Page 26

Avhandlingsforum Hierarkisering av verdiar? Tysdag 26. september 12.15–14.00 Berte Kanutte-huset, Rom 159 (vesle BK), Høgskulen i Volda

Fagleg ansvarleg for Avhandlingsforum er førsteamanuensis Kjartan Leer-Salvesen, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Opponent for Natvig: Professor Svein Brurås, Avdeling for mediefag.

I arven frå den franske revolusjon vart det føydale hierarkiet forkasta til fordel for eit sett med nye verdiar knytt til individet. Ein av desse er egaliteten. Utviklinga i moderne liberale samfunn ser samstundes ut til å vere at verdiar blir relativisert fordi dei blir oppfatta som individuelle. Trass alt, er det ikkje det enkelte individ som må avgjere kva som er hennar verdiar? Spørsmålet er likevel om vi tenkjer så individualistisk og relativistisk som vi vil ha det til. Er det mogleg å gje alle verdiar lik status? Er det mogleg å handsame motstridande verdiar utan å ordne dei i eit hierarki? Om ikkje, er det i så fall paradoksalt i høve sjølvforståinga til vestlege samfunn og sjølve tanken om egalitet. For å seie noko om dette vil førsteamanuensis Jonas Gamborg Lillebø, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, diskutere tanken om verdihierarki med utgangspunkt i den franske antropologen Louis Dumont.

Journalistikk på Cuba Avhandlingsprosjektet til stipendiat Anne Natvig, Avdeling for mediefag, handler om hvor­ dan endringene på Cuba påvirker autonomi for journalister og journaliststudenter i statsfinansierte medier. Viktige aspekt er forholdet til USA og nye medier som utfordrer informasjonsmonopolet til kommunistpartiet. Foredraget på avhandlingsforum handler om hvordan journalister i statsfinansierte medier reagerer på konkurranse fra nettmedier, bloggere, og at nyhetskriteriene på Cuba er i ferd med å endres. 26

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you