Page 172

Budsjett 2019 - Økonomiplan 2019-2022

ØKONOMIPLAN 2019–2022 NY FYLKESKOMMUNE – UVISS TOTALØKONOMI Budsjettet for 2019 er det siste for Hordaland fylkeskommune. Alle åra i økonomiplanperioden gjeld Vestland fylkeskommune. Dette gjer det uråd å ha eit detaljert økonomisk opplegg for perioden fram til og med 2022 på dette tidspunktet. Føreliggjande økonomiplan vert difor berre ein peikepinn på den komande økonomiske stoda for Vestland fylkeskommune.

at det vil vere behov for ytterlegare effektiviseringar i dei andre sektorane utover summen på 35 mill. kr som er nemnt over. Fylkesrådmannen kjem nærare inn på dette nedanfor. Samanslåing av budsjett 2019 for Sogn og Fjordane og Hordaland vil vere utgangspunkt og grunnlag for utarbeiding av budsjett 2020 og økonomiplan for Vestland fylkeskommune.

Den samla utfordringa frå 2019 til 2020 er rekna til 335 mill. kr fordelt med 45 mill. kr i auke for renter og avdrag og auke på 290 mill. kr innanfor samferdselssektoren. Summen gjeld auka ferjekostnader og nye bussanbod. I tillegg er det rekna med vekst i inntektene slik at nettosummen er rekna til 290 mill. kr.

I løpet av 2019 kjem ein annan sentral faktor på plass i og med at regjeringa legg fram Kommuneproposisjonen der inntektssystemet for dei 11 fylkeskommunane vert presentert. Dette skjer først i mai 2019. Kva utslag systemet vil få for Vestland fylkeskommune er difor enno ukjent. Først etter mai 2019 vil ein ha noko sikrare haldepunkt om totaløkonomien for Vestland fylkeskommune.

Fylkesrådmannen har i skisse til finansiering av driftsutfordringa vidareført opplegget som er i vedteken økonomiplanen med reduksjon på 35 mill. kr frå 2019 til 2020 for sektorane utanom for samferdsel. Hovudutfordringa ligg i samferdselsektoren og fylkesrådmannen meiner denne sektoren må ta sin del av driftstilpassinga. Utover det som er mogeleg å få til i denne sektoren, må ein leggje til grunn

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar skal gjennom 2019 samarbeide om utarbeiding av budsjettet for Vestland fylkeskommune for 2020. Dette er bakgrunnen for at økonomiplandelen denne gongen er korta ned og har meir preg av skisseform.

INGEN INNTEKTSVEKST I ØKONOMIPLANPERIODEN ? I statsbudsjettet for 2019 foreslår regjeringa ingen vekst i dei frie inntektene til fylkeskommunane. I kommuneproposisjonen var det varsla vekst i intervallet -100 mill. kr til + 100 mill. kr. Med forslag om 0-vekst har ein lagt seg midt i mellom og i det minste unngått å foreslå reduksjon i nivået på dei frie inntektektene.

endringane i nytt inntektssystem frå 2015 på 106 mill. kr. I kva grad og korleis denne summen vert vidareført i det nye inntekssystemet, vil sjølvsagt også påverke inntektsnivået ved oppstart av Vestland fylkeskommune. Utviklinga i dei frie inntektene i økonomiplanperioden er alltid usikker, men denne gongen meir enn vanleg på grunn av dei usikre faktorane nemnde ovanfor, der nytt inntektssystem er ein avgjerande faktor.

På Finansdepartementet sin budsjettportal finn ein fylkesvise oversyn. Her finn ein m.a. oversyn over utviklinga i frie inntekter. For Hordaland fylkeskommune er den nominelle veksten frå 2018 til 2019 oppgitt til 2,3 %. Løns- og prisstigning er rekna til 2,8 %. Dvs. at det er venta realnedgang på 0,5 %.

Det ser ikkje ut til å vere grunn til å rekne med at ein frå sentralt hald vil gje dei nye fylkeskommunane økonomisk drahjelp frå oppstarten. Fylkesrådmannen har i økonomiplanarbeidet difor lagt til grunn at opplegget frå 2019 med ingen vekst i dei frie inntektene held fram for åra i økonomiplanperioden.

For Sogn og Fjordane er det i statsbudsjettet lagt til grunn vekst frå 2018 til 2019 på 0,1 %, altså ein monaleg realnedgang. Bakgrunnen er den store endringa Sogn og Fjordane fylkeskommune fekk som følgje av nytt inntektssystem frå 2015. I perioden fram til 2019 vart inntektsramma tilpassa til det nye nivået i inntektssystemet. I 2019 har Sogn og Fjordane ein særskilt tapskompensasjon på grunn av

Med føresetnad om ingen vekst i dei frie inntektene og årleg vekst i kapitalutgiftene vert den økonomiske situasjonen pressa ytterlegare i økonomiplanperioden.

172

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke