Page 134

Budsjett 2019 - Kultur og idrett

FOLKEHELSE Regional kulturplan for Hordaland 2015–2025 : «Grunntydinga av ordet kultur på latin er avleia av å dyrke, utdanne, oppdra og foredle. Kultur handlar om å vidareutvikle og foredle råstoff og ressursar, både menneskelege og dei ein finn i naturen og i samfunnet. Dermed handlar kulturpolitikken om vilkåra for utvikling for det enkelte mennesket, for menneska i samspel med kvarandre og for tilhøvet mellom menneska og ressursane. Kultur bør vere ein grunnleggande premiss for alle sider ved samfunnsutviklinga og spenner frå danning og utdanning til næring, stadutvikling og miljø.»

grunn at kultur og idrett har ein klar eigenverdi. Kultursatsinga skal først og fremst fremje utvikling og livsfremjande aktivitet hos det enkelte mennesket og i samfunnet. Kulturpolitikken skal gje innbyggjarane i heile Hordaland tilgang på eit rikt og mangfaldig tilbod og fremje medverknad på tvers av geografiske, økonomiske og sosiale skilje. I Hordaland ser ein stor variasjon i folk si deltaking. Lange avstandar, svak infrastruktur og manglande tilbod skaper utfordringar. Det same gjer økonomiske hindringar, dårleg tilgjenge, låg grad av inkludering, fysiske og psykiske barrierar.

Kultur- og idrettstilbodet er grunnleggjande for folk si helse og trivsel, og eit vilkår for å utvikle gode lokalsamfunn. Eit godt og variert kulturliv gjer samfunnet rikare, bidreg til livskvalitet, fellesskap og utvikling. Forsking viser at både tilskodarar og deltakarar i kulturlivet opplever at den generelle helsa vert påverka positivt. Kultur og idrett er slik ein av føresetnadene for ei god folkehelse.

Hordaland fylkeskommune legg difor til rette for at alle skal kunne oppleve kvalitativt god kunst og kultur eller engasjere seg i eigenaktivitet. Slik er god folkehelse sett i samanheng med heile sektoren: friviljug og organisert aktivitet innan idrett og friluftsliv, kultur for og med barn, unge, vaksne og eldre, profesjonelle kunstnarar og kulturarbeidarar og profesjonelle kunst og kulturinstitusjonar. Budsjettframlegget er innretta i høve dette mangfaldet og med eit auge for dei ulike gruppene sine behov.

Kultur skaper sosiale og økonomiske verdiar, men grunnlaget for Hordaland fylkeskommune sin politikk er likevel effektane på andre område. Regional kulturplan legg til

STYRINGSDOKUMENT – REGIONALE PLANAR OG TEMAPLANAR Følgjande planar har innverknad på kultur- og idrettsarbeidet.

Planansvar – kultur- og idrettsavdelinga Regionale planar Regional kulturplan for Hordaland 2015–2025

Vedtaksår

Utval

Revisjon

2014

KIRU

2019

Regional kulturplan for Hordaland 2015–2025 «PREMISS: KULTUR» er styrande for satsingar og økonomisk

prioritering, og fylkeskommunen si verksemd skal vere innretta for å nå måla i planen.

134

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke