Page 47

Budsjett 2019 - Opplæring

med hausten 2017. I 2018-budsjettet var det lagt inn ei innsparing på 7,0 mill. kr basert på forventingane om lågare klassetal hausten 2018. Faktisk innsparing hausten 2018 er rekna til om lag 4,5 mill. kr, det gjev ei heilårseffekt på om lag 10 mill. kr, og ei venta innsparing på 5,5 mill. kr våren 2019.

I tillegg er det gjort korreksjonar for husleigekostnad på Hyssingen produksjonsskule. Budsjettramma til skulen er redusert med 0,9 mill. kr. Fagopplæring – mindreutgift 3,6 mill. kr Størst endring innan fagopplæring er reduksjon i tal stillingar på fagopplæringskontoret, overføring av årsverk til andre seksjonar på opplæringsavdelinga og justeringar av driftskostnader. Samla endring er 2, 1 mill. kr og av desse er 1,4 mill. kr knytt til reduksjon i tal stillingar, medan 0,7 mill. kr utgjer overføring av stillingar til andre seksjonar. Denne summen må sjåast i samanheng med budsjettramma til opplæringsavdelinga under kapittelet Andre postar.

Elevtalsprognosane syner at det kan verte ytterlegare reduksjon i elevtalet hausten 2019. Det kan vere grunnlag for å leggje ned 5–10 klassar hausten 2019. Hausten 2018 vert det sett gang eit arbeid for å sjå på organisering av og elevtal i klassane. Målsetjinga er at dette skal føre til høgare oppfyllingsgrad. Arbeidet vert gjort i samarbeid med skulane og tillitsvalde.

Posten samarbeid skule/næringsliv er redusert med om lag 0,7 mill. kr i høve 2018. Reduksjonen er gjort basert på rekneskapstal frå 2017 og prognose for forbruk i 2018.

Det er rekna at dei to tiltaka over vil gje ei innsparing på mellom 8 og 10 mill. kr hausten 2019. Utover dette vil det vere trong for eit generelt nedtrekk på om lag 4,5 – 6,5 mill. kr for å få budsjettramma til vidaregåande skule i balanse.

Innan yrkesfaga har elevane fleire opplæringsløp å velje mellom. Hovudløpet er to år i skule og to år i bedrift. Det er også alternative opplæringsløp der ungdomane saman med bedriftene kan avtale anten tre år i skule og eit år i bedrift eller at alle fire åra skal vere i bedrift. Om lag 70% av lærlingane følgjer hovudløpet. På grunn av venta låg prisvekst er budsjettet redusert med 0,7 mill. kr.

Fylkestinget vedtok i desember 2017 å oppheve pålegget om at kvar vidaregåande skule skal ha elevinspektør i 50% stilling. Endringa hadde budsjettmessig effekt frå hausten 2018. Innsparinga hausten 2018 var ein del av dei strukturelle og organisatoriske grepa i 2018-budsjettet. Resteffekten er rekna til 7,9 mill. kr i 2019.

Lærlingar som går ut i lære før dei har fullført Vg2 i skule, må ofte ta teori ved ein vidaregåande skule parallelt med læreløpet. Bedriftene får trekk i tilskotet for det timetalet lærlingen er på skule. På grunn av auka eigenbetaling for teoriopplæringa er budsjettet redusert med 0,4 mill. kr.

For oversikt over dei andre tiltaka innan vidaregåande skule vert det vist til kapittelet vidaregåande skule. Fagskule – mindreutgift 1,9 mill. kr Det fylkeskommunale tilskotet til fagskule er redusert med om lag 1,7 mill. kr, og det tilsvarar reduksjonen som er gjort for dei vidaregåande skulane. Vidare er det budsjettert med 0,2 mill. kr mindre til administrasjon fagskule.

Andre postar – meirutgift 2,7 mill. kr Hovudgrepet her er at det er budsjettert med prosjektkostnader for innføring av nytt skuleadministrativt system VIS. Det skal etter planen innførast i løpet av 2019. Det er budsjettert med prosjektkostnader på om lag 3,0 mill. kr i 2019.

Manger folkehøgskule – mindreutgift 0,3 mill. kr Manger folkehøgskule er finansiert med statstilskot, eigenbetaling og fylkeskommunalt tilskot. Det fylkeskommunale tilskotet var på om lag 1,9 mill. kr i 2018, det er budsjettert med ein reduksjon på om lag 0,3 mill. kr i høve 2018. Drift av folkehøgskular er ikkje ei lovpålagd oppgåve.

Vidare er kostnaden til stillingar i mobilitet auka med 1,2 mill. kr. Denne kontoen vert nytta ved overtal og omplassering av personale. Budsjettet til dei to seksjonane fellestenester og skule er redusert med om lag 0,2 mill. kr i høve 2018. Denne posten må sjåast i samanheng med fagopplæring.

Produksjonsskule – meirutgift 3,9 mill. kr Hovudgrepet innan produksjonsskule er opprettinga av produksjonsskulen i Hardanger. Det er budsjettert med 4,8 mill. kr som fylkeskommunal del av driftsmidlane i 2019. Prosjektet Hardanger produksjonsskule opna for elevar hausten 2018. Tilbodet er lokalisert ved tidlegare Hjeltnes vidaregåande skule. I første omgang er det lagt opp til tre verkstader innan Mat & Grønt (gardsbruk), Natur & Miljø og Mekanisk verkstad. Skulen planlegg oppstart av ein Digital verkstad på nyåret 2019. Ved Hardanger produksjonsskule bur elevane på internat.

Vidare er posten ekstern spesialundervisning redusert med 2,1 mill. kr ut frå erfaringstal dei siste åra. Privatistane må betale gebyr for å melde seg opp til eksamen. Gebyrsatsane er fastsatt nasjonalt. Gebyret skal dekkje utgiftene fylkeskommunen har til avvikling av privatisteksamen. Utgiftene til tilsette på eksamenskontoret er ført på opplæringsavdelinga. Rekneskapstal for 2018 syner at det kan ventast ei meirinntekt. Inntektsbudsjettet for 2019 vert difor auka med 1,3 mill. kr.

47

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke