Page 49

Budsjett 2019 - Opplæring

planen er betre balanse mellom tilbod og etterspurnad etter kompetanse og arbeidskraft i Hordaland gjennom eit forpliktande samarbeid mellom næringslivet, offentleg sektor og utdanningsaktørane.

Gjennomføringa av vedtaka i skulebruksplanen vert koordinert gjennom prosjektet «Varige og gode verknader av skulebruksplanen». Prosjektet skal bidra til at HFK følgjer opp og koordinerer dei ulike tiltaka i skulebruksplanen fram mot 2030. Gjennomføring av tiltaka skjer i linja. Fylkesrådmannen rapporter status i arbeidet med gjennomføring av vedtaka i skulebruksplanen gjennom løypemelding til fylkesutvalet i juni kvart år. I desember kvart år handsamar fylkesutvalet sak om justering av tilbodsstrukturen for neste skuleår. Denne saka baserer seg også på vedtaka i skulebruksplanen. Gjennom skulebruksplanen tek HFK sterkare grep om skule- og tilbodsstrukturen. Ved å samle fagmiljøa på færre einingar vert fagmiljøa robuste og kan lettare tilpasse seg til behova i næringslivet og i samfunnet generelt i åra framover.

I det vidare arbeidet er utvikling av lokale nettverk sentralt. Det bør etablerast minimum tre slike nettverk i fylkeskommunen; eit sør i fylket, eit i indre delar av fylket og eit knytt til Stor-Bergen. Slike nettverk vil både svare på utfordringane i nasjonal samfunnskontrakt 2016–2020 og fylkeskommunens eigen Regional plan for kompetanse og arbeidskraft. Målsetjingane i desse planane kan best nåast gjennom å utvikle lokale nettverk som har merksemd på: • G  je alle kvalifiserte søkjarar tilbod om læreplass ved at partane i arbeidslivet og fylkeskommunen forpliktar seg til å gjere fag- og yrkesopplæringa meir føreseieleg.

Styringsdokument for pedagogisk utviklingsarbeid i vidaregåande skule 2016–2019 I styringsdokumentet gir skuleeigar føringar for kva mål og prioriterte tiltaksområde skulane skal leggje til grunn for det verksemdbaserte vurderingsarbeidet.

• B  etre samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og arbeidslivet lokalt slik at talet på elevplassar samsvarer med talet på læreplassar. • A  uke opplæringskapasiteten i arbeidslivet ved å få fleire bedrifter til å bli lærebedrifter.

Styringsdokumentet inngår i «System for verksemdbasert vurdering "(VBV). Den pedagogiske verksemda skal vere forankra i overordna mål i den generelle del av læreplanen og prinsipp for opplæringa, kompetansemål for fag i Læreplanverket, samt opplæringslova og forskrift til opplæringslova. Skuleeigar vil på grunnlag av ei heilskapleg vurdering styrke skulane sin handlefridom når det gjeld val av tiltaksområde i perioden 2018–20. Det overordna målet auka læringsutbyte og fullføring står fast. Skuleeigar vil dei komande åra gå tettare inn på den enkelte skule og følgje opp resultata. Skulane har ansvar for å vurdere eigen organisasjon og eigne resultat i lys av sentrale og lokale styringsdokument. På grunnlag av vurderinga skal skulen utarbeide kunnskapsbaserte mål og tiltak. Det er skulane som skal definere tiltaksområde for det pedagogiske utviklingsarbeidet i perioden og grunngi valet ut frå lokal kontekst, styringssignal og relevant kunnskap.

• M  inimum 60% av Vg 2 elevar på yrkesfag skal finnast igjen i lære påfølgjande haust. Dei fem yrkesfaglege koordinatorane har starta arbeidet med å byggje nettverk, men arbeidet må styrkast, særleg retta inn mot Stor-Bergen, der både ein stor arbeidsmarknad og mange utdanningsinstitusjonar gjer at det er vanskeleg for aktørane å orientere seg. Skulebruksplan 2017–2030 – Skule og tilbodsstruktrur for framtida Skulebruksplanen for perioden 2017–2030 vart handsama i fylkestinget i oktober 2016. Einskilde saker knytt til handsaminga i oktober 2016 vart òg følgt opp med vedtak i fylkestinga i desember 2016 og i mars 2017.

OVERSYNSTABELL

Tal i tusen

Bud 2018 Vidaregåande skule

Driftsutgifter

2 114 390

0,9 %

-97 531

-96 221

-1,3 %

1 998 454

2 018 169

1,0 %

Driftsutgifter

110 435

112 958

2,3 %

Driftsinntekter

-96 369

-100 477

4,3 %

Netto driftsutgifter

14 066

12 482

-11,3 %

Driftsutgifter

43 627

44 543

2,1 %

Driftsinntekter

-1 675

-1 704

1,8 %

Netto driftsutgifter

OT/PPT

endring

2 095 985

Driftsinntekter

Fagskule

Bud 2019

49

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke