Page 80

Budsjett 2019 - Samferdsel

Nøkkeltal buss Hordaland

2015

Påstigingar Bussavgangar

2016

2017

43 352 000

44 741 000

56 161 000

2 120 000

2 167 000

2 235 000

Diverse kostnader I 2019 vert det gjennomført mellombelse omleggingar i bussproduksjonen knytt til infrastrukturtiltak i Olav Kyrresgate og Carl Konowsgate i Bergen og i samband med utbygging av Bybanen til Fyllingsdalen. Omleggingane har ein kalkulert meirkostnad på 29,5 mill. kr og inngår i posten Diverse kostnader. Tiltaket som gjeld Olav Kyrresgate er finansiert over Miljøløftet med 20 mill. kr.

Bussdrifta har stort omfang i Hordaland, og på makstimen var det 766 bussar i produksjon i 2018. Nøkkeltala over viser at veksten i tal påstigingar held fram. Frå 2017 tok ein i bruk reisedata frå automatisk passasjerteljingssystem om bord i bussane, og endra metode for berekning av reisetal. Endra metodikk har gitt eit brot i tidsserien for passasjerstatistikk mellom 2016 og 2017. Budsjettvedtaket for 2018 la til grunn 10 mill. kr til styrka ruteproduksjon, fordelt på områda Bergen, Nordhordland, Sunnhordland og Hardanger/Voss. Før sommaren 2018 vart det sett opp to nye ekspressbussavgangar Straume– Sandsli, for å medverke til å betre trafikksituasjonen på Rv 555 i Fjell. Vidare er det prioritert ressursar i samband med oppstart av nytt bussanbod i Nordhordland, for å kunne setje inn tiltak dersom det oppstår utfordringar på kapasiteten. Det vert arbeidd med tiltak i Bergen og Hardanger/ Voss/Sunnhordland.

Skuleskyss – særskyss Budsjettområdet dekkjer kostnader til individuelt tilrettelagt skuleskyss i grunn- og vidaregåande skule. Det er budsjettert 192,5 mill. kr til individuelt tilrettelagt skuleskyss for 2019. Budsjettet er med det uendra frå 2018, og basert på at volum og kostnader ikkje vil stige komande år. Det er knytt stor usikkerheit til kostnadsutviklinga for skuleskyss. Tal elevar med rett for individuelt tilrettelagt skuleskyss og tal kilometer mellom skule og heim vil variere frå skuleår til skuleår. Skuleåret følgjer ikkje budsjettåret, og ein har såleis ikkje innsikt i kva som vert behovet gjennom heile budsjettåret.

Takstkompensasjon buss/NSB Takstkompensasjon buss og NSB gjeld kompensasjon for samordning av billettar og bruk av fylkeskommunale takstar på komersielle bussruter. Dette gjeld hovudsakleg bruk av ungdomskort, men er også eit tilbod til lokalreisande i Nordhordland.

Endringstiltak

Område

Mellombelse omleggingar pga. infrastrukturtiltak

Kostnader 2019, mill. kr.

Bergen

29,5

FYLKESVEGFERJER mill. kr

Fylkesvegferjer

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Driftsutgifter

411,0

415,3

Driftsinntekter

-52,0

-55,4

Netto driftsutgifter

359,0

359,9

Netto driftsutgifter i 2019 kr

369,0

359,9

80

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke