Page 175

Budsjett 2019 - Økonomiplan 2019-2022

fylkesadministrasjon med sikte på effektivisering og endring i arbeidsmåtar i prosjektet Førebudd på framtida.

mogelege endringar. Pågåande digitaliseringsprosessar og flytteprosess – med seinare nybygg for fylkesadmininstrajonen er faktorar som kan påverke arbeidsmåtane. Det same gjeld etableringa av Vestland fylkeskommune.

På grunn av arbeidet med skulebruksplanen var ikkje opplæringsavdelinga omfatta av det nemnde prosjektet. Fylkesrådmannen vil no gjere tilsvarande gjennomgang av opplæringsavdelinga slik at ein også her får oversyn over

Fylkesrådmannen tek sikte på å gjennomføre kartlegginga i 1. halvår slik at eventuelle tiltak kan setjast i verk frå 2020.

SAMFERDSEL Nye ferjeanbod Fylkeskommunen har inngått seks nye kontraktar for alle ferjesambanda i fylkeskommunal regi. To samband starta opp i 2018, i 2019 startar sambandet Duesund–Masfjordnes. I løpet av 2020 vil resten av ferjesambanda starte opp. Alle sambanda vil bli drifta med heilelektrisk batteriløysing.

Samla netto driftskostnader for alle rutepakkane er med det estimert til 620 mill. kr for år 2020. For den påfølgjande perioden 2021–2029 vil den årlege netto driftskostnaden i gjennomsnitt vere om lag 522 mill. kr (målt i 2019-kroner). Dette gir ein netto meirkostnad på om lag 285 mill. kr i 2020, og nærare 200 mill. kr i gjennomsnitt for perioden 2021–2029. Her må det understrekast at samanlikninga er på nettokostander slik at inntektsestimata påverkar kor stor auken vert. Overgangen frå netto til brutto kontraktar gjer at inntektsoverslaga er usikre i oppstartsfasen.

Dei nye ferjeanboda er bruttokontraktar og fylkeskommunen vil ha inntektsansvaret. Dei nye kontraktane gir vesentleg meirkostnad knytt til både drift og investeringar i komande økonomiplanperiode. Oppstartskostnader vil gje særleg kostnadsauke i 2020, men held seg på eit mykje høgare nivå samanlikna med 2019 i heile anbodsperioden.

Kostnadsøking drift alle pakker

Båtruter Innanfor kontraktsperioden kan det gjennomførast mindre ruteendringar, medan meir omfattande tiltak må knytast til nye anbod. Dagens kontraktar, utanom Bybåtsambanda og Turistbåt Hardanger, har utløp i 2023 med to pluss to års opsjon.

Kontrakten for bybåtsambanda Knarvik–Frekhaug–Bergen og Kleppestø–Strandkaien går ut 31.12.2021. Då er eitt års opsjon utløyst, og kontrakten gir høve til ytterlegare eitt års opsjon. Trafikkplan for båt, handsama i fylkesutvalet i oktober 2017 (PS 271/2017), tilrår auka kapasitet og løysing med elektrisk batteridrift på Askøysambandet.

Turistbåt Hardangar går ut 31.12.2019, og i tråd med trafikkplanen for båt vil det ikkje vil bli lyst ut nytt anbod for Turistbåt Hardanger.

Tiltaket inneber ei løysing med to båtar som vil gje auka frekvens og auka total kapasitet pr. time i høve til dagens

175

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke