Page 185

Budsjett 2019 - Investeringsbudsjett

Finansiering av investeringsbudsjettet Oversyn over finansieringa av investeringsbudsjettet går fram av følgjande oppstilling:

Tal i tusen

2019

2020

2021

2022

1 232 674

1 096 574

1 079 100

1 106 900

4 459 448

377 000

367 000

370 000

403 000

1 517 000

73 200

77 100

79 300

81 500

332 900

Tilskot

1 217 184

1 272 508

1 137 588

568 860

4 196 140

Bompengar

1 334 901

1 437 800

1 232 000

543 000

4 547 701

Eigedomssal

50 000

170 000

-

60 000

280 000

Fondsmidlar

5 000

45 000

5 000

5 000

110 000

4 289 959

4 465 982

3 902 988

2 768 260

15 433 189

Lån Momskompensasjon Driftsmidlar

Sum finansiering

2019–2022

Følgjande er endra i fylkestinget etter fylkesrådmannens forslag: • Redusert overføring frå driftsbudsjettet, 21,8 mill. kr. • Redusert bruk av fond (Havbruksfond), 40 mill. kr. • Auka låneopptak, 55,8 mill. kr.

Samla investeringsbudsjett er på 15,4 mrd. kr i perioden frå 2019– 2022. Av dette vert 4,6 mrd. kr finansiert med lånemidlar. Dette tilsvarar 28,3 %. Momskompensasjon for investeringar utgjer 1,5 mrd. kr, og dette står for 9,7 % av finansieringa.

Hordaland fylkeskommune er den fylkeskommunen i landet som ligg høgast rekna etter gjeldsgrad, og vesentleg over det nivået Riksrevisjonen har tilrådd. Opplæring I opplæringssektoren foreslår fylkesrådmannen i kommande økonomiplanperiode å vidareføre siste års nivå på om lag 0,6 mrd. kr i årlege investeringar. Dei største prosjekta i perioden gjeld bygging ved Åsane videregående skole, Askøy videregående skole, Stord vidaregåande skule og Laksevåg videregående skole/fagskole og fagskule.

Når det gjeld fylkesvegane og bybaneutbygginga, inngår også bompengar, tilskot og forskoteringar frå stat, kommunar og private i finansieringa. 40 mill. kr i midlar frå Havbruksfondet vert i 2019 brukt til oppgraderingar av ferjekaiar i samband med elektrifisering av ferjedrifta. Oppgraderingane skjer i mange av kommunane som har havbrukslokalitetar.

Mot slutten av perioden set ein i gang med nokre nye prosjekt; ved Slåtthaug vgs og Sotra vgs.

Investeringsbudsjettet er særleg høgt i 2019 og 2020, og skuldast fleire store byggjeprosjekt som er under arbeid. Dette i tillegg til investeringane i miljøvenlege ferjer. Høge investeringsutgifter medfører auka lånegjeld, sidan berre ein mindre del av investeringane vert finansiert med driftsmidlar i fylkesrådmannen sitt budsjettforslag.

Samferdsel Samferdsleinvesteringane er høge i den komande økonomiplanperioden. Samla sett vert det, som tabellen over viser, investert om lag 3,7 mrd. kr i 2019, 4,0 mrd. kr i 2020, 3,3 mrd. kr i 2021 og 2,0 mrd. kr i 2022. I høve til 2018 som har eit justert budsjett på 1,9 mrd. kr, aukar altså investeringane nokså mykje. Hovudgrunnen til dette er bygginga av bybanen byggjetrinn 4 til Fyllingsdalen. Når det gjeld fylkesvegbudsjettet ligg investeringane i planperioden mellom 1,5 mrd. kr og 1,6 mrd. kr. Dette er omlag det same nivået som dei siste åra. HFK si eigenfinansiering av fylkesvegane

Fylkesrådmannen meiner fylkeskommunen si lånegjeld er for høg og det er i budsjettforslaget lagt opp til å bremse veksten i lånegjelda. Dette er naudsynt om ein skal makte å bremse veksten i gjeldsgraden. Dette måltalet ser på lånegjeld i høve til driftsinntekter.

185

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke