Page 1

ORGAN FOR INDREMISJONSSAMSKIPNADEN 04 - 2009

Velkomen til HAUSTENS STORSAMLING Haustmøte på Stord 9.-11. oktober 2009 Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

Foto: Tor Resser

1


“I broderkjærleiken - kjærleik til alle”

Layout: Jan-Ove Fagerheim Trykk: Haugesund Bok og Offset AS Red.: Svein Bjarne Aase Indremisjonssamskipnaden Postboks 150, 5401 STORD Tlf.: 53 41 07 04 Fax: 53 41 27 40 Postgiro: 7877.08.43366 Bankgiro: 8220.02.80454 Kontortid: 09.00 – 15.00 Heimeside: www.indremisjonen.no E-post: post@indremisjonen.no Samskipnadsstyret: Harald Heie, formann Birgit M. Hjelmeland Halvard Wiik Ingvard Teigland Knut O. Dale Bjørn Saghaug Marit Lindekleiv - permisjon Varamedlemmar: Iren S. Mæland Edmund Thormodsæter Torun Tvedt Dagleg leiar: Arne Lindekleiv Telefon 951 21 300 Misjonssekretær: Svein Bjarne Aase Telefon 472 61 340 Helgatun 5713 VOSSESTRAND Telefon: 56 51 98 98 Telefax: 56 51 98 99 Bankgiro: 8220.02.80497 Styrar: Solveig Norheim Heimeside: www.helgatun.no Brandøy 5584 BJOA Telefon: 53 76 98 81 Bankgiro: 8220.02.80470 Husmor: Sigrun Thormodsæter Framnes KVS 5600 NORHEIMSUND Telefon: 56 55 05 00 Telefax: 56 55 13 92 Bankgiro: 8220.02.80292 Rektor: Harald Voster Heimeside: www.framnes.vgs.no

Leiar

Arne Lindekleiv Dagleg leiar

ImF- trussamfunn! Generalforsamlinga i Molde gav oss eit vedtak som einskilde opplevde, og gav uttrykk for, som eit historisk vendepunkt for Indremisjonen, medan andre omtala vedtaket som ei lita og udramatisk sak. Saka gjaldt oppretting av ”ImF trussamfunn”. I etterkant har eg møtt ulike spørsmål der mellom anna nokre undrar seg og spør om ein no må melda seg ut or kyrkja dersom ein ønskjer å vera aktiv medlem i Indremisjonen, eller om indremisjonslaga automatisk vert eigne små eller store kyrkjelydar. Til dei spørsmåla kan ein svara klart at slik er det ikkje. Det er ikkje tale om å gjera ImF om frå organisasjon til trussamfunn. ImF vil framleis vera ei lågkyrkjeleg evangelisk-luthersk misjonsrørsle med fokus på forsamlingsbygging, vekking og misjon, slik det heiter i vedtaket. Det er i dag mange misjonsvener som står utan noko kyrkjeleg medlemskap, og vi veit at det er mange som opplever det vanskelig å ha medlemskap i ei kyrkje som synest å verta meir og meir liberal, og som difor er på veg bort frå kyrkja. Men kvar skal desse då gå? Det saka gjeld er for det første at ein ønskjer å leggja til rette for og tilby dei personar som ønskjer det, eit kyrkjerettsleg medlemskap. Dette for å hindra ei oppsplitting med det resultat at fleire kan forlata vår samanheng. ImF ønskjer å ta alle desse på alvor. Ved medlemsskap i ImF trussamfunn vil ein for det andre få høyre til i ein samanheng som står på den evangelisk-lutherske vedkjenninga. Dette er viktig i ei tid der lærespørmål mange gonger vert underordna ved skifte av trussamfunn. Indremisjonen ønskjer ikkje med dette vedtaket å oppmode folk til å melde seg ut or kyrkja. Det er viktig at vi som misjonsfolk framleis kan delta i det lokale kyrkjelydsarbeid, ved aktivt samarbeid, og slik vera til støtte for dei prestar og kyrkjelege medarbeidarar som ønskjer å halda fast på Guds Ord som rettesnor. Indremisjonsrørsla har ned gjennom historia gjeve rom for mangfald, der ein gjerne kan ha sett ulikt på ordningar, men der ein har halde fast på sanningane i Guds Ord. Eg trur at desse ordningane som ligg i ImF trussamfunn er ein naturleg del av det mangfald vi må gje rom for. Samstundes er det viktig at vi er i bøn om at dette kan bli til hjelp for dei menneska som vi skal nå med Guds ord, og for Indremisjonsarbeidet vårt!

Gåvebarometer lagsgåver, gåveaksjonar og giverteneste pr. 31.juli 2009

2 000 000 1 800 000

Hittill 2009 kr. 1 798 017

Hittil 2008 kr. 1 657 529

1 600 000 1 400 000

SunnBok Postboks 23, 5401 Stord Telefon: 53 41 20 01

1 200 000 1 000 000 800 000 600 000 400 000 200 000 0

2

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

Hald deg oppdatert på våre nettsider

www.indremisjonen.no


Andakt

Av Haldis Sandvoll

Ver ikkje redd Ver ikkje redd, for eg er med deg. Sjå deg ikkje rådlaus i kring, for eg er din Gud. Eg gjer deg sterk og hjelper deg. Ja, held deg oppe med mi Frelsar hand.

Jesaia 41.10

Dette verset kjem eg ofte tilbake til og får hjelp av. Når du les dette verset, prøv å setja ditt eige namn etter kvar setning, då får det ein spesiell betydning for meg. Verset er jo til meg og deg, det er det det handlar om. Er eg redd, engsteleg eller rådlaus, så er svaret: Eg er din Gud. Jesus vil hjelpa, styrkja og halda deg oppe. Det er ikkje eit tynnslite tau han held oss med, nei, det er den naglemerka Frelsarhanda. Når dette får senka seg i oss, kva me eig i Jesus, vert det så uendeleg stort. Jesus vil bu hjå meg, og eg får leva i han. Då kan eg takka, lova og prisa for hans underfulle store nåde. Ja, takk kjære Jesus, for den enorme kjærlighet du gir dine vener. Tenk ein gong skal eg få sjå Jesus, med dei naglemerkte hender, då kan me takka og lovprisa med ei løyst tunge.

Trygve Bjerkreim har skrive ein vakker song med fire gode vers. Den handlar om same temaet, eg tek berre med det 1. verset, nr. 387:

Ver ikkje redd du har ein Frelsar som kjøpte deg til Gud med blodet sitt. Kvar ein som kjem, han varmt velkomen helsar, Guds barn du vert. Eit evig liv er ditt. Vonar du som les dette finn ut at du har alt i Jesus, og at Jesus elskar deg av heile sitt hjarta.

Be for: - land og folk, og særleg for valet 14.sept. - vekkelse og åndeleg liv i bygdene våre. - arbeidarstaben og reiseruta for haustsemesteret. - Haustweekendane på Helgatun og Brandøy. - Haustens storsamling 9.-11.okt. - Elevflokken på Framnes VGS og Bibelskulen Bildøy.

Arne og Svein Bjarne fortset Som kjent er Arne Lindekleiv og Svein Bjarne Aase konstituert som dagleg leiing i Samskipnaden fram til 1.oktober -09. Arne Lindekleiv som dagleg leiar og Svein Bjarne Aase som misjonssekretær, begge i 50% stilling. Dette er ei løysing som har fungert svært godt, og styret har kalla dei til å halda fram.

Styret har den gleda å melda at dei begge har svara positivt på kallet, og er viljuge til å halda fram i tilsvarande eller liknande ordning i alle fall fram til sommaren 2010. Etter dette har dei noko ulik vurdering. Styret har samstundes sett ned ei nemnd som skal arbeida vidare med spørsmål omkring framtidig leiarstruktur i Samskipnaden og spesielt med tanke på dagleg leiing vidare.

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

Me kjenner på takksemd, mest til Gud for at me i Samskipnaden har hatt så mange og godt utrusta leiarar. No vil eg be dykk som misjonsfolk om å omslutta våre leiarar i dag i bøn, men også be misjonens Herre om å gå føre og leggja til rette i desse spørsmåla framover. Harald Heie, formann 3


Flott Årsmøtehelg i Indr

Helga 12.-14.juni gjekk den årlege storsamlinga til Indremisjonssamskipnaden av stabelen på Fitjar. Det heile starta fredag kveld med ”Perler frå bedehusland”. Ulike song- og musikkrefter frå Fitjar deltok, under leiing av konferansier Håkon C. Hartvedt. - Heilt fantastisk, var gjenklangen frå dei mange frammøtte etter konserten. Og dette skulle visa seg å bli gjenklangen resten av helga også. Laurdag var det duka for eit variert program. Dagen starta med opningsmøte i kulturhallen med helsing frå formannen i Indremisjonssamskipnaden, Harald Heie, ordføraren på Fitjar, Harald Rydland og formann i arrangementskomiteen, Trygve Eiken. Kurt Hjemdal, som var hovudtalar denne helga, heldt bibeltime. Etterpå var det klart for forhandlingsmøte med årsmøtesaker.

4

Framnes, Helgatun og Brandøy rapporterte frå arbeidet sitt, medan arbeidarane i Indremisjonssamskipnaden gav dei mange utsendingane ei god oppdatering på korleis det gjekk i deira arbeid. Ein ny strategiplan, med klare mål og visjonar for det vidare arbeidet, vart også presentert og godkjent. I tillegg vart også nye styrerepresentantar valde. Indremisjonssamskipnaden sitt styre består no av: Harald Heie (attvald formann), Birgit M. Hjelmeland, Halvard Wiik, Ingvard Teigland, Knut O. Dale, Bjørn Saghaug, Marit Lindekleiv (permisjon). Varamedlemmar: Iren S. Mæland, Edmund Thormodsæter og Torun Tvedt. Arne Lindekleiv og Svein Bjarne Aase er leiarteam. Medan dei vaksne var på forhandlingsmøte, var det også i år laga til eit variert og spanande program for både borna og dei unge. Borna var inndelt i ulike aldersgrupper og fekk høyra forteljingar frå Bibelen og vera med på ulike aktivitetar. Ein tryllekunstnar dukka også opp i ei av barnegruppene.

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

På ettermiddagen var det familiekonsert med den kristne jentegruppa ”Seven”. Jentegruppa imponert dei mange frammøtte med friske låtar og fengande rytmar. Likevel var det ikkje berre dei sju jentene som imponerte publikum. Med seg i ryggen hadde dei også eit stort kor med born frå heile Indremisjonssamskipnaden som hadde øvd i lag i fleire timar før konserten. Saman fekk dei gjeve dei mange frammøtte ein fantastisk konsertoppleving. Dagen vart avslutta med kveldsmøte i idrettshallen, der Kurt Hjemdal fekk vera med å dela Guds Ord. Fitjargruppa ”Praise Him” og dei sju unge mennene i ”Manna” deltok også med imponerande tonar. For dei alle fleste var kveldsmøte siste post på programmet denne dagen, men dette gjaldt ikkje alle. Dei mange ungdomane som var på storsamlinga var nemleg klar for meir program. Kort tid etter møte flokka ungdomane seg saman til andakt og lovsong i idrettshallen. Artige trylletriks med Simon og Kristian var også ein del av ungdomstreffet.


remisjonssamskipnaden Etter ein lang dag med mykje spanande på programmet, skulle ein no tru at ungdomane var klar for eit par timar med søvn. Men i staden retta dei heller nasa mot Breiavikjo, der ungdomsgjengen skulle overnatta ute i det fri. Dei fire lavoane som var sett opp vart heller fint brukt. I staden brukte ungdomane kvelden og dei seine nattetimane til å grilla, leika og sitja rundt bålet og prata og syngja i lag. Søndagen kom med strålande sol og varme temperaturar i lufta. Også denne dagen var det mykje folk som hadde

teke turen til Fitjar kultur- og idrettsbygg for å få med seg festdagen i årsmøte. Dagen starta med festmøte i idrettshallen, der Kurt Hjemdal fekk vera med og formidla viktige sanningar frå Guds Ord. Sunnhordlandsmusikken var også med dette året, og fekk gleda dei mange frammøtte med nydeleg song og musikk. Jentegruppa ”Seven” og Sunnhordlandmusikken var også med på familiemøte på ettermiddagen, der store og små, gamle og unge var samla ein siste gong denne flotte årsmøtehelga. I alt kom det inn ca kr. 215.000,i offer. Ingrid Heie

ME MINNAST

Desse tidlegare styremedlemer som har gått bort det siste året, vart minna på årsmøte: Magne Thormodsæter Jon Kringlebotn Martin Mæland

TAKK

Me vil takka alle indremisjonslaga i Fitjar for fantastisk dugnadsinnsats under Årsmøte 12.-14. juni. Me opplevde det svært godt å koma til Fitjar denne helga.

Neste år vert Årsmøte i Norheimsund/Framnes 25. - 27. juni. Kongens fortenestmedalje i sølv til husøkonom/emissær Margit Fure Margit Fure, Statlandet, er heidra med Kongens fortenestmedalje i sølv. Margit hadde si teneste i Indremisjonssamskipnaden i 40 år. I tilegg har ho drive Ferdaheimen på Statlandet i 14 år. Ho har i alle år ytt ein eineståande frivillig innsats gjennom misjonsarbeidet og omsorgsarbeid. Internasjonalt har ho ytt ein stor innsats gjennom ”Hjelp til Russland”. Fortenstmedaljen vart overrekt av ordførar Gunn Helgesen ved eit arrangement på Ferdaheimen 1.august. Indremisjonssamskipnaden vil gratulera Margit Fure med Kongens fortenstmedalje og ynskjer Guds rike signing.

Foto: Fjordenes Tidende Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

5


Mitt bibelvers!

Sommarleirane! Ein aktiv leirsesong er vel i hamn. Fantastiske 190 stk var totalt samla på dei to familieleirane våre, ein kvar på Brandøy og Helgatun. I tillegg hadde me generasjonshelg på Helgatun i slutten av mai. Det strålande veret var med å kasta glans over barneleirane og ungdomsleiren i sommar. Den nye flytebrygga på Brandøy kom opp akkurat i tide til at me fekk nytta den. På ungdomsleiren var det høve til å stå på vannski og tube, og ein kveld drog me ut til Romsa for å ha bålkos m/grilling, song og andakt. Her overnatta me også til neste dag og hadde frukost og bibeltime med Jens Tveit på svaberget før me returnerte til Brandøy. Ungdomsleiren på Helgatun vart avlyst på grunn av få deltakarar, så det var veldig kjekt at dei fleste av dei påmeldte deltakarane takka ja til å bli med på ungdomsleiren på Brandøy i staden. Men barneleiren på Helgatun gjekk av stabelen. Og det går rykte om at dei hadde det så kjekt at dei i alle fall vil koma igjen på neste leir som skal vera i haust. På Brandøy hadde me to barneleirar; ein for 2.-4. klasse og ein for 5.-7. klasse. Det var mellom 60 og 70 deltakarar på kvar av dei to leirane. Mykje god forkynning har dei unge fått høyra på leir i sommar. Fantastisk er det å sjå og høyra at deltakarane modnast i trua. På leir får dei unge nye vener, og fleire har allereie avtalt å møtast på leir igjen til hausten. Velkommen til alle! Gå gjerne inn på nettsida vår www.indremisjonen.no der du kan sjå bilete frå fleire av leirane.

Frivillige medarbeidarar Hausten 2008 var me så heldige å få med oss åtte personar som reiser på barne- og ungdomslagsbesøk for Indremisjonssamskipnaden. Tilsaman tar dei over 20 lagsbesøk i året. Dette er til stor hjelp både for laga og oss arbeidarar som diverre ikkje når så mykje ut som me gjerne skulle ynskja. Éin gong i semesteret møtest me til feststund på kontoret der me får dela Guds ord, god mat og erfaringar med kvarandre. Entusiasmen frå medarbeidarane er stor. Dei fortel om gode samtalar og møte med både leiarar og dei unge. Også i haust vil nokre av dykk møta på medarbeidarane våre. Takk for at de tar så godt imot dei, og for den inspirasjonen me alle får ved å koma rundt til dykk. Dei frivillige som reiser på besøk til barne- og ungdomslaga våre: Framme f.v. Nina Aase Larsen og Toril Langeland. Bak f.v. Ingrid Heie, Rannveig Petterteig, Merete Solås, Norvald Ådnanes og Jostein Angeltveit. Kjerstin Stokken var ikkje tilstades då biletet vart teke. 6

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

Jan Rune Spissøy, 17 år frå Leirvik Salme 121, 1-2 Eg lyfter augo mine opp mot fjella: Kvar skal mi hjelp koma frå? Mi hjelp kjem frå Herren, som skapte himmelen og jorda.


Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

7


Familieleiren på Helgatun Sommaren 2009

Takk for sist til alle som var samla på familieleir på Helgatun 10.- 14. juli!! Etter ”evaluering” i heimen hos oss, vart det fort konkludert med at ”alt var så kjekt!” Det trur me det er fleire som kan vere einige i. Og av alt det kjekka som me fekk vera med på, må me blant anna nemna det entusiastiske sporlaupet, snøleik og lappasteiking på Vikafjellet, kanopadling, leirkveld med sketsjar, imponerande pianospel (!) og anna morro, - og nokre tøffingar fekk seg til og med ein ekte raftingtur på den stria Vossaelva. Veret var stort sett bra, med regnbyger til rette tider, det vil seie når det var inneaktivitetstid. Sjølv om sola skein både titt og ofta, var ikkje badetemperaturen i elva noko å skryta av. Bademorro vart det likevel med ”heimesnikra” sklia med MYKJE skum, til stor glede for badande små og store. Ikkje minst dei store!! Men leirliv inneheld så mykje meir enn kjekke aktivitetar: Temaet for bibelundervisninga var ” På veg mot målet.” Me har himmelheimen å sjå fram mot, men å vera Jesu læresveinar -hans auge og øyre- på heimstadane våre, er Jesu oppdrag til oss. Dette oppdraget må me sjå stort på!! Samlingane var til rettleiing og inspirasjon for både store og små og dei var flott tilrettelagt med ei veksling mellom storfamilesamlingar og samlingar med aldersdeling. Me vaksne hadde også flotte samlingar på kvelden med gode ord, song og bøn. Trusstyrkjande. (Foto: Anders Langeland, Voss Raftingcenter, Trygve Samnøy og Olaug S. Fagerheim)

8

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

Om deltakarane kan me ikkje seie anna enn at det var ein flott gjeng, ca 100 i talet. Alle generasjonar var representert. Leiren var i høgste grad fullteikna, ein familie hadde til og med eige hus i form av campingvogn. Talet på “fusingar” var nemneverdig høgt, ca 40 små og store, kom derifrå. Nokon som kan ”slå den” til neste år? Det må og nemnast at dei som jobbar på Helgatun gjorde ein framifrå innsats, me kjente oss velkomne- og maten smakte utruleg godt. Tusen takk!! Og leirleiarane er ikkje gløymd: Svein Bjarne Aase uttalte på siste samlinga at han ”aldri hadde gjort så lite på ein leir før.” Ein solid gjeng!! Vil spesielt trekkja fram ungdommane som stod på, blant anna som fritidsansvarlege, datakunnige og som barnevaktar- de var ein flott gjeng. Men fyrst og fremst må me takka Gud, som har skapt oss og frelst oss og som er grunnen til at me kan få samlast på familieleir. Vil helsa dykk alle med ei strofa frå den eine leirsongen vår: Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid. Hebr. 13. 8 Neste år på Helgatun?? Leirhelsing frå Oline 6 år, Ingebjørg 4 ½ år, Hallvard 3 år, Eirik 1 år, Hans Einar og Norunn Markhus


HAUSTENS STORSAMLING Samskipnaden sitt Haustmøte på Stord 9. - 11. oktober 2009 Hovudtalar: Rektor på høgskulen Staffelsgate, Jan Gossner Fredag kl.19.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Jan Gossner Song: Camilla Halleråker og Tore Alvsvåg Husorkester og forsongarar Laurdag kl.16.30 Møte i Leirvik bedehus Tale: Jan Gossner Song: Linda m/band Glimt frå Samskipnaden

Jan Gossner Camilla Halleråker og Tore Alvsvåg

Linda m/ band

kl.18.00 Kveldsmat i Leirvik bedehus

kl.19.30 FESTMØTE i Kulturhuset - Leirvik vik Tale: Jan Gossner a il Ran te. t s Song: Kjersti Østang Valvatne, Piano: Tor Østang, s y Båtsk e etter mø til d g n in u Bass: Dag Kjetil Lægreid, Trommer: Tor Helge Valvatne S ld og åme andsp kontoret: h e r Kveldens gjest: Magne Eidesvik ø F jons remis 1 07 04 Ind Allsongsavdelingar - solosong - intervju m.m. 4 lf. 53

Tor Østang

T

Sundag kl.11.00 Gudsteneste i Stord kyrkje v/ sokneprest Egil Larsen og Jan Gossner Gudsteneste i Bremnes kyrkje v/ sokneprest Asbjørn Gundersen og Arne Lindekleiv

Vidare utover søndagen vert det også Haustmøte på desse bedehusa: Kl.16.00 Jondal bedehus Tale: Ragnhild Nesse

Kl.16.30 Jensvoll bedehus Tale: Nils M. Rydland - Song: Nordtveit Musikklag Kl.17.00 Håvik bedehus Tale: Lise Marie Litlabø - Song: Joy frå Langevåg

Kjersti Østang Valvatne

Kl.18.00 Laurhammer bedehus Tale: Ingebrigt Sørfonn - Song: Otto Martinsen og Marit Ådnanes

Fitjar bedehus Tale: Lars Reinlund - Song: Astrid og Lars Reinlund

Husnes bedehus Tale: Jens Tveit - Song: Ove I. B. Danielsen

Kl.19.00 Moster bedehus Tale: Halvard Sveen - Song: Karsten Nesse Kl.19.30 Leirvik bedehus Tale: Toralf Steinsland - Song: Brødrene Rydland m/band

Sveio bedehus Tale: Liv Rolfsnes og Marit A. Røen - Song: Eli Kolstad

Zoar – Tofte bedehus Tale: Aksel I. Johannessen

Bømlo bedehus Tale: Svein Bjarne Aase - Song: Brødrene Haukefær

Horneland bedehus Tale: Kåre Johan Hamre - Song: Malene Taranger Litlabø

Det vert høv til å gi ei g e åve til Samsk ipnaden på alle sa mlingane.

I n d r e m i sIndremisjonsvenen j o n s s- Nr.a04m skipnaden - 2009

9


Nyhet til ungdom!

Helsing frå Helgatun! Så var det vår tur igjen å få senda ei helsing til deg gjennom ”Venen”. Fyrst av alt, takk for sist til deg me møtte på Årsmøtet i juni, takk for sist til deg som var innom Helgatun i sumar. Gildt å møtast, gildt å sjåast, ligg så god inspirasjon her, ein kveik i kvardagen, ei gledestund!

bedehusland.” Vandringa gjekk både til drivhus med tomater, kyrkje, besøk hos sylvsmeden, på krambua, middag på leirstaden Utsyn og ei flott stund i bedehuset Betel. Skjemt og alvor gjekk hand i hand. NLA vitja Helgatun medan me var sørover, så dei heime hadde flust opp å gjera.

Kva har så me på Helgatun opplevd den siste tida? Her har vore barneleir og familieleir. Masse godt liv i leiren. Familieleiren samla bort i 100 personar med smått og stort. Eit flott leiarteam losa oss gjennom rike dagar med bibelsamlingar, hyggekveldar, leirfest, grillkveld, tur til Vikafjellet med akebrettkøyring og lappasteiking, kanopadling på Myrkdalsvatnet og rafting i Vosso. Beint så ein vart lei seg når ein skulle bryta opp og ta farvel! Då er det godt å få minna om nye moglegheiter til Helgatuntur til hausten. Satsar på ei familiehelg saman med Israelsmisjonen 16. – 18. oktober. Denne helga kombinerar me med litt dugnadsarbeid også. Ta familien med og kom til fjells då!

No er me midt i Sunnhordlandstreffet for Indre strok. Rike bibeltimar og samlingsstunder, turar i frisk fjelluft, litt bærplukking, stølsbesøk og blåtur høyrer med i programmet her. Fyrste dagane i september er det Sunnhordlandstreff for Ytre strok. Bibelskulen på Bildøy kjem med over 100 personar denne gongen, så oppgåvene er mange og utfordrande. Litt ledig plass har me enno på weekenden for deg mellom 45 og 66 år, den er frå 04. – 06. september. Kvinnestemne er helga 09. – 11. oktober. Sjå også leiroversikten annan stad i ”Venen”. Her er fleire moglegheiter for ein tur til Helgatun i haust. Takk og for gåver, forbøn, vinstar til utlodding her og frukt og bær m.m. Takk for omtanke. Nedbed Guds rike velsigning over deg og dine!

Har hatt besøk av turistgrupper frå Estland og pensjonistgruppe frå Erfjord. No er me midt i august med turar og treff. Fyrst ute var Helgatuntreffet med Varm helsing Helgatunfolket busstur til Stavanger. Eit av høgdepunkta var dagen på Finnøy med ”Vandring i

Solveig og Anny

Endeleg er oppfølgeren til bestselgeren ”Manga Messias” her! Apostlenes gjerninger som manga-teikneserie!

Kr. 129,Gavebok til mødre -Våg å vera ei kristen mor som står opp for si tru, og ikkje så lett gir etter for tidsånda. Birgitta Ekman deler i denne boka mykje verdifull innsikt.

Kr. 129,-

NY CD frå Jarle Waldemar

Her er dei kjende barnesongane frå søndagsskulen i ny og festlig musikalsk drakt. -ei gåve til barnebarnet kanskje..?

Kr. 199,-

Misjonsbok

Med karakteristisk engasjement og pågangsmot presenterer Gunnar Hamnøy her ulike glimt fra misjonsfeltene.

Kr. 235,-

Sjå fleire nyheter på bloggen vår:

www.sunnbok.blogspot.com

Stor stemnedag på Brandøy! Det var stort frammøte og skikkeleg stemnesus over Brandøydagen som gjekk av stabelen sundag 23. august. Om lag 250 var møtt fram då Arne Lindekleiv fekk gleda av å ynskja folket velkomen. At stemninga var god, var det ingen tvil om. Her fekk me høyra Guds ord forkynt gjennom tale, song og bibellesing. Ikkje minst var det stas å få vitjing av Joy frå Langevåg og Thea og Kjartan Brekkå med born frå Karmøy. Dei song kvar for seg, men også noko saman. Kjempeflott !

På kjøkkenet putra det i pannene til Sigrunn og Anne Gro. Nydeleg lapskaus vart servert med påfylgjande kaffi og kaker.

Medan føremiddagsmøte gjekk sin gong i møtesalen, hadde borna sitt eige opplegg i den nye hallen. Sekstifem born var samla til flott opplegg frå barne- og ungdomsarbeidararne våre.

Så reiste me heim frå Brandøydagen og gledde oss over at folket samla seg om leirplassen vår. Me kjenner verkeleg at me står saman i det kallet Gud har gjeve oss.

Høgdepunkta stod i kø denne dagen. I tilegg til møta var det lagt opp til familiestafett med høg puls og stor entusiasme, og så vart dei nye flytebryggjene opna. Det var eit flott syn å stå på kaianlegget og sjå alt folket som var samla då Bjarte Nordtun, John Morten Espevik, Rakel Saghaug og Toralf Steinsland stod for den høgtidlege opninga.

Sjå fleire bilete på www.indremisjonen.no 10

Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009


Reiseruta september og oktober Arne Lindekleiv 04.-05.09. ImF-styret 06.09. Stord 08.09. Inspirasjonssaml. Bømlo 10.09. Eikelandsosen 13.09. Haugstølstemne 15.09. Inspirasjonssaml. Stord 23.-24.09. Huglo 10.10. Haustmøte Stord 11.10. Bremnes 16.-18.10. Husnes 18.10. Samnanger 24.10. Styremøte 24.10. Meling 25.10. Moster 28.-29.10. Stranda Svein Bjarne Aase 08.09. Inspirasjonssaml. Bømlo 15.09. Inspirasjonssaml. Stord 18.-20.09. Sagvåg 26.09. Jondal 27.09. Lothe og Alvsaker 09.-10.10. Haustmøte Stord 11.10. Bømlo Toralf Steinsland 01.-06.09. Nordland 10.-14.09. SI-reiser 18.-20.09. Sævlandsvik 23.09. Sveio 25.-27.09. Tofte 29.09.-10.10. SI-reiser 11.10. Stord 14.-18.10. Tysnes 18.10. Moster 21.-25.10. Uskedalen Kåre Johan Hamre 09.-13.09. Bjoa 14.-17.09. Granvin 23.-27.09. Seimsfoss 28.09. Granvin

30.09.-01.10. Auklandshamn 02.-04.10. Moster 06.-07.10. Markhus 08.10. Vikebygd 10.10. Haustmøte Stord 11.10. Horneland 12.-15.10. Granvin 22.-25.10. Osterneset 26.10. Granvin 28.10-01.11. Tørvikbygd Marit A. Røen 04.-06.09. Kvinnehelg Brandøy 13.09. Horneland 16.-20.09. Sandvoll 02.-04.10. Helgatun 10.10. Haustmøte 11.10. Sveio 21.10. Høylandsbygd 22.10. Sætre 30.10-01.11. Jondal Liv Rolfsnes 04.-06.09. Kvinnehelg Brandøy 10.10. Haustmøte Stord 11.10. Sveio Marit Ådnanes 04.-06.09. LIS Weekend 15.09. Inspirasjonssaml. Stord 16.09. Insp.saml. Laurhammer 17.09. BUR Haugesund 24.09. Inspirasjonssaml. Husnes 29.09. Moster Jr. ving og Ving 09.10. Odda Ictys 10.10. Haustmøte Stord 11.10. Laurhammer 13.-15.10. Framnes 17.10. Husnes 27.10. Huglo Ving 28.10. LIS Leirvik

Lise Marie Th. Litlabø 08.09. Inspirasjonssaml. Bømlo 11.-13.09. Weekend Samnanger 15.09. Inspirasjonssaml. Stord 17.09. Inspirasjonssaml. Moster 02.-04.10. Barnelederkonferanse 10.10. Haustmøte Stord 11.10. Håvik 13.10. Åkra Ving 14.10. Uskedalen Småbarnstreff 20.10. Bømlo MiniMax 28.10. LIS Ragnhild Nesse 04.-06.09. Lis Weekend 08.09. Inspirasjonssaml. Bømlo 16.09. Insp.saml. Laurhammer 17.09. Inspirasjonssaml. Moster 18.09. Leirvik UKS 19.09. Basic Moster 20.09. Hiskjo 24.09. Inspirasjonssaml. Husnes 25.09. UFO Bømlo 26.09. Huglo 27.09. Håvik 29.09. Auklandshamn 07.10. Nordtveit/Eikelandsosen 10.10. Haustmøte Stord 11.10. Jondal 12.10. Norheimsund 13.-15.10. Framnes 15.10. Tørvikbygd 23.10. Husnes Nattcafe 24.10. Basic 28.10. LIS 31.10. Fitjar IUF Jens Tveit 01.-04.09. Sunnh.treff Helgatun 06.09. Laurhammer 16.09. Etne 18.09. Moster 23.-27.09. Sunde 11.10. Husnes 15.-18.10. Nordtveit

der y l t e d g e l r e Kor h debod! le g er b om s ei d , m je k når dei Rom 10,15

Halvard Sveen 06.09. Etne 20.09. Meling 27.09. Horneland 11.10. Moster Kåre Steinsund 16.-20.09. Bømlo Håkon Hartvedt 06.09. Uggdal Liv Stokken 04.-06.09. Kvinnehelg Brandøy Nils M. Rydland 17.-20.09. Rubbestadneset 24.09. Sætre 11.10. Uggdal 14.-15.10. Bogøy 18.10. Søfteland 25.10. Nordbygda Rannveig Petterteig 13.09. Gilje Jan Gossner 09.-11.10. Haustmøte Stord Ingebrigt Sørfonn 11.10. Laurhammer Aksel Ingvard Johannessen 11.10. Tofte Simon Madsen 16.09. Moster Jorunn Eikemo 09.-11.10. Helgatun Marta og Edgard Paulsen 27.-31.10. Samnanger Roald Evensen 20.-25.10. Skånevik 27.10-01.11. Fitjar Marit Dahl Hollund 23.-25.10. Kaldestad Birgit M. Hjelmeland 17.10. Skånevik

Radio SAMSON Sendingar kvar sundag kl. 09.00 - 10.00. DU FINN OSS PÅ RADIO SUNNHORDLAND Stord 104,7 MhZ, Bømlo 107,9 MhZ, Kvinnherad: 106,2 MhZ, Os: 103,7 MhZ * BE FOR SENDINGANE. Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009

11


B-BLAD Returadresse: Indremisjonskontoret Postboks 150 - 5401 STORD

HELG

A

Week TUN e for 4 nd 4.-6. se 5 pt. Påmel – 66 år. d Helga ing: tun tl f.565 19898

DUGNA

D

saman m SHELG/FAM ILIEHE ed Isra elsmisjo LG Helgatu nen n 16.-18 .o Påmeldi ng: Helg kt. atun tlf .565198 98

KVINNEHELG kt.

1. o Helgatun 9.-1 nn Eikemo, Leiarar: Joru e im, Anny Berg Solveig Norhe tlf.56519898 n u t a lg e H : g Påmeldin

KVIN

N

KEND LIS WEE . sept.

12

Brand EHELG ø Leiar y 4.-6. sep ar t Marit : Liv Stokk . e A Marit . Røen, Ma n, Liv Rolf s rit Li T ndekl nes, Påmel islavoll. eiv, d Tlf. 5 ing: Indrem 34107 isjons 04 konto ret

6 Solgry 4.- ungdomslaga våre. ri Algerøy, For leiara ig e lv o S , s nane LG vik, æ S E d il Marit Åd r . et A .fl H ien m dd r e O s , s o d S e a t N t ls d hil AD famil nov. nskon Gunnar E erg, Ragn b M n N L a r N G g o e G n U heile .-22. misjo ipnaden k s Arnt Mag m D a s s n emisjo for øy 20 Indre ontoret k s n Arr: Indr o j is m nd ing: : Indre a g in r 4 ld e m å B P eld 1070 4 0 7 m 0 1 4 På 534 Tlf. 53 Indremisjonsvenen - Nr. 04 - 2009 lf.

Profile for Kjetil Fyllingen

Venen nr.4 2009  

Indremisjonsvenen

Venen nr.4 2009  

Indremisjonsvenen

Advertisement