Page 7

Sink or swim

Forsking i ein truga fagart I eit politisk klima der dei to omgrepa ‘verdi’ og ‘nytte’ blir stadig sterkare knytt til einannan, er kunstfaga stadig meir sårbare. I Storbritannia er talet på elevar som vel fag innan kunst og handverk, design og teknologi, drama, media, og musikk gått drastisk ned dei siste åra. Satsinga på teoritunge læreplanar har bidrege til at skular kan droppe undervisninga i slike fag heilt frå 11-års alderen, og barns tilgang til kunstfaglege opplevingar og opplæring blir stadig meir eit spørsmål om sosioøkonomisk bakgrunn.

Torsdag 21. september 16.30-17.30 Henrik Kaarstad-huset, Rom 204, Høgskulen i Volda

Kva skjer med forsking i desse fagområda under slike høve? Har midlane til forsking i kunstfagleg pedagogikk tørka inn? Er det plass til forsking som ser på negative sider ved politikken for kunstfaga? Skal forskinga hjelpe faga å klore seg fast, eller å frigjere og vidareutvikle seg? Martin Fautley er Professor of Education ved Birmingham City University, Faculty of Health, Education and Life Sciences. Med bakgrunn i musikkfaget, kreativitet, vurdering og læringsteori vil han gi eit innblikk i denne situasjonen og i pågåande forskingsprosjekt. Foredraget vil vere på engelsk. Forskingsdagane 2017

7

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you