Page 34

Budsjett 2019 - Økonomi og organisasjon

STYRINGSDOKUMENT – REGIONALE PLANAR OG TEMAPLANAR

Temaplanar

Vedtaksår

Utval

Revisjon

Likeverdsplan

2017

FT

2021

Temaplanen for likeverd i Hordaland fylkeskommune er følgd opp gjennom medlemskapen i det europeiske charteret for likestilling og gjennom vidareføring av arbeidet med inkludering av kjønns- og seksualitetsmangfald på arbeidsplassen, mellom anna gjennom arbeid med sertifisering

som LHBT-verksemd (lesbiske, homofile, bifile og transpersonar). Dette arbeidet vil også gå føre seg i 2019. Aktuelle planar som støttar opp om arbeidet med likeverd i organisasjonen skal reviderast.

FOLKEHELSE mellom dei ulike fagavdelingane. Det vert arbeidd med ulike tiltak for å auke nærværet i dei ulike einingane. Sentralt er det som tidlegare sett av 1 mill. kr til internt folkehelsearbeid i organisasjonen.

Med rundt 4400 tilsette er Hordaland fylkeskommune ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket. Måltal for jobbtrivsel og nærvær er relevante indikatorar for folkehelsa blant tilsette:

• J  obbtrivselen hos dei tilsette vert målt gjennom eigne medarbeidarundersøkingar. I målinga i 2018 svarte 87 % at dei hadde god jobbtrivsel. Målet er å auke delen som opplev svært høg jobbtrivsel med to prosentpoeng til 35 % i neste undersøking.

• Hordaland fylkeskommune har mål om eit nærvær på minst 95 %. I 2017 var nærværet i organisasjonen samla på 94,3 %, men det er variasjonar

LÆRLINGAR Økonomi- og organisasjonsavdelinga vil i 2019 ha om lag 20 IKT-lærlingar, i tillegg til å inngå som praksisplass for andre lærlingar i organisasjonen innanfor kontor- og administrasjonsfaget. På sikt er ambisjonen å ha ein IKTlærling ved kvar vidaregåande skule. Gjennom målretta

arbeid har Hordaland fylkeskommune lukkast med å auke talet på lærlingar i eigen organisasjon frå rundt 20 i 2015 til totalt 50 lærlingar i 2018. Som følgje av dette er det budsjettert med ein liten auke på 0,3 mill. kr i 2019, til totalt 5,4 mill. kr.

34

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke