Page 24

Mastermøte – undervisning og læring Lisbeth Rognes: Matematikkvanskar – Kartleggingsprøva i rekning på 2. trinn er gjennomført, og kva så? Elevar som strevar i matematikk på eit tidleg tidspunkt i opplæringa, står i fare for å utvikla matematikkvanskar dersom dei ikkje får relevant hjelp tidleg. Kartleggingsprøva i rekning på 2. trinn er meint som eit verktøy for å hjelpe læraren å finne fram til dei elevane som treng særskilt tilrettelegging i si matematiske utvikling. Det er mykje snakk om å styrka matematikkopplæringa i ungdomskulen og i vidaregåande opplæring, men det er like viktig å setja fokus på den fyrste opplæringa i matematikk. Det er her ein legg grunnlaget for vidare læring; «ein må læra krabba, før ein kan læra gå». Tysdag 26. september 10.15–12.00 Berte Kanutte-huset, Rom 159, (vesle BK), Høgskulen i Volda

Formålet med undersøkinga var å sjå på kva kompetanse lærarar på 2. trinn har om matematikkvanskar, og kva tiltak dei set i verk for elevar som skårar under kritisk grense etter kartlegging.

Magnhild Oline Taraldset: Lærarar sin bruk av skriftlege tilbakemeldingar i norskfaget – korleis fremjar dei elevar sin skrivekompetanse? Tilbakemeldingar og bruk av undervegsvurdering i skulen har vist seg å ha stor effekt på læring. Lærarar bør ha som mål å auke skrivekompetansen til elevane, noko som krev at lærarane har kunnskap om og kompetanse i å gi tilbakemeldingar på elevarbeid som fungerer læringsfremjande. OECD-studien TALIS syner at den norske skulen har ein svakt utvikla oppfølgingskultur og at tilbakemelding og evaluering ofte manglar. Målet med denne studien var å rette merksemd mot lærarar sin tilbake­ meldingspraksis og elevar si skriveopplæring. Ved å intervjue og undersøke fire lærarar sin vurderingspraksis har ein fått eit innsyn i korleis eit utval lærarar gir tilbakemeldingar for å auke skrivekompetansen til elevar på 6. og 7. trinn. 24

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you