Page 92

Budsjett 2019 - Tannhelse

UTFORDRINGAR I ØKONOMIPLANPERIODEN Økonomi Tannhelsetenesta i Hordaland har dei siste åra hatt meirforbruk i driftsrekneskapen. I 2018 vart det sett inn tiltak både på utgift- og inntektssida for å redusere overforbruket. Alle provisjons- og bonusavtalar er sagt opp, og andre kostnadsreduserande tiltak er sette i verk. Desse tiltaka vert vidareført. Mål for tannhelsetenesta dei komande åra er ein økonomi som er i balanse, sjølv med reduksjon i budsjettramma frå 2018 til 2019 på 5 mill. kr.

nasjonale retningslinjer for tannhelsetenesta sitt tilbod til barn og unge; kalla TannBarn 1. Målet med retningslinjene er å sikre eit likt tannhelsetilbod i alle fylke. Dette vil innebere nye rapporteringsrutinar, og vil, i det minste i innføringa, også medføre auka kostnader. Den andre rapporten omhandlar ny organisering av spesialistutdanning av tannlegar. Nye rutinar for spesialistutdanning vil truleg tre i kraft frå hausten 2019. Rapporten legg opp til at Hordaland fylkeskommune sitt kompetansesenter, TkVest/Hordaland, får eit mykje større ansvar i spesialistutdanninga.

I tillegg til økonomisk balanse for heile tannhelsetenesta totalt, er det viktig at behandlinga av dei betalande pasientane gjev eit positivt økonomisk bidrag.

Pasientinntekter Det vart gjort ei større endring på slutten av 2017, då alle personlege incentivordningar i tannhelsetenesta vart sagt opp. Provisjonsavtalen for tannlegar var knytt til behandlinga av betalande pasientar, men lønsemda ved å behandle desse pasientane var for dårleg til å oppretthalde avtalane. Innsparinga ved å seie opp desse avtalane har vore stor, men inntektene frå betalande pasientar har også gått ned ved nokre klinikkar. Det er framleis uvisse om ein unngår underskot i drifta i 2018. Dersom inntektene held fram med å vise nedgang, vil det vere for stor bemanning på einskilde klinikkar. Dette vil igjen innebere for høge lønskostnadar og svekka økonomisk stilling.

Fagleg nivå og kvalitet For 2019 og dei komande åra vil hovudutfordringa for tannhelsetenesta vere å sikre gode og stabile økonomiske driftsvilkår for å ivareta eit høgt fagleg nivå på moderne tannklinikkar. Andre utfordringar i økonomiplanperioden er aukande etterspørsel etter tannhelsetenester fordi tal pasientar med rett til gratis tannpleie aukar. Samstundes vil behovet etter meir avansert og kostnadskrevjande behandling auke. Tannhelse i institusjonar Den fylkeskommunale tannhelsetenesta har over tid også merka auka etterspørsel etter tannhelsetenester i grupper med særskilde behov. Dette gjeld til dømes eldre og sjuke på institusjonar, heimebuande som har vedtak om heimesjukepleie, personar som er under legemiddelassistert rehabilitering (LAR) eller personar som har vedtak om rusomsorg. Denne gruppa krev avansert og kostnadskrevande behandling.

TkVest/Hordaland I budsjett for 2019 vert budsjetteringa av TkVest/Hordaland lagt om. Då kompetansesenteret opna, skulle det på sikt ha inntekter som dekka kostnadane. Det er framleis meirforbruk ved kompetansesenteret til tross for at senteret har fått auka budsjettet dei siste åra. Nettoforbruket, det vil seie kostnaden til HFK ved å ha senteret, auka til 11 mill. kr i fjor. I 2018 ligg senteret an til eit nettoforbruk på 12 mill. kr og ser ut til å gå mot budsjettoverskriding også i 2018. Fylkesrådmannen vil ha eit større kostnadsfokus ved kompetansesenteret, og foreslår difor ei endring i budsjetteringa av senteret.

Nasjonale retningsliner Helse- og omsorgsdepartementet har fått laga to rapportar som vil få innverknad på drifta innan tannhelse også i Hordaland. Frå og med 2019 vert det vedteke nye

92

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke