Page 81

Budsjett 2019 - Samferdsel

Kostnadsstad

Operatør

Kontraktsform

Kostnader 2019

Ferje Rutepakke 1

Fjord 1 AS

Brutto

139,0

Masfjordnes–Duesund

Wergeland AS

Brutto

12,1

Midthordland

FosenNamsos Sjø AS

Netto

38,5

Nordhordland

Norled AS

Netto

60,1

Sunnhordland

Norled AS

Netto

81,9

Hardanger

Norled AS

Netto

52,2

Klokkarvik–Hjellestad

GulenSkyss AS

Netto

14,3

Takstkompensasjon

4,0

Komp. vg. skuleskyss ferje

1,0

Diverse kostnader

9,2

Fylkestingsvedtak

Kvanndal - Utne sommarrute

3,0

Sum total

415,3

Følgjande er endra i fylkestinget etter fylkesrådmannens forslag: Det vart løyvd 3 mill. kr til oppretthalding av sommarrute mellom Kvanndal og Utne.

I 2018 starta ny kontrakt for austevollsambanda. Erfaringane frå oppstart viser at drifta av sambanda går som føresett. I 2019 startar ny ferjekontrakt for sambandet Masfjordnes–Duesund. Dette sambandet vil bli drifta med elektrisk ferje frå oppstart. Det er ikkje venta store kostnader i samband med oppstart av anbodet.

I statsbudsjettet for 2019 er dette avklart i og med at det vert vist til at det frå 2019 skal setjast i drift AutoPASS-brikkebetaling på tre riksvegferjesamband og dei to fylkesvegferjesamband Krokeide–Hufthamar og Husavik–Sandvikvåg. Det har vore sett inn ekstraferje på sambandet Kvanndal–Utne på grunn av vegarbeid ved Deildo. Vegarbeidet er ferdigstilt, og fylkesrådmannen foreslår difor å ta ut midlar til ekstraferje i 2019. Dette utgjer 3 mill. kr i reduserte kostnader.

Fylkesrådmannen har lukkast med å halde oppe uendra rutetilbod i 2019 samanlikna med 2018. I arbeidet med budsjettet har ein vurdert ulike takstmodellar for å makte dette, men påslaga på einskilde samband vart så høge at fylkesrådmannen for 2019 ikkje har foreslått dette. Som kjent, aukar ferjekostnadene monaleg frå 2020 og dette kan få innverknad på takstnivået.

Kostnader knytt til avtalar om lærlingetilskot er ein del av kontraktskostnadane.

Fylkestinget har vedteke å følgje AutoPASS-regulativet, men det har vore uvisse når dette regulativet vert innført.

Endringstiltak

Område

Nedlegging av sommarrute

Hardanger

81

Kostnader 2019, mill. kr. -3,0

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke