Page 87

Budsjett 2019 - Samferdsel

Administrasjon samferdselsavdelinga Hovudarbeidsområda til avdelinga er planlegging innanfor samferdselsområdet, forvaltning av fylkesvegane som vegeigar og oppfylging av Statens vegvesen som har det operative ansvaret for drift, vedlikehald og tilsyn. I tillegg har avdelinga ansvar for løyveforvaltinga og transportordninga for funksjonshemma. Det vert budsjettert med 20,6 mill. kr i 2019 og stillingstalet er uendra med 24 stillingar.

Kostnader til leige av innfartsparkeringsplassar Det vert budsjettert med 2,1 mill. kr til leige av innfartsparkeringsplassar. Dette gjeld innfartsparkeringsplassane på Os, Straume, Skogsskiftet, Flesland kai og Knarvik. Nytt i 2019 er innfartsparkering i Knarvik med omlag 125 plassar. Prosjekt Innfartsparkering Det er vedteke eit handlingsprogram for gjennomføring av strategi for innfartsparkering. Det vert arbeidd med etablering av nye innfartsparkeringsplassar i Åsane, Arna, Knarvik, Os, Samnanger, Askøy og Fjell. Det vert og arbeidd vidare med å etablera fleire parkeringshus for sykkel ved kollektivknutepunkt. Det er sett i verk eit opprustingsprogram for eksisterande innfartparkeringsplassar i samarbeid med Statens Vegvesen, Skyss og kommunane. Det vert budsjettert med 1,2 mill. kr.

Administrasjon Skyss Administrasjon Skyss omfattar i hovudsak lønskostnader. I budsjett 2019 har ein lagt inn ei auke i løn som i hovudsak er knytt til å løyse oppgåver som har kome til som følgje av eit høgare ambisjonsnivå. Nokre oppgåver er nye, medan andre må løysast på nye måtar og krev dermed annan kompetanse.

Vidaregåande skuleskyss Denne budsjettposten dekkar billettkostnadane til vidaregåande skuleskyss. Posten vert inntektsført i Skyss sin rekneskap og er såleis kun ein rekneskapsmessig disposisjon. Det vert budsjettert med 36,5 mill. kr.

Alle utgifter til vikartenester vart tidlegare utgiftsført under generell drift, men vert i budsjett 2019 lagt under Administrasjon Skyss slik at ein får samla alle lønsrelaterte utgifter på dette området.

INNTEKTER OG FINANSIERING – KOLLEKTIVDRIFT Billettinntekter og belønningsmidlar utgjer ein særs viktig del av finansieringsgrunnlaget for kollektivtrafikken. I budsjettet for 2019 er den samla inntekta i

kollektivtrafikken på kr 1 325,8 mill. kr, fordelt slik:

Inntekt Billettinntekter

916,3 mill. kr

Skuleskyssinntekter

141,2 mill. kr

Andre inntekter Belønningsmidlar TOTALT

48,3 mill. kr 220,0 mill. kr 1 325,8 mill. kr

Billettinntekter I budsjettet for 2019 er det lagt til grunn takstauke på 2,7 % for buss og bybane. Med ein forventa passasjervekst på 3,5 %, er det budsjettert med totalt 807,8 mill. kr i billettinntekter for 2019 på buss og bybane.

Tabellen under viser utvikling i samla billettinntekter i perioden 2015–2017, prognose for 2018 og budsjett for 2019 for buss/bybane, båt (brutto) og ferje (brutto).

For båt er det også lagt til grunn takstauke på 2,7 %. Det er budsjettert med 55,2 mill. kr i billettinntekter, som er ei auke på 2,9 mill. kr i høve til budsjettet for 2018.

87

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke