Page 77

Budsjett 2019 - Samferdsel

vedteke og Statens vegvesen si Handbok R610– Standard for drift og vedlikehald.

desse vegane auka. Endringar i standardane for vinterdrifta vil verke direkte på hovudmålsettingane i Strategi for drift og vedlikehald fram mot 2029. Ut frå omsynet til miljø (støvplager), framkomst og trafikktryggleik for både køyrande, syklande og gåande er det utfordrande å redusere standarden i vinterdrifta for å redusere kostnadar.

Vinterdrift Vinterdrifta, dvs. snørydding, salting og strøing, inngår i driftskontraktane og utgjer mellom 45 % og 60 % av kontraktsummen. Driftskontraktane er utforma slik at det er ein fast del, og ein variabel del som vert gjort opp etter bruk. Som vist til tidlegare har omfanget av vinterdrifta store konsekvensar for utgiftsnivået. Kompetansen og innsatsen til Statens vegvesen og dei einskilde entreprenørane er avgjerande for ei god vinterdrift. Statens vegvesen gjennomfører difor eiga opplæring av entreprenørar.

Drift øvrig I denne posten inngår kostnadar til straum/vegljos og betaling til kommunar for vegljos. I tillegg er det kostnader til kommunale avgifter, servicebygg, diverse mindre driftstiltak, ny skilting, helikopterleige ved inspeksjonar av ras og avtale om reinhald av vegar i Bergen.

Etter kvart som satsinga på samanhengande gang- og sykkelvegar har skote fart, har krava til gode standardar på

Vedlikehald Tal i tusen

Tiltak

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Bruvedlikehald

15 400

20 000

Vegoppmerking

11 300

5 000

Dekkelegging

39 200

77 000

Trygg skuleveg og punktutbetring

20 000

42 000

9 600

10 000

95 500

144 000

Vedlikehald – øvrig Sum Vedlikehald

Følgjande er endra i fylkestinget etter fylkesrådmannens forslag: Det vart løyvd 45 mill. kr ekstra til dekkelegging, og 42 mill. kr til punktutbetring for tryggare skuleveg og til oppstart for fleire trafikksikringstiltak.

Bruvedlikehald/ferjekaiar Alle bruene vert jamleg inspisert og det vert sett i verk naudsynte sikringstiltak der dette er påkravd. Det er ein eigen samlekontrakt for bruvedlikehaldet. Behovet for vedlikehald av bruene er stort og det er mange bruer som er over 20 år. Mange av bruene på kysten er utsett for korrosjon, og dette må følgast opp med jamleg vedlikehald. For 2019 er det ført opp 20 mill. kr til bruvedlikehald.

Det sett av ein eigen pott på Investeringsprogrammet for Opprusting og fornying av bruer. Ved å fornye og gjennomføre større opprustingstiltak kan dette avhjelpe situasjonen noko. Det er utrekna at det vil koste om lag 1,7 mrd. kr å utbetre etterslepet og stoppe forfallet på fylkesvegbruene. Det er ein eigen kontakt for løpande drift og vedlikehald av ferjekaiane. Av dei 36 fylkesvegferjekaiane er det trong for

77

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke