Page 182

Budsjett 2019 - Økonomiplan 2019-2022

2019

NØKKELTAL ØKONOMIPLANPERIODEN

2022

NETTO DRIFTSKOSTNADER 5 785 mill. kr.

Effektiv drift og kontroll på utvikling i driftskostnadane i planperioden er heilt nødvendig. Målet er reduserte driftskostnadar, og framleis gode tenester og omstillingsevne. Frå 2019 til 2022 er det lagt opp til ein reduksjon av netto driftskostnadar på 257 mill. kr.

5 528 mill. kr

RENTEUTGIFTER 242 mill. kr

Det er lagt til grunn at renta vil stige i tråd med Norges Bank si rentebane. HFK har bunde renta på om lag halvparten av låneporteføljen. Likevel går renteutgiftene opp med 73 mill. kr i perioden (rekna i faste prisar).

315 mill. kr.

AVDRAG 621 mill. kr.

Det er gjeve høg prioritet til nedbetaling av lån. Opptrappinga av avdragsbetaling i perioden er på 115 mill. kr frå 2019 til 2022 (rekna i faste prisar).

736 mill. kr.

ÅRLEGE INVESTERINGAR 4 285 mill. kr

Investeringsnivået er høgt, med godt over 4 mrd. kr dei to første åra, for så å falle noko dei siste åra i perioden. Samferdselsektoren har i perioden om lag 84 % av det totale investeringsnivået i HFK

2 544 mill. kr

LÅNEFINANSIERING 1 233 mill. kr

Den delen av investeringane som vert finansiert med lån er betydeleg. Dette påverkar gjeldsgraden til HFK. I 2019 vert det lagt opp til 1 233 mill. kr i lånefinansiering. Dei følgjande åra er lånefinansieringa litt lågare, men kvart år over 1 mrd. kr.

1 019 mill. kr

FRIE INNTEKTER 6 637 mill. kr

Dei frie inntektene for fylkeskommunen omfattar fylkesskatt og rammetilskot. Ein har ikkje lagt inn nokon vekst i perioden.

6 632 mill. kr.

NETTO DRIFTSRESULTAT

0%

Eit positivt årleg driftsresultat er ein viktig føresetnad for ein betra økonomisituasjon og eventuell eigenfinansiering av investeringar. Tilrådd mål for fylkeskommunane er 4 %. HFK er langt frå dette målet. I 2019 er det budsjettert med netto driftsresultat på 0 %. I 2020 kan ein bli nøydd til å bruke av fondsmidlar for å klare utgiftstoppen ved innføring av elektriske ferjer. Netto driftsresultat kan då bli om lag -0,9. Dei to siste åra er det lagt opp til netto driftsresultat på om lag -0,3 %.

182

-0,30 %

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke