Issuu on Google+

20. – 24. september 2013

Språkåret 2013 Matkultur

DNA i slektsgransking 013 Stemmerettsjubileet 1913–2 Mastermøte


REDAKSJON OG PRODUKSJON: TONE SOLHAUG OG GEIR TANGEN FOTO: TONE SOLHAUG, ANN KARENE RASMUSSEN, CARL NESSET OG AUDUN BERDAL. TRYKK: TINDE DESIGN & TRYKK AS. OPPLAG: 1000


FORSKINGSDAGANE 2013

F

orskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år blir det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane

på nasjonalt plan. I 2013 er det nasjonale temaet «Hav og vatn». Forskingsdagane si nasjonale prosjektleiing er lagd til Noregs forskingsråd. Forskingsdagane har dei siste åra hatt meir enn 1000 arrangement over heile landet og vert i 2013 arrangerte for 19. gong. Noregs forskingsråd i samarbeid med universitet, høgskular, forskings­ institutt, bibliotek, museum og næringsliv står bak. Arrangementa er gratis og opne for alle.

www.hivolda.no/forskingsdagane www.facebook.com/hivolda

3


DETTE SKJER 20.9 Utdeling av FoU-prisen med opning av Forskingsdagane.......................................................7 21.9 Skrik – bildet som erobret verden............................................................................................8 21.9 Samfunnshistorisk vandring i Volda.........................................................................................9 22.9 Matkultur i Volda Bygdetun.....................................................................................................10 23.9 Kan Se og Hørs journalistikk forsvares?.................................................................................11 23.9 Vituge menn eller ukritiske kvinner?......................................................................................12 23.9 «Me syngja skal den nye song!».............................................................................................13 23.9 Utfordringar for ei kunnskaps­intensiv framtid.......................................................................14 23.9 Korleis rekruttere og behalde kompetansearbeidskraft........................................................15 24.9 Mastermøte i nynorsk skriftkultur..........................................................................................16 24.9 Mastermøte i spesialpedagogikk............................................................................................18 24.9 Samfunnsplanleggingsdagen.................................................................................................19 24.9 Mastermøte i helse– og sosialfag.......................................................................................... 20 24.9 Mastermøte i samfunnsplanlegging og leiing........................................................................21 24.9 Ibsen i italiensk språkdrakt....................................................................................................22 24.9 The Vikings in Britain and the peculiar case of they, their and them ................................... 23 24.9 Vurdering for læring og utvikling........................................................................................... 24 24.9 «Usynlig – dog alltid til stede»............................................................................................... 25 24.9 DNA i slektsgransking............................................................................................................ 26


Til Dinglavatnet/Melshornet

geila

Martave

Engeset

kvg.

Solhøgda ila

tge

egen

ARRANGEMENT I VOLDA se nge

E

Kapteinsvegen

Lønnev

Øv reli d

E

g.

Skjerv

avege n

svegen Gymna svg.

n

e eg

Sk

og

Ha

m

ga

Osgarden

Rik

n

en

s

Riksveg 651

Prestegata

51

6 veg

Rik

5

t.

strig

ta

ge

bakk

Røys

Indu

ne

Midttun

Prestegata

Årneset (Swimming spot)

arvg

n

vege

g.

Rotsetgeila

.

av

Strøm

Skriv

Hans

g.

tev

gd Læ

Ris

Rotsetgeila

Rotevatnet Granheim

Hamne

gata

Vikebygdvg. dvg.

1 sveg 65

Markvegen

.

Nygardsvg.

Vikebyg

2

ila

gt

ve

Lerkevg.

Monsvg. Bakkevg.

Leiteland

tge

je

yr

evg.

Heltn

Grendavg.

tse

rk

P

em

1. Berte Kanutte-huset nd

ra st

et a

3. Ivar Aasen-huset

ts

Lægdavg.

n esvege

Storebakken

Ro

2. Hans Strøm-huset

Andan

vg.

ust

Na

Ro

Ky

sgt.

6

rs

e

.

Anders Vassbotn vegen

Røy

Storgt.

usgt.

P

Po

an

Ky ln ev g.

t.

Rådh

sgt.

Råsa

ne

3

v

va

jer

Halkjel

Nytun

1

en

bakk

Fure

dvg

Sollida

P

Snippa

26

Berte Kanutte-huset

Sk

Smithsg

. svg

ene

.

ysli

Myravegen

.

avg

Røysmyrvegen

navg

n ege

Sto

en

ne

a au

Gymna

kk

rgata

Dokter-

ba

Vik

Kven

sjel alk .H g Dr s ve vik Kløvertunvg.

Kårstadvegen P

rdsvg. Steinga Bø rke lun d

lida

Gran

Legene

rv emy

s

Por

n

Mylnevegen

etv es En g

n

Nes

P

4

ata

Storg vege

H

Lindevege

Sjukehusvege n

n akke Ottamarka

g.

lje

en

ndelv

Se

en

eg

liv

ys

vg.

Snarveg

b Stein

Veve

Te

Engeset

gen

etve nges

Bøkevegen

Symrevegen

Lyn gba kke n

vg.

n

arde

ng Fede

Ragnvaldmarka

Hegghola

.E

ml

tv

se

e ng

slene

Bren

Røyslidvg. ine

a Gamletunsvegen

en

veg

ppe

Kle

Koldå

ken

Einebak

Smalebakken

Rognelid

evegen

g.

Mosevg.

invg.

Storste

Bregnevg.

Lyngåsen

n

egen

ne

Fjellvege

Espe

Øvrevegen

Lisjenak

Raudemyrvg.

Heltn evg.

Kleppev

Myravegen

Eplehagen

en bakk Smie

gen

4. Henrik Kaarstad-huset 5. ARG-Data / Elvadalen 6. Volda kyrkje

7

7. Volda Bygdetun

5


VELKOMNE TIL FORSKINGSDAGANE!

Foto: Iris Engen Skadal

H

øgskulen i Volda er mellom dei fremste i landet når det gjeld forskings- og utviklingsarbeid. I det daglege er det mest kollegaer og studentar som får del i aktiviteten, men mykje av det me driv med, har interesse for mange fleire. Høgskulen får mykje frå samfunnet han er del av, og gjennom Forskingsdagane vil me gje litt attende. I år knyter nokre 6

av arrangementa seg til det nasjonale hovudtemaet «Hav og vatn». Elles speglar programmet både Språkåret 2013 og Munchjubiléet, og at det er hundre år sidan kvinnene fekk røysterett i Noreg. I det siste har høgskulen fått fleire og fleire masterstudentar, og på tysdagen vil mange av dei presentere prosjekta sine. Eg oppmodar bygdefolket om å nytte høvet og

få innblikk i ein variert FoU-aktivitet. Vel møtt til Forskingsdagane 2013!

Per Halse, rektor


FOU-PRISEN TIL INSTITUTT FOR RELIGION, LIVSSYN OG KYRKJEFAG

Tid: Fredag 20 . sep. kl. 11.00 Stad: Biblioteke t, Berte Kan utte-huse t, Høgskule n i Volda

Per Magne Aadnanes og Jan Ove Ulstein, to representantar frå Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK.)

F

oU-prisen for 2013 går til Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK). I tildelinga la høgskulestyret vekt på at instituttet har klart å skape eit FoU-miljø som er inspirerande og støttande. Resultatet av dette er stor vitskapleg produksjon gjennom mange år. I dag publiserer alle tilsette ved instituttet vitskapleg. Gjennom støtte, entusiasme og gode samarbeids­modellar blir yngre og mindre erfarne forskarar dregne inn i eit produserande fellesskap. Forumet FAKK er instituttet sitt månadlege forskar­seminar. Der blir alle tilsette inviterte til å leggje fram

tekstar i ulike stadium av prosessen fram mot publisering. Seminaret har fungert i over 20 år, og det har vore svært viktig for å inkludere nye i forskings­miljøet. Instituttet oppretta i 2001 skriftserien «Kyrkjefag profil», og i år kjem utgjeving nr. 20. RLK-forskarar er også aktive i samarbeid med kollegaer frå andre institusjonar – m.a. som redaktørar for vitskaplege antologiar og tidsskrift. Dei siste åra har RLK sett i gong forskings­ prosjekt som involverer fleire av dei tilsette. «Secular Norway – religious USA» er godt i

gong og er eit samarbeid med andre fagmiljø ved HVO. Prosjektet «Religion i regionen» er i samarbeid med Historisk institutt og St. Olaf College, Northfield, Minnesota, og studentar frå mastergraden i kulturmøte er òg med. Dette gjev eit bilete av eit produktivt og godt fungerande FoU-miljø som har medverka med fagleg tyngde både nasjonalt og internasjonalt. Det er andre gongen at eit fagmiljø får FoUprisen ved Høgskulen i Volda. Første gongen var i 2011. Då fekk Historisk institutt prisen. 7


SKRIK – BILDET SOM EROBRET VERDEN

Tid: Laurdag 2 1. sep. kl. 12.00– 13.00 Stad: Ørsta kun sthus, Webjørn S vendsens gate 9, Ø rsta.

H

vorfor har nettopp Skrik, av alle verdens bilder, blitt stående som det 20. århundrets mest berømte kunstverk? Edvard Munchs motiv har levd et mer enn hundreårig liv preget av skandaler og skjellsord, misforståelser og nytolkninger, spektakulære salg og brutale tyverier. Skrik er både et åndsverk og en vare, en filosofisk drøftelse og en selvbiografisk skildring, 8

en inspirasjonskilde og en inntektskilde. Spennvidden gjør at motivet har klart noe bare en håndfull andre kunstverk har maktet: å ta spranget ut av kunsthistorien og inn i samfunnet. Foredraget til Bjarne Riiser Gundersen prøver å finne forklaringen bak Skriks popularitet ved å følge bildets historie fra tilblivelsen i Berlin, via tyverier i Oslo til

auksjonskvelden i New York, som gjorde Skrik til verdens dyreste kunstverk. Bjarne Riiser Gundersen er høgskolelektor ved Avdeling for mediefag og journalist i Morgenbladet. I 2013 utga han boken Skrik – historien om et bilde. Arrangementet er i samarbeid med Volda og Ørsta Kunstlag.


SAMFUNNSHISTORISK VANDRING I VOLDA

Tid: Laurdag 2 1. sep. kl. 14.00– 15.30 Stad: Elvadalen , Volda Oppmøte : ARG Data AS

V

i startar vandringa med oppmøte i Elvegata (ved ARG Data AS) kl. 14.00. Eivind Indresøvde vil ta oss med på ei samfunnshistorisk vandring opp Elvadalen. Øyraelva, eller Storelva som er det offisielle namnet, lagar eit naturleg skilje mellom Øyralandet og Rotset. Elva gav i lang tid kraft til ulike verksemder, i førindustriell tid mellom anna til kvernar av ulike slag og

til sagbruk. På slutten av 1800-talet vart elva viktig som kraftkjelde for den framveksande industrien, og dermed til utviklinga av tettstaden Volda. Men elva har også vore viktig som ei kjelde til rekreasjon og leik, og til fiske etter aure og laks. Vi vandrar opp Elvadalen mot Rotevatnet, og det vert orientering om ulike aktivitetar langs elva både i fortid og notid.

Det vert enkel servering ved Mylnefallet k ra ft v e rk i E l v a d a l e n. Vi endar ved Rotevatnet om lag kl. 15.30. Eivind Indresøvde er historikar ved Avde­l ing for samfunnsfag og historie og har arbeidd med samfunnsfag i lærarutdanninga sidan 1972. Han er særleg oppteken av forteljinga sin plass i formidling av historiefaget i s­ kulen. 9


MATKULTUR I VOLDA BYGDETUN

Tid: Søndag 2 2. sep. kl. 13.00– 16.00 Stad: Volda Byg d

etun

M

atkulturelle opplevingar er blitt ein tradisjon under Forskingsdagane i Volda. Søndag 22. september kan små og store leggje turen til Volda Bygdetun. Der vil studentar frå Høgskulen i Volda vere på plass med råvarer, oppskrifter, kunnskap og gode råd. Rundt omkring i bygdetunet kan publikum få vere med på å lage og smake mat med ulik historisk og kulturell tilknyting. Studentane går på studiet Mat, kultur 10

og konservering, som er eit tverrfagleg studium ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Studiet er retta mot dei som er interesserte i praktisk og teoretisk kunnskap kring matkultur, mattradisjonar og konservering. Studiet er populært og har mange søkjarar. Om lag tjue studentar vil vere i aktivitet denne søndagen. Tidlegare år har deltakarane fått vore med på steiking av potetkaker, flatbrød og anna på takke, matlaging på bål, tørking av eple, og mat av

fisk, kjøt og frukt. Vel møtt til ein sosial, smakfull og lærerik dag i Volda Bygdetun! Det er førsteamanuensis Erik Fooladi og høgskule­lektor Kari Ryslett ved Institutt for realfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, som er fagleg ansvarlege for arrangementet.


KAN SE OG HØRS JOURNALISTIKK FORSVARES?

EN JURIDISK ANALYSE AV KJENTE PERSONERS RETT PÅ VERN AV SITT PRIVATLIV

Tid: Måndag 2 3. sep. kl. 10.00– 11.00 Stad: Store aud itorium, Berte Kan utte-huse t, Høgskule n i Volda

D

en såkalte «kjendisjournalistikken», som vi finner i for eksempel Se og Hør, er omstridt. I dette foredraget gis et sammendrag av en avhandling som tar for seg de juridiske grensene for omtale av kjente personers private forhold i redaktørstyrte medier. Avhandlingen til Ellen Lexerød Hovlid viser for det første at omtale av private forhold er tillatt dersom pressen får samtykke fra den omtalte. Avhandlingen søker å gi svar på spørsmålet om når kjente personer kan

sies å ha samtykket til å få privatlivet sitt offentliggjort. Videre viser avhandlingen at omtale av private forhold i de fleste tilfeller også er tillatt når de private opplysningene har såkalt «allmenn interesse». Når kan opplysninger om kjente personers privatliv ha allmenn interesse? Hadde opplysningene om at det var slutt mellom Anette og Rodney fra Big Brother slik interesse? Hva med reportasjen om bryllupet mellom Lars Lillo-Stenberg og Andrine Sæther på Tjøme?

Eller reportasjene som viser prinsesse Caroline av Monaco som sykler, tar skiheis og går på shopping? Et sentralt poeng i avhandlingen og foredraget er at man i tysk teori hevder medievitenskapelig forskning «beviser» at slik informasjon fyller viktige samfunnsfunksjoner, og at domstolene er arrogante når de overser disse funnene. Ellen Lexerød Hovlid er stipendiat ved Avdeling for mediefag.

11


VITUGE MENN ELLER UKRITISKE KVINNER?

Tid: Måndag 2 3. sep. kl. 13.30– 16.00 Stad: Store aud itorium, Berte Kan utte-huse t, Høgskule n i Volda

A

ll merksemda som stemmerettsjubileet har fått dette året, har avdekt at det skulle mykje meir til enn rett til å stemme ved val før kvinner fekk noko dei skulle ha sagt i det politiske livet. Marit Kvammen har skrive heftet «Kvinnene i lokaldemokratiet» og vil fortelje om arbeidet og om særdrag i kommunane på Søre Sunnmøre. Forholda var temmeleg like på bygdene her på Sunnmøre når det galdt å få kvinnene med i politikken.

12

«Elles ser eg det ikkje så om å gjere å ha kvinner i heradsstyret når ein har vituge menn der.» Desse orda skreiv han i eit lesarinnlegg i lokalavisa Vikebladet, mangeårig ordførar Hans B. Osnes i 1947. Framfor neste val, i 1951, hadde han kome til at «det bør kome inn ei 3-4 kvinner i heradsstyret no. Det er så mange spursmål som eit heradsstyre no skal ta stode til og som kvinnene har betre greie på enn mennene, at dei no bør få plass i heradsstyret».

Som vi ser, det går sakte, men sikkert mot kvinnedeltaking, til det i første tiår etter tusenårsskiftet sit kvinner i ordførarstolane både i Volda, Ørsta, Ulstein og Hareid. Marit Kvammen bur i Hareid, er pensjonert lærar og skribent. Ho var redaktør i avisa Vikebladet/Vestposten i tida 1982–91. Ho har også lang fartstid i lokalpolitikken. Arrangementet er eit samarbeid med Eldreuniversitetet.


«ME SYNGJA SKAL DEN NYE SONG!» FORNORSKINGA AV SALMESKATTEN

Tid: Måndag 2 3. sep. kl. 19.30 Stad: Volda kyrk je

S

pråkårskveld i ord og tonar ved Elizabeth Oltedal, Henny Koppen, Ketil Grøtting, Svein Hunnes, Anders Aschim, Birger Løvlie, Jan Inge Sørbø og Per Halse. Fagfolk frå fleire avdelingar ved høgskulen går saman om ein salmekveld i høve Språkåret 2013. Mange var lenge svært skeptiske til å ta landsmål eller nynorsk i bruk til religiøse tekster. Men tidleg på 1900-talet trengde

nynorsken seg litt etter litt inn i kyrkja, og salmesongen var den viktigaste døropnaren. Diktarar med bondebakgrunn vart inspirerte av Ivar Aasens verk, og både teologar og lekfolk tok til med omsetjingar og eigne salmar. Språkårskvelden vil ta føre seg pionerane frå Elias Blix til Matias Orheim, og vi vil ha eit særleg fokus på sunnmøringane Johannes Barstad, Anders Hovden og Bernt Støylen.

Forskarar frå høgskulen gjev korte presentasjonar av diktarane og salmane, men fyrst og fremst skal dei syngjast! Dei aller fleste melodiane vil vere folketonar. Dei vert framførte delvis som solosong, dels av fleire – og lyden skal få rikeleg høve til å syngje med. Salmekvelden vert skipa til i samarbeid med Volda og Ørsta kyrkjeakademi.

13


UTFORDRINGAR FOR EI KUNNSKAPS­ INTENSIV FRAMTID

Tid: Måndag 2 3. sep. kl. 14.00– 16.00 Stad: Quality H otel Ulste in, Ulsteinvik

R

ekruttering, samfunns­ansvar og anima­ sjon som verktøy for maritim industri er sett i fokus under dette forskings­seminaret. Maritim industri på Søre Sunnmøre og forskings- og utviklingsmiljøa i Volda

sam­arbeider om stadig fleire forskings- og utviklingsprosjekt. Dei fleste prosjekta er finansierte gjennom Noregs forskingsråd sitt VRI-program (Virkemidler for regional FoU og innovasjon).

14.00

Innleiing ved Arnfinn Ingjerd (Maritimt Forum Nordvest).

14.05

«Korleis rekruttere og behalde kompetansearbeidskraft». Det maritime Møre i møte med ei kunnskapsintensiv framtid v/ Finn Ove Båtevik (sjå eigen omtale).

15.00

14

«Bedrifters samfunnsansvar – eit sunnmørsk konkurranse­ fortrinn?» v/ Jan Arne Halvorsen.

15.20– 16.00

Seminaret vert arrangert av Høgskulen i Volda, Møreforsking Volda, VRI Media – Møre og Romsdal / Noregs forskingsråd, Maritimt Forum Nordvest og Maritim Forening Søre Sunnmøre (MAFOSS).

Samhandlingsprosjekt: Høgskule og industri – animasjon som innovativt verktøy. – Raindog Studios: Industriell animasjon i opplæring v/ Dave King og Johannes Hildre Spilling. – HVO og Island Offshore Management: Tryggare om bord v/ Ivar John Erdal og Torbjørn Frantsen. – Show, don’t tell: Fish handling, quality and export v/ Kristian Fuglseth.


KORLEIS REKRUTTERE OG BEHALDE KOMPETANSEARBEIDSKRAFT

Tid: Måndag 2 3. sep. kl. 14.00– 16.00 Stad: Quality H otel Ulste in, Ulsteinvik

B

ehovet for arbeidskraft med høg formell kompetanse har vore aukande i marine og maritime næringar i Møre og Romsdal. Samstundes har konkurransen om kompetansen blitt hardare. For å byggje kompetansemiljø i næringane er det dermed naudsynt å vite korleis det er mogleg å trekkje til seg og behalde denne typen arbeidskraft. G j e n n o m e i n s t u d i e k ny t t t i l V R I programmet (Virkemidler for regional FoU og innovasjon) har forskingsmiljøet i Volda studert rekruttering av arbeidskraft til maritime og marine næringar i Møre og Romsdal, både sett frå bedriftene

og frå den enkelte som er rekruttert til bedriftene. Dei bedriftene som har ein klar høgkompetanseprofil, har vore i fokus. Perspektivet gjeld både norsk og utanlandsk arbeidskraft som blir rekruttert inn i maritime og marine bedrifter. Det er identifisert fire berebjelkar i rekrutteringa av høgt utdanna arbeidskraft i marin og maritim sektor i Møre og Romsdal: ei alternativ grunnhaldning hos arbeidstakarane, det aktivum bedriftene og næringane representerer, kompetansemiljøet bedriftene er ein del av, og familie og sosiale nettverk.

Eit sentralt spørsmål blir då korleis bedriftene og støtteapparatet rundt bedriftene kan ta tak i desse elementa som grunnlag for å styrkje rekruttering av arbeidskraft med høg formell kompetanse. I oppfølginga av dette er spørsmål om kor medvitne ulike bedrifter er i forhold til å utvikle konkrete tiltak, kva ressursar dei har til å gjere dette, i kva grad dei er involverte i system som kan hjelpe dei, kva kunnskap dei har om tiltak som fungerer, osb. Foredrag med seniorforskar Finn Ove Båtevik, Møreforsking Volda.

15


MASTERMØTE I NYNORSK SKRIFTKULTUR

Iselin Nevstad Øvrelid:

Kl. 10.00

Kor viktige er lokalavisene for at ungdom i vidaregåande skule held på målforma si? Målrørsla argumenterer med at det er viktig at ungdomar får møte nynorsk i media. Men er det slik at lesevanane blant ungdom har noko å seie for deira val av målform? Har skriftspråket dei møter innverknad på kva målform dei bruker? Dette mastergradsprosjektet ser nærare på lesevanane blant ungdom og tar utgangspunkt i bruken av lokalaviser. Prosjektet undersøkjer om og kor ofte ungdom les lokalaviser og drøfter kva slike vanar kan ha å seie for målbytesituasjonen. Elevar frå tre ulike vidaregåande skular i Møre og Romsdal er med på forskingsprosjektet, i form av ei større spørjeundersøking. 16

Iselin Øvrelid arbeider til dagleg som mannskapskoordinator i Bourbon Offshore Norway AS og har tidlegare arbeidd som journalist. Som nynorskbrukar i journalistyrket fann ho tidleg ut at ho ville skrive ei masteroppgåve knytt til media, haldningar og påverknad. I 2009 fekk Iselin nynorsk journaliststipend frå Mållaget i Kristiansand.

Monika Haanes Waagan:

Språket i den maritime klyngja

Dei maritime industribedriftene på NordVestlandet er del av ei verdskjend maritim næringsklyngje. Ho vert skildra som ei av svært få komplette maritime klyngjer i verda. Her finn du internasjonalt leiande reiarlag, verft og utstyrsprodusentar. Som språksamfunn er den maritime klyngja interessant – ikkje minst på grunn av kombinasjonen global industri og tette lokale band. Dette geografiske området er nemleg også kjerneområde for det nynorske skriftspråket. Vi veit at næringslivet er eit av samfunnsområda der nynorsken aldri har fått skikkeleg fotfeste – trass i at skriftspråket har stått sterkt i regionen generelt. Vi ser også at klyngjebedriftene


Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 10.00– 12.00

Foto: Per Eide.

Stad: BK 158, Berte Kan utte-huse t, Høgskule n i Volda

Kl. 10.30

som vel nynorsk som bedriftsspråk, er i mindretal. I masteroppgåva si er Monika Haanes Waagan nysgjerrig på kvifor enkelte bedrifter trassar fleirtalet i klyngja og vel nynorsk som bedriftsspråk. Monika er gründer. Ho starta tekstbyrået Akka Tekst i 2011. Hausten 2012 fekk ho mastergradsstipend frå Språkrådet.

Endre Lunde:

Den ma(s)kelause Ragnar Hovland Ironi er alvor og humor. Ironi er alt og ingenting. Men kva er eigentleg ironi? At ironi er noko som bør takast alvorleg, fekk vi som arbeidde i skuleverket, erfare i 2001. I samband med utspelet frå Kristin Halvorsen om at sidemålet må tonast ned i skulen, svarte forfattaren Kjartan Fløgstad kjapt med artikkelen «Ikkje Amerika, men Amerika» (2000) i media. Denne artikkelen vart nytta til eksamen i 2001, der svært mange elevar strauk. Dei hadde ikkje forstått ironien/sarkasmen til Fløgstad. Mange elevar var faktisk einige med Fløgstad i å ta vekk Sør-Amerika frå kartet, fordi det var noko uvesentleg. Elevane fekk til og med bestemme om dei ville ha karakteren dei

Kl. 11.00

hadde fått eller ikkje. Ironisk nok ... Mange kritikarar og litteraturforskarar seier at Ragnar Hovland sine bøker er ironiske, at han er ein stor ironikar, og at han skriv for og om ironikarar. Men kva er det eigentleg som er ironisk hos Hovland? Kva type ironi nyttar han, og kvifor? Kva type litteratur skriv eigentleg Hovland? Endre Lunde er utdanna adjunkt frå Høgskolen i Telemark, Høgskulen i Volda og Universitetet i Bergen. Han har vore tilsett ved Stryn vidaregåande skule sidan 1997, der han underviser i språk, historie og samfunnsfag. 17


MASTERMØTE I SPESIALPEDAGOGIKK

Hilde Lauritsen:

Kl. 10.00

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 10.00– 12.00 Stad: Kaarstad 204, Henrik Ka arstadhuset, Høgskule n i Volda

Jon Olav Leira:

Skulevegring i Sogn og Sosial kompetanse og Fjordane frå eit elevperspektiv relasjonar mot mobbing Opplæringsplikta er grunnleggjande for det norske velferdssamfunnet. Ifølgje opplæringslova (1998) har barn og unge i Noreg rett og plikt til opplæring til og med grunnskulen. Dei fleste barn går på skulen frivillig. Likevel finst det elevar som strevar med å kome seg på skulen, og som av den grunn får eit stort fråvær. I Noreg er det forska lite på skulevegring. Vi veit lite om kor stort omfanget verkeleg er, og om norske barn har dei same kjenneteikn og risikofaktorar som barn i andre land. Formålet med arbeidet har vore å finne funksjonen/årsaka som ligg bak skulevegring i Sogn og Fjordane, og talfeste fenomenet. Eit anna formål har vore å finne ut om elevar med skulevegring opplever skulekvardagen annleis enn elevar utan skulevegring. Hilde Lauritsen er tilsett som avdelingsleiar for spesialpedagogikk ved Halbrend skule i Førde. 18

Kl. 10.45

I masteroppgåva byggjer Jon Olav Leira på kunnskapen om at kvaliteten på læringsmiljø og klasseleiing har stor innverknad på kor mange som blir plaga eller mobba i ei gruppe. Han gir eit innblikk i korleis erfarne og kompetente lærarar arbeider for å skape gode relasjonar til born og unge som i utgangspunktet var negative til læraren. Gjennom eit breitt utval av praksisforteljingar har han kasta lys over korleis lærarar byggjer kompetanse gjennom kunnskap, erfaring og haldningar/verdiar. Han har òg intervjua lærarar om korleis dei utviklar, deler og formidlar denne kunnskapen. Jon Olav Leira er tilsett som kontaktlærar og spesialpedagog ved Slåtten skule i Førde.


SAMFUNNSPLANLEGGINGSDAGEN

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 09.00– 12.00 Stad: Strøm 24 4, Hans Strø m-huset, Høgskule n i Volda

9.15

Velkomen, ved instituttleiar Jørgen Amdam.

9.20

Presentasjonar av lokalsamfunnsanalysar frå Stryn kommune og Hornindal kommune.

10.00

Pause.

10.15

Presentasjonar av bacheloroppgåver i planlegging og administrasjon. – Siri Beate Gjerde: Kva rolle spelar Høgskulen i Volda i det regionale innovasjonssystemet? – Fredric Holen Bjørdal: Møre og Romsdal fylkeskommune sitt Interregengasjement.

11.15

Location choice of companies in Asia. Foredrag ved førsteamanuensis Nathalie Homlong, Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag, Avdeling for samfunnsfag og historie. Foredraget vert halde på engelsk (presentation in English).

12–12.30 Pause. 12.30

Mastermøte.

19


MASTERMØTE I HELSE– OG SOSIALFAG

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 12.30– 13.30 Stad: Strøm 24 4, Hans Strø m-huset, Høgskule n i Volda

Emmy Elizabeth Langøy:

Kl. 12.30

«Jeg vil greie tingene på egen hånd!»

Tove Bjørnland Vadset:

Kl. 13.00

Ute for vær og vind på havet

Masteroppgaven dreier seg om ungdom med diagnosen Asperger syndrom og deres opplevelse av overgangene inn i voksenlivet. Sentralt står forholdet til det å ta imot hjelp. Resultatene viser mange utfordringer og uklare overganger. Tilværelsen preges av til dels kolliderende behov: på den ene siden ønsket om å være «normal», som de selv kaller det, og på den andre siden behovet for hjelp og å bli tatt hensyn til. I dette opprørte farvannet mellom sjølstendighet og avhengighet skal det formes en voksen identitet. Dette er utfordrende for både ungdom, foreldre og hjelpeapparat.

Nyfødte barns sykdom og sykehusinnleggelse får konsekvenser for foreldrene. Det viser seg at mange får alvorlige og lange etterreaksjoner. Hensikten med masterstudien var å få økt og mer nyansert forståelse for disse foreldrenes opplevelser i denne sammenhengen. Forskningsspørsmålene omhandlet forskjeller og likheter mellom mors og fars opplevelse av samme hendelse, samt hvilke forhold som hadde betydning for foreldrenes opplevelse av barnets sykdom og sykehusopphold, og hvordan disse forholdene påvirket foreldrene.

Emmy Elizabeth Langøy er vernepleier med videreutdanning i spesialpedagogikk, psykologi, ledelse og veiledning. Hun arbeider som fagkonsulent ved en voksenhabiliteringstjeneste i Helse Møre og Romsdal.

Tove Bjørnland Vadset er utdannet intensivsykepleier og har jobbet ved intensiv avdeling for nyfødde i over tyve år. Hun er nå ansatt som høgskolelektor ved Høgskolen i Ålesund.

20


MASTERMØTE I SAMFUNNSPLANLEGGING OG LEIING

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 13.45– 15.00 Stad: Strøm 24 4, Hans Strø m-huset, Høgskule n i Volda

Anita Otneim Hoddevik:

Kommunalt næringsutviklingsarbeid

Kl. 13.45

Tema for masteroppgåva er kommunalt næringsutviklingsarbeid. I studien ser Otneim Hoddevik nærare på kva forventningar næringslivet har til ein kommune sitt næringsutviklingsarbeid, og dessutan kva kommunen og næringslivet kan samhandle om for å skape næringsutvikling. Anita Otneim Hoddevik er utdanna ingeniør og har over tjue års kommunal praksis innanfor ulike kommunale tenester, også på leiarnivå. Planlegging på ulike nivå har vore eit viktig arbeidsfelt innanfor dei ulike tenestene. Ho er nyleg tilsett som prosjektleiar for interkommunalt samarbeid mellom kommunane Eid, Selje og Vågsøy.

Gunnhild N. Furnes:

Læring av endring

Kl. 14.15

Tema for denne studien er organisatoriske endringsprosessar som læringsarena. Problemstillinga stiller spørsmål om kva læring som skjer i planlagde organisatoriske endringsprosessar i høgskuleavdelingar. Studien viser at deltakarane har lært at ytre press var det som skulle til for å starte og gjennomføre ein organisatorisk endringsprosess. Dei har lært at desse prosessane har utfordra tradisjonelle verdiar knytte til leiing i høgare utdanning. Gunnhild N. Furnes har tidlegare studert kommunal planlegging ­og administrasjon, leiing og planlegging ved Høgskulen i Volda i tillegg til rettleiingspedagogikk ved Høgskolen i Ålesund. Ho har mange års erfaring frå leiar- og stabsstillingar i kommunal og statleg verksemd.

21


IBSEN I ITALIENSK SPRÅKDRAKT

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 13.00– 13.30 Stad: BK 158, Berte Kan utte-huse t, Høgskule n i Volda

H

vorfor lo italienske teaterp ­ ub­ likummere når Ibsens skikkelser refererte til ’vildanden’ på loftet? Hvorfor ble Gengangere Ibsens største suksess på italienske teatre, i motsetning til hva som skjedde i andre europeiske land? Hvilke særskilte utfordringer møtte oversettere og mellommenn, og hvordan reagerte det lokale publikum på dette dramaet fra nord? Forskningen til Giuliano D’Amico har søkt å besvare slike spørsmål og å utforske 22

de radikale endringene Ibsens tekster gjennomgikk da de ble introdusert i Italia. Hovedfokus er på den ’Ibsen-kampanje’ som fant sted mellom 1891 og 1894. I løpet av disse fire årene introduserte teateragentene Enrico og Icilio Polese åtte stykker av Ibsen i Italia. De var mektige aktører i den italienske teaterverdenen, eide et teatertidsskrift og et agentur som formidlet både skuespillere og dramatiske tekster til teaterkompanier.

Giuliano D’Amico er førsteamanuensis ved Ivar Aasen-instituttet for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.


THE VIKINGS IN BRITAIN

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 13.30– 14.00

AND THE PECULIAR CASE OF THEY, THEIR AND THEM

Stad: BK 158, Berte Kan utte-huse t, Høgskule n i Volda

W

e often think of English as a language that constantly influences other languages, but English itself is a notorious borrower that is very much influenced by a range of different languages. English today is a lexically mixed language, and it has been estimated that as much as 70% of the modern English lexicon derive from other languages. One of these languages is Old Norse, as brought to the British Isles by the infamous Vikings during the Old English period.

The close language contact between the Anglo-Saxons and the Scandinavian Vikings resulted in an extraordinary phenomenon in the history of English: the borrowing of the third person plural pronouns they, their and them. These forms were borrowed from Old Norse, and they replaced the native Old English forms within a relatively short period of time. How and why did this happen? In order to answer these questions we have to look closely at the Old English pronominal paradigm, as well as

at the distribution and spread of the new Scandinavian forms across space and time. Vibeke Jensen is Associate Professor at the Ivar Aasen Institute for Language and Literature, Faculty of Humanities and Education. Presentation in English.

23


VURDERING FOR LÆRING OG UTVIKLING

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 14.30– 17.30 Stad: Store aud itorium, Berte Kan utte-huse t, Høgskule n i Volda

V

urdering for læring er eit konsept som har fått mykje fokus og vorte eit satsingsområde i den norske skulen og i store delar av verda. Det er peika på at formative vurderingsprosessar er sentralt for både lærarar og elevar, då dei kan nyttast både for regulering av undervisning og til støtte for elevar sin læringsprosess. Fleire forskarar uttrykkjer at vurdering og bruken av tilbakemeldingar har stor påverknad på læring og prestasjonar, men at tilbakemeldingar gitt til elevar viser seg å kunne både hemme, støtte og verte oppfatta som verdilause for læring og utvikling. Oppfatning om tilbakemeldinga sin 24

funksjon i læringsaktivitet ser ut til å vere sentral for bruken og utvikling av formativ vurderingspraksis. «Elevundersøkelsen» i Noreg viser til at tilbakemeldingar som støtte for læring minkar oppover i utdanningssystemet frå 5. trinn til Vg3. Siv Måseidvåg Gamlem vil i dette foredraget fokusere på kva som kjenneteiknar formative vurderingsprosessar og tilbakemelding som støtte for læring. I tillegg vil Gamlem presentere ein del av forskingsarbeidet sitt som er gjort i samband med avhandlinga hennar. Fokuset her vil liggje på kva som kjenneteiknar tilbakemeldingspraksis som

støtte for læring på ungdomssteget, og korleis elevar oppfattar tilbakemelding som støtte for læring. Vi får dermed innblikk i noko av den mest aktuelle og nyaste forskinga som er gjord på vurdering i Noreg. Siv Måseidvåg Gamlem er stipendiat ved Institutt for pedagogikk, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Foredraget er ein del av arrangementet «Fagseminar for praksislærarar» ved Av d e l i n g f o r h u m a n i s t i s k e f a g o g lærarutdanning.


«USYNLIG – DOG ALLTID TIL STEDE»

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 18.00– 19.00

Foto: Helen Sævik.

Stad: Kaarstad 204, Henrik Ka arstad-hus et, Høgskule n i Volda

Å

shild Sævik vil i dette foredraget ta utgangspunkt i eigne studiar og utstillingsprosjekt, der ho har formidla spor frå kystkvinnekulturen på ytre Søre Sunnmøre frå om lag 1880 til 1950. Ved hjelp av fotodokumentasjon vil ho formidle korleis eit utstillingskonsept vert til. Kan kystkvinna si historie bli fortald på eit vis som når fram og rører ved noko i oss i dag? Har den visuelle uttrykksforma noko å seie for om ein når fram til mottakaren? Kan det oppstå ein interaksjon i formidlingssituasjonen?

Sævik har ved fleire høve arbeidd på oppdrag med same historiske tema og har utforska den visuelle uttrykksforma vidare.

Åshild Sævik er høgskulelektor ved Seksjon for Formgiving, kunst og handverk,­Av­ deling for kulturfag.

Ho underviser ved Avdeling for kulturfag ved Høgskulen i Volda, men har gjennom eige føretak brei erfaring innanfor utvikling av utstillingskonsept, design og formidling både i kommersielle og kulturfaglege samanhengar. Sævik er oppteken av tema som arv og for­nying, objektet i interaksjon med mot­ takaren, ting som fortel og utstilling som formidlings- og interaksjonsform. 25


DNA I SLEKTSGRANSKING

HISTORIA LIGG I MUNNEN DIN

Tid: Tysdag 24 . sep. kl. 19.00– 21.00 Stad: Aasen 10 6, Ivar Aase n-huset, Høgskule n i Volda

S

lektsgransking er blitt ein av dei mest utbreidde hobbyane i Noreg, mellom anna gjennom TV-programmet «Hvem tror du at du er» og Digitalarkivets lett tilgjengelege kjelder. Eit stadig veksande verktøy innanfor granskinga er DNA-testing. DNA er eit kjemisk stoff (syre) som finst i alle cellene i kroppen vår, og som styrer korleis dei er bygde opp. Stoffet er den viktigaste delen av det arvematerialet som alle foreldre overfører til borna sine. Sidan 2000 har det vore mogleg for slektsgranskarar å teste DNA, enten frå seg sjølve eller andre.

26

Kva er så DNA-testing? Ei enkel skrapeprøve frå munnhola di kan mellom anna gje deg svar på kvar forfedrane dine kom frå, også lenge før dei skriftlege kjeldene vart systematisk førte. I foredraget til Gunnar Sigve Aurdal og Arnfinn Kjelland vil dei tre vanlegaste testane: Y-DNA (rein farslinje), mtDNA (rein morslinje) og autosomal DNA (rekombinerer alle linjer, også kalla Family Finder) verte forklarte, og kva du kan finne med desse. Ein må ikkje vere slektsforskar for å få glede av ein DNA-test. Fleire prosjekt er knytte til DNA-slektsgransking, som til dømes Norgesprosjektet, der friviljuge

personar med kunnskapar om både konvensjonell slektsgransking og DNA gjerne vil hjelpe deg. Fascinert? Interessert? Skeptisk? Ta turen innom foredraget – historia ligg i munnen din. Gunnar Sigve Aurdal er lektor ved Volda vidaregåande skule og slektsgranskar. Arnfinn Kjelland er førsteamanuensis ved Historisk institutt, Avdeling for samfunnsfag og historie.


Takk til samarbeidspartnarane våre: Eldreuniversitetet Volda og Ørsta Kunstlag Volda Bygdetun / Volda Sogelag Volda og Ørsta kyrkjeakademi Språkåret 2013 Stemmerettsjubileet 1913–2013 VRI Møre og Romsdal Møreforsking Volda Maritimt Forum Nordvest Maritimt Forening Søre Sunnmøre – (MAFOSS)

27


www.hivolda.no/forskingsdagane www.facebook.com/hivolda

28


Forskingsdagane 2013