Page 109

Budsjett 2019 - Regional

Førebygging av psykiske lidingar er ein viktig del av folkehelsearbeidet til Hordaland fylkeskommune. I den siste Ungdataundersøkinga (frå 2018) oppgir 14 prosent av ungdomsskuleelevane i Hordaland at dei er plaga med depressive symptom – eit nivå som er likt med resten av landet. Forskjellane internt i fylket er likevel store. Hordaland fylkeskommune vart i fjor ein del av «Program for folkehelsearbeid i kommunane 2017–2027». Dette er ei nasjonal satsing som skal fremje barn og unge si psykiske helse og livskvalitet, og fremje lokalt rusførebyggjande arbeid.

(frå 2017) viser at 59 prosent av alle mellom 20 og 66 år som har fullført grunnskule er sysselsett. Tilsvarande tal for dei som har fullført vidaregåande skule er 78 prosent. For dei som har mellom eit og fire år med høgare utdanning er talet på sysselsette 85 prosent. Dette kan illustrere kor viktig det er med utdanning i arbeidsmarknaden i dag. Regionalavdelinga arbeider med karriererettleiing og tilpassing av utdanningstilbod til næringslivet sine behov – tiltak som skal sikre betre studieval og arbeidsmoglegheiter for hordalendingane.

Eit anna område som har stor innverknad på folkehelsa er sysselsetting. Tal for Hordaland frå Statistisk sentralbyrå

STYRINGSDOKUMENT – REGIONALE PLANAR OG TEMAPLANAR

Planansvar – regionalavdelinga Regionale planar

Vedtaksår

Utval

Regional plan for attraktive senter

2014

FUV

Regional plan for folkehelse

2014

OPHE

Regional klima og energiplan 2014–2030

2014

FUV

Regional plan for Nordfjella 2014–2025

2014

KIRU

Regional næringsplan 2013–2017

2013

FUV

Regional plan for Setesdal Vesthei(Heiplanen)

2012

KIRU

Regional plan for Hardangervidda

2011

FUV

2018

Regional plan for vassregion Hordaland

2015

FUV

2020

Fylkesplan for Hordaland – arealpolitiske retningsliner

2005

FUV

Fylkesdelplan for små kraftverk (kraftutbygging)

2009

FUV

Regional plan for areal og transport på Haugalandet

2016

FUV

Regional plan for areal og transport i bergensområdet

2017

FUV

Regional kystsoneplan for Sunnhordland og Ytre Hardanger

2017

FUV

Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

2017

OPHE

109

Revisjon

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke