Page 142

Budsjett 2019 - Kultur og idrett

Fartøyvernkoordinator ved Museum Vest Museum Vest og Bergen Sjøfartsmuseum skal som konsolidert eining ta ein leiande posisjon nasjonalt i høve fagtema hav. For å styrke formidlinga av fartøyvernflåten og samhandlinga med frivillig sektor vil fylkesrådmannen foreslå kr 300 000 i driftstilskot til etablering av ei fartøyvernkoordinatorstilling ved Museum Vest. Fartøyvernkoordinatoren skal ha ein regional funksjon opp mot det frivillige fartøyvernet for å styrke samhandlinga og gje råd om istandsetting/drift av verneflåten. Fartøyvernkoordinatoren

skal vidare ha ansvar for nasjonale oppgåver knytt til dokumentasjon av verneflåten og formidling av denne i eit større samfunnsperspektiv. Tiltaket vert finansiert innafor ramma i posten fartøy- og bygningsvern ved musea. Primusbase for musea i Hordaland Tilskot til primusbase for musea i Hordaland vert overført til posten Stiftinga Museumssenteret i Hordaland, der avdelinga Bevaringstenestene har ansvaret for drifta av databasen.

IDRETT OG FRILUFTSLIV Tal i tusen

Budsjett 2018 Administrasjon

Budsjett 2019

Endring %

4 411

4 480

1,6 %

10 748

11 085

3,1 %

3 100

3 100

0,0 %

121 688

123 817

1,8 %

15 062

14 675

-2,6 %

Sum brutto driftsutgifter

155 009

157 157

1,4 %

Sum driftsinntekter

-129 738

-131 417

1,3 %

Netto driftsutgifter nominelt

25 271

25 740

1,9 %

Netto driftsutgifter i 2019-kroner

25 923

25 740

-0,7 %

Tilskot til idrettsarbeid Tilskot til idrettsprosjekt Tilskot spelemidlar Tilskot til friluftsarbeid

Følgjande er endra i fylkestinget etter fylkesrådmannens forslag: Tislkot til friluftsarbeid

Kommentarar til tabellen

Oppgåver Friluftslova definerer m.a. fylkeskommunane sine oppgåver i høve til å fremje allmenne friluftsinteresser. Fylkeskommunen har jf. kongeleg resolusjon frå april 1987 fullmakt til å fordele spelemidlane for bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet.

Tilskot spelemidlar Fylkeskommunen har ei viktig rolle i høve analysar og vurderingar av anleggsbehov i regionen. For å kunne bruke tilgjengelege ressursar best mogleg, er det viktig å hjelpe kommunane og lag med å få betre kunnskapsgrunnlag når det gjeld anleggsbehov og til å sikre større spelemiddelandel til Hordaland Delen som skal gå til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet vert fordelt til fylka etter følgjande modell: godkjendt søknadssum 50%, anleggsdekning 25% og tal innbyggjar 25%. I 2018 var det ei auke på 1,8% i tildelinga til Hordaland. Fylkesrådmannen legg til grunn desse tala for 2019.

Oppgåvene innanfor fagområdet fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er heimla i Regional kulturplan. I samsvar med visjonen Aktiv kvar dag skal ein gjennom forpliktande samarbeid mellom offentlege, frivillige og private aktørar arbeide for målet om at alle i Hordaland skal kunne vere aktive etter eigne ønskje og føresetnader på allment tilgjengelege område i naturen og i anlegg i nærleiken av der dei bur.

142

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke