Issuu on Google+

indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 06 - 2011

Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk! - Fil 4,4 Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Svein Bjarne Aase Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no Samskipnadsstyret: Edmund Thormodsæter, formann Halvard Wiik Bjørn Saghaug Birgit M. Hjelmeland Iren Sævik Mæland Kristoffer Tjelle Torunn Tvedt Varamedlemmar: Knut O. Dale Kåre Stautland Anfinn Økland Dagleg leiar: Svein Bjarne Aase Telefon 47 26 13 40 Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

Svein Bjarne Aase Dagleg leiar

Gud har lagt skulen i vår hand... Når me les misjonshistoria er det mykje å læra av misjonsfolket i tidlegare tider. Sjå den tillitsfulle trua dei hadde på ein levande Gud, det store pågangsmotet dei bar på og gåva til strategisk tenking som mange hadde. I denne utgåva av Venen markerer me at det er 100 år sidan Indremisjonssamskipnaden kjøpte Framnes Ungdomsskule. Det endelege vedtaket om kjøp vart teke på eit ekstraordinert årsmøte på Framnes midt i romjula, 29. des. i 1911. Frå ordskiftet på dette årsmøte vart det sagt fylgjande: ”Man må ikke se på alle detaljene i det økonomiske, men lade hjerte tale”. ”Det var en stor høytid her i dag. Det ser ut som Gud har lagt skolen i vår hånd, tar vi ikke skolen gir vi Indremisjonen en knekk.” I tru til Gud, at han hadde lagt skulen i Indremisjonssamskipnaden sine hender, gjorde dei vedtak om kjøp. Og Framnes har sett djupe spor i misjonshistoria, både i bygdene i Sunnhordland, Hardanger og Voss, men også langt utover. Det er gripande å tenkja på kva betydning dette vedtaket i 1911 skulle ha for Guds rike og for den enkelte elev som har gått på skulen. Arne Prøys skriv i boka ”Til samme himmel går vår vei” om indremisjonsfolket på Vestlandet. ”Hvilken kulturell fremvekst kan en så vente av et slikt folk (indremisjonsfolket). Ja, rett sett blir det ikke meget igjen av den mørke kyststripe da. For det har grodd forunderlig grøderikt i deres vekkelsesspor. Størst og best i denne jord der fremtiden slumrer. Jeg tenker på ungdommen. En rekker et langt stykke på vei bare med å nemne Framnes - folkehøyskolens mekka i Norge, med klang av Haslev og Askov i Danmark. Den er så visst ikke den eneste. Langt etter ligger verken Borgund eller Frekhaug, men en gjør ingen urett når en sier at Framnes hviler i overlys.” Me har høyrt om markante lærarar og personale som hadde både menneskeleg og åndeleg omsorg for ungdommane som kom til skulen. Me har høyrt om vekkingane som gjekk over elevflokken vinter etter vinter, og me veit noko om at det som vart sådd av kunnskap og åndelege verdiar sette djupe og gode spor i mang ein ungdom. I dag takkar me Gud for Framnes, og det skulen har fått vore gjennom 100 år i Indremisjonssamskipnaden si eige, og me bed om at skulen framleis skal få stå i ei rik teneste i tida som kjem. Det som er verd å merka seg er den store satsinga Indremisjonssamskipnaden opp gjennom åra har hatt på born og ungdom. Det har vore ei hjartesak for misjonsfolket at borna og dei unge måtte få bli kjent med Jesus og møta han som sin Frelsar. Difor gjorde misjonsfolket vedtak og kjøpte Framnes, og difor gjorde dei vedtak og bygde Brandøy og Helgatun. Dette er vår hjartesak også i dag! Me må nå borna og ungdommen med evangeliet om Jesus Kristus. Kvar ny generasjon må få møta Han! Dette kallet har Gud lagt i Indremisjonssamskipnaden sine hender...

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

4 500 000 4 000 000 3 500 000 3 000 000 2 500 000

1 500 000 1 000 000 500 000 0

Hittil 2010 2 192 327,-

2 000 000

Hittil 2011 2 499 058,-

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 30. september

Budsjett 2011 3 870 000,-

SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Leiar


Andakt Av Edmund Thormodsæter

Jesus, verdens lys Det nærmar seg jul, jula har mykje fint med seg. Familiar samlast og folk er eigentleg spesielt gode med kvarandre. Trass dette kan jula vere ei tung tid for mange. Alle har det ikkje like lett i jula. ”Jesus verdens lys” står det på ein fjellvegg på Bømlo og er lett synleg for alle dei som kjem forbi. Ja, Jesus kom til verda på den mørkaste årstida og då kom han med lyset. Joh. 8:12. Gud hadde heilt frå syndefallet planlagd ein redningsaksjon for oss. Han sende difor Jesus, Joh. 3:16. Dei som levde då venta på at det skulle bli fødd ein konge, men at han skulle verta fødd i ein stall var vel ikkje slik dei hadde tenkt. Det var ikkje rom åt dei i Herberget. Hadde han blitt fødd i dag, ville nok lokala

vore betre. Plassen han hadde fått blant folk, ville nok vore den same, Joh. 1:12. Jesus kom med frelse til alle menneske, frelsa er ferdig, men me må alle ta i mot. Alle i Noreg har det så godt, og Jesus blir då for mange overflødig. Likevel er det berre Jesus som gjev fred, det er han som kan fylle tomleiken som mange kjenner på i dag. Alle har me vel gjort oss eit bilete av Jesus. Ein song seier dette så fint: ”Du ser kanskje Jesus som barnet i krybben, og hyrde på marken og vismenn på kne. Med stjerner som stråler og engler som synger, gir stemningsfull glede og budskap om fred.”

Ja, dei fleste godtek barnet i krybba, men at han lei på krossen kan nok vere verre å akseptere for mange. Ja, så høgt elska Gud verda. Ser me inn i kor stort dette er kan me seie: Takk at du gjorde det for oss! Òg denne jula vil den glade bodskapen om Jesus bli forkynt i kyrkje og bedehus. Måtte bodskapen bli til hjelp for mange. Vil med dette ynskje alle ei God Jul!

BØNE

Kongens fortenstmedalje i gull til Karl Johan Hallaråker! Laurdag 5. nov. vart Karl Johan Hallaråker tildelt Kongens fortenstmedalje i gull under ei festsamkome på Bibelskolen Bildøy. Det var assisterande fylkesmann Rune Fjeld som føretok tildelinga. “Du har hatt ei teneste som har hatt preg av ei total livsform med eit engasjement som strekker seg langt ut over det nasjonale. Både i nordisk og europeisk indremisjonssamanhang har du satt spor. Du har vore, og er, ein uredd samfunnsdebatant som syner eit bredt samfunnsengasjement. Du er vel kjent og høgt respektert, også langt ut over dei miljø der du har utført ditt daglege virke. Du har til fulle oppfylt kriteria og det er ei ære og glede for meg å dekorera deg med H.M. Kongens fortenstmedalje i gull med tilhøyrande diplom”, sa mellom anna Fjeld før han festa medaljen på jakkeslaget. Indremisjonssamskipnaden vil gratulera Karl Johan Hallaråker med Kongens fortenstmedalje i gull. Me gler oss saman med deg og heile familien, og ynskjer Guds rike signing. Du kan lesa meir på www.imf.no

Spørsmålet kjem i koret: ”Men har du sett Jesus som lider på korset, som soner for din skyld og lindrer din nød; og har du sett Jesus som står opp av graven, gir håp om ett nytt liv, og seier over død.”

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

SPALTA

TAKKA FOR: - Framnes, Helgatun, Brandøy og SunnBok. - Alle som har vore på weekend i haust. - Alle leirleiarane og alle trufaste medarbeidarar rundt om på bedehusa. BE FOR: - Alle advent- og julesamlingar i kyrkjer og bedehus. - Reiseruta som er lagt for våren og alle forkynnarane. - Styret i IMS og alle på IMS-kontoret. - Julehøgtida, at folket må ta imot Frelsaren, Jesus Kristus. 3


Framnes - 100 år i Indremis Framnes! Dette namnet har ein spesiell klang i mange sine øyro. Tusenvis av elevar har gått på denne skulen eit år eller meir. Mange er dei som etter opphaldet på Framnes reiste heim med ein ny livskurs – dei hadde møtt Frelsaren! Ikkje få ser tilbake på Framnestida som året der dei vart stille for kva dei skulle gjera seinare i livet. Mange fann seg ektemake der, medan andre fekk gode venner. Indremisjonssamskipnaden har nå vore eigar av denne skulen i 100 år, men me må ta med at det hadde vore ungdomsskule på Framnes alt frå 1897. Det var Johannes Brandtzeg og kona Tina som la til rette for at skulen vart plassert på den vakre staden, men etter berre få år flytte Brandtzeg med kinamisjonen til Bergen, og skulen vart for sal. Sunnhordland, Hardanger og Voss Indremisjonssamskipnad hadde årsmøtet sitt i Strandvik i 1911, og der vart det vedteke – på visse vilkår – å kjøpa skulen. Ei nemnd arbeidde med saka, og det vart kalla inn til ekstra årsmøte. Sjølv om det var midt i julehelga, 29. desember, møtte 85 utsendingar på Framnes, og det vart gjort samrøystes vedtak om å overta skulen. Første elevane var 33 jenter på praktisk vårkurs. Desse vårkursa heldt fram i 50 år, men måtte slutta p.g.a at vinterkursa vart lengre. Det var ikkje berre enkelt å vera elev på

Framnes dei første åra, for mange måtte bu på gardane kring skulen. Standarden på husroma ymsa, og nokre kunne ha ganske lang skuleveg. Difor vart det bygt internat, og skulen fekk då plass til 110 elevar. – Det neste som kom var ein kombinert gymnastikksal / festsal med plass til 800 personar. Skulestyrar Fottland sette merke etter seg på fleire måtar. Han var dugande og framsynt, og hadde med seg Hans Sandvoll og andre dyktige medarbeidarar. Tidleg vart det arbeidd ut planar for praktiske liner. Det vart reist nye bygningar og kostbart utstyr vart kjøpt inn. Frå vinteren 1925-26 var det i tillegg til teorilinje, metall- og tresløyd for gutar, og for jenter matstell, sying og veving. (Dette vart seinare mønster for dei fleste ungdomsskulane i landet!) Også i Hans Sandvoll si styrartid opplevde skulen ei rik vokster og utvikling. Sandvoll hadde ei særleg omsut for det heilage samfunnet innan lærar og tenarflokken, og blant

elevane. Her gjekk sterke vekkingar over elevflokken vinter etter vinter. Og det er mange som har kome til tru på Jesus Kristus i dei 100 åra Indremisjonssamskipnaden har drive Framnes. Ein del tidlegare elevar, og andre med godhug for ungdomsskulen, tykte noko gjekk tapt då styresmaktene tok bort namnet ungdomsskule, og la dei kristne ungdomsskulane under same lov og ordningar som dei verdslege folkehøgskulane. I 1994 var det stor brann på skulen. Mykje gjekk tapt i flammane, men etter berre eit par veker kom elevane tilbake og fekk fullføra skuleåret. På imponerande kort tid vart skulen bygd oppatt. Ein fekk ny stor gymnastikksal, auditorium, stor peisstove og mange andre rom. Framnes var blitt ein meir tidsmessig skule som passa godt for oppgåvene som venta. Utover i 80-åra var det mykje arbeid på folkehøgskulane med pålegg om nye planar og forskjellige kurs, og på denne tida dukka det opp spørsmål om ein burde gå over

NB! Dersom du ynskjer å få tilsendt ”Ljosglytt -100 års skriftet for Framnes” som vart skrive til jubileet i 1997, kan de ta kontakt med Framnes på tlf. 56 55 05 00.

4

Indremisjonsvenen - Nr. 06- 2011


sjonssamskipnaden si eige! Framnes i dag

til vidaregåande skule. Ikkje alle syntest det var kjekt med eit så radikalt skifte, men på årsmøtet i Ølen i 1993 vart det vedteke. Første klassane i Vidaregåande skule tok til i 1996. Ettertida har synt at ennå ein gong vart rett vedtak gjort, og skulen på Framnes står i dag igjen som eit flaggskip mellom dei frie. Elevar som går der let vel, og er på den måten dei beste ambassadørane skulen kan ha. Elevar som har hatt ekstra utfordringar i grunnskulen/ skulane finn seg vel til rette, og fortel at på Framnes er livet blitt godt å leva. Alt i Fottland si tid var det nokon som etter utvidingar / nybygg syntest at nå fekk det vera nok, men då kom alltid svaret: ”Framnes vert aldri ferdig. Det er alltid noko usynleg som i si tid vert synleg.” Mange som har lagt ned stort arbeid ved skulen skulle vore nemde, men det er med djup vørdnad me bøyer oss for dei som har vore tilsette i ein av dei mange funksjonane der. Dei har gjort Framnes til det skulen har vore og er: ”Skulen er ein heim - og heimen er ein skule.” Jens Tveit

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

5


Lise Marie Gunnhild Linda Barne- og Ungdomssidene! Nyinnmeldte lag 80 barne- og ungdomslag er no tilslutta IMS. Fire av desse vart innmeldte etter nyttår. Veldig kjekt at nye lag vert starta opp, eller at lag som allereie eksisterer vel å melda seg inn i IMS. To barnelag/kor er innmeldte; Tirsdagsklubben og Nysæter barnekor, begge Stord. Ungdomslaga Drop In (Halsnøy) og UngdomsAlhpa på Laurhammer (Bømlo) er også nye av året. Me ynskjer dykk velkomne inn i IMS. Her kjem ein kort presentasjon av laga: Tirsdagsklubben Annankvar tysdag i partalsveker er det yrande liv på Horneland bedehus. Då er det småbarnstreff for førskuleborn 0-6 år med følgje av ein vaksen. Klubben har eksistert i mange år, men valde i haust å melda seg inn i IMS. Leiar Ingvild Herskedal seier at ho gjennom Torsdagsklubben i Sagvåg vart kjent med Indremisjonssamskipnaden. Dei siste gongane har det vore rundt 15 born, pluss ca like mange mødre. - Kva med fedrene då, lurer eg. Jo, av og til er det nokre fedre med også, fortel Ingvild. Tidlegare var det stort sett eitt- til to-åringar som kom, men no har me også fleire fire-åringar som går, og elles to- til tre-åringar. Ingvild driv klubben saman med Eldri Stautland Espeland. På tirsdagsklubben startar dei først med ei samling der dei syng om Jesus, deretter forteljingar frå Bibelen. Så er det tid for niste og aktivitetar, der dei ofte lagar ein ting som går i tråd med det dei har høyrt i andakten. Til slutt er det tid til litt frileik. Tirsdagsklubben

6

Leiar Silje Fyllingen

Nysæter barnekor Hausten 2010 starta Nysæther barnekor opp. I Sagvåg har det også vore barnekor tidlegare, men no hadde det vore nokre års pause. Sommaren 2010 flytta ein ung familie til Sagvåg med tre born; familien Silje og Kjetil Fyllingen. Silje, som er leiar i Nysæter barnekor, fortel at ho vart kjent med fleire leiarar som var positive til å starta opp kor. Då satte ho i gong. Me ynskte å høyra til ein plass, og då var det naturleg å velgja IMS (mannen Kjetil er jo nettkonsulent i ImF-ung). Også i Ålesund hadde ho og Kjetil drive barnekor, men då var det kun dei to som var leiarar. No har ho fem medleiarar. – Me er ikkje så mange i koret, fortel Silje, men det kjem stadig nye. På sist korøving kom ei av jentene som syng i koret og fortalde at ho også ynskte å vera leiar når ho vart stor. Det er kjekt å høyra! Medlemene er 5-12 år, mest jenter, men også trefire gutar er med. Me bruker singback, har eit variert repertoar; Bjarte Leithaug, Soul Children, Lisa & Sofie, Alle mann på dekk og Regnbuelandet for å nevna noko. Kvar måndag er det øving i Nysæter kyrkje. Indremisjonsvenen - Nr. 06- 2011

Drop-In Annakvar fredag (oddetalsveker) er det Drop-In på Zoar bedehus, Halsnøy. Allereie i vinter starta ivrige ildsjeler med å pussa opp i kjellaren. Det grøne golvbelegget vart byta ut med eit nytt. Det vart laga scene, ny kioskløysing, og elles fiksa opp her og der. Mellom 10-30 ungdomar er innom desse kveldane, og me har ope frå 2000-2400, fortel leiar Per Gunnar Nordbø. Det verkar som om mange trivest. Me har fått kommentarar på at me kun spelar kristen musikk. Men me vil uansett halda på det. Det er mykje bra og brukbar kristen musikk, men for mange ungdomar er det ukjent. Fleire har høyrt noko av musikken på Skjærgårds. Opplegget på Drop In er open kafè, spela spel og andakt ca kl 2200, og musikk frå anlegget då. Seks leiarar byter på å ha ansvaret. På spørsmålet kvifor Per Gunnar ynskte å dra i gong dette, svarar han: - Eg hadde lyst! Eg ynskjer at ungdomen skal få eit meir positivt inntrykk av kva det vil seia å vera kristen. Det er viktig å ha kristne miljø der ungdomane kan få høyra om Jesus. Drop-In


Mitt bibelv ers!

Marit Ragnhild

Men Gud v iser sin kjæ rleik til oss at Kristus ved døydde fo r oss med an vi endå var s yndarar. Rom 5,8

Ope Hus på Valen

Marita Nord

tun, 15 år,

Meling

UngdomsAlpha I Venen nr 2 i år kunne du lesa om oppstart av UngdomsAlpha på Laurhammer bedehus, Bømlo. Dette er eit tilbod for dei som er ferdige med konfirmasjonstida, og som ynskjer å læra meir om livet som kristen og få veksa i trua. Annakvar tysdag (oddetalsveker) møter ungdomane til ca 45 minutts undervisning, song, samtale, varm mat, spel, leik og prat. Dette fortel Linda Aase frå sist UngdomsAlpha: «Kven seier at me ikkje kan ha det kjekt medan me høyrer om Jesus? UngdomsAlpha er eitt av dei laga eg er fast på, og eg er veldig glad for det. Ungdomane som kjem er veldig koselege og miljøet er bra. Alpha er der du går for å bli kjent med det grunnleggjande frå Bibelen. Ulike talarar kjem kvar gong og går gjennom eit tema. Tysdag 8. november var det John Morten Espevik som hadde undervisninga, og han snakka om Jesus som redningsmann. Her fekk me eit innblikk i kvifor Jesus er redningsmannen vår, og kvifor me må ta imot redninga. Tida etter undervisninga går i prating, pilkasting, biljard (på eit mindre brukbart biljardbord), mat og is. Det er veldig kjekt å koma i kontakt med ungdomane og slappa av med samtalar som går på livet og Gud.» I skrivande stund har eg nett fått inn ein sms frå leiar Morten Habbestad. 11.-13. november var ungdomane frå Laurhammer UngdomsAlpha på tur til Kjølvik, og Morten fortel om ein fantastisk tur. Dei som ikkje var med på den gjekk glipp av ei oppleving for livet. Marit Hårklau Ådnanes UngdomsAlpha

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

7


Vandring i bedehusland v/ Kåre Steinsund

Velkommen til julefest på Bedehuset! Me lever nok ikkje i julefesten sin tidsalder i dag. Men det gjorde me før i tida!!! Då var julefestane på bedehuset høgdepunkt for svært mange, både unge og eldre. Det var ikkje så mykje anna som hende i bygda ved juletider, enn julefestane og juleselskapa! Det var ikkje mange festar me ikkje troppa opp på. Rekorden min er visst 9 (i ei lita bygd)! Indremisjonen, Ungdomsforeininga, Søndagsskulen, Eldrefesten, Blå Kors-festen, Frelsesarmeen...

Programmet var enkelt: Song, tale, opplesing, mat og juletregang. Når det gjeld festmaten, så var den oftast enkel. Me fekk gjerne utdelt kvar vår pose, i den kunne det vera julebrød, bolle og julemenn, med kaffi eller kakao til. Det var heilt OK det. Skulle eg ta fram ein fest frå minnekransen, så må det vera ungdomsforeininga sin fest etter vekkinga i 1953. Det eg minnest er ringen rundt juletreet. Etter nokre julesongar stod

Jarle Waldemar .

Ny jule-cd i salg no “La det sne”. Kr. 179,-

Team Sulebakk - Julelys

Stemningsfull jule-cd av . familien Sulebakk frå Nordhordland Kr. 179,-

me stille rundt treet og fleire av dei nyfrelste vitna om Jesus. Det var noko heilt nytt etter denne hausten, mange liv var heilt omskapte. Tindrande lys på eit fint pynta juletre, og strålande unge andlete. Kven kan gløyma slike minner? I dag er det mistenkeleg langt mellom julefestane. Kanskje nokon kunne sjå det som ei oppgåve å ta opp tradisjonen igjen? Er ikkje juleevangeliet grunn til fest mellom Guds folk?

Min helt

Endelig ei ba rneplate for ”gutta”. Friske låter fra debutant en Mathias Fjal sett. TILBUD! Kr. 149,-

msplate Super ungdoke songar rs Inneheld 12 fe v. artister. di av k rs no på marens m so Innspelt på ”Skjærgårds”. Kr. 149,-

Årets juleplate

Oslo Gospel Choir sam an med den dyktige sange rinna Maria Haukaas Mittet. Kr. 169,-

Nyhet på DVD

10 musikkvideoer frå dei siste utgivelsane med Lisa Børud. Intropris Kr. 179,-

Det er GULLpre

su Ny cd av den ven. Se a pp jentegru TILBUD! Kr. 149,-

Stord - Tlf.: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Julegåvene med meining finn du hos oss! Velkomen innom butikken på Leirvik til ein triveleg julehandel! Kjem du deg ikkje hit? Ring oss, så sender vi deg det du ynskjer!


Framneshelsing! I haust har me 253 elevar ved Framnes kristne vidaregåande skule. Me tykkjer det er stort at elevar og foreldre vel Framnes som sin skule. Me veit at ikkje alle kjem til å gå her i tre år, men kanskje eitt eller to - og me vonar at me får lov til å prege denne tida på ein positiv måte, slik at ein kan tenkje tilbake med glede på den tida ein var elev på Framnes. Det er kjekt å få gode tilbakemeldingar på det ein gjer. Det opplever me alle. Og det er kjekt å få gode karakterer. Men me veit også at alle får ikkje den same karakteren. Heller ikkje om ein jobbar mykje, er ein garantert ein toppkarakter. Noko lukkast ein med med, anna ikkje. Jesus talar også noko om dette: Ein fekk fem talent, ein annan to og ein tredje ein talent (Matt. 25). Ein fekk mykje ein annan mindre, men alle hadde fått ei gåve. Dette er viktig å vise elevane. Dei har ei gåve som dei kan få ta i bruk, enten det no må vere mykje eller lite. Dette skuleåret er eit reiseår, og mange elevar og lærarar har allereie vore på tur. Ei gruppe for heilt til Tunisia. Landet byr på eit møte med muslimsk kultur slik den framstår her. Men landet har også fortid som

romersk provins og har også mange innslag frå tidleg kristendom. Her er det mykje spanande å oppleve både i høve til historiefaget og religions- og kristendomsfaga! Ein annan langtur har nokre få utvalde nettopp lagt ut på: skulepresten og to elevar. Målet er Sierra Leone. Her ligg eit misjonsskip, Mercy Ships, som vert støtta av elevane sitt misjonsprosjekt dette året. Ei viktig inntektskjelde til prosjektet er Misjonsløpet. Dette arrangementet vart i år lagt til foreldredagen i oktober, og elevar og nokre tilsette og foreldre sprang inn heile 660 000,- kroner! Fantastisk! Du kan lese meir om misjonsprosjektet på deira nettsider www.misjonsprosjektet.no.

Denne gongen vart det ikkje skrive så mykje om kva som har skjedd på Framnesområdet, men tru meg: mykje har skjedd, og meir kjem til å skje! Dette kan du lese om på nettsidene våre. Oppfordringa er derfor at du følgjer med oss på www.framnes.vgs.no. Harald Voster rektor

Misjonsløp

Kafé

Personal og elevar ved Framnes vil ynskja alle lesarar av Venen God Jul og Godt Nytt År!


Reiseruta desember, januar og februar Svein Bjarne Aase 03.12 Styremøte IMS 17.12 Leirvik IUF 18.12 Stord Indremisjon 03.-06.01 Arbeidarmøte Bildøy 07.01 Meling Indremisjon 13.01 Leirleiarfest Brandøy 18.-29.01 Stord Indremisjon 27.01 Sveio Mannsforening 01.02 Vimi-treff Voss 05.02 Vintermøte Bremnes kyrkje 10.02 Mannskveld, Leirvik bedehus 11.-12.02 Voss 17.02 Styremøte IMS 18.02 Si-treff Stemnestaden 19.02 Vintermøte Leirvik bedehus 26.02 Lothe og Alvsåker IM Marit Ådnanes 11.12 Horneland Indremisjon 29.12 Huglo Indremisjon 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy 13.01 Leirleiarfest Brandøy 14.-15.01 BULK Brandøy 19.01 Eikelandsosen Indremisjon 01.02 BUR-møte 05.02 Vintermøte Bremnes krk. 19.02 Vintermøte Stord Ragnhild Nesse 02.-04.12 Adventshelg Brandøy 18.12 Søndagsskulen Håvik 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy 13.01 Leirleiarfest Brandøy 14.-15.01 BULK Brandøy 26.01 Sætre bedehus s.m. Zoar 10.-12.02 Skiweekend Helgatun 12.02 Vintermøte Voss Lise Marie Th. Litlabø 05.12 Barnekoret Songbuketten 06.12 Osterneset Yngres 09.12 Foldrøy Fredagskafe 11.12 Samnanger Misjonsforsaml. 27.12 Julefest Uskedalen 28.12 Bømlo Indremisjon 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy 13.01 Leirleiarfest Brandøy 14.-15.01 BULK Brandøy 22.01 Samnanger Misjonsforsaml. 26.-29.01 Barneveke Meling 01.02 BUR-møte 10.-12.02 Damehelg Brandøy 16.-19.02 Barneveke Bømlo Linda Aase 02.12 UFO Bømlo 03.12 Leirvik IUF 06.12 Laurhammer, U-Alpha 09.12 UFO Bømlo 12.-16.12 Bildøy 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy 13.01 Leirleiarfest Brandøy 14.-15.01 BULK Brandøy Gunnhild Olsen 02.-04.12 Førjulshelg Helgatun 05.12 Decor 06.12 Laurhammer, U-Alpha 09.12 Husnes IUF 12.-16.12 Bildøy 13.01 Leirleiarfest Brandøy 14.-15.01 BULK Brandøy

Kåre Johan Hamre 02.-04.12 Førjulshelg Helgatun 07.-08.12 Granvin Misjonslag 12.-16.12 Helgatun 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy 10.-13.01 Indremisjonskontoret 15.01 Os Indremisjon 16.-19.01 Granvin Misjonslag 25.01 Meling Indremisjon 26.-27.01 Osterneset Indremisjon 30.01 Granvin Misjonslag 01.02 Neset Indremisjon 05.02 Moster Indremisjon 08.-12.02 Rubbestadneset IM 13.-16.02 Granvin Misjonslag

Tor Ingvald Lauvrak 06.-11.12 Meling Indremisjon 17.-22.01 Skånevik Indremisjon 24.-29.01 Omvikdalen Indremisjon

Liv Rolfsnes 26.12 Meling Indremisjon 28.12 Fitjar Indremisjon 01.01 Kyrkjetunet Ølen 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy 26.02 Lothe og Alvsåker IM

Kenneth Foss 03.-05.02 Sagvåg Indremisjon

I tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang

Marit A. Røen 04.-04.12 Førjulshelg Helgatun 18.12 Horneland Indremisjon 27.12 Jondal Indremisjon 29.12 Julefest Tveit 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy 15.01 Sagvåg Indremisjon 18.-19.01 Borgundøy Indremisjon 22.01 Gilje og Thormodsæter IM 28.01 Laurhammer Indremisjon 29.01 Hiskjo Indremisjon 03.02 Horneland Indremisjon 04.02 Meling Indremisjon 15.02 Børsheim krins 17.-19.02 Barneveke Moster 22.02 Nordbygda Indremisjon Aksel Ingvard Johanessen 11.12 Laurhammer Indremisjon 06.01 Bømlo Indremisjon 15.01 Gilje og Thormodsæter IM 22.01 Meling Indremisjon 08.-09.02 Bogøy Indremisjon 26.02 Horneland Indremisjon Toralf Steinsland 06.12 Norheimsund Indremisjon 29.12 Sagvåg Indremisjon 15.01 Laurhammer Indremisjon 01.02 Bømlo Indremisjon 08.-09.02 Huglo Indremisjon 16.-17.02 Uskedalen Indremisjon 18.02 Si-treff Stemnestaden 19.02 Uskedalen Indremisjon Edmund Thormodsæter 03.12 Styremøte IMS 17.02 Styremøte IMS Jens Tveit 15.01 Håvik Indremisjon 03.-05.02 Odda Indremisjon 17.-19.02 Sandvoll Indremisjon

Ingebrigt Sørfonn 27.-29.01 Jondal Indremisjon Roald Evensen 21.-23.02 Husnes IM 24.-26.02 Uggdal Indremisjon Erik Furnes 19.02 Vintermøte Stord Andreas Evensen 10.-12.02 Håvik Indremisjon

Arne Lindekleiv 03.12 Odda Indremisjon 04.12 Stord Indremisjon 07.01 Horneland Indremisjon Åstrid Aase 03.12 Osterneset m/boksal Halvard Sveen 08.01 Stord Indremisjon 19.01 Vikebygd krins 22.02 Meling Indremisjon Marit Dahl Hollund 19.02 Håvik Indremisjon

Erlend Hardang 10.02 Leirvik UKS Muff, Klaus 11.02 Gilje IUF 18.-29.01 Møteaksjon Leirvik bedehus 12.02 Gilje og Thormodsæter IM 26.02. Gilje og Thormodsæter IM Knut Kvamme Guri Bjørnevik 03.-07.01 Arbeidarmøte Bildøy 03.12 Styremøte IMS Olav Eikemo 10.-12.02 Damehelg Brandøy 14.-19.02 Tørvikbygd Indremisjon 17.02 Styremøte IMS

Reiseruta for Barne- og ungdomsavdelinga er under utarbeiding.

Heile arbeidarflokken i IMS vil ynskja lesarane av IndremisjonsVenen ei velsigna god adventstid, ei fredfull julehøgtid og eit godt nytt år! Vi takkar for alle vi har fått vore saman med i året som snart er omme, og gled oss til godt samarbeid i året som ligg framom oss. En krybbe var vuggen som ventet ham her, Det lille barn Jesus, vår Frelser så kjær. Men stjernene lyste helt inn der han lå, Det lille barn Jesus, på leiet av strå. Så enkelt og stille kom Gud til vår jord. Så høyt er jeg elsket av Jesus, min bror. Han kom fra Guds himmel, Gud selv var han lik, Men Jesus ble fattig, og jeg er blitt rik. Fra krybben til korset gikk veien for deg, Slik åpnet du porten til himlen for meg. Velsign oss, vær med oss, gi lys på vår vei, Så alle kan samles i himlen hos deg.

Helsing frå arbeidarflokken i Indremisjonssamskipnaden!

Runar Landro 28.-29.01 Moster Indremisjon 29.01 Horneland Indremisjon

Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00

Ola Malvin Lomheim 15.01 Samnanger Misjonsforsamling

* DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND

Stord 104,7 MhZ - Bømlo 107,9 MhZ - Kvinnherad: 106,2 MhZ - Os: 103,7 MhZ BE FOR SENDINGANE

RADIO SAMSON

Indremisjonsvenen - Nr. 06 - 2011

RADIO SAMSON 11


Vi anbefaler minimum 13 cm lengde pga lange adresser

Avsender: Indremisjonskontoret, Pb 150, 5401 STORD

minst 6 cm avstand

Avesnder: Her settes fullstendige returadr på en linje

B Indremisjons s a m s k ipnaden invit Returadr på en linje erer ti

Portomerke l settes inn i 1:1 str

VINTERMØ

TE!

5. febr. Bre mnes kyrk je Marit Ådnan es, Svein Bja kl. 19.00 rne Aase m.fl . 12. febr. N ain bedehu s - Voss kl. Ragnhild Ne 17.0 sse, Svein B jarne Aase m 0 .fl. 19. febr. L eirvik bede hus kl. 19.0 Erik Furnes, 0 Marit Ådnan es, Svein Bjarne Aase m.fl.

Påmelding: Helgatun Tlf 56

51 98 98 FØRJULSTURN É M ED MARIT & IRENE

09.12 Meling be dehus kl 19:00 Gjest: Sveinung Andersen

Annonser, bilder, red. stoff o.l. FRI ENTRÉ KOLLEKT UNDER KONSERTEN KONSERTEN ARRANGERES AV ImF OG SAMSKIPNADEN

ImF MED 0 11 IA 2

julen 2011 MÅL Fremside 6mm Bredde 24 mm (max) 71 e Høyd

12

Indremisjonsvenen -HNr. e 2011 elsid06m

ende – Et spenonr deg f julehefte og 12 år mellom 4 jer

Reportas ier Gode histor r Julenøtter vitete Hobbyakti soppgaver ng di Innsen

g? i ditt nabola Barnehelg l imf@imf.no ed å selge mai m r re le el væ 40 du Vil 56 31 42 lgssummen -30 % av sa med ImF på er. Ta kontakt Du beholder selv 20 ange blad du bestill hvor m avhengig av


Venen nr.6 2011