Page 20

Verdien av barndom - verdien av leik Forskingsdagane 2017 ved Høgskulen i Volda vil syne «Barndom», ein ny dokumentarfilm frå regissør og manusforfattar Margreth Olin. Olin gjorde sin debut som dokumentarfilmskapar i 1995 med ”I kjærleikens hus”. I 1998 fikk hun mykje merksemd for kinodokumentaren ”Dei mjuke hendene”, og det store gjennombrotet kom i 2002 med” Kroppen min”. ”Ungdommens råskap” (2004), ”Engelen” (2009) og ”Mannen fra Snåsa” (2016) er filmar som i seinare tid har befesta henne som ein av Norges mest sentrale filmskaparar. Måndag 25. september 13.15–16.00 Berte Kanutte–huset, Rom 161 (store BK) Høgskulen i Volda

Arrangementet har mottatt arrangements­ støttemidlar frå Noregs forskingsråd.

I «Barndom» følgjer vi barn i Aurora barnehage på Nesodden gjennom eitt år. Olin gir oss eit innblikk i barn si evne til fantasi og leik. Gjennom kamera gir ho oss eit bilete av korleis barna gjer verda til ein spennande stad - berre dei får høve. Olin ønskjer å sette fokus på det ho meiner er eit for stort læringspress. Dette er ein observerande dokumentar. Olin stiller ingen spørsmål og pedagogikken vert ikkje forklart utanom ein enkel tekstplakat i byrjinga av filmen. Når du ser denne filmen får du eit innblikk i korleis verda ser ut gjennom barna sine augo. Etter framsyninga vil professor Peder Haug og dosent Bente Vatne, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, samtale om filmen og setje filmen inn i ein fagleg kontekst. Vi vil på denne måten løfte opp refleksjonar knytt til barn og leiken sine kår i skule og barnehage. Kva går tapt når barna vert tvinga til å lære på dei vaksne sine premissar? Er ikkje leik læring nok? Både filmen og temaet er fagleg relevant i høve ny rammeplan for barnehagen frå 1. august 2017.

20

Forskingsdagane 2017

Forskningsdagane 2017  

Forskingsdagane er ein nasjonal, årleg festival. Kvart år vert det utforma overordna tema og slagord for Forskingsdagane på nasjonalt plan....

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you