Page 25

Samfunnsplanleggingsdagen Verdiar i planlegging og leiing Verdiar vi har påverkar kva syn vi har på andre menneske, kva vi seier og kva vi gjer. Verdiar i planlegging og leiing kan brukast til å gi retning for ønska handlingar og vere ei norm å vurdere handlingar opp mot. Tverrfagleg samarbeid er ofte nødvendig for å løyse oppgåver i offentleg sektor, og ulikt verdigrunnlag hos dei som skal samarbeide, er i mange tilfelle ei hindring for å kunne løyse oppgåvene på ein god måte. Dersom ein ønsker å endre handlingar gjennom planlegging og leiing, er det viktig å bevisstgjere enkeltpersonar og organisasjonar på deira verdiar. Gjennom fire bidrag skal vi seie noko om kva verdiar kan bety i planlegging og leiing generelt, og i bustadsosialt arbeid og vidaregåande opplæring spesielt.

Tysdag 26. september 10.00–14.00 Berte Kanutte-huset, Rom 161 (store BK), Høgskulen i Volda

Program 10.00 Professor Roar Amdam, Avdeling for samfunnsfag og historie: Verdibevisst leiing og Høgskulen i Volda. 10.45 Dosent Randi Bergem, Avdeling for samfunnsfag og historie: Verdiar i bustadsosialt arbeid. 11.45 Enkel servering. 12.30 Personalsjef Berit Lyngstad, Volda kommune: Verdigrunnlag i Volda kommune. 13.15 Rådgjevar Berit Brudeseth, Møre og Romsdal fylkeskommune: Tverrsektoriell samskaping – veien til gjennomføring i videregående opplæring. Brudeseth er tidlegare masterstudent i Samfunns­planlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.

Forskingsdagane 2017

25

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....