Page 72

Budsjett 2019 - Samferdsel

Mål 3. S  amferdsel skal forvalte og utvikle fylkesvegnettet med vekt på standardheving og klimatilpassa drift og vedlikehald 4. Samferdsel skal arbeide for at veksten i persontrafikk i bergensområdet skal skje ved hjelp av gange, sykkel og kollektivtrafikk

Tiltak

Resultatmål 2018

Prioritere vedlikehald og utbetring framfor nybygging

80 km dekkelegging

Etablere ein planreservere for prioriterte prosjekt Utvikle og styrke kollektivtilbodet for fleire reisande Følgje opp strategi for innfartsparkering for bil og sykkel

Resultatmål 2021 100 km dekkelegging

Fylgje opp handlingsprogrammet i RTP

Planreserve for rassikring og øvrig oppgradering er etablert

3,5 % vekst i talet på påstigande

3,5 % vekst i talet på påstigande.

3485 bilplassar

4170 bilplassar

PRIORITERINGAR I 2019 Kollektivområdet Bilruter: Budsjettposten for bussdrift er styrka i høve prisvekst og avtalefesta reguleringar. Kostnader til individuelt tilrettelagt skuleskyss er uendra i høve til 2018. Det er lagt inn 29,5 mill. kr til kostnader knytt til omlegging av busslinjer i Bergen sentrum

vart gjort til dels store endringar i rabattar og billettypar i 2018, tilrår ikkje fylkesrådmannen vesentlege endringar i 2019, men mindre justeringar i dei ulike billettkategoriane. Travel like the locals: Det vert sett i verk eit prosjekt i samarbeid med Sogn og Fjordane og Rogaland for å tilretteleggje for at billettering og sal av reiser er betre tilpassa turistmarknaden og reiselivet elles. Det vert teke sikte på at ein til turistsesongen 2019 har klar 2–3 ruter/destinasjonar innanfor dette konseptet, og det er budsjettert med ei auka billettinntekt på 2,0 mill. kr.

Bybane: Budsjettet for bybanen tek høgde for nye kontraktsprisar og oppstart av ny kontrakt for drift av Bybanen, og endringar i ansvarsforhold mellom Skyss og Bybanen AS. Ein vidarefører nogjeldande rutetilbod i 2019. Båt: Budsjettposten for båt er styrka i høve prisvekst og avtalefesta reguleringar. Som ledd i behovet for kostnadsreduserande tiltak, er ruteproduksjonen for båt redusert tilsvarande 4 mill. kr i 2019, med heilårsverknad frå 2020 på 8 mill. kr. Fylkesrådmannen foreslår å leggje ned båtruta Reksten–Våge–Os mellom Tysnes og Os kommunar og redusert opningstid på ruta Kleppestø–Strandkaien mellom Askøy og Bergen og for ruta til Ølen i Rogaland.

Fylkesveg Løyvingane til vedlikehald har ikkje auka så mykje som ønskjeleg. På same tid har klimautfordringane vorte større med meir flaum, skred og ekstrem nedbør som har alvorlege følgjer for fylkesvegnettet. For å avbøte situasjonen noko, har ein løyvd meir midlar til standardhevings-, fornyings- og opprustingstiltak over investeringsbudsjettet.

Ferje: Ferjetilbodet er i hovudsak uendra frå 2018 til 2019. Posten er redusert med 3,0 mill. kr som følgje av forslag om å leggje ned ekstra sommarferje Kvanndal–Utne ettersom vegarbeid ved Deildo no er ferdigstilt.

I Strategi for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet fram mot 2029 vert det lagt opp til å halde fast på dagens driftsnivå i kontraktane, men at det før kvar kontraktsutlysing vert ein gjennomgang av driftsnivået.

Billettinntekter: I framlegget har ein lagt til grunn prisauke på gjennomsnittleg 2,7 % for buss og bybane. Sidan det

72

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke