Page 167

Budsjett 2019 - Frie inntekter og kraftinntekter

KRAFTINNTEKTER Tal i heile 1000 kr

Budsjett 2018 Konsesjonskraftinntekter

Eidfjordavtalen

Brutto driftsutgifter

Budsjett 2019

Endring %

50 000

50 000

0,0 %

Driftsinntekter

-105 000

-120 000

14,3 %

Netto driftsinnt.

-55 000

-70 000

27,3 %

Driftsinntekter

-21 500

-22 000

2,3 %

Netto driftsinnt.

-21 500

-22 000

2,3 %

Sum brutto driftsutgifter

50 000

50 000

0,0 %

-126 500

-142 000

12,3 %

Sum netto driftsinntekter

-76 500

-92 000

20,3 %

Netto driftsinnt. i 2019-kr

-77 840

-92 000

18,2 %

Brutto driftsutgifter

Sum driftsinntekter

KRAFTVOLUM Hordaland fylkeskommune hadde i 2018 tilgang til om lag 402 GWh konsesjonskraft frå ulike kraftselskap i Hordaland. Krafta vert levert til sjølvkost og seld på kraftmarknaden.

informasjon frå NVE om tildelt konsesjonskraftvolum og informasjon om forbruket innafor allmenn forsyning i dei aktuelle kommunane som har overskot av konsesjonskraft som dei to fylkeskommunane har rett til å få tildelt.

Volumet fylkeskommunen har rett på vert justert årleg basert på utviklinga i forbruket til allmenn forsyning i kommunane. Det er forbruket i allmenn forsyning i den einskilde kommune som regulerer fordelinga av tilgjengeleg konsesjonskraft mellom kommunane og Hordaland fylkeskommune. Kommunen får eit volum som samsvarer med forbruket til allmenn forsyning i kommunen.

Vidare er det sett i gang arbeid med å gå gjennom porteføljen av konsesjonskraftavtalar med sikte på å revidere og oppdatere desse til dei standardar for slike avtalar som vert nytta mellom fylkeskommunar/kommunar og kraftprodusentar. Konsesjonskrafta vert fastsett og tildelt av NVE. For mange kraftverk er faktisk produksjon vesentleg høgare enn det berekna kraftvolumet som er lagt til grunn. Årsaka kan t.d. vere at det er nytta eldre seriar for tilsig av vann til magasina som ikkje stemmer i høve til slik situasjonen er i dag. Fylkesrådmannen vil difor ta initiativ til eit arbeid der ein får revidert berekningane som dannar grunnlag for fastsetting av produksjonsvolum og konsesjonskraftvolum for dei ulike kraftanlegga. Dette arbeidet bør skje i regi av organisasjonen Kraftfylka og Landssamanslutninga av vasskraftkommunar.

Ut frå det ein har kjennskap til i dag er det difor rimeleg å legge til grunn at Hordaland fylkeskommune sitt konsesjonskraftvolum ikkje vert vesentleg endra frå 2018 til 2019 og vil ligge på om lag 402 GWh. Som ledd i arbeidet med samanslåinga med Sogn og Fjordane fylkeskommune er det sett i gang arbeid med å lage eit oppdatert oversyn over dei kraftvolum konsesjonskraft som Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar kan ta ut frå dei ulike kraftselskapa. I dette arbeidet vert det henta inn

167

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke