Page 6

Boklansering i biblioteket Antologi: «Norsk som reiskaps- og danningsfag» Torsdag 21. september 11.30 Biblioteket, Høgskulen i Volda

Boka er ein forskingsbasert antologi som spring ut frå det nynorske og fagdidaktiske norskmiljøet ved Høgskulen i Volda. Samtale mellom høgskulelektor Marit Brekke og redaktørane av boka, førstelektor Birgitte Fondevik og førsteamanuensis Pål Hamre, tilsette ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Norskfaget er skulens største fag, og det er stadig debatt om identiteten til faget. På den eine sida er norskfaget eit reiskapsfag som gir elevane nød­ vendig språk- og tekstkompetanse for å delta i eit stadig meir tekst­basert arbeids- og samfunnsliv, på den andre sida er det eit kultur- og danningsfag. Boka har som mål å bidra til debatten og refleksjonen kring det faglege inn­ haldet i norsk­faget, og presenterer fag­didaktisk forsking som viser noko av breidda og mangfaldet i dagens norskfag i skulen.

6

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you