Page 22

Filmkveld på Studenthuset Rokken Animerte verdiar For tredje gong presenterer dosent Gunnar Strøm, Avdeling for mediefag, korte animerte filmar knytt til årets tema på Forskingsdagane ved Høgskulen i Volda. «Animerte verdiar» er ei eklektisk samling av filmar som syner og fabulerer over verditema frå det reint konkrete via det kulturelt verdibaserte til det reint abstrakte. Pengar, draum/skuffelse, dødssynder. Har animasjon ein verdi i seg sjølv? Programmet vil vere i utvikling heilt fram til visninga, men forvent filmar av Jan Svankmajer, John Lasseter, Caroline Leaf og fleire tidlegare Volda-studentar. Måndag 25. september 19.00 Animasjon 20.00 Mastermøte 21.00 Doc Lounge Studenthuset Rokken, Volda

Mastermøte – Dokumentar og journalistikk Vising av dokumentarfilm: «Håper de ikke døde forgjeves» av Idar Krogstad. Krogstad er tidlegare masterstudent i Dokumentar og journalistikk ved Høgskulen i Volda. Introduksjon av filmen ved professor/prodekan Paul Bjerke, Avdeling for mediefag.

Doc Lounge Vising av dokumentarfilm: Filmen vert annonsert seinare. Arrangementet er i samarbeid med Den Norske Dokumentarfilmfestivalen og Doc Lounge. 22

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you