Page 9

Verdien av høgtlesing Barnelitteratur Barneboka er eit univers som barn kan drøyme seg inn i, leike og lese om att og om att. Høgtlesing for barn er utgangspunkt for gode felles opplevingar, og kan stimulere barn til ny leik og undring. Høgtlesing og forteljing er eit godt utgangspunkt for utvikling av språk-, lese- og skriveferdigheiter. Det har stor verdi at barn i nynorskområde får lytte til det nynorske skrift­språket. Dei tidlege møta med skrifta har mykje å seie for barna si identitetsutvikling og kjensle for språk. Denne dagen er det lesestund i lag med formidlar og lesegledar Trond Strand. Han vil lese og fortelje frå fleire nynorske barnebøker.

Fredag 22. september 13.00 Biblioteket, Høgskulen i Volda

Målgruppe: Barn 3-7 år. Grupper på fleire enn 10 barn kan melde seg på til e-post: post@nynorsksenteret.no

Velkomne til ei hyggeleg og spennande lesestund i biblioteket! Dette er eit Klart vi les-arrangement, eit samarbeid mellom Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrum. Arrangørar ved Nynorsksenteret er rådgjevarane Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng. Forskingsdagane 2017

9

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you