Page 53

Budsjett 2019 - Opplæring

Sjølvforsvarskurs – mindreutgift 0,25 mill. kr Sjølvforsvarskurs for jenter er ikkje er fylkeskommunal oppgåve. Løyvinga til sjølvforsvarskurs er ikkje vidareført i 2019.

Rekneskapstal pr. september 2018 syner at det er rom for å redusere med 1,0 mill. kr i 2019. Årsaka er at prosjekt med øyremerka midlar som skulefrukost og skulepsykologar gjer at det er rom for å redusere den generelle tiltakspotten.

Landslinje – mindreutgift 0,7 mill. kr Landslinjer får i hovudsak finansiering gjennom øyremerka tilskot. Finansieringa av landslinjetilboda innan yrkessjåførfaget og anleggsmaskinførarfaget er ikkje tilstrekkeleg til å dekkje alle kostnader. Dei siste åra har det fylkeskommunale bidraget til desse tilboda vore på om lag 7,0 mill. kr. Rekneskapstal for 2017 og hittil i 2018 tyder på at det er grunnlag for å redusere det fylkeskommunale tilskotet med om lag 0,7 mill. kr.

Energiøkonomiseringstiltak – mindreutgift 5,0 mill. kr Eigedomsavdelinga jobbar målretta for å redusere energiforbruket i fylkeskommunale bygg. Det er berekna at tiltak gjennomført ved vidaregåande skular i 2018 vil gje ei innsparing på om lag 5,0 mill. kr i 2019. Skulehelseteneste – mindreutgift 2,0 mill. kr Skulehelseteneste i grunnskule og vidaregåande skule er ei kommunal oppgåve. Løyvinga til skulehelseteneste er ikkje vidareført i 2019. I 2018 vart dei budsjetterte midlane gitt som løyving til Bergen kommune som tilskot til utgreiingsarbeid

SKULEBUDSJETTA I sak 59/2017 vedtok fylkestinget prinsippa for ny budsjettmodell for finansiering av dei vidaregåande skulane. Hovudprinsippet i den nye modellen er at budsjett til undervisning vert tildelt basert på tal klassar. Den nye modellen vart innført frå hausten 2018, og 2019 vil vere første heile året med ny modell.

er låg. I skule- og tilbodsstruktursaka (klassesaka) i november 2018 vert grunnlaget for tilbodsstrukturen skuleåret 2019/20 lagt. Det er den vedtekne strukturen som vert gjort søkbar i søknadssystemet Vigo. Etter inntaket i mars vert tilbodsstrukturen justert etter søkjemønster. I tilbodsstruktursakene for komande skuleår vil fylkesrådmannen leggje vekt på at tilboda berre unntaksvis skal ha mindre enn 85% oppfyllingsgrad.

Inneverande skuleår er det 791 klassar ved dei vidaregåande skulane, skuleåret 2017/18 var det 803 klassar. Om lag 15% av klassene har mindre enn 85% oppfyllingsgrad. Det er spesielt i distrikta at oppfyllingsgraden i enkelte klasser

Skulane vert tildelt eit rammebudsjett, og rektor kan omdisponere midlar innanfor budsjettramma.

53

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke