Årsmelding 2015 - Hordaland fylkeskommune

Page 5

STRAMMARE ØKONOMI KREV TYDELEGARE PRIORITERINGAR Hordaland fylkeskommune har lagt bak seg eit godt arbeidsår som også denne gongen vart gjort opp med overskot i rekneskapen. Overskotet på 68,5 mill. kr kom i stor grad som resultat av betre skatteinngang og lågare pensjonskostnadar enn budsjettert. Resultatet dekker dermed over den urovekkjande utviklinga i resultata for dei ulike sektorane. Alle tenestesektorane viste i 2015 underskot samanlikna med budsjettet – samla heile 87 mill. kr. Utan den positive skatteinngangen og andre meir budsjettekniske tilhøve, ville resultatet vore langt dårlegare. Stram økonomistyring må difor framleis ha høg prioritet, samstundes som det målretta arbeidet med å betre driftsøkonomien og fylkeskommunen sine tenester held fram. Det positive rekneskapsresultatet påverkar i liten grad den krevjande økonomiske situasjonen fylkeskommunen er oppe i. Vi har gjennom fleire år investert tungt i nye, moderne skulebygg, tannklinikkar og infrastruktur. Dette har resultert i ei lånegjeld som no er på vel 9,1 mrd. kr. og ein gjeldsgrad på 101,6 prosent. Denne utviklinga kan ikkje halde fram. Difor må vi no bremse investeringstakten. Høg og veksande lånegjeld kombinert med for svake driftsresultat gjennom fleire år, gjer at det må prioriterast tydelegare i aktivitetar og tenestetilbod i tida framover. Til hjelp i arbeidet med prioritering, har vi i 2015 jobba med å utarbeide ein overordna administrativ verksemdstrategi for Hordaland fylkeskommune. I dette arbeidet har vi klargjort mål, strategiar og aktuelle tiltak for dei komande åra. Gjennom arbeidet med verksemdstrategien har organisasjonen fått eit felles utgangspunkt for dei krevjande prioriteringane som må gjerast framover.

for alle i fylket. For å lukkast med dette, må vi ha økonomisk handlekraft og med det gjennomføringsevne også i tida framover. På denne måten heng arbeidet med tydelegare prioritering gjennom verksemdstrategien nært saman med økonomistyringsarbeidet.

«Vi må bremse investeringstakten.»

Etter kommune- og fylkestingsvalet hausten 2015 var nye folkevalde på plass. Ei sentral oppgåve for det nye fylkestinget er å utarbeide og vedta ein ny regional planstrategi i samarbeid med kommunar, statlege organ og aktuelle organisasjonar og institusjonar. Planstrategien skal peike på utfordringar knytte til m.a. utviklingstrekk og -moglegheiter som Hordaland står framfor dei komande åra, og utgjer eit viktig grunnlag for å skape ei heilskapleg og ønskt regional samfunnsutvikling. Arbeidet er godt i gang og vil bli sluttført hausten 2016. Også her vert det avgjerande å gjere tydelege prioriteringar for å sikre retning og gjennomføringsevne. Den administrative verksemdstrategien skal støtte opp om den regionale planstrategien. Slik vert trådane frå både politisk og administrativ side samla i ein felles visjon om å arbeide for å utvikle Hordaland vidare som eit attraktivt og nyskapande fylke!

Rune Haugsdal fylkesrådmann

Foto: Morten Wanvik

Ei av målsetjingane til fylkeskommunen er å vere pådrivar for regional utvikling i Hordaland og sikre nyskaping, berekraft og gode levevilkår


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.