Page 108

Budsjett 2019 - Regional

PRIORITERINGAR I 2019 Grøn konkurransekraft Det vert auka aktivitet i leverandørindustrien og olje- og gassektoren i 2019. Likevel vert det trong for å utvikle og omstille store delar av næringslivet i Hordaland og utvikle næringslivet inn i eit «grønt» skifte. Gjennom Handlingsprogram for nærings- og samfunnsutvikling i Hordaland vil det bli satsa på å styrke grøn konkurransekraft i næringslivet. Mange verksemder i leverandørindustrien er i ferd med å supplere delar av leveransane til petroleumsindustrien med leveransar til havvind, grøn shipping og berekraftig havbruk. Det vert også i 2019 øyremerka midlar til dette.

Samarbeid om etablering og utvikling av statleg finansierte sentre som til dømes KATAPULT og Senter for forskingsdrevet innovasjon (SFI) vert òg prioritert. Regionsenter I samarbeid med kommunane skal det iverksetjast utviklingsprosjekt i regionsentra i tråd med Regional plan for attraktive senter og for auka folkevekst. Samordning av offentlege tenester og tilrettelegging for næringsutvikling i regionsentra vert prioritert. Planarbeid Regionreforma og samanslåing til Vestland fylkeskommune set større krav til arbeidet med nytt kunnskapsgrunnlag om utfordringar og utvikling av felles identitet og mål. Ei berekraftig utvikling og eit grønt skifte må byggje på langsiktige planar. Gjennomføring av areal- og transportplan for bergensområdet og kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger skal bidra til dette.

Rett kompetanse Omstillingstakta i samfunnet set store krav til rett kompetanse både i næringslivet og i offentleg sektor. Gjennom den nyetablerte samarbeidsmodellen for kompetanseutvikling i Hordaland, vil kompetanseaktørane vere betre rusta til å fange opp arbeidslivets behov, både i omfang og innhald. Basert på denne kunnskapen vil det bli prioritert å setje i verk tiltak som kan bidra til at dei kandidatane som kjem ut på arbeidsmarknaden har rett kompetanse.

Klima Klimaplanen sitt handlingsprogram bidrar til at Hordaland er verdas leiande region for overgang til nullutsleppkøyretøy ved å bidra til å bygge landets beste infrastrukturtilbod av hurtigladarar. Å bidra til at kommunane i fylket lykkast i sitt arbeid med klimaomstilling vil ha spesiell merksemd i 2019. Gjennom klimaplanen, ferjeanbod og temaplanen låg- og nullutsleppsbussar, skal eige utslepp frå Hordaland fylkeskommune meir enn halverast innan 2025.

Forsking HFK vil prioritere å synleggjere gode resultat av regionale forskingsfond og fremme ordninga ovanfor sentrale styresmakter, samstundes som ein vil styrke mobiliseringa til forskingstøtta innovasjon i bedrifter og kommunar. Vidare skal mobilisering til forskingsbasert innovasjon i næringslivet samkøyrast med andre regionale aktørar.

FOLKEHELSE Innbyggarane i fylket si helse ligg til grunn for dei fleste planane som styrer aktivitetane i regionalavdelinga. Å ha kontinuerleg oversikt over folkehelsetilstanden i fylket er ei oppgåve for fylkeskommunen. Dette arbeidet viser korleis folkehelse er ein integrert del av verksemda i regionalavdelinga.

over kor stor marknadsandelen er for nullutsleppsbilar av talet på nyregistrerte bilar. Problem med luftkvalitet i Hordaland er i hovudsak knytt til Bergen kommune, og tilrettelegging for elbilar, elektrifisering av Bergen hamn og gode kollektivtilbod med låge utslepp er viktige tiltak for å få reinare luft.

Regionalavdelinga følger spesielt med på fire ulike område som har konsekvensar for hordalendingane si helse. Dette er for det første knytt til luftkvalitet. Fylket har oversikt

Fylkeskommunen følger med på om vassførekomstane har god kjemisk og økologisk tilstand. God vassforvalting gir reinare mat frå vatn og sjø, og drikkevatn med god kvalitet.

108

Profile for Hordaland fylkeskommune

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke

Hordaland fylkeskommune - budsjett 2019  

Budsjett 2019, vedteke