Page 161

Budsjett 2019 - Fellesfunksjonar

Arbeidet med regionreform Staten har løyvd 15 mill. kr til kvar av fylkeskommunane som slår seg saman. Vestland fylkeskommune har dermed 30 mill. kr frå staten til disposisjon. Fellesnemnda har vedteke fordelinga av desse midlane.

Fylkesrådmannen gjer same vurdering som ovanfor om Norges Handikapforbund Sørvest. Det er vanskeleg å argumentere for at Kirkens SOS sin aktivitet «ligg innanfor kjerneområda for fylkeskommunen si verksemd.» På den andre sida vil tilbodet frå Kirkens SOS kunne vere heilt avgjerande for einskildmenneske. Det vil vere dramatisk for organisasjonen om fylkeskommunen brått kuttar tilskotet. Sidan det er rom innanfor den avsette ramma, foreslår fylkesrådmannen at ein viderefører eit tilskot på kr 150 000 i 2019.

Summen frå staten har vore tilstrekkeleg til arbeidet så langt, men gjennomgang av arbeidet fram til 2020 viser at det vil vere behov for meir midlar. Overslag tyder på eit samla behov på 55 mill. kr utover summen på 30 mill. kr frå statleg hald. Fylkesrådmennene har drøfta fordeling mellom Hordaland og Sogn og Fjordane av summen på 55 mill. kr og foreslår deling i forholdet 60/40 slik at Hordaland sin del vert 33 mill. kr.

Når det gjeld søknaden frå Pensjonistforbundet, vurderer fylkesrådmannen det slik at denne stiller noko svakt i høve til kriteria som er sett for tilskotsordninga. Det finst også andre tilsvarande organisasjonar som kan kome til å søkje. Eit av hovudmåla i Utviklingsplan for Hordaland er å arbeide for eit inkluderande samfunn. I høve til dette punktet kan Pensjonistforbundet ha ei rolle ved å medverke til at ikkje dei eldre fell utanfor. Fylkesrådmannen gjer framlegg om eit tilskot på kr 40 000.

Ein stor del av summen gjeld IT-kostnader og vert dekka innanfor summen som er budsjettert under IT-fellessystem på investeringsbudsjettet. Utover dette er det foreslått sett av 8 mill. kr som er budsjettert under området Fellesfunksjonar. Fylkestinget vedtok å redusere løyvinga på 8 mill. kr til 4 mill. kr.

Foreslåtte tilskot summerer seg til kr 900 000. Fylkesutvalet vedtok ei ramme på 1,5 mill. kr i sak 64/2018. Fylkesrådmannen legg inn 1,5 mill. kr i budsjettet. Ein har dermed ein reserve på kr 600 000 som kan disponerast seinare.

Tilleggsløyvingskonto fylkesutvalet Til tilleggsløyvingar er det i 2019 ført opp kr 3 914 000. I 2018 var tilleggsløyvingskontoen kr 1 734 000.

Fylkestinget vedtok auke i følgjande tilskot: Raftostiftelsen

75 000

Kirkens SOS – Jubileumsgave 2019

40 000

FFO

70 000

Lønsavsetjing/premieavvik Lønsbudsjetta for dei einskilde skular og einingar er utarbeidde i forventa lønsregulativ pr. 01.01.2019. Lønsavsetjinga skal dekkje venta lønsauke i 2019. I samsvar med statsbudsjettet sine føresetnader har ein lagt til grunn ein lønsvekst på 3,25 % frå 2018 til 2019. Til dette trengst det 72,7 mill. kr.

Vidare vart det vedteke å løyve kr 50 000 til minnemarkering, ettertankens dag.

På neste side er det vist ei liste over amortisering av premieavvik frå tidlegare år. Premieavviket som vil oppstå i 2018 er enno ikkje kjent. Ein har berre prognosar. Ein set av 10,4 mill. kr til amortisering av forventa premieavvik som vil oppstå i 2018.

Fylkestinget vedtok også å gje eit tilskot på kr 300 000 til døvesenter. Ein tek med denne løyvinga under posten Ymse tilskot. Vedtekne tilskot kan då oppsummerast slik:

Prognosen frå Statens Pensjonskasse tilseier at kostnaden som skal rekneskapsførast vil bli om lag 33,7 mill. kr lågare enn betalt premie, altså eit positivt premieavvik.

2019 Raftostiftelsen

450

FFO

345

SAFO Kirkens SOS

60 190

Pensjonistforbundet

40

Minnemarkering ettertankens dag

50

Døvesenter Sum Udisponert ramme

For pensjonsordninga i KLP har ein gjennom fleire år budsjettert med ein premie på 14 %. Dette har vist seg å liggje i nærleiken av kostnaden ein endar opp med, etter å ha bokført eventuelle premieavvik. Prognosen for 2019 er at kostnaden inklusive arbeidsgjevaravgift, vil bli 12 mill. kr lågare enn budsjettert premie. Til saman utgjer positive premieavvik i KLP og SPK 45,7 mill. kr. Ein fører denne summen opp som eit frådrag i, og endar då opp med ei avsetjing på 37,4 mill. kr.

300 1 435 365

161

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke