Page 200

Budsjett 2019 - Investeringsbudsjett

Budsjettpost for rebudsjettering og prosjektavslutning For veginvesteringane er det eit stort behov for budsjettendringar grunna den store mengda med ulike prosjekt. I Hordaland er det om lag 300 store og små investeringsprosjekt på fylkesvegane. Framdrifta for prosjekta samsvarer ikkje alltid med planane. Dette kan skuldast reguleringsmessige tilhøve, problem med grunnerverv eller endringar som vert gjort i samband med detaljplanlegginga. Siktemålet med å sette av ein sum til rebudsjettering er å unngå at fylkestinget må ta stilling til ei rekkje budsjettendringar av mindre prosjekt.

Det er stort behov for oppgradering av vegnettet slik at forfallet ikkje held fram med å auke. Det er trong for å utbetre tunnelar, bruer, kaier, drenering, rekkverk, murar, kantar og andre delar av vegkroppen. Samstundes er det trong for å nytte ein del midlar til mindre investeringar for å betre tilhøva for trafikantane på eksisterande fylkesvegnett. Oppgradering lysnett Fylkesvegnettet har noko varierande standard når det gjeld lys. I løpet av 2018 vert det gjennomført kartlegging av tilstanden på fylkesvegane. Fylkesrådmannen vil vurdera om det innanfor posten for opprusting og oppgradering i 2019 kan leggjast til rette for oppgraderingar av lysnettet på fylkesveg. I det ligg det ei utskifting av kvikksølvarmatur til LED– lys.

Ei rekke prosjekt vert rekneskapsmessig avslutta kvart år, og det er trong for å få lukka desse prosjekta. Det vert sett av 12 mill. kr i 2019, 12 mill. kr i 2020, 13 mill. kr i 2021 og 15 mill. kr i 2022 rebudsjettering og avslutning.

Til opprusting og fornying er det sett av 320 mill. kr i 2019, 320 mill. kr i 2020, 350 mill. kr i 2021 og 350 mill. kr i 2022. Dei årlege prosjekta vert vedtekne i rulleringa av Investeringsprogram for fylkesvegar 2018–2029.

Inntekter – bompengar og tilskot Det er ulike finansieringskjelder i samferdselsbudsjettet. Bompengar og tilskot til prosjekt er viktige inntektskjelder. Bompengar Prosjekt med bompengefinansiering i økonomiplanperioden er lista opp under: Tal i tusen

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

Bybanen. Byggjetrinn 3

30 000

-

-

-

Bybanen. Byggjetrinn 4

779 000

948 000

839 000

218 000

Bybanen. Byggjetrinn 5

-

-

20 000

20 000

1 100

-

-

Ringveg vest. Byggjetrinn 2 Bygging, nye bompengesnitt

41 000

Hjellestadveien

35 000

8 000

-

134 000

199 000

179 000

81 000

1 800

-

Stord vestside Fv 545

9 801

-

-

Norhordalandspakken

224 000

281 000

194 000

117 000

1 334 901

1 437 800

1 232 000

543 000

Askøypakken Bømlopakken Fv 541/542

Sum bompengar

Totalt vert det budsjettert med 4,2 mrd. kr i bompengar desse 4 åra. Utbygginga av bybanen står for ein stor del av denne summen.

200

188 000

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke