Årsmelding 2018 - Hordaland fylkeskommune

Page 107

Årsmelding Hordaland fylkeskommune 2018 – Eigedom

Nye Åsane vidaregåande skule og kulturhus Byggjearbeidet har kome godt i gang i Åsane. Etter ei lita forseinking vart det start på byggjeplassen 09.05.2018. Årsaka til forseinkinga var forlenga byggjesaksbehandling. Arbeidet heldt fram på byggjeplassen heile sommarferien. Prosjektet er i rute og er planlagt ferdig som opphaveleg sett til 01.07.2020. Både skuledelen og kulturdelen av skulen skal vere klare til bruk hausten 2020.

Foto: Constructa Entreprenør AS

Byggjearbeidet på nye Åsane vidaregåande skule er godt i gang.

Folkehelseperspektivet Det har i 2018 blitt arbeidd mykje for å sikre universell utforming av store delar av den eksisterande fylkeskommunale bygningsmassen. Kartlegginga av status på eksisterande bygg vart fullført i 2018 og det vert no arbeidd etter denne kartlegginga. To skular står att i 2019. Etter tiltaka er fullførde vil bygga bli gjennomgåtte på nytt. Det vert i dag stilt krav om at alle nybygg skal vere universelt utforma. Skular har sjølv høve til å stille ledige lokale til disposisjon for korttidsutleige, medan eigedomsavdelinga har ansvar for langtidsutleige. Det er ikkje ønskjeleg at idrettshallar står tomme utanom skuletida, og på dei nyare skulane i Bergen der det er eigne idrettsanlegg vert hallane no lånte ut til kommunen.

Foto: Nils Jøran Myking

På Tertnes vidaregåande skule er det reist eit nybygg.

107


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.