Page 186

Budsjett 2019 - Investeringsbudsjett

endrar seg ein del i framlegget og går opp frå 755 mill. kr i 2018 til 949 mill. kr i 2019 og 902 mill. kr i 2020. Deretter går eigenfinansieringa noko ned igjen i 2021 og 2022; til høvesvis 879 mill. kr og 894 mill. kr.

Tannhelse Til bygging av tannklinkkar er det sett av 25 mill. kr i 2019, og deretter 10 mill. kr i 2020 og 2021, og 15 mill. kr i 2022. Det er sett av 5 mill. kr årleg til investeringar i utstyr.

Av større fylkesvegprosjekt i planperioden 2019–2022 kan nemnast:

Fellesfunksjonar Under fellesfunksjonar er det sett av 51 mill. kr til nytt fylkeshus. Kostnaden med nytt fylkeshus er rekna til 951 mill. kr (inkl. prisstigning og mva) med byggetid i perioden 2020–2022. I investeringsbudsjettet er det berre summen for planlegging og noko kostnadar i samband med flytting til Sandsli som er sett av. I fylkestingssak 40/18 vart ulike måtar å organisere bygginga på. Fylkestinget vedtok at det før byggestart skal avgjerast kor vidt bygginga skal skje gjennom eit aksjeselskap eller i fylkeskommunal regi. Fylkesrådmannen kjem attende til dette i budsjettet for 2020 for Vestland fylkeskommune.

• Nordhordlandspakken; 1005 mill. kr • Askøypakken; 938 mill. kr • Bømlopakken; 221 mill. kr • Horsøy, Askøy; 95 mill. kr For bybanen er det sett av 30mill. kr til prosjektavslutting av byggjetrinn 3 som vart opna for trafikk i august 2016. Til byggjetrinn 4 frå Bergen sentrum til Fyllingsdalen er det samla sett av 5,7 mrd. kr i perioden 2019–2022. Det vert løyvd ein mindre sum i slutten av planperioden til oppstart av byggjetrinn 5 til Åsane. Summane er bruttoløyvingar der heile budsjettsummen vert finansiert med bompengar og statstilskot.

Det er også sett av 2 mill. kr årleg til innkjøp av el-bilar. Dette tiltaket dreier seg om overgang til meir miljøvenlege tenestebilar. Til IT-investeringar er det sett av 27 mill. kr årleg i planperioden, der ein stor del av summen for 2019 er tenkt nytta til førebuing til etablering av Vestland fylkeskommune.

Eit viktig tiltak i investeringsbudsjettet dei neste åra, er satsinga på meir miljøvenleg ferjedrift. Det er sett av 316 mill. kr i 2019 og 422 mill. kr i 2020 til dette føremålet.

I tillegg til dei reine investeringane er det på investeringsbudsjettet for 2019–2022 ført opp eit årleg eigenkapitalinnskot til KLP på 5 mill. kr.

Kultur Til restaurering av verneverdige bygg og anlegg i fylkeskommunal eige er det sett av 3 mill. kr kvart år i økonomiplanperioden.

OPPLÆRING Tal i tusen

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Budsjett 2020

Budsjett 2021

Budsjett 2022

Opplæring Rehab. /ombygg/ mindre tilbygg

75 000

75 000

75 000

75 000

75 000

Auke læremiddel og utstyr/ Sykkelparkering

6 250

-

-

-

-

Skulebruksplan – planmidlar

3 000

3 000

3 000

3 000

3 000

Større undervisningsutstyr og IT-investeringar

30 000

30 000

30 000

30 000

30 000

Nye Voss gymnas

72 000

-

-

-

-

Åsane vgs

190 000

250 000

224 000

34 000

-

Tertnes vgs

100 000

-

-

-

-

Bergen Katedralskole – Tilbygg

42 000

-

-

-

-

Odda vgs

58 000

-

-

-

-

Tabellen held fram på neste side

186

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke