Page 151

Budsjett 2019 - Kultur og idrett

Barne- og ungdomsarbeid Kroner

Budsjett 2018 Ung Vest (Hordaland barne- og ungdomsråd)

Budsjett 2019

650 000

650 000

1 000 000

1 000 000

Ung Kultur Møtast (UKM)

800 000

920 000

Sum brutto driftsutgifter

2 450 000

2 570 000

Tilskot barne- og ungdomsorg.

Følgjande er endra i fylkestinget etter fylkesrådmannens forslag: Tilskot barne- og ungdomsorg. Kommentarar til tabellen

UKM – Ung Kultur Møtast Tidlegare «Ungdommens kulturmønstring» har dei siste åra hatt positiv utvikling. Gjennom dei fire siste åra har Hordaland fylkeskommune styrka arbeidet med UKM Hordaland og innført fleire nye satsingar for å vektleggje UKM som møteplass for ungdom. UKM-festivalen i Hordaland er ein omfattande heilskap av tilbod og opplevingar (framsyningar, konsertar, workshops, sosiale aktivitetar, overnatting osv). Ungdom er ein aktiv part i arbeidet med utviklinga av den årlege festivalen i samarbeid med Hordaland fylkeskommune og produsent. AKKS Bergen har sidan 2015 vore med i arbeidet med UKM-festivalen i Hordaland og for 2019 vil heile produksjonen av festivalen vere lagt til AKKS Bergen. Det er lagt inn auke i tilskotet for å ivareta denne satsinga.

Ung Vest Ung Vest (tidl. HBUR – Hordaland barne- og ungdomsråd) er ein nettverksorganisasjon for barne- og ungdomsorganisasjonar. Driftstilskot til regionale barne- og ungdomsorganisasjonar I tråd med Regional kulturplan er det tidlegare gjort ein gjennomgang av eksisterande stønadsordningar for å få dei i samsvar med behova på kulturfeltet. Denne driftsstønadsordninga har hatt ein nedgang i søkjartal sidan 2014; frå 35 søkjarar til 25 søkjarar i år. Det eksisterer ikkje ein driftsstønadsordning på dette feltet i Sogn og Fjordane fylkeskommune og fylkesrådmannen foreslår difor ein ny gjennomgang av denne ordninga i 2019.

Vaksenopplæring Kroner

Budsjett 2018

Budsjett 2019

Tilskot til vaksenoppl.tiltak

400 000

400 000

Vaksenoppl.forb. i Hordaland

228 000

234 000

Sum brutto driftsutgifter

628 000

634 000

Kommentarar til tabellen I samsvar med reglane som fylkestinget har vedteke, skal kultur- og idrettsavdelinga administrere tilskot (grunntilskot og administrasjonstilskot) til organisasjonsverksemd for godkjende studieorganisasjonar. Hordaland fylkeskommune gjev og tilskot til paraplyorganisasjonen.

151

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke