Page 1

indremisjons ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 01 04 - 2010 2011

Sæle er dei som har sin styrke i deg, dei som lengtar etter å fara opp til templet. Når dei fer gjennom den turre dalen, gjer dei han til ein kjeldevang; haustregnet legg si signing over han. Dei går frå kraft til kraft,til dei stig fram for Gud på Sion. Salme 84, 6-8

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011


Vi vil bygga varme inkluderande fellesskap, vinna nye for Jesus, og gjera dei til hans disiplar. Indremisjonssamskipnaden

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset A/S Red.: Svein Bjarne Aase Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no Samskipnadsstyret: Edmund Thormodsæter, formann Halvard Wiik Bjørn Saghaug Birgit M. Hjelmeland Iren Sævik Mæland Kristoffer Tjelle Torunn Tvedt Varamedlemmar: Knut O. Dale Kåre Stautland Anfinn Økland Dagleg leiar: Svein Bjarne Aase Telefon 47 26 13 40 Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVGS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01 www.sunnbok.no

Leiar

Svein Bjarne Aase Dagleg leiar

SunnBok i evangeliet si teneste! ”Med Guds ord til folket”, er eit motto som har følgt Indremisjonen si teneste. Dette mottoet har vore til inspirasjon og gitt retning og kurs for misjonsarbeidet. Me har tru på Ordet som den berande kraft i alt me steller med. Dette Ordet er ei kraft til frelse for kvar den som trur, Rom. 1.16. Ja, det er dette ordet som skapar trua. Rom. 10.17. ProfetenJesaia seier at Ordet aldri skal venda tomt tilbake, men utføra det Herren vil. ”…så er det òg med mitt ord, det som går ut or min munn. Det vender ikkje tomt tilbake til meg, men gjer det eg vil, og fullfører det eg sender det til.” Jes. 55.11. Vil du sjå trua veksa hjå den oppveksande slekt; Så ut Ordet. Vil du sjå trua veksa i di bygd; Så ut Ordet. Det er dette som har vore inspirasjonskjelda til å gå i gong med sundagsskule, barnelag, ungdomslag, leirar, møteveker, sundagsmøte, eldrearbeid, Framnes, Helgatun, Brandøy osv. Me kunne ikkje hatt eit betre motto: ”Med Guds ord til folket”! Det var dette mottoet som også var inspirasjonskjelda til å gå i gong med Sunnhordland Bok- og Misjonssentral, som no ber namnet SunnBok. Våre tidlegare leiarar såg at det var viktig å spreia Guds ord ved å starta ein kristen bokhandel som kunne formidla Biblar, andaktsbøker, kristne barne- og ungdomsbøker, kristen song og musikk m.m. til folket i Sunnhordland. Og bokhandelen vår har stått i ei rik teneste gjennom 36 år. Ser me tilbake, har det ikkje alltid vore like god økonomi i å driva ein bokhandel med kristen litteratur, men målet ”Med Guds ord til folket” har vore det berande også i tider når det har vore vanskeleg økonomisk. Me er no inne i ei krevjande tid for SunnBok. I dei seinare åra har det vore ein merkbar nedgong i antall kundar i butikken. Dette viser sjølvsagt også igjen i økonomien for butikken. Det som er vår store utfordring no, er at dersom me framleis skal kunna driva SunnBok, må me ha ein økonomi som gjer det forsvarleg å driva. Me trur at dersom misjonsfolket i Sunnhordland står bak og vil støtta opp om SunnBok, er det eit svært godt grunnlag å driva vidare på. Men me er i ein situasjon der me må samla oss om bokhandelen og løfta den opp på eit økonomisk forsvarleg nivå. SunnBok har eit stort vareutval til alle anledningar og aldrar. Dei har mange flotte gevinstar til utloddingar og basarar. Er du på Leirvik, ta ein tur innom. Du kan også ta ein telefon og bestilla varer og få dei sendt i posten. SunnBok står i ein evangelist si teneste med å spreia Guds ord. No treng SunnBok di omsorg ved at du brukar butikken og bed for den tenesta den står i. Så står me på vidare; ”Med Guds ord til folket”!

Ynskjer du å gi ei gåve til Indremisjonssamskipnaden, kan du senda den til konto 8220.02.80454. Då går gåva direkte til Samskipnaden.

4 500 000 4 000 000

3 500 000 3 000 000 2 500 000 2 000 000

500 000 0

Hittil 2010 1 515 103,-

1 000 000

Budsjett 2011 3 870 000,-

1 500 000

Hittil 2011 1 728 884,-

Dersom du ynskjer skattefrådrag på gåva må den sendast til konto 8220.02.80632 og merkast med ditt personnummer og ”Gåve til Samskipnaden”.

GÅVEBAROMETER: lagsgåver, gåveaksjonar og gjevarteneste pr. 30. juni 2011


Andakt

Av Per Eriksen pastor i Fredrikstad frikirke

Trykt med tillatelse frå Lunde forlag frå andaktsboka ”Gud med tribunefeber”.

Avsløring og forandring ”Det er først når vi kjenner hvilket tankesystem som styrer oss, at vi kan forandre det,” skriver Nina Karin Monsen i boka Kunsten å tenke. Når tankesystemet er kjent, kan vi forandre det. Det kan høres enkelt ut. Men hvem vet hvilke tankesystemer som styrer en? Er ikke de fleste av oss mestere i å forkle oss for oss selv? Hvem er jeg egentlig? Hva er mine dypeste beveggrunner? Hva finnes på dypet av min sjel? De færreste mennesker gjennomskuer seg selv. Det er bare en som vet hvem jeg virkelig er. Bare en som ser inn i mitt livs mørkeste kroker og rom. Det er Gud.

Dette er det skremmende og frigjørende i møte med Gud. For ham kan jeg ikke skjule noe. Men hos ham har jeg heller ikke behov for å skjule noe. Han er dommeren som ser alt - og som tilgir alt. ”Ransak meg, Gud, og kjenn mitt hjerte, prøv meg og kjenn mine tanker. Se om jeg er på den onde vei, og led meg på evighetens vei,” ber salmisten i Salme 139. Det er ikke alltid like lett å vite hvilken vei som er den rette. Det er ikke lett å vite om mitt hjerte forfører meg. Derfor ber jeg Gud, som kjenner meg tvers gjennom, avsløre

2 flotte bøker frå SunnBok!

VI TROR SAMMEN

BARE GODHET

Me vil anbefala den nye boka til Karl Johan Hallaråker “Vi tror sammen” til alle som ynskjer å få meir innsikt i den kristne tru. Med “Vi tror sammen” kan du tilegna deg kunnskap og rettleiing om bibelsk tru. Her får du også sjelesørgerisk hjelp på område som kan smerta. Boka har spørsmål og opplegg for samtale, og eignar seg godt i bibelgrupper og til eige bibelstudium.

Nesten heile livet har Anne Berit Halås vore alvorleg sjuk. 44-åringen kjem frå Stord, men bur no på Vestnes i Romsdal. Midt i ein kvardag prega av sjukdom opplever Anne Berit og ektemannen Arild Ove ei sterk og levande tru på Gud. Dei trur på ein allmektig Gud, ein Gud som kan helbrede, men også ein Gud som kan og vil vera der og bære sine barn gjennom det dei møter av vanskar på livsvegen.

Det ville også vore svært nyttig om styra i indremisjonsforeningane brukte den til samtale om viktige bibelske tema på styremøta.

Dette er ei bok om sjukdom, men først og fremst ei bok om ein allmektig Gud som er til stades enten dagane er gode eller vanskelege sett med menneskeauge. Asle Hetle bakk

BARE GO e DHET med Anne Berit og

I samtale BARE GO DH

BØNE SPALTA BE FOR...

- Arbeidarane og reiseruta for Haustsemesteret. - Haustmøte på Stord 7.-9. okt. - Haustkonferansen på Helgatun 28.-30. okt. - PIT STOP for ungdom på Stord 13.-15. okt. - Elevane og personalet på Framnes og Bildøy. - Staben på Helgatun og Brandøy.

ET

Tlf.: 53 41 20 01

Arild Ove Halås

meg og vise meg det han ser. For når jeg kjenner hvilke tankesystemer som styrer meg, kan jeg endre det. Det jeg ikke kjenner, kan jeg heller ikke forandre. Det fine med Gud er at han ikke avslører oss for å knuse oss. Det finnes ubehagelige sannheter om oss selv, sannheter som vi av gode grunner ønsker å skjule. Men når de ubehagelige sannhetene avsløres i Guds nærvær, etterlater de oss ikke i fortvilelse. For han viser oss veien til Golgata kors, der syndene er sonet. Der finner vi også forandringskraften og livets gode veier i Jesu fotspor.

«Bare god het og mis skal følge meg alle mit kunnhet t livs og jeg ska l bo i Herrens dager, hus gjennom lange tide r.»

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

3


SOMMARENS STORSAMLING Indremisjonssamskipnaden sitt 147. årsmøte samla folk i alle aldrar til konsertar, møter, barnegospel, samling i parken, sosiale samvær, forhandlingsmøte, barnas sommarfest, ungdomsopplegg m.m. Det var eit variert program som stod på plakaten då den årlige storsamlinga til Indremisjonssamskipnaden gjekk av stabelen i Ølen 24. - 26. juni.

Årsmøte til Indremisjonssamskipnaden har gjennom tidene vore ei storhending i bygdene i Sunnhordland, Hardanger og Voss. Sjølv om me ikkje på nokon måte kan måla oss med stemnene som i tidlegare tider kunne måla opp mot 10 000 menneske, syner frammøtet i Ølen at Sommarens storsamling, årsmøtet, framleis har stor betyding for misjonsarbeidet i bygdene våre. Me er svært glade og takksame for denne helga i Ølen, seier dagleg leiar Svein Bjarne Aase. Særleg vil eg løfta fram den sterke forkynninga som fekk bety mykje for mange. Me har fått svært mange gode tilbakemeldingar, og det er tydeleg at Sommarens storsamling er verdfulle samlingar for indremisjonsarbeidet. Dei gjev inspirasjon, oppmuntring, glede og frimod. Det er godt å møta misjonsfolket og kjenna på fellesskapet, seier han. Det heile starta med konsert fredagskvelden. ”Minnest du songen” stod på programmet og her var både tilreisande og lokale song- og musikkrefter som starta årets storsamling på ein glimrande måte. Husorkesteret og forsongarane, under leiing av ungdomsarbeidar Vidar Sangolt, hadde regien. I tilegg var her fleire soloinnslag. Alle med høge musikalske kvalitetar og flott innhald. Laurdag var det duka for eit variert program, både for store og små. Dei vaksne starta dagen med opningsmøte i idrettshallen, medan borna samla seg til Barnas sommarfest i Kyrkjetunet. Barne- og familiearbeidar Lise Marie Litlabø heldt andakt for borna, medan bysekretær i Bergen indremisjon hadde bibeltime og talte over temaet ”Guds gode vilje”. Der løfta han særleg fram Guds gode vilje med ekteskapet. Ut frå tekstar i Bibelen understreka han betydningen av å elska og æra kvarandre og stå trufast hjå kvarandre i gode og vonde dagar. Størst av alt er kjærleiken! Deretter var det tid for årsmøte, og dei 95 utsendingane fekk god oppdatering i korleis det stod til med arbeidet i Indremisjonssamskipnaden. Etter valet er desse med i styret for Indremisjonssamskipnaden: Edmund Thormodsæter (formann), Halvard Wiik, Bjørn Saghaug, 4

Birgit M. Hjelmeland, Iren S. Mæland, Kristoffer Tjelle og Torunn Tvedt. Vararepresentantar er: Knut O. Dale, Kåre Stautland og Anfinn Økland. Under forhandlingsmøte var det full aktivitet for borna i ulike grupper, og det vart arrangert ei samling i parken med song, trylling, appell m.m. Storstemnet i Ølen var også prega av ein ung profil med eige opplegg for dei unge. Dette sytte barne- og ungdomssekretær Marit Hårklau Ådnanes og ungdomsarbeidar Ragnhild Nesse for saman med sine medhjelparar. I år var det Melinda Løver saman med 4U som stod for barnegospelfesten, og saman med alle borna som var på festen inviterte dei til stor familiekonsert. Her var det mange høgdepunkt. Ikkje minst var det flott å sjå og høyra 4U saman med borna som hadde vore med på barnegospelfesten. Borna song av full hals og pryda scenen med sine flotte t-skjorter og gode smil. På møtet laurdag kveld vil me i trekka fram det sterke vitnemålet til Geir Arne Eriksen frå Aksdal som fortalte at Jesus hadde forandra heile livet hans. Han vaks opp i ein kristen heim, men forlot tidleg Jesus. Det gjekk mange år, men så blei han sjuk og mista livslysten. Det var mykje festing. Han var ikkje snill med kona si, og ein gong trødde han så skikkeleg over grensa at no skjøna han at det var alvor. Så var det ein kristen møteaksjon i bygda og han gjekk til kona og spurte om dei skulle gå på møte. Ho var kristen og han visste at ho ville dette. På møtet skjedde det at han møtte Jesus og han fekk leggja livet sitt i Jesu hender. Frå denne dagen blei heile livet nytt. Familien blei ny. Borna ville høyra Jesus til og me har fått eit fantastisk liv. Å gje sitt liv til Jesus kan ha ein pris, men velsigninga er så mykje, mykje større. Vitnemålet gjorde eit sterkt inntrykk på alle som var i forsamlinga. Etter kveldsmøtet heldt ungdommane fram med konsert i idrettshallen og grilling på Brandøy. Sundagen kom med strålande sol og dagen starta med eit sterkt bønemøte i Kulturhuset før påfylgjande festmøte i Idrettshallen og samling for borna Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

i Kyrkjetunet. Denne dagen hadde Sunnhordlandsmusikken teke turen inn til Ølen, og saman med Sveinung Andersen gledde dei oss med flott song og musikk. Gunnar Ferstad talte over dagens tekst. Festmøtet vart ei spesiell sterk samling med ransakande og djuptgripande forkynning som rørte ved mange av oss. Ja, dette var sanneleg eit festmøte som løfta Sommarens Storsamling til det me ynskjer og bed om at det skal få vera. Her var det tydeleg at Gud talte til folket og gav oss av sine rike skattar. På Kyrkjetunet var det festsamling for borna. Liv Herborg Wold og Gunnhild Osaland, saman med 4U, stod for programmet og borna hadde ei flott samling med bibelundervisning, song og fellesskap. Til glede for liten og stor. Sommarens Storsamling vart avslutta med stort familiemøte. Her deltok både Sunnhordlandsmusikken og 4U med song og musikk. Gunnar Ferstad talte om Bibelen og hadde born og vaksne framme på scenen for å illustrera det han ville ha fram. Her var ein stor ungdomsflokk som hadde innslag med reklame for leirarbeidet og alle som hadde delteke på ulike måtar, dei lokale komitéane, husorkesteret, teknikarar, lyd- og lysfolk vart takka av for strålande innsats under heile helga. Under Sommarens Storsamling kom det inn omlag kr. 180.000,- i kollekt. Me vil takka alle i Ølen, hovudkomitéen og underkomitéane, og alle som på ein eller annan måte var med og gjorde Sommarens Storsamling til ei flott oppleving for alle som kom tilreisande til stemnet. De har lagt ned eit stort arbeid både i førebuing og etterarbeid. Me opplevde det godt å koma til Ølen og de hadde lagt det godt til rette på alle måtar. Tusen takk!!! Så bed me om at det skal liggja ei rik velsigning igjen i Ølen etter stemnet. Opptak frå talane kan bestillast på kontoret tlf. 53 41 07 04. SOMMARENS STORSAMLING Årsmøte 2012 - Stord 15.-17. juni Merk dykk denne helga!


Bluesfestivalen i Skånevik Skånevik -ei lita byd i Sunnhordland med ca. 800 innbyggjarar, vert invadert tre dagar i juli kvart år. ”Velkomne til Bluesbygda Skånevik” står det skrive med store bokstavar over hovudet ditt viss du skal hit. Men det er ikkje berre blues her. Me har kyrkje, bedehus, idrettshall (bygd på dugnad), skule, legekontor, tannlege, ein matvarebutikk, eit bakeri, ein klesbutikk, ein tippe- og souvenirbutikk, ein garn- og souvenirbutikk og ein blomster- og gåvebutikk, to hotell og fleire andre bedrifter. Ei roleg og trygg bygd å bu i, men aldeles sprengt av folk nokre dagar i juli. Me som bur her, handlar inn det me treng i god tid før blueshelga. Køen er lang på Spar og Larsens bakeri i desse dagar. Men i år hadde nokre av oss tenkt som så: I år skal me ikkje reisa vekk eller sitja heime i våre eigne hus. Tenk, for ein anledning til å spreie ”det glade bodskap”!!! Evangeliet om Jesus. Gateevangelistar??? Ja, Jesus sa: ”Gå ut”. Altså gjekk me ut. Me fekk god hjelp frå nokre som kunne dette, og me hadde eit godt agn på kroken: GRATIS VAFLER OG KAFFI SERVERES I KATINKASVINGEN, HELSING BEDEHUSET stod det på plakaten! SUKK…. me - gateevangelistar? Aldri vore med på dette før... ja, ja... Jesus sa jo... men eg??? Me la planar saman med dei som hadde gjort dette før. Me snakka saman og me bad, ja, me bad inderleg og med bankande hjarte. Fredag morgon kl. 10.00 møttes me og hadde ein undervisningstime saman. Spørsmål og svar sveiv rundt i både

huset og hovudet vårt. Me frå Skånevik stola på dei som kunne dette, ja, me skulle møta opp, meeen…… Me fekk ei herleg oppleving. Dette var spennande. Snart kom det nokre ned trappa til uteplassen vår heilt nede med sjøen. Dei hadde kjent den gode lukta, og Liv Rolfsnes hadde fått dei med seg ned. Ei litt omtåka dame spurde om dette var ein slik Jesuskafè, og det var det jo. Ja, me gav dei hjarte både til kropp og sjel med ynskje om ”må Gud velsigna deg”. Jammen kvikna me opp etter kvart, ja, vart ivrige fiskarar -Menneskefiskarar. Borte var frykta og spenninga steig. Vaflane og kaffien vart sett pris på og jammen var det nokre som ville betala for seg og. Klokka gjekk, og det gjorde nokre av oss og, men fleire vart verande til klokka to om natta, ja, Liv var jo enno nokre timar til så klart. Ein lang og spennande dag var over.

luktar godt og fleire kom og mange fekk noko med seg.

Neste dag var det samling klokka 10, det var ny frist og nye utfordringar. Ja, faktisk så gledde me oss. Open Kyrkje var her og, der hadde to av oss vakt, så dagen måtte delast opp i økter. Folk gjekk i kø i gata vår heile dagen. Dei måtte forbi Katinkasvingen for å koma til konsertar i teltet ved Idrettshallen, og så kom dei same vegen attende etter nokre timar. Det var store stimar heile tida, men mest før og etter konsertane. Nysteikte vaflar

No er me attende i kvardagen, men her er mykje folk i Skånevik om sommaren og i tillegg er det 800 som bur her og lever her, dei må me òg nå med Guds ord.

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

Sundag kl. 10 var det bibeltime med opplæring, her var gode råd og bøn om velsigning over dagen. Tenk, dette har me fått vore med på! Ei ny erfaring… Gå ut, Guds velsigning gjer rik. Me hadde med oss ein ballongkunstnar som fanga interessa både hjå små og store. Ved evalueringa var det sagt at dette vil me vera med på neste år òg når bluesbygda Skånevik er vertskap for mellom 10 og 15 tusen menneske på tre dagar. På vår Jesuskafè med vaflar, kaffi og bibelord var det ca 170 sjeler innom. Mange gode samtalar, nokre fekk hjelp i vanskelege saker. Ja, mange vart helst på og snakka med i gata i Skånevik denne helga, og fekk med seg hjarte med gode ord på.

Be for Skånevik. Helsing Skånevik Indremisjon Dagny Ness

5


P

16.-18. september 2011 på Solgry

13-15 Okt. LEIRVIK

STORD

FORANDRING

LIS WEEKEND PIT STO

imf-ung.no/pitstop Arrangører: IMS, ImF-UNG og lokale ungdomslag

www.indremisjonen.no

TORS 13.10 20.00 Ungdomsmøte m/kafè & le Talar: Jan Ove Fagerheim

LIS WEEKEND 16.-18. september 2011 på Solgry I september blir det på ny LIS-weekend på Solgry i samarbeid med NLM-ung. LIS er Leiar- og InspirasjonsSamling for deg som driv kristent ungdomsarbeid og andre interesserte. Her får du påfyll via bibeltimar og interessante tema, lovsong, fellesskap og teambuilding.

"Vi vil utvikle ledere som forandrer verden!" “Vi vil utvikle ledere som forandrer verden!”

FRE 14.10 12.00 Bibelundervisning ved Erlend Hardang 13.00 Ulike aktivitetar 15.00 Middag 16.00 Seminar: �Gud leier og bruker oss – men korleis? � Om nådegåver og Guds plan. Ved Marit Ådnanes �Bibel og bøn – gode rutinar. Er det viktig? Ved Erlend Hardang �Stå fram – korleis fortelja venene mine om Jesus? Ved Lars Magne Ådnanes 17.30 Seminar: �Same seminar som kl 16.00 20.00 Ungdomsmøte Talar: Erlend Hardang 22.00 Konsert – solistar og kor LAUR 15.10 14.00 Bibelundervisning ved Erlend Hardang 15.00 Middag 16.00 «Grill ein kristen» 17.30 Seminar: �Bøn – kva er bøn? Ved Ragnhild Nesse �Forsvarsteknikk – korleis skal du forsvara trua di? Ved Kjetil Fyllingen �Kristen tru på 60 minutt – trur eg? Ved Arnt Johan Vistnes 20.00 Ungdomsmøte Talar: Kjetil Fyllingen Det vert kafè før og etter ungdomsmøta.

Alle møta og seminara er opne samlingar og gratis. Ingen påmelding. Overnatting: Mogleg å overnatta på Leirvik skule. Påmelding for overnatting innan måndag 10. oktober. Pris: kr 150 for to netter


og ida! Barnnged-om ss U

LiseindaMarie GRunagnhilnhd ild L Marit Leirglimt sommaren 2011

Kjekt på Superhelg!

Tatuttatei

Bibelsamling: “Den gode Hoppeputa er kjekk Hyrding” for store og små Kor mange personar toler Brandøybåten?

Flott vær på Active Ten!

Volleyball!

T2-studentane i gong

Mitt bibelv ers!

I skrivande stund har allereie T2-studentane våre, Gunnhild Olsen og Linda Aase, hatt sine fyrste oppdrag. Dei har deltatt på Active-ten leir, Brandøydagen og fleire styremøte i lokale lag. T2-tenesta er ei slags eittåringsteneste der studentane er knytta opp mot Bildøy, men har praksis ute i felten. I år er me altså så heldige at me har to studentar i praksis hos oss i IMS. Gunnhild vil spesielt vera knytta opp mot koret Decor, og Linda Aase vil vera ekstra engasjert i UFO Bømlo og U-Alpha Laurhammer. Beggo to vil elles reisa på lagsbesøk og leir. Ta godt imot Gunnhild og Linda. Me gler oss til å jobba tett saman med dykk i år. Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

”Søk først Guds rike og hans re så skal de ttferd få alt det a ndre i tilleg , g.” Matt 6.33 Barbro Sjø voll, 17 år, Bremnes

7


HAUSTENS STORSAMLING HAUSTMØTE PÅ STORD 7. - 9. oktober

Tema: ”Langs samme vei” - Om livsforvandlande relasjonar

Fredag kl.19.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Ole-Magnus Olafsrud Song: ”Nye Røster” frå Åkra Nye Røster Laurdag kl.16.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Ole-Magnus Olafsrud Song og musikk: Ragnhild Nesse + Husorkester Barnemøte i bedehus-kjellaren v/Marit A. Røen, Gunnhild Olsen og Linda Aase kl.18.00 Kveldsmat i Leirvik bedehus kl.19.30 FESTMØTE i Stord kyrkje Leda: Svein Bjarne Aase Ragnhild Tale: Ole Magnus Olavsrud Nesse Song: Koret ICHTUS Piano: Oskar Jansen - Saxofon: Tore Ljøkjel - Bass: Dag Kjetil Lægreid Gitar: John-Inge Rolfsnes - Trommer: Tor Helge Valvatne Song: Kjersti Ø. Valvatne, Silje og Tore Alvsvåg, Camilla Halleraker. Kveldens gjest: ”Hurtigrute-saxofonist” Tore Ljøkjel Musikk: Oscar Jansen og Tore Ljøkjel

Ole-Magnus Olafsrud

Tore Ljøkjel og Oskar Jansen

Sundag kl.11.00 Gudsteneste i Stord kyrkje v/sokneprest Egil Larsen og Ole-Magnus Olafsrud Gudsteneste i Bremnes kyrkje v/sokneprest Aksel Lygre. Tale: Liv Rolfsnes

Vidare utover ettermiddagen/kvelden vert det Haustmøte på desse bedehusa:

Kjersti Østang Valvatne

Kl.16.30 Jensvoll bedehus Tale: Ragnhild Nesse Song og musikk: Ragnhild Nesse og Gunnhild Olsen Kl.17.00 Sveio bedehus Tale: Edmund Thormodsæter Song: Karsten Nesse Leirvik bedehus Leda: Svein Bjarne Aase Tale: Klaus Muff Song: Eli Kolstad Barnesamling v/Lise Marie Litlabø og Linda Aase m.fl. Håvik bedehus Tale: Marit A. Røen Song: Hanne Synnøve Tislavoll og Joy

Silje Alvsvåg

Tore Alvsvåg

Kl.18.00 Gilje bedehus (Fellesmøte Meling, Laurhammer, Gilje) Tale: Arne Lindekleiv Song: Fitjarbrødrene Husnes bedehus Tale: Dagny Ness Song: Jette Marie og Bjarne Steinsund Kl.19.00 Samnanger bedehus Tale: Ola Malvin Lomheim Moster bedehus Tale: Marit Ådnanes Song: Malene Tislavoll Kl.19.30 Horneland bedehus Tale: Jens Tveit Song: Heidi Rolfsnes Nordbygda bedehus Tale: Nils M. Rydland Song: Jan Karsten Haukefær

Tore Ljøkjel

Velkommen!

Camilla Hallaråker


Vandring i bedehusland v/ Kåre Steinsund

Mitt folk Det sat ein ung gut på ein kafé i Bergen for mange år sidan. Ved nabobordet sat nokre karar og førde ein nokså høglydt samtale. Guten kunne ikkje unngå å høyra kva temaet var: Bedehusfolket. Det var ikkje måte på alt dei hadde opplevd av negative ting hos dei som går på bedehuset. Å fysja – fysja! Då reiser den unge guten seg og gjekk bort til karane. Han seier: ”Eg skal gå no, men har lyst til å seia at bedehusfolket er mitt folk”. Så gjekk han. Trur nokon av karane fekk ein litt flau smak i munnen.

Så modig trur eg ikkje eg hadde vore, men likevel er det ei glede for meg å seia: Det er også mitt folk! Kvifor vart det slik? Nøkkelordet er vekkelse! Det gamle bedehuset i mi heimbygd på Bømlo var så visst ikkje noko slott! Eg ser for meg dei triste veggane, dei brune, harde benkene og den svarte ovnen ved døra. Men då vekkelsesvinden nesten blåste bygda over ende, og det gamle bedehuset vart sentrum frå september til jul, ja, då vart det mest som eit slott!

Eg var 15 år og kom omsider heim frå brislingfiske i november, det var rett på bedehuset, og det eg møtte der, er vel noko av det sterkaste eg har opplevd i livet. Nødrop og tårer, gripande bøner, frelsesfryd, vitnemål frå jublande gamle og strålande ungdomar, song…… Då eg sjølv fekk leggja livet mitt i Jesu hender, og fekk flytta inn i all denne varmen, gleda og omsorga, då sette det eit stempel på meg for livet. NO VAR EG HEIME HOS MINE!

SKÅNEVIK BEDEHUS 100 ÅR, Laurdag 10. sept. kl. 18.00 Song: Skånevik kyrkjekor, Marit Lindekleiv og Kjellaug Holtermann Tale: Svein Bjarne Aase - Helsingar, mat og kaffi Kom og bli med - Alle er hjarteleg velkomne!

Vi tror sammen

Kr. 285,-

Doggdråpar

Ypperleg som gavebok! Inneheld dikt og andaktar Av Annbjørg Helland Sævereid

Kr. 200,-

Barnebibelen min

Ein god måte å bli kjent med Guds Ord på for barn og familier.”

Kr. 298,-

Asle Hetlebakke

BARE GODHET

I samtale med Anne Berit

og Arild Ove Halås

BARE GODHET

Av Karl Johan Hallaråker ”En helhetlig framstilling av den kristne tro til studium og samtale”

«Bare godhet og miskunnhet skal følge meg alle mitt livs dager, og jeg skal bo i Herrens hus gjennom lange tider.»

Bare godhet

Din lokale kristne forhandlar

Asle Hetlebakke i samtale med Anne Berit og Arild Ove Halås. Ei bok om sjukdom, men først og fremst ei bok om ein allmektig Gud som er til stades enten dagane er gode eller vanskelege sett med menneskeauge.

Kr. 180,IMAMENS DATTER

-Min flukt til frihet. - Ei sann historie. Verdt å lese !!

Kr. 230,-

Emeline & Sunniva

Ny Cd av dei to flinke søstrene. Anbefales !!

Kr. 199,-

www.sunnbok.no Tlf.: 53 41 20 01

Gavene med meining finn du hos oss! Velkomen innom butikken på Leirvik til ein triveleg handel! Kjem du deg ikkje hit? Ring oss, så sender vi deg det du ynskjer!


BrandøyHelsing 9. juni. Kva er det som skjer her? På eine veggen i møtesalen heng det dukar og gensrar og ymse anna på ei snor. Har nokon hengt opp klesvasken sin her kanskje? På nokre bord er det fullt opp av ting som heller ikkje brukar å vera i møtesalen. Men nei, det er verken det eine eller det andre som føregår, det er berre Brandøyforeningen som har sin årlege basar. Foreininga som har vore sidan Brandøy vart bygd. Nokre trufaste damer frå bygda som samlast her annankvar torsdag gjennom vinteren. Det er ikkje få kroner dei har samla inn gjennom desse åra. Etter eit par timar er tinga borte og møtesalen ser “normal” ut att. Basaren er over og Brandøy set att med kr. 29.670,-. Eit fint resultat. 23. juni. Det nærmar seg årsmøtehelg i Ølen, og Brandøy skal ta imot så mange overnattingsgjester som det er plass til. Dei fyrste kom allereie torsdag. Dei brann bål og feira St. Hans her. Utover fredag auka det på med folk og dei siste kom laurdagen. Nokon hadde “hus på fire hjul” med seg. Det var veldig kjekt og ha årsmøtedeltakarar buande her. 28. juli. I dag kjem den fyrste gruppa frå England. Det er sjuande året dei arrangerar turar her. Te-bordet er på plass i vestibylen med vannkokar, melk og sukker. Te er nesten det fyrste dei treng etter reisa. Nokre av dei likar

godt ein kopp te i 6-7 tida om morgonen. I gangen kan dei laga den sjølv når dei ynskjer. I 15.30 tida kjem bussen som har henta dei på flyplassen. Kanoane og robåten er flittig i bruk om dagane, same om det er solskin eller regn. Ein tur til Nærbutikken på Bjoa høyrer òg med. Det er eit stykke veg enten dei padlar eller går landevegen, og ikkje alltid så godt å berekna tida. To, tre stykk kom 1 1/2 time for seint til lunsj ein dag dei hadde vore på handletur. 4. august. Koffertane er pakka. Veka har gått fort og gruppa skal heim. Bussen svingar rundt huset og borte er dei. Me står att med ein haug skitne klede og rom som treng vaskast. Nå gjeld det om å skunda seg før bussen kjem att frå flyplassen med den nye gruppa. 15.30 er dei der og flyttar inn på dei nyvaska romma. Så må dei ut og sjå seg om. Sola skin og det er ikkje grenser for kor fin plass dei er komne til, seier dei. 18.30 står middagen på bordet. Etterpå er det kveldsmøte og flokken forsvinn inn i møtesalen. Dei er flinke til å syngja, og syng fleire songar før talaren slepp til. 6. august. I dag vart det tidleg frukost for gruppa skal til Bergen. Dei gler seg til å sjå fisketorget og å reisa opp til Fløyen. Dei smører seg niste og ei

dame lurer veldig på kva brunosten er laga av. 11. august. Heimreise dag. Igjen vert vestibylen fylt av store koffertar. Bussen kjem og så er huset tomt att. Nå må huset vaskast att for i kveld kjem dei som skal på ten-leir og då må det vera reint. Så sig ein ny buss ned bakken. Eit anna buss-selskap denne gongen. Og andre passasjerar. Leiren er begynt og tenåringane fyller matsalen. Det vart ein brå overgang frå dei engelske gruppene. Støynivået er høgare. Og så snakkar jo alle norsk. Det vart ein fin leir og ein kjekk flokk. Mange av dei har reist på leir frå dei var små og veit sikkert ikkje kor mange leirar dei har vore på. Det er så fint at dei kjem att, gong etter gong! Elles er vel mesteparten av sommaren over. Bjørka er ikkje lenger så grøn, og kveldane vert mørkare. Det går mot haust. Eit vers frå bibelen kjem i tankane: Høsten er forbi, sommeren er over, men vi er ikkje frelst! Jeremia 8.20 Det er vemod over dette verset. Det er så mange som ikkje er frelst. Likevel er det håp. Det går enno an å verta det. Det er enno rom hos Jesus. Helsing oss på Brandøy

GLIMT FRÅ EIN STRÅLANDE BRANDØYDAG!!!

Sjølv om skydekket var lavt og regnet kom tett, vart det ein strålande Brandøydag sundag 21. august. Om lag 250 menneske i alle aldrar var samla til stemne. Klaus Muff tala sterkt over dagens tekst på føremiddagsmøte, medan Marit A. Røen hadde eit engasjerande bodskap om ”Jesus = kjærleik” på ettermiddagsmøtet. Heidi Rolfsnes og ungdomsgruppa Rejoice formidla evangeliet gjennom vakker song saman med eit flott husorkester. Elles var her eiga barnesamling, livlige familieaktivitetar m.m. I kollekt kom det inn kr.30 105,- til Indremisjonssamskipnaden og kr. 20 157,- til Brandøy. Klaus Muff

Rejoice

Marit A. Røen

10

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011


Reiseruta september og oktober Svein Bjarne Aase 04.09 Tofte Indremisjon 06.09 Komitémøte 10.09 100-års jubileum Skånevik IM 07.-09.10 Haustmøte 13.10 Koinonia Husnes 18.-19.10 Misjonsråd Bergen 22.10 Leirvik IUF 22.10 Styremøte IMS 28.-30.10 Haustkonferanse Helgatun Marit H. Ådnanes 07.09 Insp.samling, Moster 16.-18.09 LIS-Weekend 18.09 Laurhammer Indremisjon 20.09 Inspirasjonssamling Husnes 21.09 BUR 27.09 Tørvikbygd 27.-29.09 Framnes KVGS 06.10 Inspirasjonssamling Gilje 07.10 Husnes IUF 08.10 Arbeidarmøte Stord 09.10 Moster Indremisjon 13.-15.10 PIT STOP Leirvik 18.10 Uggdal YA Ragnhild Nesse 02.09 Leirvik UKS 03.09 Fitjar Ten-Treff 04.09 Innvær 04.09 Sagvåg Indremisjon 16.-18.09 LIS-Weekend 20.09 Inspirasjonssamling Husnes 21.09 BUR 22.09 Eid Indremisjon, Sætre 27.09 Ving-basar 27.-29.09 Framnes KVGS 30.09-02.10 Korweekend NØUK 06.10 Inspirasjonssamling Gilje 08.10 Arbeidarmøte Stord 09.10 Tysnes støtteforening for IM 13.-15.10 PIT STOP Leirvik 21.-23.10 Yngsteshelg Brandøy Lise Marie Th. Litlabø 01.09 Leirvik Junior-ving 06.09 Bømlo MiniMax 07.09 Inspirasjonssamling Moster 09.09 I 100-klubben og Ekstremt gøy 11.09 Hiskjo Indremisjon 13.09 Huglo Ving 15.09 Sagvåg Torsdagsope 19.09 Uskedalen Hobbyklubb 20.09 Åkra 21.09 Småbarnstreff Uskedalen 21.09 Vingklubben Vines 27.09 Valen TITO 28.09 Sagvåg B:Kids 29.09 Ølensvåg 01.10 Auklandshamn 07.10 Fredagsklubben Leirvik 08.10 Arbeidarmøte Stord 09.10 Haustmøte - Barneopplegg 18.10 Gilje Yngstes 19.10 Onsdagsskule Vines 20.10 Odda Torsdagsklubb 25.10 Samnanger Barnekor 28.-30.10 Haustkonferanse, Helgatun Kåre Johan Hamre 06.-07.09 Innbjoa Indremisjon 08.09 Utbjoa Indremisjon 09.09 Frette Krins 12.-15.09 Granvin 24.-25.09 Odda Indremisjon 26.09 Minikonfirmantar Granvin 28.-30.09 Sandvoll Indremisjon 02.10 Lothe og Alvsåker IM 04.-05.10 Omvikdalen Indremisjon 06.-07.10 Åkra Indremisjon

08.10 Arbeidarmøte Stord 11.-12.10 Fosse Indremisjon 12.-17.10 Granvin 19.-23.10 Skånevik Indremisjon 26.-27.10 Bogøy Indremisjon 28.-30.10 Haustkonferanse Helgatun Liv Rolfsnes 02.-04.09 Kvinne-Weekend Brandøy 06.10 Auklandshamn Indremisjon 08.10 Arbeidarmøte Stord 09.10 Bømlo Indremisjon Markhus Krins 21.-23.10 Yngsteshelg Brandøy I tillegg oppgåver som områdesekretær for Odda/Ullensvang.

Marit A. Røen 02.-04.09 Kvinne-Weekend Brandøy 15.09 Høylandsbygd Indremisjon 16.-18.09 Uggdal Indremisjon 24.09 Jondal Indremisjon 08.10 Arbeidarmøte Stord 09.10 Håvik Indremisjon 15.10 Basar Skånevik 16.10 Norheimsund Indremisjon 29.10 Meling Indremisjon 30.10 Kyrkjekrinsen Aksel Ingvard Johannessen 04.09 Uggdal Indremisjon 14.-15.09 Huglo Indremisjon 21.-22.09 Tveit Indremisjon 28.09 Borgundøy Indremisjon 08.10 Arbeidarmøte Stord 09.10 Tofte Indremisjon 13.10 Vikebygd krins 15.10 Meling Indremisjon 26.10 Auklandshamn Indremisjon Toralf Steinsland 15.-18.09 Sunde Indremisjon 08.10 Arbeidarmøte Stord 26.-30.10 Møteveke Rogaland Edmund Thormodsæter 08.10 Arbeidarmøte Stord 09.10 Sveio Indremisjon 22.10 Styremøte IMS Jens Tveit 04.09 Horneland Indremisjon 18.09 Håvik Indremisjon 08.10 Arbeidarsamling Stord 09.10 Horneland Indremisjon 19.-23.10 Uskedalen Indremisjon 26.10 Sveio Indremisjon 30.10 Moster Indremisjon Leiv Nesheim 06.09 Gravdal Krins 07.-08.09 Nordtveit Misjonsforening 09.-11.09 Rubbestadneset IM

Klaus Muff 08.10 Arbeidarsamling Stord 09.10 Haustmøte Leirvik Ola Malvin Lomheim 11.09 Håvik indremisjon 08.10 Arbeidarsamling Stord 09.10 Samnanger Indremisjon 16.10 Gilje og Thormodsæter IM Arne Lindekleiv 08.10 Arbeidarsamling Stord 09.10 Gilje og Thormodsæter IM Åstrid Aase 10.09 Meling Indremisjon 08.10 Arbeidarsamling Stord Edvard Foss 28.-30.10 Bømlo Indremisjon Liv Stokken 08.10 Arbeidarsamling Stord Halvard Sveen 18.09 Moster Indremisjon 08.10 Arbeidarsamling Stord 19.10 Bømlo Indremisjon 30.10 Gilje og Thormodsæter IM Nils M. Rydland 14.09 Neset Indremisjon 02.10 Gilje og Thormodsæter IM 08.10 Arbeidarmøte Stord 09.10 Norbygda Indremisjon Lars og Astrid Reinlund 28.-30.10 Tørvikbygd Indremisjon Marit Dahl Hollund 07.09 Bømlo Indremisjon 11.09 Horneland Indremisjon 08.10 Arbeidarmøte Stord 21.-23.10 Jondal Indremisjon Henning Persson 21.-23.10 Laurhammer Indremisjon Dagny 08.10 09.10 30.10

Ness Arbeidarsamling Stord Husnes Indremisjon Holmedal Indremisjon

Knut Kvamme 08.10 Arbeidarmøte Stord 28.-30.10 Haustkonferanse Helgatun

Irene K. Alnes 19.-23.10 Tofte Indremisjon

Nina A. Larsen 27.09 Moster Ving

Roald Kvam 29.10 Haustkonferanse Helgatun

Jostein Angeltveit 23.09 Fredagskafe Foldrøy 04.10 Bømlo MiniMax Kjetil Fyllingen 29.09 Klubben Fitjar

Harald Rydland 08.10 Arbeidarmøte Stord 23.10 Samnanger Misjonsforsaml. Eli K. Jacobsen 18.09 Bømlo Indremisjon 09.10 Haustmøte Stord

Andreas Evensen 16.-17.09 Samnanger Indremisjon

Gunnhild Hystad 19.09 Tofte Ving

Ole-Magnus Olafsrud 07.-09.10 Haustmøte Stord

Marit Stokken 18.-23.10 Tofte Indremisjon

Erik Furnes 28.10 Fitjar Indremisjon

Linda Aase 02.09 Bømlo UFO 03.09 Huglo 06.09 Bømlo MiniMax 09.09 Bømlo UFO 10.09 Leirvik IUF 13.09 U-Alpha Laurhammer 15.-28.09 Bildøy 28.-29.09 Framnes KVGS 30.09 Odda 04.10. Laurhammer YA 05.10 Ope Hus Valen 07.10 Bømlo UFO 08.-09.10 Arbeidarmøte / Haustmøte 13.-15.10 PIT STOP Leirvik 21.10 Bømlo UFO 25.10 U-alpha Laurhammer 26.10 Sagvåg Ope Hus 27.10 Klubben Fitjar Gunnhild Olsen 02.09 Bømlo UFO 03.09 Huglo 05.09 Decor 09.09 Halsnøy 10.09 Gilje IUF 12.09 Decor 13.09 Huglo 15.-28.09 Bildøy 28.-29.09 Framnes KVGS 01.-02.10 Decor-weekend 04.10 Laurhammer Yngstes 07.10 Husnes IUF 08.-09.10 Arbeidarmøte / Haustmøte 09.10. Uggdal 13.-15.10 PIT STOP Leirvik 21.10 Bømlo UFO 24.10 Decor 25.10 U-Alpha Laurhammer 27.10 Klubben Fitjar 31.10 Decor

Norvald Ådnanes 25.10 Huglo Ving Rannveig Petterteig 20.09 Laurhammer Yngstes og Yngres 04.10 Meling Yngstes

Edvard Thormodsæter 23.-25.09 Gilje og Thormodsæter IM

RADIO SAMSON Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00 DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND Stord 104,7 MhZ Bømlo 107,9 MhZ Kvinnherad: 106,2 MhZ Os: 103,7 MhZ BE FOR SENDINGANE

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2011

11


B-BLAD Returadresse: Indremisjonskontoret Postboks 150 - 5401 STORD

? R TIL JULEMESSENE VARER OG GEVINSTA julemesse på Tysnes, og 25. - 27. november

er det Helga 18. - 20. november isjonssamskipnaden. ne er til inntekt for Indrem sse me på Bremnes. Begge gevinstar til loddbøkene gåver til varesalet eller . t.d d, me ra bid å o Har de nok ta kontakt med: Innvær tlf. 53 42 01 82 d tlf. 53 42 04 23 Liljan BREMNES: Bjørg Mælan 65 53 43 22 09 / 90 97 24 TYSNES: Harald Heie tlf.



     

   



         



 



                                   

 

     



              





       

         

LIS-weekend

16.-18. september blir det på ny LIS-weekend på Solgry i samarbeid med NLM-ung. LIS er Leiar- og InspirasjonsSamling for deg som driv kristent ungdomsarbeid og andre interesserte. Her får du påfyll via bibeltimar og interessante tema, lovsong, fellesskap og teambuilding.

å Leirvik i haustferien blir det PIT STOP p r g 13.-15. oktobe

deTorsdag - laurda omar på Leirvik be gd un r fo ) al iv st fe g samarbeider PIT STOP (haust ag, IMS og ImF-un sl om gd un le ka m bygdene, hus. Lo : Treffpunkt mello rd ko ik St t. te en om arrangem r, lovsong, seminar, aktiviteta , er øt sm om gd un de 6 sskap. - Sjå si lle fe , n” te is kr n ”grill ei

12

SJÅ V LEIRT ÅRT FANTA ILB ST OG BR OD PÅ HE ISKE LGATU ANDØ N Y PÅ S ID04 E 6- 2011 Indremisjonsvenen - Nr.

Profile for Kjetil Fyllingen

Venen nr.4 2011  

Indremisjonsvenen

Venen nr.4 2011  

Indremisjonsvenen

Advertisement