Page 116

Budsjett 2019 - Regional

tilsvarande beløp i partnarskapsmidlar, noko som gjer at dei totale bidraga er på line med dei andre fylkeskommunane.

HOG Energi er i endring. Det blir lagt opp til at HFK vidareførar medlemskontingenten for 2019, men at omorganiseringsprosessen gjer at det ikkje lenger er behov for driftsstøtte. Dette gjev ein budsjettreduksjon på kr 400 000.

Landbruk Tal i tusen

Landbruk

2018

Brutto driftsutgifter

2019

Endring i %

1 200

1 200

-

-1 200

-1 200

-

Netto driftsutgifter

0

0

-

Netto driftsutgifter i 2019-kroner

0

0

-

Driftsinntekter

Prioriterte tiltak Arbeide med tiltak for auka kompetanse, lønnsemd og berekraft i landbruket og for å redusere nedbygging av jordbruksareal i tråd med Temaplan for landbruket i Hordaland 2018–2022.

Bundne fond – næringsutvikling

Status per 1.1.2019

HNH – statlege overføringar (Handlingsprogram næring). Midlane er bunde opp i tilsegn og vert utbetalt på bakgrunn av rapportering ved prosjektslutt. Eventuelle unytta og tilbakeførte midlar ved årsskiftet vert lagt til ramma for 2019. Landbruksformål. Statlege øyremerkte midlar. Midlane er bunde opp i tilsegn og vert utbetalt på bakgrunn av rapportering.

75 110

2 773

Næringsretta utviklingstiltak (kompensasjonsmidlar). Statlege øyremerkte midlar som er bundne opp i tilsegn og som vert følgt opp og utbetalt på bakgrunn av sluttrapportering. Det kjem ikkje nye midlar til fondet. Unytta og tilbakeførte midlar vert omdisponert gjennom vedtak i fylkesutvalet våren 2019.

99 045

VestMarin. Øyremerkt til fellesprosjekt for alle dei fire fylka på Vestlandet. Resterande midlar er nytta i fellesprosjekt i 2018.

405

Næringsbarometeret. Arbeidet med Næringsbarometeret er fullført og det er ikkje behov for midlane til dette føremålet. Forslag til omdisponering vert fremma for fylkesutvalet våren 2019.

313

Omstilling Sør- og Vestlandet. Statlege øyremerka midlar frå 2016 som Hordaland fylkeskommune fekk ansvar for å forvalte. Ingen nye midlar etter 2016. Vil bli utbetalt etter kvart som prosjekta blir avslutta og sluttrapportering kjem inn.

1 981

Invest in Bergen. Midlar etter BRB samt unytta prosjektmidlar frå tidligare år finansiert av fylkeskommunen og kommunane i fellesskap.

4 222

Etablerersenteret. Midlar etter BRB samt unytta prosjektmidlar frå tidligare år finansiert av fylkeskommunen og kommunane i fellesskap.

2 632

116

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke