattaren tek no i mot bestilling på BURSDAGSKRYSSORD for spesielt interesserte - ta kontakt for meir informasjon: fride.haugen@gmail.com eller tlf 97503311.

Handelshuset Sør, 1 et. • Telefon: 57 72 07 99 www.narvesen.no

53


JUSS

UT PÅ TUR – JUSSEN PÅ LUR Som lesar av FM har eg fått med meg serien «Barnsleg» av Joachim Vie. Han viser at barn ikkje er noko hindring i høve å røre seg høgt og låg i naturen. I min artikkel vil eg vise til ta heller ikkje jussen bør vere til hinder for dette. Allemannsretten er ein gamal rett som etter kvart møtte motstand i den private eigedomsretten. Det vart då behov for å få lovfesta regulering av den private retten til ferdsel. «Lov om friluftslivet» (Friluftsloven) såg dagens lys i 1957. Fram til i dag er lova endra fleire gonger. Eg vil her vise til kva hovudreglar som gjeld for ferdsel og opphald på land. Litt forenkla er «utmark» udyrka mark og omfattar det meste av skog, fjell, vatn, strand og myr. «Innmark» er først og fremst den private sona rundt bustadhus og hytter, dyrka mark, eng og kulturbeite. Einkvar kan på omsynsfullt vis ferdast til fots i

utmark og på fjellet heile året. Så lenge kommunen ikkje har gitt samtykke til anna, har ein tilsvarande tilgang til å ferdast med sykkel, hest eller kjelkar på veg og sti i utmark, og på utmark i fjellet. På innmark er denne retten meir avgrensa. Einkvar kan også her ferdast til fots på frossen eller snølagt mark (ikkje gardsplass, hage og likande), men uansett ikkje i tidsrommet 30. april-14. oktober. Veg eller sti over innmark som leiar til utmark kan einkvar ferdast på til fots så lenge ein ferdast utan å passere gardsplass, hustomt og liknande. Om ferdsel over innmark er egna til å gjere skade, kan eigar likevel forby dette. På tur i utmark kan alle plukke og ta med seg ville blomar, planter, bær og vill sopp når det gjerast på ein varsam og omsynsfull måte. Alle kan også bade i vassdrag i utmark så lenge det skjer i rimelig avstand frå hus og hytter og utan ulempe for andre.

MITSUBISHI SPACE STAR fra utrolige kr. 109 900,Klar for prøvekjøring!

VI INTRODUSERER

HELT NYE MITSUBISHI SPACE STAR.

54

Effektiv aerodynamisk design og ny motorteknologi gir klasseledende lave forbruks- og utslippstall. Med Mitsubishi Space Star får du den velkjente gode kvaliteten fra Mitsubishi, til det vi kaller riktig pris. Ta kontakt med oss for å avtale prøvekjøring. Pris er inkl. frakt og andre lev. omk. Utstyrsdetaljer kan avvike fra standard. Forbruk: 4.0 - 4.2 l/100 km variert kjøring. CO2-utslipp: 92 - 96 g/km. Med forbehold om evt. trykkfeil.

Den som vil sole seg, overnatte, raste e.l. kan ikkje gjere dette i innmark utan samtykke frå grunneigar. I utmark kan man ta slikt opphald så lenge det ikkje er til ulempe for andre. Skal ein sette opp telt må dette plasserast minst 150 meter frå nærmaste hus eller hytte, og kan ikkje bli ståande på same stad i meir enn to døgn utan samtykke frå grunneigar (tidsavgrensinga gjeld ikkje på høgfjellet). Kort oppsummert: bruk sunn fornuft – god tur! Erik Slotterøy, advokat Advokatfirma Blikra, Slotterøy & Fonn AS


Kom og sjå utstillingar på kjøkken og bad, bli inspirert!

PÅSKEKAMPANJE designplater i Silestone og Granitt Besøk våre forhandlarar i Førde: Tlf. 57 82 66 10

Tlf. 57 82 85 00

Tlf. 47 87 40 00

Besøk våre forhandlarar i Sandane:

Besøk våre forhandlarar i Sogndal: Tlf. 99 28 48 00

Tlf. 57 86 80 60

Lokal produsent og leverandør av benkeplater

Tlf. 57 72 37 50 | post@forde-granitt.no www.forde-granitt.no

LONDON MODULSOFA Alle oppsett i stoff Corsica

-30%

Ta kontakt

for prøve-

køyring!

Tilbudene gjelder t.o.m. 27. mars

Smartliner 21

TILBUD på ODEL ENG sengeløsning

Prisgunstig fiske og fritidsbåt med mykje dørkplass.

Døskeland Marine Angedalsvegen 59, 6800 FØRDE tlf. 958 66 866 • www.doskeland.net

ODEL Eng kontinental B150 cm

(5 995,-)

4 995,Kontinetal. ramme, regulerbar og vendbar Pris inkludertsokkel og overmadrass

Lotus S700 Magic

(26 995,-)

Pb. 122 | 6781 STRYN | Tlf.: 578 72 000 Telefaks: 578 72 017 | jon@lars-kveen.no www.kveenmotor.no

13 495,Hafstadvegen 39 (ved Esso) 6800 Førde • Tlf: 57 72 10 60

55


Prøvekøyrt: Audi A6 allroad quattro

Ringanes herre Den er stor, bøsen og vakker som få. Og kven ønskjer seg ein diamantring til to millionar kroner når ein kan få fire ringar i aluminium til under halve prisen? TEKST: Tore Fossen FOTO: Joachim Vie

56

Den nye Audi A6 allroad quattro er ein luksuscruiser. Uansett om den har aldri så mykje firehjulstrekk og du kan lese av helingsvinkel på den store skjermen på dashbordet, så er det ikkje nokon skogsbil. Ikkje fordi den ikkje kan brukast til å dra tømmer med, men skal du først bruke så mykje pengar på landbruksreiskap, så sjå heller

mot Massey Ferguson eller John Deere sine produkt. Audi A6 allroad quattro er og blir ein landevegscruiser med firehjulstrekk som skal hjelpe deg fram dersom føret er dårleg, og vegen blir litt meir elendig enn fylkesvegstandarden er her til lands. Og det er akkurat under slike tilhøve det er så forbanna deilig å køyre A6 allroad quattro. Den har luftfjøring, og du kan stille inn bilen sitt oppsett i fleire modus, frå komfort til meir sportsleg modus. Såleis er det berre å håpe på rikeleg med telehiv framover, for det skal jo vere fordelar med å køyre bilar med slik utstyr kontra dei som ikkje har det. Prislappen for bilen skal jo gje deg som kjøpar nettopp den feelingen: «Hahh, sjå på meg når eg fyk over RV57…» Fronten på Audi A6 allroad quattro er berre heilt rå. Det er like før eg trur bilen bles eld og

Motor: 6-sylindra 3,0 liter TDI Maks effekt: 204 hk 0–100 km/t: 7,5 sek Toppfart: 233 km/t Lengde: 4940 mm Breidde: 1898 mm Høgde: 1512 mm (liftmode) Vekt: 1930 kg Oppgitt forbruk, blanda køyring: 0,61 l pr mil Vårt forbruk: 0,76 l pr mil CO2-utslepp: 159 g/km Audi A6 quattro: frå kr 681.300,Audi A6 Allroad quattro: frå kr 741.900,Pris testbil: kr 971.000,Utlånt av: Berge & Co AS


Best i test, helt enkelt.

Kvar var knappen for å felle inn speglane når vi trong den? flammar ut av dei fire hola i spoileren, og dreg ny luft gjennom den store grillen for nok ein gong å gjere seg klar til neste utblåsing. Store 18-tommars hjul under utbygde skjermar i plast gjer ikkje skam på resten av bilen. Og dei doble eksosstussane må du rekne med å sjå like etter at du har sett grillen i spegelen din. For under panseret i ein A6 allroad quattro står det minst ein 3-liters, sekssylindra dieselmotor med 204 hk. Ein motor som i lag med ei fantastisk sjustegs automatkasse får bilen opp i 250 km/t og gjer dei første 100 av desse unna på 7,5 sekund. I følgje Audi skal denne bilen vere like behageleg både i byen og på landevegen. Og det trur eg dei har mykje rett i. Berre parkeringsluka er stor nok, er det ikkje noko problem å få buksert den nesten fem meter lange og tokommanullåtte meter breie bilen (inkl. speglane) på plass, takka vere sensorar og kamera. Litt meir plunder kan det bli på smale vegar med dei tokommanullåtte meterane i breidda når du møter andre farande fantar på vegar der den gule midtstripa berre eksisterer i ein framtidsdraum. For kvar var knappen for å felle inn speglane når vi trong den? Løysinga vart den gode gamle; ned med ruta og manuell falding og eit hyggeleg nikk til dama som rygga. Takk! Å dra på tur i ein A6 allroad quattro er nyting frå start til mål. I behagelege og sportslege førarstolar sit ein så godt at ein håpar turen skal vare lenge. I vår lånte utgåve var det lyst og fint interiør, kanskje litt for lyst ifølge ei frk. Gloppen i baksetet, som lurte på om vi verkeleg likte det lyse trekket i taket. Merkeleg spørsmål… Interiøret er jo rett og slett lekkert. Eg vågar påstanden at trivast du ikkje i ein A6, så trivast du ikkje i bil i det heile tatt. Kupéen er stille, men lyd blir det rikeleg av om du skrur opp BOSE Surround systemet (ekstrautstyr) som stod i bilen. Då kan ein nyte både Biffy Clyro eller Chopin, alt etter kva modus du er i. Eit herleg ratt å halde i, ein god girspak å kvile handa på, eit herleg sete å plante kroppen i, ein herleg motor som har nok kraft til å få meg kjapt opp i fart – nesten utan at høyrer den eller merka girskifta, ja då treng eg ikkje stort meir for å få ein flott tur. Å ramse opp kva som finst av utstyr her er nesten meiningslaust. Ein bil til nesten ein million kroner inklusiv ekstrautstyr og pakkar skal ha det meste. Og det har den. Her er det Line Assist, Side Assist, Head Up-display, Navi med tilgang til Google Earth, Skinnpakke og mykje meir. Rett nok startar bilen på 741.900 kroner, men eg føler meg trygg på at dersom du vil ha ein Audi A6 allroad quattro, så må du til med litt ekstra for å få den slik du ønskjer. Om ein skal dra ein kjapp konklusjon, så må det bli at dette er ein luksuriøs familiebil med veldig god plass, veldig god å køyre, veldig fin å sjå til og – dessverre – veldig dyr. Men no er det sånn at vi berre lever ein einaste gong, så derfor er det slik eg ser det langt meir fornuftig å bruke pengar på bil enn diamantar, sjølv om sistnemnde varer evig.

Best i test* x4 * Se testresultat på sthil.no

STIHL HØYTRYKKSVASKER RE 128 PLUS Armert slange – holder lengre Integrert slangetrommel – ingen problemer med slangen Integrert lagring – alltid tilgjengelig

Markedspris:

2 990,-

www.stihl.no

Besøk oss i den Serviserende Faghandelen Her får du råd og tips om hvilken maskin som er best for akkurat deg!

Hagia Førde - Førde Motorsport Øyrane 4 | Tlf: 41 53 42 45

Fylkets største utval i golvbelegg!

Kvalitet • Fagkunnskap • God service

Vegg-til-vegg tepper

Teppefliser

Golvbelegg

Gardin

Tapet

Alt i maling, Inne - Ute

Utleige av slipemaskin/ rensemaskin

Treng du handverkar? Vi hjelper deg!

Langebruvegen 2 • tlf. 57 82 99 50 forde.fargehandel@enivest.com

57


E-PRAT

med Anne Svanaug Straume

Bustadkommune: Oslo Alder: 20

Aktuell: Målungdommen skal i Språkåret 2013 skape blest om nynorsk. Redaksjonen i Motmæle, medlemsavisa deira, skal kåre landet sin mest sexy nynorskbrukar. Det heile skal gå føre seg på www.sexy.nynorsk.no. – Kvifor kåre Noreg sin mest sexy nynorskbrukar? – Me ynskjer å gje meir merksemd til nynorskbrukarane, i alle fall no i Språkåret. Ein ser ofte kåringar av mest sexy skodespelar, mest sexy mann/kvinne, me tenkte difor det var på tide med Noregs mest sexy nynorskbrukar. – Kvar står nynorsken i 2013? – Nynorsken i 2013 står sterkt. Ein kan sjå på tala at det har vorte fleire elevar i grunnskulen som tek avsluttande eksamen med nynorsk som hovudmål. (2956 i 2009 og 3120 i 2012) Folk flest har betre haldningar til nynorsk, og likar språket godt, sjølv om ikkje alle nyttar det dagleg. – Er nynorsken sin eksistens trua? – Nei. Det er omlag 600 000 nynorskbrukar i Noreg i dag. 77 % av verdas 7000 språk har mindre enn 100 000 brukarar. Det gjer både bokmål og nynorsk til nokre av verdas største språk. Det som er dumt er at dei store, såkalla riksdekkjande avisene, VG og Dagbladet har redaksjonelt forbod mot nynorsk, slik at journalistar som vil, og kan, bruke nynorsk ikkje får lov. Det er dumt av mange grunnar. Me har noko kalla jamstillingsvedtaket, nynorsk og bokmål er to offisielt jamstilte språk, no må berre VG og Dagbladet fylgje opp og vere med på å likestille dei i praksis. – Beskriv den ultimate frihelg? – Reise på hytta, utan mobildekning, strøm og innlagt vatn, to timar inn i fjellet.

– Kva har du liggande på nattbordet? – Litt for mykje støv, eit dikt (innramma) og mobilladaren.

– Kva får deg skikkelig irritert? – Når eg må forsvare retten min til å nytte språket mitt.

– Kva musikk/musikarar lyttar du til? – Eg høyrer på klassisk rock, gamal «punkrock» og mykje anna. Queen og Joan Jett er nok mest spela, men Ray Charles er òg med på lista.

– Du får 50.000 kr du skal gje til eit lag eller ein organisasjon. Kven får dei og kvifor? – Norsk Målungdom, då kan me reise enno meir på skulebesøk og lagsvitjingar. Slik at me kan drive med det viktige målreisingsarbeidet me gjer.

– Du har invitert fire vener til middag heime hos deg sjølv. Kva serverer du dei? – Anten vert det mykje spinatpai og mykje sitronfromage, eller so vert det rett og slett Sushi og Nynorsk raudvin! – Kva drøymde du om å bli då du var liten? – Dyrlege og advokat.

– Kva hugsar du best frå barneskulen? – Eg hugsar godt at me laga leikebørse på sløyden og drog ut i skogen for å vere på elgejakt. – Kva ville du vist fram for ein turist som kom til heimstaden din? – Akershus festning eller toppen av Holmenkollen, der har ein utsikt over heile Oslo.

airshow café åpner i café førde fredag 22.mars! ÅPNINGSSHOW MED RAYMON OG TANDE-P! SPITFIRE fra

10,-

58

799,montert: 999,-

KONKURRANSER OG PREMIERING!

Yosemite 26” 21 girs ATB for by- og landeveissykling. 27-1099.

FØRDE, Kronborgveien 5, 6800 Førde Man-fre 9-20, lør 9-18 815 32 815 - www.biltema.no


NYE RAV4

Originalen - lengre, breiare, betre

RAV4 har alltid bana veg i sin klasse. Med nye RAV4 blir tradisjonen forlenga. I den nye RAV4 vil du oppleve ein elegant kombinasjon av SUV-en sine køyreeigenskapar og stasjonsvogna sin plass. Med den ekstra lengda på 22,5 cm er baksete- og bagasjeplassen blitt klasseleiande, noko som merkast når den nye, elektriske bakluka opnar seg. Nye RAV4 har, i tillegg til 2WD, Toyota sitt legendariske 4WD-system i oppgradert utgåve, som gjer at manøvreringa også er ytterlegare forbetra. På fjellet, på landet, på motorvegen. I snø, regn, sol og slaps. Med sine unike køyreeigenskapar er RAV4 perfekt for deg som lever eit aktivt liv. No er den på plass hos oss.

RAV4 2WD frå 315 700,- RAV4 4WD frå 381 300,-. Inkl. frakt og reg.omk. levert Førde/Nordfjord. Forbruk blanda køyring/utslepp CO2/NOx: RAV4 VVT-i frå 0,72 l/mil / 166 g/km / 13 mg/km, RAV4 D-4D frå 0,49 l/mil / 127 g/km / 135 mg/km. Avbilda modell kan ha ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil.

