Page 98

Budsjett 2019 - Tannhelse

Viktige tannhelseindikatorar DMFT (Decayed, missed, filled teeth) DMFT viser gjennomsnittleg tal tenner med kariesangrep, manglande tenner og tenner med fyllingar. DMFT-tal for 3- og 5-åringar i Hordaland viser at barn i desse årskulla er mellom dei fire beste fylka i landet. Dette gjeld prosent som aldri har hatt hol i tennene; høvesvis 94,7 % for 3-åringar og 83,7 % for 5-åringar.

DMFT-tal for 2017 viser at for 12-, 15- og 18-åringar i Hordaland er det høvesvis 56,7 %, 37,1 % og 22,3 % av årskulla som aldri har hatt hol i tennene. Dette er tal som ligg nokre prosentpoeng under dei beste fylka i Noreg.

Prosentvis del av 5-åringar utan tannråte eller fylling – og gjennomsnittleg tal tenner med tannråte eller fylling hos 12- og 18-åringane i Hordaland og i Noreg (unntatt Oslo). Hordaland

Årskull

2015

5-åringar

% utan tannråte

12-åringar 18-åringar

Noreg

2016

2017

2015

2016

2017

81,5

81,0

83,7

81,7

80,0

82,4

Gj.snitt tenner med karies eller fylling

1,1

1,0

1,0

0,9

0,9

1,0

Gj.snitt tenner med karies eller fylling

4,2

4,0

3,9

3,9

3,7

3,4

SiC-indeks Signifikant karies indeks (SiC) er ein indikator som viser gjennomsnittleg DMFT på den tredelen av ei aldersgruppe som har dårlegast tannhelse og mest karies (tannråte). SiC-indeksen gir eit bilete av sosial helseskilnad – dess lågare tal, dess mindre skilnad i helse. SiC-indeks for 12-åringar i Hordaland i 2017 er 2,8 medan landsgjennomsnittet er 2,6.

Innføringa av nye nasjonale retningslinjer for tannhelsetilbodet til barn og unge (TannBarn1) inneber mellom anna endring i rutinane for innkalling og registrering av nøkkelårskull (3-, 5-, 12-, 15- og 18-åringar) frå 2019. Dette vil i sin tur kunne medføre endringar i indekstalla. Bekymringsmelding til barnevern Den offentlege tannhelsetenesta er den einaste helsetenesta i Noreg som kallar inn alle barn og unge mellom 3 og 18 år til regelmessige undersøkingar. Tannhelsetenesta kan difor oppdage teikn til mishandling eller omsorgssvikt. Tannhelsepersonell pliktar ved mistanke å melde frå om dette til barnevernet. Frå 2011 til 2017 auka talet på bekymringsmeldingar frå tannhelsetenesta i Hordaland til barnevernet frå 22 til 73. Informasjonsbrev til føresette, der pasienten er under 16 år og ikkje har møtt til avtalt time ved fleire høve, har auka frå 29 til 92 i same tidsrom.

Sjølv om tannhelsa til barn og unge generelt er god, er det område i Hordaland der tannhelsa er dårlegare enn elles i fylket. Også innanfor Bergen kommune er det skilnader, der ein del av forklaringa er storby-utfordringar knytt til demografi og levekår. For å kunne møte desse utfordringane på ein god og målretta måte er det viktig med meir bakgrunnskunnskap. I regi av TkVest/Hordaland er det difor sett i verk fleire forskingsprosjekt som ser nærare på ulike forklaringsvariablar.

2011

2012

2013

2014

2015

2016

2017

Bekymringsmeldingar

22

62

36

83

112

73

73

Brev til føresette

29

87

56

107

88

78

92

Tabell: Tal bekymringsmelding til barnevern og informasjonsbrev til føresette, tannhelsetenesta i Hordaland, 2011–2017

98

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke