Page 61

Budsjett 2019 - Opplæring

Endringar produksjonsskule i 2019-kr Tal i tusen

Endringar produksjonsskule Hyssingen prod.skule

- 900

Prod.skulen i Hardanger

4 800

Sum tiltak

3 900

Produksjonsskulen skal vere eit tilbod til ungdom som har trong for eit alternativt opplæringstilbod for ein kortare periode. Målsettinga er primært å motivere og kvalifisere ungdommar til å gå tilbake og gjennomføre ordinær vidaregåande opplæring, sekundært å kome ut i jobb. Det er sett av 12,1 mill. kr til dette tiltaket i 2019.

vidaregåande skule. I første omgang er det lagt opp til tre verkstader innan Mat & Grønt (gardsbruk), Natur & Miljø og Mekanisk verkstad. Fylkestinget vedtok i mars 2018 å etablere produksjonsskule ved tidlegare Hjeltnes vidaregåande skule i Ulvik herad. I vedtaket vart det presisert at permanent produksjonsskuledrift føresette eit årleg statstilskot på 9 mill. kr.

Produksjonsskulen er eit tilbod om utprøving av ulike programområde. Elevane skal delta i ein arbeidsfellesskap med produksjon som mål. Dei skal få grunnleggjande samfunnskunnskap, kjennskap til og øving i vanlege rutinar i arbeidslivet, få styrka sosial kompetanse og få rådgjeving med omsyn til val av utdanning og yrke.

For 2019 er det lagt til grunn eit statstilskot på 5,6 mill. kr som det er gjeve tilsegn om. Med tillegg av ei fylkeskommunal løyving på 5,8 mill. kr er det samla 11,4 mill. kr til disposisjon til produksjonsskulen i Hardanger i 2019. 1 mill. kr av løyvinga er ført på budsjettet for eigedomsavdelinga.

Produksjonsskulen har ikkje integrert teoriundervisning, men elevane kan få opplæring i grunnleggjande ferdigheiter i eigen pedagogisk verkstad. Inntaket skjer løpande gjennom heile året, deltaking er avgrensa til eitt år.

Hausten 2018 er Hardanger produksjonsskule, som nemnt, etablert med tre verkstader. Dette er to verkstader mindre enn det som var planlagt ved full drift med bakgrunn i at den økonomiske ramma som er til disposisjon er lågare.

Hyssingen produksjonskole – reduksjon 0,9 mill. kr Hyssingen produksjonsskole er lokalisert i Bergen. Hyssingen har tilbod retta mot utdanningsprogramma teknikk og industriell produksjon, bygg- og anleggsfag og restaurant- og matfag. Tilbodet har kapasitet på 45 plassar pr. år. Reduksjonen er knytt til overført husleigekostnad til eigedomsavdelinga.

Ut frå signal frå sentralt hald er det lite sannsynleg at fylkestinget sin føresetnad om årleg statleg tilskot på 9 mill. kr vert oppfylt. Dei statlege midlane vert løyvde over statsbudsjettposten «Forsøk med tiltak for ungdom utenfor opplæring og arbeid» som er eit tre-årig prosjekt. Utdanningsdirektoratet skal evaluere det statlege forsøksprosjektet etter prosjektperioden, og fylkesrådmannen legg til grunn at produksjonsskuletilbodet vert oppretthalde innanfor den fylkeskommunale løyvinga på 5,8 mill. kr fram til evaluering av tilbodet våren 2020.

Produksjonsskule i Hardanger – auke 4,8 mill. kr Prosjektet Hardanger produksjonsskule opna for elevar hausten 2018. Tilbodet er lokalisert ved tidlegare Hjeltnes

FAGOPPLÆRING

Tal i tusen

Bud 2018 Lærlingtilskott

Vg3 i skule

Bud 2019

Driftsutgifter

319 011

323 424

Driftsinntekter

-24 422

-24 849

Netto driftsutgifter

294 589

298 574

20 346

21 872

0

0

20 346

21 872

Driftsutgifter Driftsinntekter Netto driftsutgifter

61

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke