Page 179

Budsjett 2019 - Økonomiplan 2019-2022

SENSITIVITETSANALYSE Effekt på byggeprosjekter ved endra byggekost og/ eller auka rente Hordaland fylkeskommune planlegg i samsvar med skulebruksplanen store investeringar kvart år fram til 2030. I gjennomsnitt utgjer dei årlege investeringane i planen 500 mill. kr. Årleg kan desse 500 mill. kr bestå av alt frå eitt til mange prosjekt i ulik storleik og kompleksitet. Det er ulike risikofaktorar som kan påverke økonomien for slike byggeprosjekt på kort og lengre sikt. Slike faktorar kan vere auka rentesats, endringar i prosjektet undervegs eller auka kostnad som følgje av «feilkalkyle». For Hordaland fylkeskommune er alle desse faktorane relevante.

kva som skjer i løpet av eitt år ved endring i ein eller begge faktorane. Av tabellen går det fram at ein ved renteauke på 1,5 %-poeng og opphavleg kalkulert byggekostnad, vil få ein kostnadsauke det året på 7,5 mill. kr. Det er verd å merke seg at dette er kostnaden for det eine året, men om rentenivået held seg dei påfølgande åra, vil kostnaden akkumulere seg.

Det er viktig å vere klar over risikoen ein tek på seg ved slike prosjekt. For å vise effekten av endra rentesats og/ eller auka byggekostnad (uavhengig av årsak), er det i tabellen under utarbeidd ei sensitivitetsanalyse som viser

Sensitivitetsanalysen nedanfor viser også fleire mogelege utfall ved endringar i rentenivå og/eller byggjekostnad med utgangspunkt i ein investeringskostnad på 500 mill. kr og rentesats på 2%.

Om ein har auke i rentesatsen på 1 %-poeng samstundes som byggekostnaden aukar med 8 % i høve til kalkulert kostnad, vil den årlege drifts- og investeringskostnaden auke med heile 46,2 mill. kr.

Endra rentesats

Endra byggekost

0,00 %

0,50 %

1,00 %

1,50 %

0,00 %

”Kalkyle”

2 500

5 000

7 500

4,00 %

20 400

23 000

25 600

28 200

8,00 %

40 800

43 500

46 200

48 900

12,00 %

61 200

64 000

66 800

69 600

Føresetnader: Investeringskostnad: 500 mill. kr. Rentesats kalkulert: 2 %.

Effekt av endra rente Utviklinga i rentenivået er usikker, og ein må vere budd på at renteføresetnadene må justerast ved seinare høve. I september 2018 auka Noregs Bank renta for første gong på 7 år og i siste analyse var prognosen at renta vil auke ytterlegare dei neste åra. I prognosen vert det i tillegg til styringsrenta vist ei «vifte» med ulike rentenivå ut frå

sannsynlege prognose. Så høg gjeld som Hordaland fylkeskommune har, er det er viktig å ha oversyn over verknadene av renteendringane ein kan vente. Hordaland fylkeskommune legg Noregs Bank si styringsrente til grunn for økonomiplan 2019–2022.

179

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke