Page 168

Budsjett 2019 - Frie inntekter og kraftinntekter

KRAFTPRIS Hordaland fylkeskommune har gjennomført anbodsrunde på forvaltning av konsesjonskrafta og har profesjonell bistand i arbeidet med sal av konsesjonskrafta. Det er utarbeidd instruks for forvalting i samarbeid med rådgjevar.

gjer desse om til NOK etter kvart slik at det ikkje ligg føre risiko knytt til utviklinga på valutamarknaden. Det vert ikkje gjort finansielle sikringar som overstig det fysiske kraftvolumet som Hordaland fylkeskommune får tilgang på.

Fylkeskommunen sit att med differansen mellom konsesjonskraftprisen og salsprisen ein får i marknaden. Salsprisen blir påverka av mellom anna følgjande tilhøve:

Avtalar med Masfjorden og Modalen kommunar Gjennom fornying og opprusting av kraftverket Matre H i Haugsdal-Matre vassdraget er sjølvkosten for kraftverket auka til om lag 25 øre/kWh.

• Pris på alternative energikjelder (kol, gass, olje) • CO2-pris

Masfjorden kommune og Modalen kommune har gjennom konsesjonshandsaminga for perioden 2018–22 sikra seg rett til å få levert konsesjonskrafta til OED-pris på om lag 12 øre/kWh frå kraftverka Matre H og Vemundsbotn i staden for den individuelle sjølvkosten som gjeld for desse kraftverka (gamal konsesjon) på om lag 25 øre/kWh.

• Magasinfylling • Værtrend • Overføring av kraft via kablar til utlandet • Aktivitet i industrien • Avvikling av kjernekraft

Gjennom sine disposisjonar vil desse to kommunane kunne sikre at også Hordaland fylkeskommune får sin konsesjonskraft til den låge konsesjonsprisen. På denne bakgrunn har kommunane inngått avtale med Hordaland fylkeskommune om deling av den potensielle gevinsten som oppstår for fylkeskommunen som følgje av kommunane sine disposisjonar.

• Etterspørsel etter elektrisk energi • Produksjon av elektrisk energi Som det går fram av lista ovanfor er det mange tilhøve som påverkar prisen i kraftmarknaden. Dei råda fylkeskommunen har motteke den siste perioden legg til grunn at kraftprisen kjem til å gå opp i tida framover særleg pga stigande CO2-prisar og avvikling av kjernekraft. For 2019 budsjetterer ein difor med ei netto inntekt på 60 mill. kr, som er i tråd med dei sikringsavtalane som fylkeskommunen har inngått for forvaltinga av konsesjonskraftporteføljen

Eidfjordavtalen Fylkeskommunen overlet på midten av 1980-talet sin eigardel på 35% i Eidfjord-nord til BKK/SKL. Som kompensasjon får ein frå og med 2005 utbetalt 1 øre pr. kwh. i 1985-prisnivå, rekna etter fastkraftproduksjonen. Beløpet vert årleg justert med auken i konsumprisindeksen. Ein fører opp 22 mill. kr i inntekt frå denne avtalen i 2019.

Fylkestinget auka overslaget over konsesjonskraftinntekter med 10 mill. kr, slik at netto inntekt vert 70 mill. kr.

Valen Kraftverk AS Valen Kraftverk AS er 100% eigd av Hordaland fylkeskommune og vert drifta av Kvinnherad Energi AS etter avtale. Selskapet har Valen Kraftverk og retten til å byggje det konsesjonsgitte kraftverket Valedalen, samt ein fallrett i Handelandselva.

Strategi for sal Hordaland fylkeskommune sin strategi har som mål å fordele 60 prosent av salet over ein sikringshorisont på tre år i terminmarknaden. Sikringsperioden er løpande frå 01.10. tre år før leveringsåret til 30.09. før leveringsåret. Gjennomsnittsprisen for leveringsåret dei siste tre åra vil vere verdien på denne andelen av porteføljen.

Valen Kraftverk, som vart totalrenovert i 2008, er pr. i dag det einaste operative kraftverket til selskapet. Normalårsproduksjon er på 19,3 GWh og installert kapasitet er på 3,8 MW. Valedalen kraftverk er ikkje bygd, men har fått konsesjon og har ein venta normalårsproduksjon på 5,5 GWh. Valen kraftverk AS har også rettar knytt til fall i Handelandselva, men eventuelle prosjekt her er førebels ikkje utgreidd.

Restvolumet på 40 prosent som ikkje er sikra i terminmarknaden, vert levert i spotmarknaden. Denne delen av porteføljen vert selt til den daglege marknadsprisen gjennom leveringsåret. Fykeskommunen kan auke sikringsgraden med ytterlegare 25 prosent det einskilde år om marknadssituasjonen tilseier dette.

Fylkeskommunens formål med eigarskapet er fastsett i «Eigarstrategi – overordna strategi for Hordaland fylkeskommunes eigarstyring» som var framlagt i Fylkestinget den 12.12.2017. Her står det at «Hordaland fylkeskommune

Alle kraftkontraktar vert omsett i Euro. Fylkeskommunen

168

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke