Page 8

FOU-prisen 2017 Prisutdeling med opning av Forskingsdagane 2017 FoU-prisen for 2017 går til professor Tor Arne Haugen ved Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Målet med FoU-prisen er å rette merksemda mot FoU-arbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats. I tildelinga la høgskulestyret vekt på at Haugen er ein ung forskar som i løpet av kort tid har oppnådd særs mykje. Han har ytt ein framifrå innsats for forskinga i Volda. Han publiserer mykje, også internasjonalt, og tek på seg mange verv. Han er såleis eit godt førebilete for andre tilsette ved Høgskulen i Volda. Fredag 22. september 11.00 Biblioteket, Høgskulen i Volda

FoU-diplomet er utforma av Thomas Lewe, Avdeling for mediefag.

Det vert musikalsk innslag ved Geir Hjorthol og Erik Fooladi, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Haugen vart tilsett som førsteamanuensis i norsk språkvitskap ved Høgskulen i Volda i 2013. Knapt meir enn to år seinare fekk han opprykk til professor, og vart med det høgskulen sin desidert yngste professor, berre 35 år gammal. I grunngjevinga til den sakkunnige komitéen vart det lagt vekt på den omfattande vitskaplege publiseringa som Haugen allereie då hadde både i nasjonale og internasjonale tidsskrift på høgt nivå. Han har formidla forskingsresultata sine ved ulike nasjonale og internasjonale kongressar og seminar, og er dessutan leiar for Norsk forening for kognitiv lingvistikk (NORKOG). I tillegg til denne omfattande og breie vitskaplege produksjonen, har Haugen gjort ein monaleg innsats for å stimulere og rettleie kollegaer i deira forskingsarbeid. Dessutan har han vore ein leiande aktør når det gjeld samarbeidet med Universitetet i Bergen om forvaltning av Språksamlingane, og vidare tilrettelegging for forsking med desse som grunnlag, noko som er ei strategisk viktig satsing for HVO. Haugen har også vore prosjektkoordinator for arbeidet med brukarrettleiinga for Norsk Ordbok. Alle er hjarteleg velkomne til utdelinga og opninga av Forskings­dagane.

8

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you