Toyota Nordfjord AS

Toyota Førde AS

6718 Deknepollen. Tlf. 57 85 26 50

Steinavegen 10, 6800 Førde

Hegrevegen 16 - 6783 Stryn. Tlf. 57 87 60 00 www.toyotanordfjord.no

Tlf. 57 72 10 00 www.toyota-forde.no

59


8000 m2 med • DAGLEGVARE • BYGGVARE • GULLSMED • GÅVEARTIKLAR • KAFÉ

X VÅR KAMPANJE Prisane gjeld t.o.m. laurdag 30. mars eller så lenge lageret rekk. Atterhald om skrivefeil og utselde varer.

Hugs k til på j e k s ske

Sætre kjeks Pr. Pk.

199

Medlemskupp

HEY´DI DEKORPUSS/SLEMMING 15 kg

-40%

LÅG PRIS

169

SURRA LAMMESTEIK Coop. Naturell, kvitløk&persille eller provencekryddra. pr. kg.

LÅG PRIS

648

CANDY KING SMÅGODT pr.hg.

LÅG PRIS

LÅG PRIS

LÅG PRIS

990

IMPREGNERT TERRASSEBORD Furu. Kl. 1. 28 x 120 mm. Pr. m.

LÅG PRIS

5890

LÅG PRIS

99

GRILLPØLSE Gilde 3x500 g. Pr pk.

INFRA TERRASSEREINS Gjer terrassen rein før påføring av terrassebeis eller olje. 4 liter.

LÅG PRIS

99

INFRA MOSE- OG ALGEFJERNAR Effektiv fjerning av vekstar som mose, algar og lav frå tak, treverk, stein, mur, fasadar og terrasser. 4 liter.

1390

FOR

LANDBRØD/EXTRA GROVT BRØD/TIGERBRØL Coop.

5990

SJØMAT Rå og kokt scampi, kamskjell, krabbe og reke. Pr. hg.

LÅG PRIS

99

INFRA KRAFTVASK For hus som skal malast eller beisast. Reingjer og matter malingsfilmens overflate, og fjernar effektivt fett, smuss og sopp. 4 liter

1590

1990

PÅSKELILJER Narcissus 9,5 cm. Pr. stk.

32 FOR

TRAMPOLINE 3,05 M Ø Leverast med sikkerheitsnett. Enkel å montere.

cafe

Kvar dag har vi: LÅG PRIS

8 9 00

LOKALPRODUSERTE MENY KJØTKAKER FRÅ FJORDA med poteter og gulrot. STOR kr. 99,-

Torsdag og fredag: Raspeball

X

649

INFRA OLJEGRUNNING Impregnerande og værbestandig grunning med effektive sopphindrende midlar. 10 liters spann

199

KRÄCHER HØGTRYKKSVASKAR MED TERRASSEVASK

MEDIUM

1490

LÅG PRIS

LÅG PRIS

LÅG PRIS

INFRA KURVSTATIV Komplett kurvstativ med 4 trådkurver. Kvit. Mål: H 69 x B 44 x D 54 cm

Høgtrykksvaskar K3 + Terrassevaskar T250. Effektiv og kompakt på 120 bar. Perfekt til reingjering og fjerning av middels til kraftig tilskitning på bl.a. terrassen og steinheller. 120 bar/360 liter i timen

LÅG PRIS

Flott gruppe, lys grå rotting. Sofa, 2 stolar og bord med glasplate. Aluminium ramme. Mål sofa: L 147 x 80 cm. Bord: L 96 x B 55, 5 cm. Stol: B 80 cm

TRYSIL SOFASETT

LÅG PRIS

LÅG PRIS

2 50

LÅG PRIS

6 trådkurver. Kvit. Mål: H 102,5 x B 44 x D 54 cm. Kr 299,-

LÅG PRIS

1990

SAN DIEGO GASSGRILL

Med 3 brennere og sidebrenner i rustfritt stål. Grillrister i emaljert støpejern og varmerist i stål. Dobbelt lokk og elektrisk tenning. Leveres komplett med regulator og slange. Grillflate 63 x 49 cm. Effekt: 12,3 kW

Sjå elles vårt utsende flygeblad eller på www.coop.no

Coop Extra-varehuset, Førde

9-21 (20)

cafe

Fylkesmagasinet 4  

Fylkesmagasinet 4

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you